Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 1 – Omstridde gruver

.

Kapittel 1

Frå «Viddas gull» til gull på Vidda

BIEDJOVÁGGI, GUOVDAGEAIDNU/KAUTOKEINO

Innhald

Privat og statlig malmleiting
Fangel startar opp
Distriktsutbygging?
Ikkje for enker og faderløse
Kor skal gruva ligge?
Over vatn og hei
Strid om konsesjon
Forgifta rein
Langvarig erstatningssak
Problem med produksjonen
Frå jubel til kritikk
Sydvaranger overtar
Driftskvile og ny drift
Gull og sjeldne metall
Bidjovagge gruver som arbeidsplass
Kven jobba i Biedjovággi?
Biedjovággi og lokalsamfunnet
Ny stopp og nedlegging
Opprydding
Revegetering
Varige skadar?
Ny æra?
Kven er Arctic Gold?
Utvinningsrett frå 2011
Sametinget og reindrifta skriv intensjonsavtale
Planprogram på høring
Uventa nei i kommunestyret
Omkamp
Opp på riksplan og internasjonalt
Juridisk nøtt
Underskotsselskap kjøper underskotskommune
Dei gode hjelparane
Er alt til sals?
Det endelige nei?
Samepolitikarar for og mot
Omkamp igjen
Ikkje bare Arctic Gold på vidda
Vegval i fortid og framtid

Langt inne på Finnmarksvidda står det eit merkelig lågt, rundt bygg. Om ein tittar inn gjennom ei av opningane i muren, ser ein tusenvis av steinstenger pakka i rammer. Det er boreprøver som er tatt under diamantboringar gjennom mange år.

fortjukkar

Det einaste bygget som står igjen etter Bidjovagge gruver er dette.
(Foto: SL)

borekjerne

Inne i fortjukkarbygget finn vi lager av boreprøver.
(Foto: SL)

Det veks ikkje mye her, 700 meter over havet, men nok til at ein ser ein tydelig forskjell på terrenget i eit område rundt og nord for dette bygget og på vidda rundt. Nokre av åsane er ikkje åsar, men gigantiske haugar av gråberg. Vatna her er ikkje fiskevatn, men gamle dammar og gjenfylte dagbrot frå gruvedrifta i periodane 1969-75 og 1985-91.

biedjodagbrotvatn

Dei fleste av dagbrota er fyllt opp med gruveavgang og vatn.
(Foto: SL)

biedjo

Slik såg det ut i gruveområdet på Biedjovággi i 2006.
(Foto: SL)

Det var gruva som førte til at det blei bygd veg her, men sidan har vegen og blitt nytta av reineigarar, rypejegerar og molteplukkarar. Sjølv hører eg til siste kategorien og etter ein tur etter «viddas gull» i august 2006 fann kona mi og eg på at vi skulle kjøre ein tur til enden av vegen. Inne i det gamle gruveområdet ropar ho «Stopp!» og viser meg fargane i bekken i myra. Så vi tok fram fotoapparatet og nokre av bilda vi tok ser du her.

biedjo

(Foto: SL)

biedjo

Meir enn ti år etter nedlegginga var det framleis slike fargar i bekkane i Biedjovággi
(Foto: SL)

Eit par år etterpå byrja noko å skje. Koppar- og gullprisane for til værs på verdsmarknaden. Enno ein gong kasta gruveselskap auga på kopparet og gullet i Biedjovággi [1]. Det dukka opp ein svenske som hadde kjøpt opp rettane av nokre andre svenskar, og før vi visste ordet av det fikk kommunen presentert eit utkast til planprogram for ny gruvedrift i Biedjovággi.

På denne tida sat eg i styret for lokallaget av Naturvernforbundet, og vi var blant dei som fikk planprogrammet til høring. Og jo meir vi las og jo meir vi snakka med folk som hadde jobba i gruvene og brukt området til reindrift og friluftsliv, jo fleire spørsmål stilte vi, både ved den drifta som hadde vore og ved den som no blei planlagt.

Privat og statlig malmleiting

widerøeBiedjovággi-området i den tida det blei drive undersøkingar, bildet er trulig tatt i 1959.
(Foto: Widerøe / RiddoDuottarMuseat)

Heilt frå mellomkrigstida har det vore kjent at det er bergartar med kopparmalm i grenseområdet mellom Guovdageaidnu[1] og Nordreisa (Ráisa). Det førte likevel ikkje til noko vidare før først på 1950-talet, da tre reindriftssamar som hadde funne stein med kopparmalm bestemte seg for å levere nokre prøver til konsul Gudleif Holmboe i Tromsø (Romsa). Mens reindriftssamen Mons Petter som fann malmen i Sulitjelma har blitt æra både med gruvenamn og festival, har det vore lite blest om dei som fann malmen i Biedjovággi. Det er derfor på tide å trekke fram namna Aslak Persen Siri (Begen Ailu), Anders Nilsen Juuso (Nigon Anta) og Aslak Nilsen Sara (Hestas Aja). I 1953 tok Holmboe ut 71 mutingar. Det tok mange år før reindriftssamane fikk noko betalt for funnet. I mellomtida var ein av dei allereie død, dei to gjenlevande fikk da utbetalt ein liten sum av Holmboe, det skal ha vore omlag 20 000 kr. til kvar av dei.

Holmboe samarbeida først med det svenske Boliden Aktiebolag, som gjorde geologiske undersøkingar. Men staten ville ikkje gi Boliden konsesjon til drift. Industridepartementet ville ikkje binde seg til eit utanlandsk selskap og ville at staten sjølv skulle stå for undersøkingar og evt. drift. (Det var da det, og ikkje no!) I 1955 selde Holmboe rettane til staten. I boka Den samiske nasjon kommenterer Per Otnes denne handelen slik: «De samene som først fant malmen, ble kjøpt ut for en slikk og ingenting av en spekulant i Tromsø, en viss konsul Holmboe. Han har siden solgt bergrettighetene han høkra til seg til Staten. I alt vil Holmboes spekulasjon innbringe han 1,3 mill. kroner [2]. Det må en si er bra betaling for en så å si helt arbeidsfri forretning. Spekulanten har vel knapt satt sine bein på den malmen han kjøpte og solgte med så stor vinning.»[3]

Allereie no blei utsiktene til gruvedrift på Finnmarksvidda viden kjent. Så kjent at i ei bok som kom ut i 1954, og som handlar om noko heilt anna[3a], blir det til samanlikning stilt spørsmålet: «Ser halve Finnmark med forventning frem til eventuell gruvedrift i Kautokeino?» Den gruvedrifta ein allereie da såg for seg blei sett som ei viktig nasjonal satsing og samanlikna med etableringa av jernverket i Mo og smelteverka på Vestlandet. Det var tenkt som ein del av den store industrireisinga i etterkrigstida.

Det blei oppretta eit eige statlig organ, Kautokeino Kobberfelter, Statens Undersøkelser (KKSU), som i 1956–59 dreiv overflateundersøkingar og i 1960–62 underjords forsøksdrift. I 1963 uttalte KKSU at det ut frå undersøkingane ikkje var forretningsmessig grunnlag for bergverksdrift. Da overtok Norges Geologiske Undersøkelse (NGU), som tre år seinare kom til motsett konklusjon, i første rekke på grunn av at kopparprisen på verdsmarknaden da var dobla. NGU sine berekningar bygde på at kopparprisen ville fortsette å stige, mens det skulle vise seg at det var det motsette som skjedde. Fram til 1966 blei det diamantbora fleire tusen meter hol og brukt 13,1 mill. kr. på undersøkingar. Det var da kartlagt 3,6 mill. tonn malm, som ein meinte gjennomsnittlig inneheldt 1,8 % Cu. Denne berekninga skulle vise seg å vere alt for optimistisk.

Under forsøksdrifta blei det sprengt ut ei sjakt skrått nedover i berget. Malmen blei undersøkt av geologar på staden, bare nokre mindre prøver blei tatt med for nærare undersøking.

Kven har gjort kva i Biedjovággi?

Tid Selskap Rett /aktivitet Resultat
1953–55 Holmboe / Boliden muting Seld fordi Boliden ikkje fikk konsesjon
1955–63 Staten – KKSU forsøksdrift Vurdert ulønsamt
1963–66 NGU undersøking Vurdert lønsamt
1966–73 Fangel (Bleikvassli) drift frå 1968, konsesjon frå 1971 Underskot
1973–84 Sydvaranger drift 1973-75, deretter driftskvile Underskot
1984–96 Outokumpu (frå 1988 gjennom Norsulfid) drift 1986–91, konsesjon frå 1985 Overskot
– 1997 Geologiske Tjenester / Hendricks Minerals of Canada malmleiting
2006-10 IGE Nordic AB malmleiting
2010– Arctic Gold utvinningsrett Planprogram avvist av kommunen, prosessen stoppa inntil vidare

Fangel startar opp

Holger Fangel eigde tre gruver, og da han fylte 70 år, oppretta han eit legat som skulle gå til utdanning for barn av tilsette ved desse gruvene. Vi har ikkje klart å finne ut om barn av gruvearbeidarar i Biedjovággi fikk nytte av dette legatet.
(Avisutklipp frå Aftenposten)

Industridepartementet ba norske gruveselskap om å vurdere drift i Biedjovággi, og i 1966 starta forhandlingar med fem interesserte selskap. Fire av dei trekte seg, da dei ikkje vurderte det som lønsamt. Blant dei var AS Sydvaranger. Til slutt sto eitt igjen, Bleikvassli gruver som var eigd av den danskfødde forretningsmannen Holger Fangel. Han hadde til saman 4–5 selskap som frå kontor i Oslo dreiv malmleiting og utvinning i Nord-Noreg.

I 1966 blei spørsmålet om gruvedrift i Biedjovággi diskutert i Norsk Sameråd, som understreka at «det selskap som får konsesjon på gruvedriften i Biedjuvaggi bør tilpliktes å betale erstatning til de reineiere som evt. får sine reinbeiter innsnevret og/eller må legge om sine flytteveier.»[4] Under denne føresetnaden var fleirtalet i rådet positive til etablering av gruva, det var bare Aslak Loso frå Guovdageaidnu som argumenterte mot.

I 1967 gav regjeringa tilslutning til at staten samarbeida med AS Bleikvassli Gruber om drift. I september 1967 la AS Bleikvassli Gruber fram ein grundig Plan for utnyttelse av kobberfelter i Troms og Finnmark. Planen dreidde seg vesentlig om Biedjovággi, og inkluderer budsjett for investeringar og drift. Samtidig kjem det fram at selskapet ser dette som ein start på ei omfattande utbygging av koppargruver i Troms og Finnmark, og at ein forventar at det nye selskapet dei vil opprette vil få overta alle Staten sine mutingar i Troms. Dei mutingane som A/S Bleikvassli Gruber allereie hadde i Troms skulle og overførast til det nye selskapet. Dette blei seinare omgjort slik at desse blei tilbakeført til Bleikvassli.

Distriktsutbygging?

Politikarane framstilte gruveplanen som eit distriktsutbyggingstiltak, og var opptatt av at dette skulle gi arbeidsplassar til Guovdageaidnu over lang tid. Selskapet hadde derimot andre tankar: «Særlig på et ensomt sted som Bidjovagge, langt inne på Finnmarksvidda, mer enn 700 meter over havet så langt mot nord, må det være riktig å avbygge en malmforekomst etter dens optimum av økonomi og ikke trekke beskjeftigelsen der ut i lenger tid, men heller tilstrebe oppbygging av fortsatt virksomhet på steder hvor naturen gjør tilværelsen lettere.»[5]

Endelig vedtak blei fatta i Stortinget 07.06.1968.[6] I Stortinget var det tverrpolitisk semje om oppstarten, det var bare eit lite mindretal som ønska at staten skulle gå inn som 50 % eigar. Under stortingsdebatten kom fleire representantar inn på forholdet til reindrifta, og at reindrifta måtte få erstatning etter skjønn. Nokre representantar nemnde at det burde gjørast førebyggande tiltak, men dette kom ikkje inn i vedtaket, og ingen tok opp krav om at forholdet til reindrifta måtte inn i konsesjonsvilkåra.

Sjølv om gruva var privat eigd, var staten sterkt inne i finansieringa. Det var allereie gjort stor malmleiting på staten si rekning, så Fangel kom langt på veg til dekka bord. Av investeringane på 35 millionar kr. blei 30 mill. finansiert gjennom statsgarantiar og lån, bl.a. gjennom Distriktenes utbyggingsfond. Det blei inngått ein avtale mellom Staten v/ Industridepartementet og A/S Bidjovagge Gruber, som omfatta overføring av statens bergrettar i området for 50 år, samt kva avgifter som skulle betalast, finansieringsplan og ikkje minst at staten betalte for vegen nesten heilt fram til gruva.

Ikkje for enker og faderløse

AS Bidjovagge Gruber blei oppretta med konstituerande generalforsamling 19.06.1968. Staten oppnemnde eitt av styremedlemmane, det blei lensmann i Guovdageaidnu, Arvid Dahl. Alle dei andre styremedlemmane var busett i Oslo eller Bærum. I samband med generalforsamlinga blei det halde ein stiftelsesfest. Av omlag 70 innbedne gjester var Dahl den einaste frå Finnmark. Elles var det i tillegg til dei fremste i Fangel-selskapa representantar for alle organa som det var viktig å halde seg inne med, som Distriktenes Utbyggingsfond, Norges Industriforbund, Industridepartementet, Arbeidstilsynet, NGU, Utanriksdepartementet, Vegdirektoratet og Bergmesteren. For å sikre positiv omtale var også 4 redaktørar eller journalistar inviterte.

Fangel hadde gode kontaktar i leiande krinsar, og sikra seg støtte til prosjektet: «Turen med helikopter innover vidda og befaringen av Bidjovagge sammen med statsminister Borten og finansminister Myrvold ble også vellykket så jeg tror det er blitt øket interesse og sympati for utbyggingen.»[7] Året etter hadde Fangel invitert sjølvaste kronprinsparet på besøk i Biedjovággi. I den samanhengen skreiv han til det lokale styremedlem som skulle ordne arrangementet: «Da Turisthotellet ikke kan påta seg å låne oss betjening til servering i Bidjovagge, må vi finne en annen ordning, og spekulerer på om det kan være noen same-jenter i bunad som ville synes at det ville være moro å besørge serveringen ved en slik anledning.» [8] (Mi utheving. SL)

Staten hadde ønskt norske drivarar av gruva, og Fangelselskapa hadde som regel at alle aksjonærane måtte vere norske statsborgarar eller norske aksjeselskap eller institusjonar. Frå starten var alle aksjane eigde av Fangel sine selskap, A/S Bleikvassli Gruber, Bergverkselskapet Nord-Norge A/S og Fangel & Co A/S, men allereie eit av dei første styremøta gikk ut med tilbod til fylke og kommunar om å overta inntil 40 % av aksjane til pari kurs, «men med påpeking av risikomomentene med grubedrift, særlig i en marginal forekomst på Finnmarkvidda så at det av den grunn ikke anses tilrådelig å foreta noen alminnelig bekjentgjørelse av tilbudet slik at enker og faderløse kunne føle seg oppfordret til å satse penger i slike aksjer.» Noko seinare blir tilbodet utvida til også å gjelde Staten og «interesserte arbeidere og funksjonærer».

I oktober 1968 kunne selskapet melde at «Finnmark fylke, Troms fylke og Kautokeino kommune har vist foretagendet sin sympati ved hver for seg å ønske å overta aksjeposter på kr. 5000.» [9] Til saman klarte selskapet å selje 83 aksjar. Dette kommenterte Holger Fangel slik: «så sitter vi igjen med 4917 aksjer og således de fleste muligheter og brorparten av risikoen. Vi klager ikke over det, men hvis det en gang i fremtiden skulle gå tilnærmelsesvis slik med Bidjovagge-selskapet ... at det kan utdeles uvanlig stort aksjeutbytte, vil vi frabe oss misunnelse fra de som ikke har tatt risiko med å benytte vårt tilbud om å være med Bidjovagge med pari kurs ved starten.» [10] Seinare vedtok styret i selskapet å tilby aksjar til den lokale sameforeninga (Guovdageaidnu sámiid searvi) og flyttsamelaget (Guovdageainnu johttisápmelaččaid searvi). Sameforeninga var ikkje interessert, men flyttsamelaget sa seg interessert i å overta 1/10 av aksjane, under føresetnad av at dei fikk eit lån frå staten på 500 000 kr. til dette. Flyttsamelaget søkte Industridepartementet om eit slikt lån.[11] Fangel var svært positiv til dette og meinte «det av flere grunner kanskje kan være heldig for bedriften og det lokale samarbeide å ha denne sameorganisasjon som medinteressent.» At flyttsamelaget var interessert i å kjøpe aksjar kan virke noko merkelig sett i lys av at laget eit par år tidligare hadde uttalt seg svært negativt om gruveplanane. Det ser ikkje ut til at det blei noko av kjøpet, anten det no var departementet som avslo søknaden eller flyttsamelaget som ombestemte seg.

Kor skal gruva ligge?

biedjo

Det var to aktuelle alternativ for plassering av gruva: På toppen av fjellet eller i tunnel inn frå lia opp frå Guorbavuopmi.
(Foto: SL)

Det var delte meiningar om kor anlegget skulle byggast. Nokre ville satse på bare underjordsdrift, med tunnel frå Guorbavuopmi og mest mogleg av anlegget inne i fjellet. Men Fangel bestemte at alt skulle vere på toppen av fjellet, og der blei det, på ein av dei mest værharde stadane på Finnmarksvidda. I ettertid må ein vel kunne seie at ei rein underjordsløysing ville ha vore betre både for produktiviteten og arbeidsmiljøet. Når det ikkje skjedde kan det ha vore to årsaker. Fangel tenkte at oppe på toppen kunne det ikkje vere mye for reinen å beite på, og at ved å legge gruva der kunne han kanskje sleppe å betale erstatning til reindrifta. Samtidig hadde ikkje Fangel så mye pengar. Han var avhengig av å komme til malmen så raskt som råd for å få rask inntening. Dette kan da ha blitt overordna det som kunne ha lønt seg betre på litt lengre sikt.

Kva som hadde vore minst skadelig for reindrifta og for naturen kan diskuterast. På eine sida ville ein med underjordsdrift unngått dei store inngrepa med opne dagbrot, og det ville trulig blitt mindre gråberg til deponi. På andre sida ville ein også da fått øydelagt beiteområde av deponi for avgangsmassar, og trulig auka fare for avrenning til Reisavatn (Ráisjávri) og vidare nedover Reisadalen.

Over vatn og hei

På 1950-talet blei det frakta brakker frå Alta opp til Biedjovággi for å bruke til boligbrakker, messe og og verkstad for boremannskapa. Her ser vi ei brakke på veg over vidda med bulldozer
(Foto: Inga Turi Hætta. Kjelde: Johan M.K. Hætta: Med godstog over vidda)

Her er nokre av brakkene på plass i Biedjovággi. Det var 15-20 mann i arbeid med å sette opp desse.
(Foto: Johan M.K. Hætta)

Da leitinga i Biedjovággi tok til, låg området omlag tre mil i luftlinje frå næraste bilveg. Den første tida var det heller ikkje heilårsveg frå Guovdageaidnu verken til Alta (Áltá) eller til Finland. 12 Moelven-brakker blei frakta med bulldosar på vinterføre frå Gargia i Alta til Biedjovággi. Der blei dei sett opp som bustadbrakker, spisemesse og verkstad for boremannskapa, som blei flydd inn med småfly som landa på Ráisjávri. På same vis blei det kjørt innover boremaskinar, diesel, borekjernekasser og proviant, og etter kvart stolpar til kraftlinje og utstyr til transformatorstasjon. Til og med ei stor mølle blei frakta på slede inn til Biedjovággi. I AS Bleikvassli Gruber sin plan av 1967 skildra ein transporten på sommarføre slik:
«ca 120 km bra bilveg fra Alta til Kautokeino
ca 10 km dårlig bilveg fra Kautokeino til Goaskenvari [12]
ca 5 km elvebåt til dam ved Stuorojavri
ca 15 km motorbåt over Stuorojavri
ca 10 km jeep gjennom myr og over hei opp Caskias-fjellet»

Frå starten var det folk frå Guovdageaidnu som var engasjert i dette arbeidet. [13] Før vegen blei bygd brukte dei også eit beltekjøretøy kalla Muskegg. Når dette blei brukt på sommarføre, sette det svært stygge spor i terrenget. Når vegetasjonen blei slitt bort kunne regn og smeltevatn føre bort jordsmonnet.

Diamantboringa igang
(Foto: Johan M.K. Hætta)

Stavmølla blei kjørt inn før vegen var ferdig. Ho blei kjørt med trailer frå Luleå til Guovdageaidnu og vidare på eigen slede med bulldoser.
(Foto: Berit Karen Hermansen. Kjelde: Johan M.K. Hætta: Med godstog over vidda)

Samtidig som Stortinget diskuterte oppstart av gruva, diskuterte det bygging av veg. Frå Troms ønskte ein vegen bygd frå Nordreisa, for så å ha utskipingshamn der. Dette var også selskapet sin opprinnelige plan. Men det endte med at vegen blei bygd frå Kautokeino til Biedjovággi. Denne fikk status som riksveg nesten fram, og føresetnaden var at vegen skulle bli ført vidare til Nordreisa. Vegen sto ferdig til Biedjovággi i 1968, men snart 50 år seinare har han ikkje kome lenger. I stortingsdebatten var det fleire som snakka varmt om fordelane for reindrifta med å få denne vegen, ingen sa noko om ulempene.

Vel eit år etter at vegen var ferdig, var sentralbygget reist og ein kunne starte på innreiinga. Bygget romma knusarar og flotasjonsanlegg, verkstad, lager, velferdsrom og hyblar for 110 mann. 30.04.1970 var det offisiell opning og flaggheising med daverande industriminister Sverre Walter Rostoft til stades.

Strid om konsesjon

konsesjon

Konsesjonsområdet teikna inn på kart over Kautokeino kommune.
(Kjelde: Wenke Brenna: Gruvedrift i Biedjuvaggi – Norsk distriktsutbygging i et samisk kjerneområde)

Konsesjonen til gruveselskapet var ikkje ferdig avklart før lenge etter at anleggsarbeidet var starta opp. Det tok eit år etter den offisielle opninga av gruva. Konsesjonen skulle behandlast etter konsesjonslova av 1917, [14] og det blei ein langvarig strid, både om storleiken på konsesjonsområdet og om vilkåra.

Reindrifta engasjerte tidlig høgsterettsadvokat Bjørn Dalan til å kjøre saka for seg. Han hadde tidligare ført sak for samane i Altevatn (Álddesjávri)-saka [15], der det blei slått fast at reindrifta har rett til erstatning ved fysiske inngrep i beiteområdet. Dalan skreiv i 1967: «Jeg går ut fra at Regjeringen ikke inngår noen avtale om driften og rettighetene uten at samenes problemer i den forbindelse er nøye undersøkt og deres interesser behørig varetatt. ... Jeg går ut fra at departementet da vil påse at de nødvendige tiltak blir gjennomført for å holde samene skadesløse og at eventuelle skadevirkninger som ikke kan avbøtes blir erstattt på annen måte.»[16]

Selskapet sendte konsesjonssøknaden 01.10.1968. Det søkte da konsesjon på eit område som var svært stort, omlag 1/5 av Kautokeino kommune. Så snart reindriftssamane blei klar over dette, protesterte dei på at selskapet skulle få konsesjon på så stort område, dei ønskte å avgrense konsesjonen til bare sjølve Časkias-fjellet. Lappefogd Ole K. Sara sa også: «Det synes unødvendig å gi konsesjon på et så stort område all den stund det er anledning til å drive malmundersøkelser uten konsesjon.» Reindriftssamane ville òg ha inn i konsesjonsvilkåra at det skulle bli tatt spesielle omsyn til reindrifta. Men det gikk gruveselskapet bestemt imot, og det same gjorde Industridepartementet og Bergmesteren. Styresmaktene var her redde for at slike vilkår ville gi presedens for andre utbyggingssaker.

I kommunestyret kravde eit mindretal at konsesjonsområdet måtte bli redusert til det heilt nødvendige, mens fleirtalet nøyde seg med å krevje inn i konsesjonsvilkåra at selskapet måtte forplikte seg til å betale erstatning for all skade. Det endte med at Industridepartementet gav konsesjon på heile området som var søkt om, og på «vanlige vilkår» dvs. utan vilkår om erstatning eller omsyn til reindrift og annan bruk av området. Eventuelle erstatningskrav måtte avgjørast av skjønnsretten.

Forgifta rein

No viste det seg at ikkje all reinen skydde området, slik som ein hadde føresett. Derimot virka det som nokre rein blei tiltrekte av nokre av dei stoffa som blei spreidde i terrenget frå gruva. Det gjorde at reineigarar byrja å bekymre seg for kva reinen fikk i seg når han beita der. Dei kontakta Lappefogden i Vest-Finnmark, som i samarbeid med ein driftsingeniør ved gruva tok fleire beiteprøver, som blei sendt Statens veterinære laboratorium (SVL) i Harstad og vidare til Veterinærinstituttet for analyse. I brev frå SVL heiter det: «Reinbeitene i området er forurenset av avfallsprodukter fra gruvedriften. Disse avfallsproduktene ble tidligere kjørt ut i terrenget og spredt utover av vann, vesentlig overløpsvann fra septiktank fra kjøkken- og personellavdelingen.» I svaret slo instituttet fast at det var høge verdiar av metalla bly, koppar og sink, og «Særlig kopperinnholdet i prøvene ligger svært høgt og en må regne med stor forgiftningsfare på disse beitene for dyr som beiter.»

bidjo

Reinhorn i myra like ved gruveområdet.
(Foto: SL)

Lappefogden gjentok etter dette kravet om sperregjerde rundt gruveområdet. Holger Fangel kommenterte: «Vi finner det bemerkelsesverdig at den tidligere uttalte frykt for at bergverket skulle skremme reinen bort fra Bidjovagge vel må kunne betegnes som grunnløs, når det nå viser seg at reinen beiter kloss opp i bedriften.» Han var likevel med på å vurdere oppsetting av gjerde. I eit brev til styremedlem Arvid Dahl skreiv han under tittelen «Sameksistens mellom reindrift og grubedrift» følgjande: «Jeg vil være interessert i å få avklaret lappefogdens mandat. Skal lappefogden som Statens mann foreta en uhildet vurdering av reindriftsforhold, eller representerer lappefogden samenes interesser?» Vidare forsøkte bedrifta å trekke i tvil dei undersøkingane som var gjort, og klaga over at media hadde fått tilgang på korrespondansen i saka, og «har brakt tendensiøse meldinger som er egnet til å skape misstemninger før forholdene er avklaret.»

Det var ikkje bare Fangel som påberopte seg å kunne overprøve reineigarane sine opplysningar. Det gjorde også Industridepartementet i brev om utsleppsløyve: «Forurensingene vil neppe ha særlig virkning for reinens drikkevann. Dersom det enkelte steder øverst i vassdraget skulle blir smak- eller luktpåvirkning fra flotasjonskjemikalier, må en regne med at reinen vil finne vann andre steder. Reinen streifer over store områder, og vil ikke være avhengig av å nytte forurenset vann i et område med såvidt gode vasstilganger. Den er dessuten så kresen og var at den i større grad enn våre vanlige husdyr vil sky dårlig vann. Det er svært liten grunn til å vente slike ulemper og skader som nevnt i et par innvendinger.» [17]

Langvarig erstatningssak

Allereie før det var vedtatt å sette igang drift stilte Norsk Sameråd [18] og NRL [19] krav om at gruver i Biedjovággi ikkje måtte føre til ulemper for reindrifta, og at reineigarane i så fall måtte få erstatning. Samerådet sette også saka inn i ein større samanheng, og etterlyste klare lovheimlar for erstatning til den samiske befolkninga ved industrireising i samiske område. Rådet etterlyste og eit samefond og ei utgreiing av spørsmålet om samane sin rett til land og vatn.

Guovdageainnu johttisápmelaččaid searvi (Kautokeino flyttsamelag) slo på årsmøte i 1968 fast at «Grubedrift i Bieddjovagge vil medføre store ulemper for reindriften i området og vil være et omfattende inngrep i samernes gamle hevdvunne rettigheter.» [20] Dei stilte krav om både førebyggande tiltak og erstatning. Kravet blei stilt ut frå at det aktuelle området er haust- og vårbeite og flyttveg for fleire reinbeitedistrikt. Det var snakk om tap av beiteland, flytteleier, kalvingsplassar og skiljeplass, samt forventa tap av fiske pga. overbeskatning.

Reineigarane la fram ei utgreiing om korleis reindrifta blei drive i dette området og kva verknadar dei frykta utbygginga ville få for reindrifta i området. Her blir det peika på at Časkias-området er spesielt sentralt fordi det er eit knutepunkt for fleire distrikt. Når reinen vandra over dette området, var det også ganske lett å halde han samla. Når det sentrale området blei ei sperring, måtte reinen trekke ned i dalføra på sidene, og trakk da lett ut av distriktet. Dette førte til mye ekstraarbeid med gjeting og lett til samanblanding med andre flokkar, og påfølgjande ekstraarbeid med skiljing. Dette kom i tillegg til det direkte beitetapet. Ein frykta og forstyrring av at 100–150 gruvearbeidarar ville ferdast i terrenget på fritida si, fiske i vatn og elver osv. Distriktsformennene konkluderte med at sjølv om gruvedrifta nok ville gi større avkastning enn reindrifta i den tida det pågikk, så ønskte dei at reindrifta skulle overleve gruvedrifta. [21]

bidjo

Rein i gruveområdet etter nedlegginga.
(Foto: SL)

reingruve

Rein etter vegen mot Biedjovággi.
(Foto: SL)

Selskapet avviste i starten alle erstatningskrav og skreiv til reindrifta sin advokat: «Etter erfaringene ved bergverk som i mange år har vært i drift på andre kanter er vi av den oppfatning at bergverket på Caskias ikke vil få skadevirkninger for reindriften.» [22] Desse påstandane blei sidan gjentatt ei rekke gongar, og ein viste til røynsler frå Bleikvassli og Sydvaranger, der rein fortsatte å beite nær anleggsarbeidet, og konkluderte med at «vi må kunne ha godt håp om at vi ikke skal forårsake noen forstyrrelse for reindriftsnæringen». Fangel hevda og at det ikkje stemte at flyttevegen har gått over Časkias [23].

På eine sida hevda selskapet at skadane ved drifta ville bli minimale. På andre sida kontakta det jordsalssjefen i Finnmark og ba om å få forpakte vassdraga frå Časkias og ned mot Stuorajávri, «så at problemet med mulige erstatningskrav for skade på fisket kanskje kan løses på denne måten» [24]. Det fikk advokat Dalan til å kommentere at det var «ganske uvanlig at et fiske leies bort for ødeleggelse». Det var altså ikkje skaden på fisken som selskapet frykta, men moglege erstatningskrav. Også kommunestyret reagerte mot dette, og flyttsamelaget førebudde erstatningskrav i tilfelle gruveselskapet skulle få forpakte. Samtidig gjorde selskapet sitt beste for å framstille fisken i området som verdilaus: «.. det er en ubetydelig bestand av ørret og røye i vassdraget mellom Časkias og Njivlejavret, endel abbor som befolkningen ikke spiser og sik som er befengt med parasitter og derfor gir et uappetittelig inntrykk» [25]

Erstatningssaka gikk over fleire år, med underskjønn i 1972 og overskjønn i 1974. Gruveselskapet hevda at gruveanlegget vel 700 meter over havet ikkje ville medføre ulemper av betydning for reindrifta, og at den lille ulempa som reineigarane måtte ha av gruva ville bli meir enn balansert av fordelane dei hadde av vegen. Ein sa seg i prinsippet villig å betale for evt. skadar for reindrifta, men hevda samtidig at det ikkje ville bli slik skade. Reineigarane ville i første rekke ha førebyggjande tiltak for å hindre skadar, blant anna gjerde for å hindre samanblanding mellom nabodistrikt, men domstolen kunne bare dømme til erstatning for skade som allereie var skjedd.

Prosesskriftet frå bedrifta sin advokat til Alta herredsrett av 29.01.1973 er sterkt prega av mistenkeliggjøring av reindriftssamane: «Man må ha meg undskyldt at jeg ser med adskillig skepsis på regnestykket fra de sakkyndige som, om de ukritisk var lagt til grunn av skjønnsretten, ville ha ført til at verdien av beite på Finnmarksvidda årlig gir en avkastning på mange hundre millioner kroner.» Advokaten kravde da framlagt av reineigarane ikkje bare likningsattest, men «utskrift av kladdelister og næringsoppgaver, slik at man kan se på hvilket grunnlag ligningen er skjedd».

Det blei ikkje gjort noko undersøkingar om korleis reindrifta var blitt påverka av gruva, og saka blei ikkje sett i samanheng med andre inngrep i dei same reinbeitedistrikta. I boka «Samisk reindrift – Norske inngrep» skreiv Ivar Bjørklund og Terje Brantenberg: «Gruveanlegget betød nemlig at en allerede vanskelig situasjon nå raskt ble forverret. Hvis vi i stedet for å ta utgangspunkt i det enkelte inngrep, heller ser på siidaens forutsetninger for å vedlikeholde sin tilpasning, finner vi at grunnlaget for fortsatt reindrift nå var alvorlig truet.»

I skjønnet blei det bare tatt omsyn til det direkte beitetapet målt i km2, ikkje til verknadar for drifta i distrikta som heilskap. Bidjovagge Gruber måtte betale ei erstatning på 547 000 kr. fordelt på daverande distrikt III (no: 33) Spalcca, distrikt IV (no: 34) Ábborášša og V (no: 35) Fávrresorda.[26] I følgje dommen skulle erstatningssummen betalast gjennom Lappefogden, korleis denne blei betalt vidare kjenner vi ikkje til. Og erstatninga kom først etter at dei i 5–6 år hadde hatt problem, ekstra arbeid og ekstra utgifter på grunn av gruveetableringa. Justert mot prisstiginga kan vi oppsummere at den samla erstatninga for tre reinbeitedistrikt eller omlag 100 personar, var omlag 1/6 av det konsul Holmboe fikk av staten for rettane han hadde skaffa seg nesten gratis.

I dei distrikta som var mest ramma måtte fleire siidaar gi opp drifta. Fleire familiar flytta til Troms eller Nordland for å starte med reindrift der, mens andre ga opp reindrifta totalt. I perioden med kraftutbygging og gruvedrift blei reintalet omtrent halvert i det som no er distrikt 34 Ábborášša.[27] Seinare klarte dei å bygge opp igjen reintalet, ved å ta i bruk andre område, lenger mot vest og sør. Men det skjedde på kostnad av andre siidaar og distrikt. I noverande distrikt 36 Cohkolat var det to siidaar som mista store delar av beiteområdet sitt. Men dei som mista beiteområde på denne indirekte måten, fikk inga erstatning. Dette var mogleg fordi dei einskilde siidaane ikkje har lovvern for områda sine, det einaste som er regulert er dei ytre grensene for eit felles beiteområde som omfattar mange siidaar.

Under den andre driftsperioden blei det igjen betalt ut erstatning. Det var omlag 900000 kr., til fordeling mellom distrikta Ábborášša og Fávrrosorda.

Problem med produksjonen

Grovknusaren
(Foto: RiddoDuottarMuseat)

Malmtransporten til knuseverk og flotasjonsanlegg skulle starte i juli 1970, men kom ikkje for alvor i gang før året etter. Det var i utgangspunktet planlagt både dagbrot og underjordsdrift, men det var store problem med å få dette til. Det blei tvist med entreprenøren som skulle lage til underjordsanlegget, og det enda med at bedrifta sjølv overtok dette. I mellomtida starta ein med dagbrot, og for driftsperioden som heilskap blei omtrent 5/6 av malmen drive ut i dagbrot. Dette var ikkje heilt lett i snø og kulde, bl.a. opplevde ein at råmalmen frå dagbrota fraus fast i siloane.

For vassforsyninga var tanken å bygge ein dam oppe på fjellet, dammen blei ikkje tett, og dei måtte bygge pumpestasjon og vassleidning heilt frå Ráisjávri (Reisavatn), ei strekning på 4–5 km. Det hendte stadig at noko fraus fast, med store driftsproblem som resultat, og da måtte ein sleppe avløpsvatn med kjemikaliar rett ut i naturen. Nokre gongar var været så ille at det var umogleg å komme ut og få gjort reparasjonar, det var bare å vente nokre dagar til vinden hadde løya.

Distriktenes utbyggingsfond (DU) måtte inn med ekstraordinære tilskot. DU argumenterte da med kor viktig bedrifta var for kommunen. Men problema heldt fram. I 1973 førte ein brann i verket til to månaders stans i produksjonen.

Produksjonen blei langt lågare enn planlagt, sjølv i det beste produksjonsåret kom ein bare opp i 40 % av planlagt volum. Kopparinnhaldet i malmen gikk ned år for år, det same gjorde kopparprisen. For første driftsperioden som heilskap er det berekna eit underskot på omlag 70 mill. kr. Men om ein tar med alle statlige og private utgifter til leiting, anlegg og drift samla frå den første leitinga fram til omlag 1980, har samla underskot trulig vore nærare 100 mill. kr.

Malmkonsentratet blei frakta med trailerar til Alta og skipa ut til smelteverket Rio Tinto Patino i Spania. Smelteverket klaga både på forureining, fukt og levert mengde, og til sist blei Bidjovagge Gruber pålagt mulkt for å ikkje oppfylle avtalt levering.

Det finst ganske varierande tal på kor mye ein i den tida rekna med at ein ville utvinne og kor lenge drifta skulle vare. Tala for berekna årsproduksjon blei oppgitt frå 150 000 til 250 000 tonn råmalm årlig, og overslag over driftstida varierte frå 10–12 til 20 år. Uansett kva tal ein tar utgangspunkt i, blei resultatet i første omgang langt mindre, nemlig 411 000 tonn til saman over 4-5 år. Dette ga omlag 24 700 tonn kopparkonsentrat, og vel 5000 tonn koppar.

Frå jubel til kritikk

Torvald Østby

Driftsleder ved Bidjovagge Gruber, Torvald Østby på arbeid.
(Foto: Altaposten)

Kautokeino kommune var i starten ein ivrig pådrivar for å få igang drift, og formannskapet ville i 1964 «inntrengende anmode om at det settes igang drift ved Biedjuvaggi så sant det overhodet er mulig» [28]. Kommunen sendte til og med eit eige brev til statsministeren om saka. Vestfinnmark Interkommunale Tiltaksråd og Finnmark fylkeskommune var også engasjert for å få igang drifta. Vedtaket til tiltaksrådet vitnar om noko overdrive forventningar. Her blir det slått fast at drift i Biedjovággi er den einaste løysinga på dei økonomiske vanskane til Kautokeino kommune, og at staten har ei «ufravikelig plikt» til å sørge for varig drift ved Biedjovággi. I tillegg argumenterte ein med at styresmaktene burde ha interesse av å halde denne utposten mot riksgrensa busett.[29]

Kommunen gjorde også mye for å legge til rette for selskapet, bl.a. reserverte ein eit område på 10 mål i eit nyregulert bustadfelt for «bedriftens ingeniører». [30]

Etter som tida for oppstart nærma seg, begynte dei første kritiske røystene å komme fram i Kautokeino. Eit medlem av kommunestyret sa: «Det eneste vi kommer til å oppnå, er å få ødelagt noen beiteområder uten å få noe igjen for dette.» [31] Kommunen stilte krav til konsesjonsvilkåra om produksjonsavgift til kommunen, men utan å få gjennomslag. Kommunen ønskte også langsiktig drift, mens selskapet planla for mest mogleg rasjonell drift og kort driftsperiode.

Vinteren 1969–70 publiserte universitetsstipendiat Per Otnes nokre svært kritiske kommentarar om Biedjovággi. Han hevda bl.a. at det heilt eller vesentlig ville bli tilsett folk utafrå, og at kommunen derfor ikkje ville få skatteinntekter. Han viste til at gruveleiinga meinte reindrifta ikkje ville få vesentlige ulemper, og avviste å betale erstatning. Vidare gikk han til åtak på arbeidsforholda med svært harde skiftordningar, som fagforeininga ikkje ville godta. Dette blei først publisert i Klassekampen, deretter i Ságat, under titlane «Gruvedrifta i Bieddjovagge kommer ikke Kautokeino-folket til gode» og «Bieddjovagge: Hardt arbeid og kummerlige boligforhold». Så blei stort sett det same prenta i boka Den samiske nasjon. [32] Da reagerte Fangel, og skreiv: «Som om det ikke skulle være vanskeligheter nok med å løse oppgaven å nyttiggjøre kobberforekomstene i Bidjovagge er det kommet hatske og tendensiøse angrep på meg og bedriften som beskyldes for å fare med uefteretteligheter og lureri med motiver som er preget av profittbegjær uten hensyn til arbeidernes ve og vel.»[33] Etter å ha referert ei rekke utdrag av artikkelen, konkluderte Fangel: «Efter rådslagning med høiesterettsadvokat Erling Christiansen vil jeg utarbeide endel spørsmål til foreleggelse for forfatteren, universitetsstipendiat Per Otnes med anmodning om hans standpunkt til de misforståelser og skader som han har forvoldt og med meddelelse om at jeg derefter vil ta standpunkt til saken.» Noko slikt brev blei visstnok ikkje sendt, og etter råd frå Fangel sin advokat blei det heller ikkje noko av injuriesøksmålet.[34]

Sydvaranger overtar

bidjo

Driftsbygninga til Bidjovagge Gruber, 1975
(Foto: SL)

I 1973 var Bidjovagge gruber reelt konkurs, og bare stadige statlige hjelpeaksjonar hadde halde drifta i gang. Industridepartementet greip no inn og slutta Fangelgruppa saman med det statseigde A/S Sydvaranger. Det skjedde ved at Sydvaranger kjøpte aksjane i Bidjovagge gruber for 24,5 millionar kroner. Distriktenes Utbygningsfond overtok da aksjar i Sydvaranger for 25,5 mill. kroner, mens 19 millionar blei avskrive.

Men problema var ikkje over med det. Det var store tekniske problem både med flotasjonsverket og underjordsgruva. På verdsmarknaden var kopparforbruket gått ned, mens produksjonen hadde halde fram for fullt, og kopparprisen var no under halvparten av det ein trengte i Biedjovággi for å drive i balanse. Samla gjeld var oppe i godt over 60 mill. kr. Det var store lager, og liten utsikt til snarlig prisstiging. Sydvaranger meinte det var meiningslaust å bryte ut ein ikkje-fornybar ressurs for å selje denne med store underskot, og bestemte seg for å stanse drifta inntil vidare.

Driftskvile og ny drift

kuler Gjenopninga av Bidjovagge Gruber. Gjester frå Finnmark Fylkeskommune i bakgrunnen. Ordførar i Kautokeino, Ole Henrik Buljo, i forgrunnen.
(Foto: Per Nils Saari / RiddoDuottarMuseat)
dambygg Klaringsdam under bygging, trulig 1985.
(Foto: Bidjovagge gruver/ Samisk arkiv)

Drifta blei stansa i juni 1975, og Sydvaranger søkte departementet om fem års driftskvile, som blei innvilga i januar 1976. For dei som blei oppsagt og for kommunen var situasjonen fortvila. Det var ingen arbeidsplassar å gå til lokalt. Nokre fikk tilbod om arbeid ved Sydvaranger sine gruver i Sør-Varanger (Mátta-Várjjat). Ein handfull av gruvearbeidarane frå Guovdageaidnu drog dit og arbeidde nokre år. Kommunen forsøkte å påverke til at malmleitinga blei intensivert og ordføraren reiste til Oslo for å be om hjelp til sysselsettingstiltak. Befolkningsstatistikken viser ganske stor netto utflytting i åra 1975-77, dette var nok både tilbakeflytting av folk som hadde kome tilflyttande pga. Biedjovággi, og Biedjovággi-arbeidarar frå Guovdageaidnu som flytta ut for å ta arbeid andre stadar.

Kor blei det så av dei Biedjovággi-arbeidarane som kom frå Guovdageaidnu, og som blei verande i kommunen? Det var som regel ingen veg tilbake til primærnæringane. Ein del blei gåande på trygd ei tid, og mange gikk over i forskjellige servicenæringar. Nokre fikk etterkvart arbeid der dei kunne nytte seg av skolering og erfaring dei hadde fått gjennom arbeidet ved gruva, f.eks. vaktmeisterarbeid, teknisk etat i kommunen osv. Andre blei omskolerte over i heilt anna arbeid.

I 1977 blei Biedjovággi tatt opp i ein stortingsproposisjon. Her oppsummerte industridepartementet at føresetnadane for Sydvaranger si overtaking hadde svikta og at dette hadde kosta selskapet omlag 70 millionar. Stortinget vedtok da å dekke 25 millionar av dette underskotet.

I 1978 vedtok Kautokeino kommune ein generalplan, og i den samanhengen blei det gjort ei oppsummering av røynslene med Biedjovággi på godt og vondt. Kommunen uttalte da: «selv om driftsstansen ved A/S Bidjovagge Gruber medfører uheldige konsekvenser for kommunen, så ser ikke kommunen det som noe mål for enhver pris å få driften igang igjen.»[35] Ein ønskte heller å satse på ei næringsutvikling som kunne utnytte ressursane utan å forringe dei.

møller Kulemøller i oppreiingsverket
(Foto: Per Nils Saari / RiddoDuottarMuseat)
kuler Malmen blei mala i kulemøller, nokre av kulene kan ein enno finne i terrenget rundt der driftsbygninga sto.
(Foto: SL)
Dei fem planlagte åra med driftskvile skulle bli til ti. I mellomtida hadde Sydvaranger fått stadig større underskot på hovudanlegget sitt i Sør-Varanger, og såg seg nøydd å trekke seg ut av andre prosjekt, som Biedjovággi og kvartsittgruva i Austertana (Juovlavuotna).

Utvinningsrettane og heile anlegget blei i 1984 seld til det den gang statseigde finske gruveselskapet Outokumpu for 3 mill. kr. Outokumpu fikk konsesjon 1.3.1985 og starta opp drifta same året. Det var heile tida planlagt å starte opp igjen, og anlegget var blitt halde ved like, så ein hadde eit godt utgangspunkt. Likevel blei drifta lagt om på fleire måtar, og det blei investert for over 40 mill. kr. i nytt utstyr og utbygging av driftsbygninga.

Outokumpu oppretta i 1988 det norske dotterselskapet Norsulfid, som overtok alle aksjane i Biedjovággi. Det var også blitt leita etter malm i mellomtida, slik at ein no hadde eit betre grunnlag for å vite kor ein kunne ta ut malm. Drifta føregikk mest i dagbrot, men også denne gongen kom det etter kvart igang underjordsdrift. I tillegg til underjordsgruva som var starta på slutten av første driftsperiode gikk ein no under jord som fortsetting på eit av dagbrota.

I den andre driftsperioden blei malmkonsentratet frakta til smelteverk i Finland, som Outokumpu sjøl eide. Transporten gikk med trailer til Kolari, derifrå på tog til Harjavalta.

I motsetning til første periode gikk no drifta med overskot. I 1985 og 1986 skal det ha vore eit samla underskot på 25 mill., mens overskotet i 1987 godt og vel dekka dette. Også i 1988-89 var det godt overskot. [36]

Gull og sjeldne metall

flyfoto Da det finske gruveselskapet Outokumpu starta opp igjen drifta ved Biedjovággi, var det stor interesse for dette i Finland, Avisa Kaleva hadde i 1990 eit stort oppslag, illustrert med dette flyfotoet av gruveområdet.
(Foto: Markus Ekberg)
gull? Det er mange interessante mineral å finne i Biedjovággi. Men er dette gull, kopparmalm, eller bare svovelkis?
(Foto: SL)

Allereie før første driftsperiode var det kjent at det var gull i malmen. Men i første periode fikk ein i liten grad skilt ut gull. Det var i den tida svært kostbart å ta gullanalysar, og dei få analysane som blei tatt, blei tatt av den mest kopparrike malmen. Denne hadde lite gullinnhald, og når samtidig gullprisen på denne tida var låg, satsa ein heller på koppar.

I andre driftsperioden gjorde ein to viktige oppdagingar. Det eine var at det var meir gull i den malmen som hadde mindre kopparinnhald, og som ein derfor ikkje hadde prioritert tidligare. Det andre var at om ein ikkje kjørte flotasjonsprosessen fullt ut, men stansa med eit konsentrat på 12–13 % i staden for rundt 20 % koppar, så fikk ein med mye meir gull. Dette førte sjølvsagt til større transportutgifter, men når ein fikk ut meir gull på den måten lønte det seg. Etter kvart lærte ein seg å tilpasse oppreiingsprosessen slik at forskjellige typar malm blei kjørt på forskjellig måte. Gullet utgjorde da omtrent halvparten av inntekta.

Men det var også mye anna å finne i Biedjovággi. Ei tid fann ein fleire sjeldne jordartsmetall i malmen, men desse var vanskelig å få ut gjennom den vanlige prosessen. Konsentratet blei da sendt heilt til Japan, der dei hadde teknologi for dette. Sjølv om transporten var lang, var prisen så god at det lønte seg.

Eit mineral som skapte store utfordringar var grafitt. Det var mye grafitt i malmen, og grafittstøv sette seg overalt. Dette gjorde at det blei veldig vanskelig å halde det reint i bedrifta. Det var så mye grafitt at det blei vurdert å starte eigen flotasjonsprosess for å skilje ut denne, men ein fann at det ikkje lønte seg. I andre driftsperiode prioriterte ein i første rekke den malmen som hadde lite grafitt.

I alt blei det i 1985–91 brote 5,33 mill tonn, derav 1,95 mill. tonn malm som gav 151 800 tonn konsentrat som inneheldt 24 000 tonn koppar og 6 tonn gull.

Dagbrot og gråbergtippar
(Foto: RiddoDuottarMuseat)

Store maskinar blir små i forhold til dagbrotet
(Foto: RiddoDuottarMuseat)

Bidjovagge gruver som arbeidsplass

Reparasjon av møllemotor og gearboks.
(Foto: Per Nils Saari / RiddoDuottarMuseat)

kontrollrom

Frå kontrollrommet i verket
(Foto: Per Nils Saari / RiddoDuottarMuseat)

I den første driftsperioden budde dei fleste tilsette på gruveanlegget, i same bygninga som flotasjonsanlegg og verkstad. Dei gikk 8-timars skift med 2 2/3 veke på arbeid og 1 1/3 veke fri. For anriking (knusing og flotasjon) var det heilkontinuerlig tre-skift, for gruve og verkstad var det to-skiftordning. [39] I den andre driftsperioden gikk arbeidarane 12-timars skift, med tilsvarande lengre friperiodar

Arbeidsforholda og skiftarbeidet var svært uvant for folk som var vane med å arbeide i reindrift, jordbruk og utmarksnæringar. Gruveselskapa klaga over at nokre arbeidarar ikkje møtte på jobb når det var viktige sesongar i reindrift og utmarkshausting. Dette var i første rekke eit problem den første tida, etter kvart gikk fråversprosenten ned til normalt nivå.

Arbeidsforholda kunne vere harde, både for dei som kjørte maskiner i brota og for dei som arbeidde i flotasjonsverket. Arbeidet var ofte så skittent at ein blei heilt svart overalt, det var bare under vernebrillene at det var lys hud å sjå. Særlig den første tida var det dårlig med vernetiltak, blant anna var det ikkje sikring ved knusarane og ved heisen i gruvesjakta. Det var mye støy og flotasjonskjemikalia førte til at huda lausna på armar og bein. Blant anna blei det brukt parafin, som førte til at huda tørka inn. Det var mangelfull merking og uforsvarlig oppbevaring av kjemikaliar. Det forteljast at da Arbeidstilsynet skulle komme på besøk fikk nokre av arbeidarane ordre om å grave ned nokre tønner med kjemikaliar. Det var dårlig med arbeidshanskar, så reparatørane måtte ofte arbeide med bare hender, sjølv når dei var i kontakt med kjemikaliar, bl.a. i fortjukkaranlegget. Mange fikk problem med astma, eksem og allergi, og fleire måtte slutte på grunn av forskjellige helseplagar knytta til arbeidet.

Andre som har jobba der seier derimot at dei ikkje har hatt helseproblem, det ser ut til at forholda var betre i andre driftsperioden. Arkiverte rapportar frå vernerunder fortel om eit fungerande system med verneleiar, verneombod og faste vernerunder, men også at dei fann ganske mye å sette fingeren på. Det var i alle fall to dødsulukker i gruva og ei alvorlig ulukke der ein arbeidar mista ein arm og eit auge. Det var stadige klager på for mye overtid, og brot på arbeidstidsreglane i Arbeidsmiljølova, samt at ungdom under 18 år blei sett til arbeid dei etter lova ikkje skulle gjøre.

utafor foredlingsverket i Biedjovággi

Utafor foredlingsverket.
(Foto: Per Nils Saari / RiddoDuottarMuseat)

ulukke

Det var ikkje alltid dei beste arbeidsforholda oppe på Časkias i all slags vær. Dette bildet frå 1985 har teksten: "En gravemaskin og en dumper utsatt for en ulykke."
(Foto: RiddoDuottarMuseat)

Det var særlig i flotasjonsavdelinga det blei tilsett arbeidarar utan gruverøynsle. Det var heller ingen yrkesskolar som hadde linjer for malmoppreiing eller spesielle vaksenopplæringskurs for dette. Det var ingen arbeidsledige å rekruttere med erfaring frå slikt arbeid, og når den interne opplæringa var mangelfull, blei arbeidarane usikre i arbeidsoperasjonane og gjorde feil som gikk ut over produksjonen. et var også stor gjennomtrekk, da mange ikkje fann seg til rette og slutta etter kort tid. I eit brev til Distriktenes Utbyggingsfond skreiv bedrifta: «Mangel på øvede industriarbeidere og stort gjennomtrekk i belegget har hemmet oppnåelse av produktivitet og stabil drift.» [40] Distriktslegen i Guovdageaidnu var klar over problema og fikk oppretta bedriftslegeordning, med regelmessige undersøkingar, bl.a. i forhold til silikose. Den første tida var det og ganske stort sjukefråver.

Lønnsforholda i gruva skal vi ikkje gå så grundig inn på her, men vi finn det verd å referere frå protokollen til styremøte i A/S Bidjovagge Gruber 03.12.1970: «6. Arbeidersituasjonen. Det referertes lønnskrav som er fremsatt fra den nystartede grubearbeiderforening i Bidjovagge. Etter at Norsk Arbeidsmannsforbund hadde anmodet den nystartede grubearbeiderforening i Bidjovagge om å konsentrere seg om å få igang driften og ikke fremsette urimelige lønnskrav, er det etablert enighet om lønnsnivået i Bidjovagge i overensstemmelse med det forslag driftsledelsen fremsatte.»

Kven jobba i Biedjovággi?

Anders Oskal

Anders Oskal frå Guovdageaidnu var ein av dei som jobba lengst i Biedjovággi. Han snakka både samisk, norsk og finsk og var såleis svært nyttig på ein arbeidsplass der ikkje alle hadde noko felles språk. Her er han omtalt i bedriftsbladet til Outokumpu. Det kom ikkje kom ut på nokon av språka som var i bruk i Biedjovággi, men derimot på engelsk
(Kjelde: Statsarkivet i Tromsø)

nilsskum

Nils Skum hadde arbeidsnummer 1 i Bidjovagge gruver og var tilsett frå start til slutt.
(Foto: SL)

Bidjovagge gruver var lansert som eit distriktsutbyggingstiltak, noko som førte til at bedrifta fikk mye meir statsstøtte enn ei «normal» bedriftsetablering ville ha fått. Tanken var at etableringa skulle vere ein del av industrialiseringa av Nord-Noreg, og skaffe sårt tiltrengte arbeidsplassar i «distriktet». Lokal rekruttering blei derfor stilt som eit vilkår for støtta frå statens side. Men kva var så «distriktet»? Dette blei tolka på forskjellig vis. I planane frå Fangel heiter det: «Det tas sikte på inntak av vante gruvefolk fra kyststrøket Alta-Sørkjos som har erfaring fra gruvedrift på Svalbard og Vaddas, og benyttelse av samer fra Kautokeino-området i den utstrekning disse er egnet for de foreliggende arbeidsoppgaver.» [37] Kommunen meinte derimot at formålet med etableringa var arbeidsplassar for befolkninga i kommunen, og at det måtte sørgast for opplæring.

Både industridepartementet og industrikomiteen på Stortinget understreka også at det måtte komme tilbod om opplæring til arbeidssøkjande frå Guovdageaidnu. I 1968 skreiv Arbeidskontoret i Alta til arbeidssøkjande i Kautokeino kommune, for å verve dei til yrkesopplæring med sikte på arbeid i Biedjovággi. Det blei særleg satsa på industrimekanikarkurs ved vaksenopplæringssenteret i Alta. Seinare skulle dei få intern opplæring og hospitering ved dei andre gruvene som Fangel eigde, Bleikvassli og Mofjellet. Det var minst fem frå Guovdageaidnu som tok slikt kurs, og som etterpå fikk jobb på Biedjovággi i den første driftsperioden. Nokre av dei jobba også med vedlikehald i mellomperioden og igjen i produksjonen i andre periode. I tillegg blei ein del rekruttert direkte utan særleg opplæring. Det gjaldt bl.a. kvinner som arbeidde med reingjøring og kantine.

Det gikk derfor ikkje så galt som spådd i den nemnde Ságat-artikkelen, at ingen frå Guovdageaidnu ville få arbeid her. I den første driftsperioden arbeidde mellom 100 og 120 personar i Bidjovagge-anlegget. Av dei var omtrent 40 fra Kautokeino kommune (1974). Under driftskvila hadde 5–10 mann arbeid med malmleiting og tilsyn med gruva. I perioden 1985–91 var det tilsett omkring 40–50 personar, mens eit 50-tall var sysselsette via underentrepenørar. I 1986 var det 37 tilsette i selskapet, derav 12 frå Guovdageaidnu. Trulig var det fleire frå kommunen som var tilsette hos underentreprenørane.

norskfinsk

Med arbeidarar frå fleire land var det nødvendig med fleirspråklige oppslag dersom alle skulle forstå det. Det blei mye brukt norsk og finsk, men oppslag på samisk var det visst ikkje.
(Kjelde: Samisk arkiv)

Språksituasjonen i Biedjovággi var noko for seg. I den første perioden var knapt halvparten av dei tilsette samisktalande, mens resten var norsktalande. I administrasjon og på møter gikk det nok bare på norsk, mens samisk blei brukt av mange tilsette seg i mellom. Alle papir frå denne perioden er på norsk. I den andre driftsperioden var det mange frå Finland, både blant leiinga og dei tilsette. Om vi tar med tilsette hos underentrepenørar, hadde trulig omlag 40% finsk som morsmål, og av dei resterande kanskje halvt om halvt med samisk og norsk. I arkiva etter Bidjovagge gruber [38] er det meste på norsk, men også ein del på finsk, og noko på svensk eller engelsk. Ein del dokument er på både norsk og finsk. Her finn vi blant anna finsk/norske oppslag for dei tilsette. Trulig kunne alle dei samisktalande også norsk, og nokre av dei kunne også finsk. Det forteljast at dei som var trespråklige kunne få lønnstillegg for det, for dei kunne brukast som tolkar ved behov. Og behov var det nok stadig, for mange av dei finske arbeidarane kunne lite anna enn finsk.

Biedjovággi og lokalsamfunnet

Kommunen såg i utgangspunktet for seg Biedjovággi som ein varig arbeidsplass, og ønskte ei stabil busetting. Ein la derfor opp til at folk som kom utafrå skulle slå seg ned i bygda. Det blei bygd familiebustadar sentralt i Guovdageaidnu, og det var i første rekke folk i bedriftsleiinga og fagfolk som fikk desse. Dette var gjerne folk som var framande overfor lokalmiljøet og som ikkje blei lett integrerte. Wenke Brenna skriv: «Kautokeino fikk en boligkonsentrasjon av bedriftens ledere og fagfolk som kom fra andre deler av landet. Disse kan ha fungert som en sosial og kulturell elite, med «norske» verdier som stred mot det tradisjonelt samiske. Dette innebærer ikke bare et fremmedelement i lokalsamfunnet, men kan ha hatt en spesiell negativ funksjon for folk som fra før var tilbøyelig til å nedvurdere sitt eget språk og kultur til fordel for det norske.» [41]

«Biedjovágge-husa» var konsentrerte i bestemte bustadområde, noko som førte til at ein fikk norsktalande nabolag. Dei fleste som budde i desse husa reiste når drifta blei lagt ned, og andre flytta inn i det som framleis blir kalla «Biedjovágge-hus».

Ny stopp og nedlegging

bidjookt

I oktober 1994, tre år ettter nedlegginga, sto ennå driftsbygningene i Biedjovággi, men no var det like før rivinga starta.
(Foto: Bidjovagge Gruber / Guovdageaidnu kommune)

Outokumpu kom ut av den andre driftsperioden med overskot, men til sist fann ein det ikkje lønsamt å halde fram, dels på grunn av små reservar, dels på grunn av at kopparprisen sank igjen. I tillegg skjedde det ei omlegging av heile Outokumpu-konsernet, der slike gruver ikkje hørte til hovudsatsinga.

I 1991 blei drifta stansa. Først var det igjen snakk om «driftskvile». Norsk Arbeidsmandsforbund i Finnmark uttalte stor bekymring over nedlegginga. Dei hevda dette ville vere ein katastrofe for Kautokeino-samfunnet og ville føre til masseflytting frå kommunen. Derfor ba dei om statlige tilskot til meir mineralleiting, så arbeidsplassane kunne oppretthaldast.

Det var omlag 100 arbeidsplassar som blei borte ved nedlegginga. Av dei som no blei arbeidsledige var omlag 40 frå Guovdageaidnu. Kommunen ba staten om hjelp, og fikk etter kvart noko støtte, sjølv om det ikkje var akkurat slik kommunen hadde ønskt seg. Etter kvart blei det sett igang nokre vaksenopplæringskurs som skulle vere både for tidligare Biedjovággi-arbeidarar og for folk som var pressa ut av reindrifta.

Fram til 1994 var den formelle statusen til gruva «driftskvile» og det var fem tilsette som dreiv vedlikehald på anlegget. I denne tida dreiv Outokumpu framleis leiting etter ny malm, og det blei brukt 18 mill. kr. på leiting i perioden 1991–94. Halvparten av dette blei betalt av Staten og Finnmark fylkeskommune. 25.03.1994 skriv Norsulfid til Kautokeino kommune om leiteprogrammet: «Programmet ble avsluttet ved utgangen av fjoråret. Resultatene er vurdert, og det er nå klart at det dessverre ikke er grunnlag for gjenopptagelse av driften. Vi beklager derfor å måtte meddele at avvikling vil skje i løpet av sommerhalvåret, og våre vaktmannskaper vil da måtte slutte.»

29.03.1994 melde Finnmark Dagblad at Rio Tinto Zink hadde fått tilbod om å kjøpe gruva, med leite- og driftsrettar på 1200 km2. Det blei ikkje udelt positivt mottatt i lokalsamfunnet, på grunn av det særs dårlige ryktet til dette selskapet. Det blei ikkje noko av denne handelen, og det blei avgjort at gruva skulle leggast ned.

Opprydding

nedriving

Driftsbygningane til gruva under nedriving, 29.05.1995
(Foto: Guovdageaidnu kommune)

nedriving

Betongsålen står igjen av eit av dei mindre bygga. I bakgrunnen eit av dagbrota som er fylt opp med gruveavgang og vatn.
(Foto: SL)

Ved gjenopninga av gruva i 1985 stilte Bergmesteren vilkår om opprydding ved avvikling. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) var tillagt tilsyn med natur- og landskapsmessige forhold ved anlegget. Dei var på synfaring i 1989, etter det blei det sett igang det dei kalte «en sped begynnelse med landskapsarbeider helt nord i gruveområdet». Ved neste synfaringa i 1991 blei det oppsummert at det var brukt mye tid og blitt lite resultat. NVE definerte no hovudmomenta som skulle ligge til grunn:
«– Uansett hva som blir gjort, ville ikke inngrepene kunne skjules.
– Det skulle tilstrebes å gi de berørte arealer en form som best mulig harmonerer med hovedtrekkene i landskapet rundt.
– Alt skrot skulle fjernes.
– Den malen NVE bruker ved kraftutbygginger skulle legges til grunn ved den fysiske utførelsen av arbeidet.»

I 1996 ga NVE ein rapport med oppsummering av nedlegginga og oppryddinga. [42] Der blir det beklaga at restaurering av landskap ikkje var med i bedrifta sine planar frå starten av, da det kunne blitt både billigare og betre resultat. No var det først i 1990, mot slutten av andre driftsperioden, at ein byrja med litt tiltak for landskapet. I perioden 1991-95 blei det brukt 8–9 mill. kr. til «landskapsmessige tiltak». NVE oppsummerer at entreprenør og maskinkjørarar ikkje hadde nødvendig kompetanse på landskapsforming, og at det var nødvendig med mye meir detaljert instruksjon. Dei viktigaste tiltaka som blei gjort var forming av gråbergstippar, oppfylling av dagbrot og fylling og dekking av slamdeponi.

Rapporten oppsummerer: «Etter de standarder som ble lagt til grunn for dette arbeidet, må det kunne konstateres at sluttresultatet er blitt bra. I all hovedsak ble det gitt positive tilbakemeldinger på den avsluttende befaringen 18. september 1995». I innleiinga til rapporten skriv ein: «Etter vårt syn kan det stilles spørsmål ved at gruvedrift ikke har blitt underlagt like streng oppfølging på natur- og miljøsiden som kraftverksutbygging.»

nedriving

Avgangsdeponi dekka med gråberg
(Foto: SL)

Driftsbygninga blei rive i 1995. 90 % av materiala skal ha gått til gjenbruk eller gjenvinning, og ein oppsummerer at det var eit resultat betre enn forventa. Fleire tidligare tilsette gir eit mindre fordelaktig bilde av oppryddinga enn det som kjem fram i rapporten. Dei fortel at alt ein ikkje kunne få betalt for, blei styrta i gruvesjakta, og at det bl.a. gjaldt giftige kjemikaliar og avfall. Vi har ikkje funne dokumentasjon på dette.

Det var ei bygning som blei ståande igjen, det såkalla fortjukkingshuset. Om denne står det i eit notat frå ingeniør Paulsen 1995: «Kautokeino kommune har inngått avtale med SP Maskin om overtakelse av Fortykningshuset til museumsbruk.» Det var daverande miljøvernsjef i kommunen som ivra for å lage bergverksmuseum, men da han slutta like etter og det blei skifte i kommuneleiinga, var det ikkje lenger nokon som følgde opp museumsplanane. I staden har bygget blitt brukt til lager for borekjerner.

graberg

Det har ikkje vakse mye her på dei vel 20 åra etter av drifta stansa. Bildet av gråbergsdeponiet er tatt hausten 2014.
(Foto: SL)

graberg

Det er påstått at det ikkje vaks noko i Biedjovággi før gruva kom heller, men vi ser tydelig kontrasten mellom marka i forgrunnen med opprinnelig vier- og grasvegetasjon og gråbergsdeponiet i bakgrunnen, der det enno ikkje hadde begynt å vekse til da dette bildet blei tatt hausten 2012.
(Foto: SL)

Under avsluttande synfaring med alle aktuelle partar tilstades 21.09.1995 blei det oppsummert at «Anlegget ble med dette ansett for å være avviklet i tråd med konsesjonsgivers krav, pålegg og forutsetninger. Jordsalgssjef Olav Joki konstaterte at grunnen fra samme dag tilbakefalt Staten ved Statskog som del av Statens umatrikulerte grunn i Finnmark.» [42a]Oppryddinga etter Bidjovagge Gruber hadde da kosta mellom 8 og 9 mill. kr.

Ved Čunovuohppi står desse skilta, som åtvaring for den som tenker seg å kjøre til Biedjovággi.
(Foto: SL)

Dei siste tre mila med veg til Biedjovággi er ikkje vedlikehaldt etter at gruva blei lagt ned. Nokre stadar er det hol langt ut i vegen,
(Foto: SL)

I samband med nedlegginga var det også snakk om å legge ned vegen frå Čunovuohppi til Biedjovággi, men dette blei ikkje noko av. Han er nedgradert frå riksveg til kommunal veg, det blir bare utført minimalt akutt vedlikehald og han blir ikkje halde ope på vinteren.

For reindrifta er vegen både til fordel og ulempe. Reineigarar brukar han til å kjøre til skiljegjerde og hytter i området, på andre sida er vegen til ulempe for dei som han går gjennom beiteområdet til. Denne ulempa kan bli langt større dersom vegen blir rusta opp og får heilårlig regelmessig tungtrafikk. Nokre reineigarar meiner at det vil vere vanskelig å bruke skiljegjerdet, dersom det skal bli stor tungtrafikk på vegen.

Frå Guorbavuopmi og opp til gruveområdet er det svært dårlig vegstandard.
(Foto: SL)

Vegen opp lia mot gruveområdet og inne i gruveområdet hadde under drifta status som privat veg. Han var open for allmenn ferdsel fram til gruvebygningane. Vegen går eit stykke innom Nordreisa kommune / Troms fylke, før han kjem tilbake til Kautokeino / Finnmark like før gruveområdet. Etter nedlegginga blei vegen tilbakeført til grunneigar, som da var Statskog, i dag Finnmarkseiendommen for Finnmark og Statskog for Troms. I NVE sin rapport står det om vegen: «Statskog ga uttrykk for at de som grunneier ikke har økonomi til å vedlikeholde veiene slik at de kan være åpen for offentlig motorisert ferdsel. Dette fører til at veiene blir stengt, og ferdsel kan bare skje etter tillatelse. ... Det ble bestemt at veiene skulle stenges med store steinblokker som ble plassert i «labyrintformasjon» slik at det går an å komme forbi med bil. I tillegg skal det skiltes godt med de gjeldende bestemmelser for bruk av veiene.» Dette er ikkje gjennomført, vegen står no open tvert gjennom gruveområdet heilt til dei inste dagbrota. Det er heller inga merking som fortel kva status vegen har. Ved Čunovuohppi ei mil frå Guovdageaidnu er det skilt om at vegen er ujamn og at ein kjører på eige ansvar, men det er ikkje noko eiga skilting der asfalten og den kommunale vegen opphører, og der den virkelig dårlige vegkvaliteten startar.

Revegetering

reveg94-1

Det første revegeteringsforsøket starta allereie sommaren 1994, like før driftsbygningane blei rive.
(Foto: Guovdageaidnu kommune)

reveg94-1

Eit av felta for revegetering rett etter planting, 1994
(Foto: Guovdageaidnu kommune)

I samband med oppryddinga etter gruvedrifta var det ein diskusjon om ein også skulle revegetere, det vil seie gjøre tiltak for å få vegetasjonen tilbake gjennom pålegging av jordsmonn, planting eller såing. I oppsummeringa til NVE står det: «Det ble diskutert en del om hvorvidt en skulle forsøke å etablere ny vegetasjon på de berørte arealene. Konklusjonen ble at det ikke skulle stilles krav til gruveselskapet om revegetering av området. Dette ut fra at forholdene for plantevekst er dårlige i denne høyden på Finnmarksvidda også ut fra at inngrepene uansett ikke lot seg skjule. Det ville også være vanskelig å finansiere oppfølging med ettergjødsling. I tillegg ville arealene være tilgjengelig for beitende rein dersom det ikke ble satt opp gjerde, noe som ville føre til problemer for vegetasjonsetableringen.

Til tross for avgjørelsen om ikke å prøve å revegetere alle berørte arealer med eksisterende gressfrøblandinger, mente miljøvernsjefen i Kautokeino kommune at området og de klimatiske forholdene ville være godt egnet som prøvefelt for å teste ut muligheten for vegetasjonsetablering med ulike frø- og plantearter i høyereliggende områder med tøft klima. Miljøvernsjefen satte i gang med etablering av noen prøvefelt hvor blant annet «Planteforsk» i Tromsø [43] var involvert. Prosjektet gikk ut på å samle frø fra stedegne arter og drive disse frem for så å plante ut, Det har vist seg at disse prøvefeltene har overlevd siden 1992. Norsulfid har gitt et økonomisk bidrag til fortsettelsen av disse forsøkene.»

bidjoreveg

Miljøvernsjef Hans O. Nilsen og Kåre Rapp fra Planteforsk driv forsøk med revegetering, trulig 1994.
(Foto: Guovdageaidnu kommune)

gras94-14

Slik såg det ut i 2014 der det var revegetert omlag 20 år tidligare.
(Foto: SL)

31.08.1995 skreiv miljøvernsjef Hans O. Nilsen i Kautokeino kommune til Norsulfid og søkte om økonomisk støtte til revegeteringsforsøka: «Som Norsulfid er kjent med, har miljøvernkontoret i Kautokeino på eget initiativ gjort revegeteringsforsøk i gruveområdet de senere år. Forsøksfeltene er ikke store i omfang, men har allikevel gitt erfaringer som tilsier at grunnlaget er tilstede for videre arbeid med revegetering av området. Kommunen er inneforstått med at Norsulfid ikke har forpliktelser knyttet til revegetering av området, men både sett fra et miljøvernsynspunkt og i tilknytning til fremtidig bergverksutbygging i kommunen, er kommunen av den oppfatning at jo bedre sluttresultatene blir i tilknytning til nedleggelsen av Biedjovággi, – også m.h.t. revegetering, jo mindre motforestillinger kan man forvente i tilknytning til behandling av fremtidige utbyggingssaker.»

reveget
reveget

To av felta der Bioforsk dreiv revegeteringsforsøk. Det er planta i 2004 og fotografert i 2013
(Foto: SL)

Miljøvernsjefen var sterkt engasjert i revegeteringsforsøka, og han var sjølv aktivt med og planta og dyrka opp planter. Frå 2003 til 2006 gjorde Bioforsk eit nytt forsøk på å revegetere felt i Biedjovággi. Dette forsøket hadde ikkje som målsetting å dekke noko større del av det ødelagte området. Det var i første rekke eit vitskapelig forsøk, der ein hadde plukka ut to område for å samanlikne dei. Ved sida av gruveområdet i Biedjovággi blei forsøka gjennomført i eit område ved Ábojávri i Kvænangen (Návuotna). Det blei forsøkt forskjellige former for revegetering, med pålegging av forskjellige former for torv og med såing og planting av einskilde planter i jord med og utan grubbing og innblanding av handelstorv. Det blei grundig oppsummert i kva grad forskjellige vekstar hadde overlevd og eventuelt spreidd seg. I Biedjovággi dekka forsøka bare område på til saman omlag 1000 m2. Det utgjør kanskje ein promille av det området som har fått fjerna eller øydelagt vegetasjonen som følgje av gruvedrifta. Som oppretting etter gruva er det sånn sett eit svært lite bidrag, men som forsøk og grunnlag for vidare arbeid er det verdfullt. Det er gjort ei oppsummering av forsøket [44], men denne har vore lite kjent.

Kven som eigentlig avgjorde at det ikkje skulle gjennomførast full revegetering har vore vanskelig å finne ut. Direktoratet for mineralforvaltning hevdar at det var Fylkesmannen som sa nei.

bidjo

Ingen grønn natur i Biedjovággi? Vi ser tydelig skiljet mellom der det er intakt natur og der det blei gravd i samband med gruva.
(Foto: SL)

bidjo

Om det ikkje er høge trær og busker i Biedjovággi, er det i alle fall eit rikt utval av planter, som denne moselyngen.
(Foto: SL)

Rosenrot

Medisinplanta rosenrot veks og like ved det gamle gruveområdet, men med tanke på kva som kan vere i jorda og vatnet her, er det ikkje sikkert det er trygt å plukke planta for medisinsk bruk.
(Foto: SL)

Spørsmålet om revegetering drukna snart i debatten om ny oppstart av gruve, først etter at dette var avvist, tok lokallaget av Naturvernforbundet det opp med eit brev til kommunen, der ein ber om at Biedjovággi-området i den kommunale arealplanen blir tilbakeført til LNFR-område [45] og at det blir sett igang eit revegeteringsprogram. (link) De blei da straks imøtegått i avisa av varaordføraren, som hevda at Naturvernforbundet ikkje visste kva dei snakka om, for det hadde aldri vore grøn natur i Biedjovággi, bare stein og berg.

Varige skadar?

klaring

Klaringsdam. I 2012 blei her målt svært høge verdiar av tungmetall.
(Foto: SL)

klaring

Slike jernrør etter diamantboringa stikker opp rundt omkring på gruveområdet og i terrenget rundt.
(Foto: SL)

Sjølv om ein del er gjort for å fylle opp dagbrot og jamne ut haugar med gråberg, er inngrepa i naturen likevel store og virkar uopprettelige. Som ein reineigar i området sa: «Dás ii goassege šat šaddá ealát» = Her blir det aldri meir beiteområde/livsgrunnlag. I myrer og bekkesig rundt og mellom brota er det tydelig at vatnet er unaturlig farga, tildels med grønt, kvitt eller brunt belegg på steinar og vegetasjon. I dagbrota som er fylte med gruveavgang og vatn over har og vatnet ein anna farge enn vanlige fjellvatn.

Etter nedlegginga påla Statens forurensningstilsyn bedrifta å gjennomføre ei undersøking av forureining frå anlegget. Denne blei gjort av NIVA i 1995 [46] og konkluderte: «Undersøkelsene i forbindelsen med virksomheten ved Bidjovagge Gruber har pågått siden 1985 og har også pågått etter 1991 da driftshvile inntrådte. Det er i denne perioden ikke påvist unormale tungmetallkonsentrasjoner i den nærmeste vassdragsstrekning som mottar drensvann fra gruveområdet. Selv om kobberkonsentrasjonene i drensvann fra deponier og dagbrudd viser at det pågår forvitring av kismineraler, har materialtransporten av forvitringsprodukter hittil vært så vidt beskjeden at avrenningen fra gruveområdet ikke har noen konsekvenser for vannkvaliteten i vassdraget nedenfor. Undersøkelser viser at gruveavfallet forvitrer tregt.»
Rapporten er prega av ei rekke faktafeil om drifta i Biedjovággi.

I juni 1995 skreiv SFT [47] til Norsulfid ei «Tilbakemelding på utslippsforhold etter nedleggelse av Bidjovagge gruver». Der gikk SFT god for at alt var i orden. Tungmetallavrenninga blei vurdert som lita både under drift og etter driftsstansen, kopparavrenninga blei berekna til under 100 kg pr. år. Det einaste bedrifta blei pålagt var å ta ei kontrollmåling i 1998.

klaring

Det blir hevda at det blei rydda opp på 90-tallet, men slikt kunne vi finne i 2014.
(Foto: SL)

klaring

Opprydda? Bilde frå 2014.
(Foto: SL)

I Miljødirektoratet si oversikt over avrenning frå gamle kisgruver skriv ein om Biedjovággi: «Det har vært utført oppryddingsarbeider i området. Årlig materialtransport av kobber fra gruveområdet er av størrelsesorden mindre enn 100 kg årlig. Området drenerer til Altavassdraget. I slamdam 1 er det målt 14 µg kobber per liter. Drensvann fra deponier og gruver er tydelig påvirket av forvitringsprodukter, men materialtransporten er såpass beskjeden at avrenningen ikke har konsekvenser for vannkvaliteten i vassdraget nedenfor. I en bekk fra gruveområdet nedenfor alle tilførsler fra området er det målt 0,4 µg kobber per liter. Avrenningen oppfattes ikke som problematisk.» (link) Det er ikkje oppgitt kva undersøkingar dette bygger på, men det ser ikkje ut å vere gjort noko etter NIVA si undersøking frå 1995.

Frå fleire hald får vi opplyst at all røya i fleire vatn sør for gruveområdet blei drepe av eit dieselutslepp i den første driftsperioden. Det var ein stor dieseltank som var plassert ved vegen på vinteren, men på våren velta denne og alt innhaldet rant nedover elva og ut i vatna. Det forteljast at det lukta i fleire år etterpå, og at det ikkje har vore fisk der sidan. Noko av dieselen gikk og i elva ned til Ráisjávri, det forteljast at det der smaka diesel av røya mange år etterpå. Dette er ikkje nemnd i undersøkinga til NIVA og heller ikkje i andre skriftlige kjelder som vi har funne. Uhellet er derimot omtalt i brev frå bedrifta til NVE 21.08.1972. Det blir skrive at det skal gjennomførast bortkjøring av oljeinfiserte jordparti ved Leamšejávri, og at dei som måtte ha lidd skade må få rimelig erstatning.

Det er ikkje gjort mye undersøkingar i Biedjovággi-området i dei siste åra, men ei undersøking frå 2012 viser høge verdiar av tungmetall i alle fall i eit av dei gjenfylte dagbrota. (link)

Ei doktorgradsavhandling ved Universitetet i Tromsø i 2012 viste at reinkjøtt frå distrikta Ábborášša og Fávrrosorda, som har reinbeite i Biedjovággiområdet, hadde høgare innhald av tungmetall enn kjøtt frå andre distrikt. Det var likevel under grenseverdiane. Ei samanlikning med forsking på 1990-talet viser at tungmetallinnhaldet i reinkjøttet hadde gått ned. Dette kan tyde på at denne forureininga kjem frå gruva, og at ein må rekne med auka problem dersom ein startar opp igjen.

I eit oppslag på NRK i 2013 blei det igjen sett søkelys på den kjemiske tilstanden i Biedjovággi, og konkludert «Ingen har undersøkt cocktail-effekten mellom kjemikalier og metaller etter tidligere drift i Biedjovággi.» (link) I Tiltaksanalyse for Alta, Kautokeino, Loppa og Stjernøya vannområde 2013-15 (link) er det teikna inn på kart kor det er vassdrag som er forureina. Her er ei rekke bekkar og elver i Biedjovággi-området oppført som «elvevannforekomster i risiko», men utan at det er dokumentert nærare. Her er framleis mye igjen å ta fatt i.

Ny æra?

klaring

Leiteboring for Arctic Gold
(Foto: Liv Inger Somby/NRK)

Etter at Outokumpu la ned hadde dei ikkje meir interesse av området. Malmleitinga heldt fram i regi av det norske selskapet Geologiske Tjenester i samarbeid med det kanadiske Hendricks Minerals of Canada, fram til 1997.

Leiteboring har foregått i store områder rundt det gamle gruveområdet, og skader etter denne leitinga er ikkje kartlagt. Reindrifta har klaga på store skader etter kjøring med maskinar i myrene. I 1990 blei det laga ei oversikt over «planlagte prospekteringsobjekter i Kautokeino Grønnsteinsbelte». Det blei da bora i ti område, av dei er halvparten under ei mil frå Biedjovággi. Dei andre områda lå lenger unna, dei fleste 5–15 km frå kommunesenteret. Denne boringa blei gjennomført av Bidjovagge Gruver og Norprosp.

Starten på det som skulle bli den nye æra for Biedjovággi kan reknast til 2006, da International Gold Exploration sitt underselskap IGE Nordic AB kjøpte opp rettane og starta opp undersøkingar.

I 2007 meldte Geo365.no: Det eksisterer mye tilgjengelig informasjon fra området siden det er diamantboret ca. 130.000 m fordelt på mer enn 1500 hull. I tillegg er det utført geofysiske målinger både fra luften og på bakken, foretatt geologisk kartlegging og innsamlet geokjemiske prøver. På Løkken [48] ligger det arkivert 32 000 meter med borekjerner fra Bidjovagge. Dette materiale nyttiggjøres nå i forbindelse med de nye undersøkelsene.»

I 2010 selde IGE vidare til Arctic Gold, som dei samtidig fikk ein 20 % eigardel i. Frå Arctic Gold overtok leiterettane i Biedjovággi i 2010 arbeidde dei målmedvete for å få igang ny drift. Sommaren 2010 starta dei leiteboring. Mottakinga var så ymse. Sametinget sendte brev til gruveselskapet og protesterte mot at det ikkje var kontakta før prøveboring blei sett igang.

29.07.2010 hadde selskapet møte med formannskapet i Guovdageaidnu. Daverande varaordførar Jan Ole Buljo uttalte til NRK: «– Det virker som et seriøst prosjekt og jeg håper på vegne av kommunen at det blir drift i Biedjovággi igjen.» I formannskapet var det bare Anders S. Buljo frå Flyttsamelista som ikkje ville vere med på ny gruvedrift.

Optimismen var stor. I oktober 2010 uttalte Arctic Gold at ein rekna med oppstart om 2–3 år. NRK melde at med dåverande gull- og kopparprisar ville den mengda Outokumpu tok ut på 6 år hatt ein verdi på nær 8 milliardar kroner. Ordførar Klemet Erland Hætta ønskte gruvedrifta velkomen og uttalte at han ikkje trudde den kommunale behandlinga ville forsinke arbeidet. (link)

Kven er Arctic Gold?

AG

Den fremste representanten for Arctic Gold har vore direktør Lars-Åke Claesson – fram til han blei avskjediga i 2013. Her fotografert ved kommunehuset i Guovdageaidnu.
(Foto: Kjell Are Guttorm / NRK)

I 1999 oppretta det australske gruveselskapet Alcaston Mining NL eit dotterselskap i Sverige med namn Alcaston Diamond Exploration, for å drive diamantleiting. Selskapet fikk løyve til å leite etter diamantar i Nord-Sverige, men kan ikkje ha funne stort, for etter ei tid selde Alcaston Mining det svenske dotterselskapet til svenske aksjonærar. Selskapet skifta fokus frå diamantar til gull og tok namnet Arctic Gold. Dette begynte å leite gull i Västerbotten og Norrbotten, men utan at dette førte til meir enn «lovande funn», såpass at aksjonærane enno kunne halde motet oppe. Meir fart i sakene blei det da ein i 2010 fikk sjansen til å kjøpe opp rettane til malmleiting i Biedjovággi-området.

Selskapet er notert på NASDAQ-børsen og aksjekapitalen har på forskjellig vis variert mellom 5 og 21 millionar kroner. Verdien av ein aksje har variert frå over 19 SEK ned til 0,22 SEK. Aksjonærane er vesentlig tyske og svenske gruveinvestorar og investeringsfond. Det er aksjonærar som investerer i aksjar over heile verda bl.a. i fleire afrikanske land. Ingen av de 10 største aksjonærane synest å ha noko tilknyting til Noreg utover håpet om å tjene pengar på mineral her.

Arctic Gold har enno ikkje drive noka gruve, men opplyser å ha fleire styremedlemmar med brei gruverøynsle. Selskapet har adresse i Uppsala. I følgje selskapet sin rekneskap har det bare hatt ein tilsett, direktør Lars-Åke Claesson.
I forhold til reindrifta har Arctic Gold spela eit dobbeltspel. På eine sida har dei prøvd å få samarbeid, på andre sida har dei gitt uttrykk for at gruveplanane må gjennomførast sjølv om reindrifta ikkje vil. Dette kom klart fram i det Finnmark Dagblad skreiv 23.06.2011: «Reindrifta i området er skeptisk til ny drift utover de tidligere gruvene. Claesson tror likevel på en framtid for begge, og lanserer muligheter for underjordiske gruver. I verste fall må myndighetene velge mellom de to næringene, utfordrer direktøren.»

Utvinningsrett frå 2011

AG

Arctic Gold i sving i det gamle gruveområdet
(Foto: Arctic Gold / Altaposten)

I desember 2010 søkte Arctic Gold om utvinningsrett for seks område á 1 km2, og i september 2011 innvilga Direktoratet for mineralforvaltning dette for fem av områda. Det var da kartlagt 1,8 mill t. malm. I planprogrammet står det at målsettinga er å ta ut 350000 t malm for året i 10 år, altså tilsaman 3,5 mill. t. Sjølv om ein seinare utvida det kjente ressursgrunnlaget til 2,3 mill. t., er dette bare tilstrekkelig for arbeid i vel 6 1/2 år. For å oppnå 10 års drift, ville ein trulig måtte søke om utviding av området med utvinningsrett.

På dei første møta mellom kommunen og gruveselskapet var haldninga i kommuneleiinga stort sett positiv, og det kom fram lite innvendingar. Når Arctic Gold seinare har vist til at dei kjente seg velkommen i starten, kan det nok langt på veg stemme.

Sametinget og reindrifta skriv intensjonsavtale

Reinbeitedistrikta som ville bli berørte av gruva kjente seg no pressa frå alle kantar. For at ikkje vidare behandling skulle kunne gå bak ryggen på dei, skreiv leiarane for distrikt 34 Ábborášša og 30A Vestre sone (Oarjebealli) under på ein intensjonsavtale med Arctic Gold. Avtalen var initiert av Sametinget, som ei oppfølging av Sametinget sin mineralrettleiar [49]. Distriktsleiar i Ábborášša, Nils Isak Sara, uttalte at dei kjente seg tvungne til å skrive under på denne avtalen [50]. Med avtalen sikra dei seg å bli informert om leiteboring og saksgangen vidare og få forhandlingar med gruveselskapet for å forsøke å redusere skadeverknadene for reindrifta. Men prisen for dette var at dei måtte skrive under på at dei «stiller seg positiv til søknad fra Arctic Gold Operations AB om utvinningsrett etter minerallovens §§ 29 og 30 for Bidjovagge.»

Det har bare vore to møter som oppfølging av avtalen. På det første møtet 09.11.2011 blei det bl.a. diskutert korleis forhandlingane om reguleringsplan og driftskonsesjon skulle førast. Her står det at reinbeitedistrikta ikkje ønsker drift i sørfelta og nordfeltet, men at dei har gått med på aktivitet i utvinningsfelta 2,3 og 4.

18.10.2012 trekte distriktsstyret for Ábborášša seg frå avtalen, med dette brevet:
«Viser til intensjonsavtalen undertegnet desember 2010, og vil med dette presisere at distriktet ikke anser seg forpliktet av avtalen.

Tidligere formann har gitt uttrykk for at omstendighetene rundt undertegnelsen av intensjonsavtalen var preget av et forventningspress fra de øvrige parter, samt at formann ikke var inneforstått med hva han samtykket til gjennom undertegnelsen.

Omstendighetene rundt avtaleinngåelsen er at vesentlig avvik fra de forventninger man normalt bør kunne stille til en avtaleinngåelse. Etter norsk avtalerett vil tilblivelsesmangler ved avtaler medføre full ugyldighet. Forholdet er også i strid med det folkerettslige kravet om et fritt og informert samtykke, jf. UNDRIP art. 27.

Som følge av dette anses intensjonsavtalen for ugyldig og dermed ikke forpliktende for partene.

Distriktet har ved forskjellige offentlige anledninger registrert at Arctic Gold gir uttrykk for en eksisterende dialog med distriktet. Distriktet understreker med dette at det ikke eksisterer noen dialog mellom Arctic Gold og RBD 34 Ábborášša. Det er dermed uakseptabelt at Arctic Gold offentlig gir uttrykk for dette.» [51]

Likevel blei det ein månad seinare, 27.11.12. halde eit nytt møte, der reinbeitedistrikt 34 deltok, men der dei sa frå at dei ikkje lenger kjende seg forplikta av avtalen. Her kjem motstanden frå reindrifta mye klarare til uttrykk, og i referatet står det: «Rbd 34 framholdt at de var mot gruvedrift. Dette gjelder også i det tidligere driftsområdet.» Den andre reindriftsparten i avtalen, distrikt 30A, var ikkje representert på dette møtet. Seinare har det ikkje blitt fleire møte.

Trass i at det eine reinbeitedistriktet trekte seg frå avtalen i 2012, låg denne pr. 18.03.2015 framleis ute på Sametinget sine nettsider (link) med alle dei opprinnelige underskriftene, utan forbehold om at distrikt 34 har trekt seg.

Planprogram på høring

Arctic Gold fikk konsulentfirmaet Rambøll til å lage eit planprogram, som blei lagt fram 23.09.2011. Oppdragsgivaren må ha vore godt nøgd med konsulenten, for allereie fleire månadar før planprogrammet var ferdig blei det opplyst at Rambøll hadde vunne tilbodskonkurransen om det neste trinnet, reguleringsplan med konsekvensutgreiing.[52] Ein venta ikkje på behandlinga av planprogrammet, men sette igang konsekvensutgreiinga. I mars 2012 mottok eg eit brev med spørsmål om eg kjente til folk med gode kunnskapar om fuglelivet i området. Brevet kom frå ein tilsett ved Rambøll sitt kontor i Trondheim, og der står det: «Jeg holder på å lage konsekvensutredningen for tema naturmiljø i forbindelse med planene for gjenoppstart av Biedjovaggi gruver.» [53]

Planutvalget i Kautokeino vedtok 20.10.2011 samrøystes å legge planprogrammet ut til offentlig høring. Som del av høringsprosessen blei det avvikla folkemøte både i Nordreisa og Kautokeino. Møtet i Nordreisa var forholdsvis dårlig besøkt og det var bare representantar for Naturvernforbundet sitt lokallag som hadde vidare innvendingar mot planen. På møtet i Kautokeino kom det derimot mye folk, og her kom det fram skepsis frå mange kantar, både i forhold til verknadar for naturen, for reindrifta og for samfunnet. Det blei stilt mange spørsmål som verken kommunen eller selskapet kunne svare på. Møtet var prega av mangel på sikker kunnskap frå alle kantar.

Før fristen 09.12.2011 kom det inn heile 27 høringsuttalar. Mange av dei var kritiske til sider ved planen, men ingen konkluderte klart med at han ikkje burde gjennomførast. Trulig såg ein ikkje tida inne til å konkludere, men ville vente til det neste trinnet, konsekvensutgreiinga, var ferdig. Det var derfor lite i høringsrunden som peika fram mot den motstanden som kom fram i kommunestyret få månadar seinare.

På grunnlag av høringsuttalane blei det lagt fram eit nytt forslag til planprogram 27.01.2012. Av Arctic Gold sine svar til høringsuttalane, ser vi at dei tok til seg nokre mindre innvendingar, og lova å utgreie det. Men når det gjeld saker som betyr mye for drifta, som storleiken på området dei vil drive i, eller saker som kan fordyre og forseinke konsekvensutgreiinga, ga dei ikkje etter. Dei ville framleis ha utgreidd heile det omsøkte området, men ville no greie ut alternativ med å legge meir av aktiviteten under jorda. Når det gjeld verknadar for lokalsamfunnet var planen noko forbetra, men ein oppfylte ikkje kravet om konsekvensutgreiing av verknadar for samisk språk og kultur. Desse avvisingane bidrog nok til å styrke skepsisen til prosjektet, og skulle vise seg å vere ein taktisk feil frå Arctic Gold si side. Når selskapet trudde det kunne avvise alle ønske som kosta noko, kom det nok av at dei kjente seg sikre på å få gjennom planen sin uansett.

Det som starta som skepsis til ny gruvedrift utvikla seg no til meir klar motstand. 28.02.2012 arrangerte lokallaget av Naturvernforbundet sitt første opne møte om gruvespørsmål. Etter dette byrja lokallaget å delta meir aktivt i debatten i bygda og i media. Likevel uttrykte Naturvernforbundet framleis ingen bastant motstand mot utbygginga, men nøydde seg med å stille krav til konsekvensutgreiinga.

Uventa nei i kommunestyret

kstyre12

Eit av etterspela etter kommunestyret sitt nei våren 2012 var at gruvetilhengarane i kommunestyret forsøkte å få motstandarane kjent inhabile. Dette blei avvist av kommunestyret med 11 mot 7 røyster på dette møtet i Máze 05.06.2012. På talarstolen Mikkel Eira, som var mot gruve ved første behandling og for ved andre, etter at han hadde hatt møte med Arctic Gold.
(Foto: Oddgeir Isaksen, FD)

Planprogrammet skulle etter planen ha vore behandla i kommunestyret i februar, men saka blei utsett fordi Miljøverndepartementet sin høringsuttale blei forsinka. Denne kom 19.03.2012. Her var ingen reelle innvendingar mot planprogrammet, som fikk attesten «Etter Miljøverndepartementets vurdering gir planprogrammet en grundig omtale av den planlagte virksomheten og det foreslåtte programmet for utredningsarbeidet synes i hovedsak å dekke de aktuelle problemstillinger tiltaket vil kunne reise i forhold til miljø og samfunn på en god måte.»

Kommunestyret i Guovdageaidnu hadde etter valet i 2011 ein regjerande koalisjon av Samefolkets parti (Sámeálbmot bellodat), Arbeidarpartiet og Fastboendes liste (Dáloniid listu), mens opposisjonen besto av Flyttsamelista (Johttisápmelaččaid listu), Venstre og Høgre. Det var på møte for partia i opposisjon at representantar for Flyttsamelista først lanserte ideen om at ein kunne avvise heile planprogrammet. Dei andre partia var først noko tvilande, men da dei blei overbeviste om at det gikk an, gikk opposisjonen samla inn for det.

Administrasjonen foreslo å godta planprogrammet utan vilkår. 18.04.2012 kom saka opp i formannskapet. Her foreslo først Venstre å utsette saka til juni, men forslaget fall med 3 mot 2 røyster. Deretter stilte Flyttsamelista forslaget: «Planprogrammet avvises i sin helhet. Gruvedrift i Biedjovággi vil gi så mange negative konsekvenser for natur og folk.» Dette forslaget falt også mot 2 stemmer. På forslag frå ordføraren blei det så vedtatt å godta planprogrammet «Under vilkår av at følgende følges opp: – Kautokeino kommune krever at tiltaket «Samfunnsmessige virkninger» konsekvensutredes, og ikke bare belyses som «virkninger for lokalsamfunnet» som et eget punkt i planbeskrivelsen.»

I formannskapet var det altså motstandarane som ville utsette saka, men i kommunestyret 26.04.2012. var det omvendt. Her foreslo først Arbeiderpartiet: «Saken utsettes. Det nedsettes et utvalg med mandat å se på planer som reindrifta i området har for en framtidig drift, og hvilke konsekvenser gruvedrift vil ha for reindriftsutøverne i Biedjovaggiområdet.» Dette forslaget falt med 11 mot 8 røyster. Deretter blei forslaget frå dei tre partia Høgre, Venstre og Flyttsamelista vedtatt, også med 11 mot 8 røyster: «Planprogrammet for Biedjovaggi avvises i sin helhet. ...»

Dei tre partia som stilte dette forslaget har til saman ni representantar i kommunestyret, men dei fikk støtte frå to frå Samefolkets liste. Dei som røysta for planprogrammet var Arbeiderpartiet sine to representantar, Fastboendes liste sine tre og tre representantar frå Samefolkets liste.

Vedtaket i kommunestyret kom som eit sjokk på dei aller fleste, både tilhengarar og motstandarar av gruveplanane. Reaksjonane lot ikkje vente på seg. Ei rekke avisutspel erklærte at slikt går da ikkje an.

Aksjekursen til Arctic Gold raste ned. På ein dag fall kursen med 25 %, dvs. at den samla verdien av aksjane fall med omlag 10 millionar kroner.

Omkamp

skolespm.jpg

Gruvesaka engasjerte mange i bygda, også blant ungdommen. Ei undersøking som elevar ved vidaregåande skole i april 2013 gjorde blant medelevar og ungdsomsskoleelevar viste at 8 av 10 var mot gruvedrift.
(Foto: Liv Inger Somby, NRK Finnmark)

Ikkje før var kommunestyremøtet over før Arctic Gold varsla omkamp. Denne besto i to taktikkar som selskapet har kjørt parallelt på:
1. Å forsøke å få kjend kommunestyrevedtaket ugyldig.
2. Å endre planprogrammet slik at det blei meir spiselig for kommunen.

Taktikk 1 hadde tre ledd:
– Å påstå at ei rekke kommunestyremedlemmar var inhabile fordi dei var knytt til reindrifta som ville bli berørt, og at møtet derfor måtte kjennast ugyldig.
– Å leige eit advokatfirma til å seie at kommunen ikkje hadde rett til å avvise å behandle eit planprogram.
– Å satsa på at det ville bli ny regjering, som ville få endra lova slik at kommunane mista retten til å seie nei.

Representantar for mindretalet i kommunestyret kravde 09.05.2012 lovligheitskontroll av vedtaket, både fordi dei meinte representantar var inhabile og fordi kommunen etter deira oppfatning ikkje hadde rett til å avvise eit planprogram.

Samtidig kjørte Arctic Gold taktikk 2. Dei la 15.05.2012 fram nytt planprogram og skreiv same dag til Kautokeino kommune og ba om ny behandling:
«For å imøtekomme kommunestyret i Kautokeino har forslagsstiller justert flg. punkter i programmet:

Temaet «Virkninger for lokalsamfunn» er flyttet fra planbeskrivelsen og over til at temaet skal konsekvensutredes.

For å imøtekomme kommunestyret i Kautokeino, Reindriftsforvaltningen i Vest-Finnmark, reindriftsnæringen og flere høringsinstanser, har Arctic Gold AB trukket søknad om utvinningsrett for delområde 6 (sydfeltet) til Direktoratet for mineralforvaltning. Det betyr at Arctic Gold AB verken vil drive undersøkelse eller fremme planer om gruvedrift i dette området. Det er særlig konflikten til reindriftsnæringen og de nye gjerdeplanene ved Guorbavuobmi som nå ligger til avgjørelse i Landbruks- og matdepartementet, som har medført at forslagsstiller endrer sine planer i sør.»

Før saka skulle opp i kommunestyret igjen, blei det mobilisert frå begge kantar. Direktør Lars-Åke Claesson fikk 01.06.2012 inn ein kronikk i den samiske avisa Ávvir. I norsk omsetjing ville tittelen vere «Ja til meir kunnskap» og ingressen: «Tilslutning til konsekvensutredning for gruvedrift i Biedjovággi vil vise innbyggarane i Guovdageaidnu kva muligheiter som finst. Motstand vil avgrense den kunnskapen.»[54]Allereie dagen etter kronikken hadde Arctic Gold ei heilsides annonse i Ávvir for å forklare saksgangen i Biedjovággi-saka og samtidig få fram kor positiv aktiviteten deira vil vere for lokalsamfunnet, samt kor godt dei skal sameksistere med reindrifta.

Rumpe

Desse plakatane blei sett opp rundt om i Guovdageaidnu natt til 05.06.2012
(Foto: Åse Pulk, NRK Sápmi)

Også frå motstandarane blei det mobilisert, med forskjellige middel. Naturvernforbundet svarte i avisa at Arctic Gold var ute etter pengar, ikkje etter kunnskap. Andre sette opp plakatar rundt i bygda med bilde av ei naken rumpe og teksten «Si nei til gruvedrift og opplev fordelen!» På baksida blei det argumentert med natur, reindrift og samisk kultur og konkludert «Driter du virkelig i alt dette for et løfte om noen få arbeidsplasser i en kortsiktig periode». Det skulle ikke gå lenge før plakatane blei møtt med ein motaksjon: Med den same layouten blei det brukt ein naken dameoverkropp og teksten «Si ja til gruvedrift og opplev fordelene!». Baksideteksten her var ikkje argument for gruvedrift, men angrep på reindrifta, og konklusjonen «Driter du virkelig i dette? Fordi noen påstår at reindrift er bærekraftig og stopper all utvikling!»

I kommunestyret 06.06.2012 blei klagen på inhabilitet avvist med 11 mot 7 røyster. Klagen blei deretter oversendt Fylkesmannen i Finnmark, som avviste han 26.10.2012.

Arctic Gold hadde forventa at kommunestyremøtet skulle behandle det reviderte planprogrammet, men møtet valde bare å behandle spørsmålet om inhabilitet. Etter møtet sende Arctic Gold ut ei pressemelding om at selskapet trekker seg ut av Kautokeino. Men det skulle ikkje ta lang tid før dei ombestemte seg og igjen tok opp kampen.

Frå lokalt til internasjonalt

Debatten spreidde seg no også langt utover lokalsamfunnet. Norsk Bergindustri bekymra seg over kva signal kommunen si avvising ga investorane, og skreiv brev «Til næringsminister Trond Giske og sentrale Arbeiderpartipolitikere med engasjement for bergindustri.» [55]Brevet viste til kronikk av Aili Keskitalo [56] i Finnmark Dagblad og konkluderte: «Dette viser bergindustrien at det er viktig å holde den samiske dialogen varm – jeg forventer dermed at dette adresseres i mineralstrategien på en god måte.»

Fleire sametingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet viste også engasjement for bergindustri. og ein av dei uttalte: «Det er en vedtatt fraflyttingspolitikk når kommunestyret i Kautokeino ikke engang tillater gruveselskap å gjennomføre en konsekvensanalyse» [57]. Dette blei utnytta av Arctic Gold for alt det var verd, i ei pressemelding skriv dei: «Även en representant för Sametinget anser att kommunen borde låta Arctic Gold göra konsekvensutredningen annars är det bare en uppmaning til att flytta från kommun som inte vil syna de arbetstilfällen som gruvdriften kan skapa.»

Også stortingspolitikarar engasjerte seg i å sette den opprørske kommunen på plass og FrP-representanten frå Finnmark ga Kautokeino kommune det glatte lag for bare å vere opptatt av å ha «sugerør i statskassa».[58]

I januar 2013 kom Samerådet på banen og sende brev til tre av dei store investorane bak Arctic Gold og ba dei trekke seg, ut frå at dei vil kunne bli med på eit tiltak som bryt menneskerettane. NRK intervjua da ein av investorane, Länsförsäkringar Västerbotten, som seier: «At det finnes en konflikt med reindriftsnæringa kom som en overraskelse på oss. ... Hun sier de nå må vurdere hva de skal gjøre med aksjene i selskapet, ettersom Samerådet mener at de bryter med menneskerettigheter dersom de investerer i et selskap som planlegger gruvedrift i et reindriftsområde.» (link) Länsförsäkringar Västerbotten sine aksjar i Arctic Gold blei seld i desember 2013.[59]

12.02.2013 sende NRK2 dokumentarfilmen Gollegiisá - Skattkammeret (link), noko som bidrog sterkt til å gjøre saka kjent på landsplan. Filmen viste kvifor reindriftssamar fryktar gruva, og kor lite forståing som er for dette hos sentrale styresmakter. Næringsministeren uttalte i filmen at etter hans oppfatning kunne reindrift og gruvedrift godt eksistere i lag, noko som utløyste ein langvarig avisdebatt. (link) Bortsett frå denne filmen har det vore lite publisitet om saka i riksmedia.

Juridisk nøtt

Frå plan- og bygningslova blei vedtatt i 2008 hadde det ikkje vore saker der ein kommune hadde avvist eit planprogram. Når Guovdageaidnu var første kommune til å gjøre dette, var det derfor upløygd mark både for politikarar og juristar. Utgreiinga som Arctic Gold hadde bestilt frå advokatfirmaet Schjødt konkluderte: «Vår vurdering er altså at det foreligger en rekke forhold som hver for seg strider mot den rettslige reguleringen av planprosessen. Samlet sett utgjør de et vektig argument for at saksbehandlingen av planprogrammet må gjenopptas fra kommunens side.»

Guovdageaidnu kommune godtar likevel ikkje dette utan vidare, men ber Miljøverndepartementet å avklare om planprogram kan avvisast. Justisdepartementet overtok saka og kom etter 7 1/2 månad med denne tolkinga: «En kommune har antakelig ikke plikt til å fastsette et planprogram.» Svaret er jo ikkje spesielt klart. Arctic Gold snur tvilen til eigen fordel og tolkar det slik: «Justis- og Beredskapsdepartementet i Norge var på förfrågan från Miljøverndepartementet osäkra på om en kommun måste fastlägga ett planprogram» (link)

Underskotsselskap kjøper underskotskommune

Guovdageaidnu suohkan / Kautokeino kommune har tradisjon som ein av dei fattigaste kommunane i landet. Her har det vore lite av rike bedrifter, og hovudnæringa reindrift har gitt lite pengeinntekter og lite skatt. I tillegg har kommunen vore uheldig eller uklok med nokre disposisjonar, bl.a. etablering av natursteinbrot i Náránaš, som førte til langt meir utgifter enn inntekter. Gjelda har seinare år blitt større og større og til sist hamna kommunen på den såkalla Robek-lista, dvs. at kommuneøkonomien i røynda er sett under statlig administrasjon.

Arctic Gold kan så langt ikkje skryte av noko overskot på pengar. Rekneskapen viser jamnt raude tal frå starten til 2013, og sjølv med gruvedrift i Biedjovággi ville nok rekneskapen vise negative tal enno nokre år framover. Den første tida prøvde Arctic Gold å gjøre alt så billig som råd, og forventa at kommunen skulle ligge flat for løftet om arbeidsplassar og legge alt av infrastruktur til rette. Først etter nederlaget i kommunestyret innsåg dei at noko måtte gjørast for å ikkje miste sjansen til å komme igang og tene pengar.

I mai 2012 kom dei første signala om at selskapet var klar til å bidra til kulturtiltak og samfunnsutvikling i kommunen. Ein kunne støtte kulturfestivalar, skolar m.m. Viljen var også blitt atskillig større til å bidra til opprustinga av vegen til Biedjovággi. Tilboda sørga ein for å få gode avisoppslag på. 04.09.2012 sendte Arctic Gold brev til Kautokeino kommune, med tittelen «Eventuell gruvedrift i Biedjovággi – Innspill til samarbeid mellom Arctic Gold AB og Kautokeino kommune». Brevet inneheld 7 punkt, bl.a. støtte til Samisk videregående skole og reindriftsskole for å gi opplæring for gruvedrift. Til dette kommenterer styreleiar Anton Dahl: «- Ja, det er veldig positivt, men det er veldig påfallende at de kommer med sånne ting nå, og ikke hadde det med i utgangspunktet. Det virker som de nå kjøper seg goodwill.»[61]

Vel eit år seinare blei dette så tatt opp igjen, og tilboda blei gjentatt som om dette skulle vere noko heilt nytt. (link) Likevel klarte gruveselskapet å få kommunestyret til forhandlingsbordet og la fram eit noko utvida tilbod og kommunestyremøtet blei utsett i to månadar for at selskapet skulle få legge fram det nye tilbodet. No var hovudlokkemiddelet eit «strukturfond» på 12 millionar, øyremerka til bustadfelt, skole- og barnehageplassar, helsetenester osv. som det vil bli behov for i samband med etablering av eit hundretal arbeidsplassar ved gruva. Dette var altså bare utgifter som kjem på grunn av gruva, som kommunen elles ikkje ville hatt, men som blei marknadsført som gåve til kommunen! Så skulle dei gi eit næringsfond på 3 millionar, med evt. tilskot av pengar under drifta, dersom alt går bra, samt eit årlig tilskot til kulturlivet i bygda på 500000 i driftsperioden.

Forhandlingane mellom kommunen og Arctic Gold gikk bak lukka dører, og heller ikkje når avtalen var underskrive gjorde nokon av partane noko for å publisere henne.

Forvirringa synest å vere stor både hos kommunepolitikarar og i media om kor mye kommunen realistisk kan vente å få ut av eventuell gruvedrift, kva desse pengane kan brukast til og når ein kan få dei. Altaposten hevda 02.10.2013 at om kommunen seier ja til gruvedrift, kan ein sleppe å kutte 35 stillingar. Ein såg da både bort frå at ingen av pengane frå Arctic Gold ville vere frie middel til kommunekassa, og frå at det minst ville ta eit par år før ein såg noko til desse pengane.

Dei gode hjelparane

Prosessen med å få godkjenning for gruvedrift viste seg å bli langt vanskeligare enn Arctic Gold hadde kunna førestille seg da dei kjøpte opp rettane. Selskapet innsåg etter kvart at det trengte hjelparar både i lokalsamfunnet og innafor samiske miljø, bl.a. for å kunne delta i mediadebatten.

Blant dei som representerte konsulentselskapet Rambøll på folkemøta i Nordreisa og Kautokeino i 2011 var Martin Rimpi. Han er utdanna siviløkonom og har i mange år vore sentral i samiske organisasjonar, bl.a. som nestleiar i Norske Samers Riksforbund. På møte mellom Sametinget, reindrifta og Arctic Gold 09.11.2011 møtte han som representant for «Rambøll for Arctic Gold». [62]

Ein annan representant for Rambøll på folkemøta var Ommund Heggheim. Han har ei lang karriere som politikar for KrF. Han har blant anna vore næringssjef i Alta og statssekretær i Forsvarsdepartementet. Han var leiar for interimgruppa som oppretta Mineralforum Finnmark. I Rambøll var han seniorrådgivar 2009–12. Seinast på møte med Kautokeino kommune 2012 representerte han Rambøll. Så blei han 11.04.2013 vald inn i styret i Arctic Gold og på møte mellom Arctic Gold og kommunen hausten 2013 representerte han Arctic Gold. På spørsmål til Rambøll om dette kan skape habilitetsproblem, svarar dei: «Når det gjelder roller til tidligere ansatte, så forholder Rambøll seg til alminnelige regler i arbeidsmarkedet, dvs at tidligere ansatte ikke har noen begrensinger i arbeidsmarkedet etter at arbeidsforholdet hos oss er avsluttet.» [63]

Som vara til styret sitt hadde Arctic Gold frå 2012 til 2014 ein enno meir lokal representant, Johan Klemet Hætta Kalstad frå Guovdageaidnu. Han er tidligare planleggar i Guovdageaidnu kommune, seinare 1. amanuensis ved Samisk høgskole. Han har tidligare hatt fleire tillitsverv i Norske Samers Riksforbund. [64]

For å forbetre kommunikasjonen mellom selskapet og lokalsamfunnet leigde Arctic Gold nokre månadar hausten 2013 inn Jan Ole Buljo i 20% stilling som konsulent. Buljo var da leiar i Kautokeino næringsforening, han har vore gruvearbeidar i Biedjovággi, ordførar i kommunen og fylkesleiar i Senterpartiet.

Det neste tiltaket for å skaffe det svenske selskapet ei lokal forankring, var å få folk i Kautokeino å kjøpe aksjar. Redninga her blei boreselskapet Arctic Drilling, som jo har direkte interesse av at gruva kjem igang. Eigar i boreselskapet legg ikkje skjul på hensikta med aksjekjøpet: «Roy Anders Karlsen tror at prosjektet hittil har manglet en lokal forankring, og at ved at flere lokale viser interesse, vil også folk forandre mening. – Vi må vise at det ikke bare er folk utenifra som kommer inn å tar jobbene eller sitter igjen med hele gevinsten. Med et Kauto-firma som en stor aktør og medeier, tror jeg folk vil føle at dette også er deres prosjekt, sier han.» [65] Den «store aktøren» kjøpte så 100000 aksjar, til ein verdi av kr. 0,85 pr. aksje. Det er under 1% av samtlige aksjar. Oppkjøpet fikk aksjeprisen til straks å stige med 10%. Så kan ein bare spekulere i kven som eigentlig betalte kven for kva.

Karlsen er svigerbror av Aili Keskitalo, som i løpet av den tida det har vore strid om Biedjovággi har hatt verv som kommunestyrerepresentant, NSR-leiar og sametingspresident. Keskitalo var først for konsekvensutgreiing, blei mot etter landsmøtevedtak i NSR og erklærte seg seinare inhabil i kommunestyret på grunn av familieforholdet til det som no var blitt ein sentral aktør.

Blant dei som har arbeidd for gruvedrift, er lokale firma som blei starta eller som voks på å levere tenester til gruva under tidligare drift i Biedjovággi. Altaposten samla veteranar frå nokre av desse og laga ein 2-siders reportasje 07.12.2013 om kor mye gruva da betydde og igjen kan bety for bygda. I følgje avisa har veteranane stor tru på ein «ny gullalder».

Er alt til sals?

Det er mye som kan kjøpast for pengar, konsulentselskap, forskingsrapportar, politikarar osv. Ein kan derfor lett komme til å tru at alt kan kjøpast for pengar. Problemet med reindrifta er at denne ikkje er like lett å kjøpe. Når reindriftssamar set seg mot nye inngrep i beiteområdet deira, er det alltid nokon som hevdar at dei bare er ute etter erstatning. Dei som hevdar det, er som regel folk som veit lite eller ingenting om korleis reindrifta fungerer.

Arctic Gold måtte tidlig innsjå at ein ikkje kunne oversjå reindrifta sine rettar i Noreg, og også innsjå at gruvedrift i Biedjovággiområdet vil gi tap av beiteland, ikkje minst for Ábborášša distrikt. Reineigarane her har klart gitt uttrykk for at ei erstatning i pengar ikkje løyser problemet, det dei treng er beiteland. Dersom gruveområdet blir tatt i bruk, vil dei anten måtte få nye område eller gi opp drifta. Men Arctic Gold hadde løysinga klar – kjøpe opp beiteland og gi til Ábborášša som erstatning. Det fortalte Lars-Åke Claesson til Ávvir 18.10.2012. Avisa spør så nabodistrikta, som svarar at dei ikkje har meir land til disposisjon enn dei treng. Og som John Andreas Utsi i Beahcegealli distrikt seier: «Pengar har heller ikkje den verdien som land, for pengar kan forsvinne, men land har vore livberginga vår gjennom alle tider, og slik vil det halde fram å vere.» Avisa spør så reindriftsagronomen i Vest-Finnmark om det i det heile er mogleg å kjøpe og selje beiteland. «Kven som virkelig har mandat til det, det veit ikkje eg. Har reindrifta denne retten, det trur eg Landbruks- og matdepartementet må svare på.»

Eit av dei store problema for Arctic Gold og tilhengarane deira har vore den massive motstanden innafor reindrifta. Dei har derfor brukt mye krefter på å forsøke å kløyve denne og få nokre reineigarar over på si side. Taktikken med intensjonsavtale fungerte ei stund, men heldt ikkje i lengda. Så gjaldt det å finne einskildpersonar som kunne overtalast ved hjelp av gode tilbod. I byrjinga av november 2013 kunne Mikkel Isak Eira, reineigar i Fávrrosorda, fortelje at distriktet hans hadde hatt eit godt møte med Arctic Gold, og at han no såg meir positivt på at dei kunne finne ei løysing. Men det var ikkje mogleg å få ut noko referat frå dette møtet, heller ikkje blei det opplyst kor mange som hadde deltatt. Ávvir intervjua så distriktsleiaren, som ikkje hadde hørt noko om møtet, og dermed var lufta ute av den ballongen. Men 14.12.2013 klarer så Altaposten å finne ein reineigar i Fávrrosorda, som er positiv til gruve, nemlig far til Mikkel, Johan Mathis Eira, som avisa omtaler som «nestor» i distriktet sitt.

Det endelige nei?

kautoplakat

Plakat utafor kommunestyremøtet 16.12.2013: "Takk for at du støttar framtida"
(Foto: Geir Jørgensen)

kautoplakat

Plakatar ved kommunestyremøtet: "Reint vatn – rein natur – reine næringar"
(Foto: Geir Jørgensen)

kautoplakat

Plakat utafor kommunestyremøtet 16.12.2013: "Dette er gullet vårt"
(Foto: Geir Jørgensen)

Det var stor spenning før kommunestyremøtet i Kautokeino 16.12.2013. Utafor møtelokalet var det sett opp plakatar mot gruvedrift på norsk og samisk, men ingen demonstrantar var å sjå. Møtet varte både lenge og vel, før avrøystinga endelig ga ei avklaring. Med 10 mot 9 stemmer blei dette vedtatt:

Planprogrammet for Biedjovággi avvises i sin helhet.

Begrunnelse:

Kautokeinos befolkning har erfaring med gruvedrift i Biedjovággi. Dermed kan man med rimelig sikkerhet vite at en ny gruvedrift i området vil ha store, negative konsekvenser for naturmiljøet, næringsgrunnlaget og brukere av området uten at det er gjennomført konsekvensanalyser.

Det vil være bemerkelsesverdig om Norges største reindriftskommune går inn for fastsettelse av planprogram for reguleringsplan med konsekvensutredning for etablering av gruvedrift i Biedjovággi mens det pågår en gjennomgang av rettigheter i Finnmark.

Det har den senere tid vært stort fokus på samiske rettigheter i store deler av Finnmark, særlig i forhold til gruvevirksomhet. Det er også et spørsmål om det er moralsk riktig av Kautokeino kommune å gi tillatelse til et så betydelig inngrep før hevdvunne rettighetene til brukerne av området er klarlagt.

Kautokeino kommune er en urfolkskommune som har som visjon å være veiviser i Sápmi. Dette forplikter kommunen til å gå foran som et godt eksempel og ivareta behovene til kommunens egen befolkning, kultur, naturmiljøet og næringer for fremtiden. Det er også viktig at kommunen gjennom sine vedtak synliggjør samiske rettigheter som er nedfelt i bl.a. i Grunnloven og i internasjonale konvensjoner.

Som arealplanmyndighet er kommunen suveren til å ta selvstendige avgjørelser om hvilke tiltak som er akseptable uti fra et langsiktig perspektiv.

Det er særlig viktig at kommuner i Indre- Finnmark verner de gjenstående arealer. Forskning gjort av bl.a. UNEP, NORUT og NINA viser at reindrift ikke vil bestå i sin nåværende form dersom inngrep forsetter i samme tempo som hittil. Spørsmålet som politikere i landets største kommune må stille seg, er om kommunen er villig til å tillate slik utvikling.

Med å avvise planprogrammet gir kommunen et klart signal til nasjonale og internasjonale aktører som ønsker å gjøre større naturinngrep om at kommunen ønsker å ivareta eksisterende næringers eksistens. Kommunen ønsker også å gi sentrale myndigheter signal om at tålegrensen for inngrep er overskredet.

Et annet moment som er viktig å se på før noen form for gruvedrift vurderes er, er å få sentrale myndigheter til å se på gjeldende skatte- og avgiftsmessige forhold hva gjelder gruvedrift. Vassdragskommuner har store inntekter fra vannkraftutbygginger, mens kommuner der det er gruvedrift ikke har slike inntekter. Kautokeino kommune vil be sentrale myndigheter vurdere disse forhold.

Guovdageaidnu

Ii šat deaddu
gehppon váibmu
Hávskes ávvudovdduin
dal hálidan lávlut

Guovdageaidnu
Ii gávdno eará báikki dego don
Du vuosteháhku
lea du stuorra fápmu

Don leat okta bázahas ovtta sámi olmmoščearddas
Don it leat vájalduhttan don leat min
divrraseamus kulturguoddi ja danin dal mon giittán
min polihtikariid
geat duste dadjat ii
ruvkefitnodahkii

Sii gal biehkut
don leat ceaggás olmmoš
go eai oaččo
du eallima «dikšut»

ja rievvut dus
dan maid geahččalat gádjut
Sii eai beroš
jus bidjet boahtteáiggi árkui

Don leat okta bázahas ovtta nanu olmmoščearddas
Don leat stállegaras ja máilmmi
buoreseammos ovdagova ja danin dal mon giittán
duottara várjaleaddjiid
min kultuvrrá bealusteaddjiid
min politihkariid
geat duste biehttalit
čeavlat jienastit ii

Max Machké, juovlamánu 2013

Guovdageaidnu

Det trykkjer ikkje lenger
hjarta har letna
med glade kjensler
vil eg no synge

Guovdageaidnu
Det finst ingen annan stad som du
Motstanden din
er den store styrken din

Du er ein ætling av ei samisk folkegruppe
Du har ikkje gløymt at du er vår
den dyraste kulturberaren vår
og derfor takkar eg politikarane våre
som torde å seie nei til gruveselskapet

Dei klagar nok
du er eit stabeist
når dei ikkje får
styre livet ditt

og røve frå deg
det som du prøver å berge
Dei bryr seg ikkje
om dei legg framtida di i likkista

Du er ein ætling av ei samisk folkegruppe
Du er stålhard og det beste førebiletet i verda
og derfor takkar eg vernarane av vidda
forsvararane av kulturen vår
politikarane våre
som torde å nekte
som stolte røysta nei

Max Machké, desember 2013

(omsett frå samisk av Svein Lund)

Fallet i aksjekursen etter kommunestyrevedtaket året før var ingenting mot det som kom no. 13.12.2013 sto Arctic Gold sine aksjar i 2,38 SEK på Nasdaq-børsen i Stockholm. 17.12. hadde kursen falle til 0,51 SEK.

Samepolitikarar for og mot

kstyre13

Frå kommunestyremøtet om Biedjovággi 16.12.2013, f.v. Per Nils Saari (A), Inger Marit Bongo (A), Susanne Vars Buljo (SÁB), Ellen J. Sara Eira (SÁB) og ..... (SÁB)
(Foto: Carl-Gŕan Larsson / NRK)

Når Sametinget og dei samepolitiske partia har behandla mineralsaker, har det gjerne vore i form av generelle uttalar, som resolusjonar eller høringsinnspel til lover og forskrifter.[66] I konkrete saker har det derimot vore heller stille frå Sametinget. For begge dei store partia på Sametinget, Norske Samers Riksforbund (NSR) og Arbeidarpartiet, ser vi at både lokale og sentrale politikarar har gått stikk i strid med vedtak i sametingsplenum og i eigne partilandsmøte. Dette gjeld i høg grad for Biedjovággi-saka.

I Kautokeino kommune har Samefolkets Parti (SÁB) [67] 5 representantar, dei fleste har eller har hatt tillitsverv i NSR. Men partiet eller kommunestyregruppa har inga samla meining om Biedjovággi. Ordførar Klemet Erland Hætta har vore NSR-leiar og sametingsrepresentant for NSR. Han har heile tida gått inn for å godkjenne Arctic Gold sitt planprogram. Ved begge dei avgjørande kommunestyremøta i april 2012 og desember 2013 røysta 3 av 5 i SÁB-gruppa for planprogrammet, stikk i strid med politikken både til NSR og SÁB på landsplan. [68]

Arbeiderpartiet har på landsbasis markert seg som svært gruvevennlig, men samtidig gikk partiet hausten 2013 til val til Sametinget på eit program der det sto: Sametingets mineralveileder er et viktig verktøy for hvordan mineralleting- og utvinning skal kunne foregå i de samiske områdene. Arbeiderpartiet vil arbeide for at vern av beitenæringenes arealer er førende i forhold til lete- og utvinningstillatelser. (link) Presidentkandidat og gruppeleiar Vibeke Larsen skreiv: Mineralvirksomhet må skje i sameksistens med eksisterende tradisjonelle næringer og kulturbasert høsting, og ikke til fortrengsel av disse. (link) Når det så kjem opp ei sak nettopp om konflikt mellom gruver og beitenæringar, kva gjør dei da? I Guovdageaidnu har Arbeiderpartiet sine representantar i kommunestyret arbeida for å få igang igjen gruva i Biedjovággi, trass i at denne opplagt vil komme til fortrengsel for reindrifta. For tilsynelatande å løyse denne konflikten gjorde Kautokeino Arbeiderparti 23.09.2012 eit vedtak om Biedjovággi som er både mot og for på ein gong:

  1. Kautokeino Arbeiderparti kan ikke støtte gruvedrift i Kautokeino kommune så lenge gjeldende minerallov gjelder.
  2. Kautokeino Arbeiderparti vil støtte at konsekvensutredning for Biedjovággi gjennomføres, men vi vil stille store krav til lokal sysselsetting og bidrag til kommunekassa før oppstart av gruvedrift kan godkjennes.

Omkamp igjen

Straks etter at kommunestyret sa nei, forkynte Arctic Gold at dei no ga opp og trakk seg ut av Finnmark. Men dette skulle ikkje vare så lenge. 21.01.2014 sendte dei ut pressemelding om at dei likevel ikkje ga opp: «Bolagets ledning har beslutat samarbeta med Norsk Bergindustri för att söka få tillstånd bättre regelverk i Norge samt fortsätta föra dialogen med företrädare från rennäringen om samexistens och samarbete.» Norsk Bergindustri stiller så opp for sitt medlem Arctic Gold, med eit lengre innlegg i fleire aviser i april 2014: «Uforutsigbarhet lammer industrien» (link). NBI er no skuffa over at dei ikkje får støtte av regjeringa til å overprøve vedtaket i Guovdageaidnu kommune: «At de to berørte statsrådene Sanner og Mæland ikke vil rokke ved avgjørelsen, viser at deres tillit til lokale myndigheter er vel stor.» NBI sitt råd til regjeringa er: «Etabler en nasjonal plan for forvaltning av mineralressurser. Dette er ressurser som er for viktige til at små kommuner uten nødvendig kompetanse kan forvalte dem på nasjonens vegne.»

Korleis står det så til med Arctic Gold etter nederlaget? 14.05.2014 hadde selskapet «årsstämma» (generalforsamling). Der blei det bestemt å skrive ned aksjekapitalen til ein tredel, for så å ta dette inn igjen gjennom nyemisjon. Bak formalitetane kan vi lese at pengane er brukt opp og aksjonærane må sette inn nye for at selskapet skal kunne fortsette. I det nye styret er alle representantane svenske. Styreleiar Tord Cederlund blei erstatta av Claes Levin, ein røynd næringslivsleiar som har hatt leiande posisjonar i eit 30-tals selskap, blant dei IGE Resources AB, som Arctic Gold kjøpte rettane til Biedjovággi frå i 2008. Han er og styreleiar for det nystarta prospekteringsselskapet Wiking Minerals. Det første det nye styret gjør er å avsette direktør Claesson, og sette tidligare styreleiar Cederlund som direktør.

I eit intervju med NRK Sápmi 16.05.2014 gjør den nye direktøren det klart kva som no er taktikken for å få komme igang i Biedjovággi. Dei satsar på at det ved kommunevalet i Guovdageaidnu 2015 blir vald eit fleirtal av gruvetilhengjarar, som så vil omgjøre vedtaket.

23.06.2014 kom så meldinga om at emisjonen er fullført og selskapet har fått inn 2,4 mill i frisk kapital. Vi har nok enno ikkje hørt siste ordet frå Arctic Gold.

Ikkje bare Arctic Gold på vidda

I debatten om gjenoppstart av gruvedrift i Biedjovággi har det nesten bare vore snakk om Arctic Gold, fordi det er det einaste selskapet som har kome så langt som å få utvinningsrett. Men det er slett ikkje aleine om å leite etter gull, koppar og andre verdfulle mineral i dette området. Allereie i NGU sine undersøkingar på 1980-90-talet blei det peika på mange interessante område for «Au-Cu-mineraliseringer av Biedjovággetype». Der blir nemnd at slike er funne ved Suvraráhppat, Uhcavuovddáš, Gálaniitu, Rietnjajávri ja Ávžejávri. (link)

I 2013 var det til saman 13 selskap som hadde undersøkingsrett på Finnmarksvidda. Bare innafor ein radius på 5 km frå Biedjovággi var det desse:
- Norwegian Mineral Group, eigd av kanadiske Dalradian.
- Norwegian Resource Venture, eigd av Bio-Information Technology, som er eigd av Industri Engasjement, som igjen er eigd av Borgny Moen i Vestfold.
- Mineralia AS, eigd av Arctic Fuchsit, som er eigd av Trans World Invest, som er eigd av Frank Mjøs, investor i Hordaland.
- Scandinavian Resources, som er eigd av det australske selskapet Hannans.

Scandinavian Resources hadde to område nordaust og eit område søraust for Biedjovággi og eit område omlag ei mil nordvest for Guovdageaidnu sentrum. I Ávvir 28.05.2011 forteljast det at reineigarane i Ábborášša er skremde over dette, da gruvedrift i desse områda i tillegg til Biedjovággi vil gjøre det heilt umogleg å drive for dette distriktet. Scandinavian Resources hadde da allereie vore i kontakt med reineigarar og med Sametinget. Sidan har det vore stille om dei andre selskapa som leitar i området, dei ligg vel helst på været og ser om Arctic Gold klarer å få løyve før dei gjør noko meir. I oktober 2014 hadde allereie to av desse, Scandinavian Resources og Dalradian, sagt frå seg bergrettane sine.

Vegval i fortid og framtid

maretanne

Gruva i Biedjovággi lever vidare som kunst. Her er Máret Ánne Sara med sin installasjon av Moder Jord forureina med gruveslam frå Biedjovággi. Frå opninga av kunstutstilling i Guovdageaidnu 30.03.2015.
(Foto: SL)

Gjennom omlag 60 år er det tatt nokre grunnleggande vegval for gruvedrifta i Biedjovágge. Andre val ved desse vegskilja kunne ha ført til ei ganske anna historie, og ein anna situasjon for naturen der i dag.

Det første vegvalet gjorde dei tre reindriftssamane som bestemte seg for å sende kopparhaldig stein til konsul Holmboe i Tromsø og slik sette igang det som seinare førte til gruvedrift. No hadde vel desse ressursane blitt oppdaga uavhengig av dei, men dei ga eit viktig signal med at det var folk frå reindrifta som sjølv tok initiativet til det som skulle bli gruvedrift midt i eit sentralt område for reindrifta og som førte til at fleire familiar måtte gi opp reindrifta rundt 1970. Sjølv fikk dei etterkvart utbetalt så mye at dei kunne kjøpe seg skuter, men i ettertid må ein vel kunne seie at reindrifta har tapt meir enn vunne på dette funnet.

Det neste vegvalet kom da staten sa nei til å gi det svenske selskapet Boliden konsesjon. Hadde ein vald annleis, kunne ein ha fått eit solid gruveselskap med kompetanse, som trulig ville ha vald betre løysingar og ikkje gått under i den første prisnedgangen. Mens dei fleste av dei selskapa som har vore inne i Biedjovággi forlengst har gått konkurs eller trukke seg ut av alle investeringar i kopparutvinning, er Boliden framleis eit oppegåande selskap med stor produksjon, og står no fram som eit av dei selskapa i Norden som har gjort mest for rehabilitering av natur ved gruvene sine. (link)

Fangel avgjorde eigenhendig å bygge gruva midt oppe på Časkias, i strid med faglige råd om underjordsgruve med inngang frå Guorbavuopmi. Dette var sterkt medverkande til dei store driftsproblema og førte og til langt meir naturinngrep enn nødvendig.

Guovdageaidnu kommune valde på 1960-talet aktivt å arbeide for å få igang gruvedrift. Utan denne støtta ville det trulig ikkje kome igang drift. Røynslene var så dårlige at eit fleirtal i 2012 sa nei til å starte opp igjen.

Ved nedlegginga på 1990-talet blei oppryddinga godkjent utan at området var reinska for søppel, utan at ein var sikra mot kjemisk utlekking og utan revegetering i noko omfang som kunne monne. Slik godkjente ein at Biedjovágge-området kan bli liggande som eit øydelagt naturområde og reinbeiteområde i overskodelig framtid.

Om vi ser framover, står vi overfor tre hovudalternativ:

1. Starte ny gruvedrift
Sjølv etter at kommunestyret fleire gongar har sagt nei, sjølv til konsekvensutgreiing, kan ein ikkje sjå bort frå dette alternativet. På kort sikt kan det skje ved at det hausten 2015 blir vald eit fleirtal av gruvetilhengarar i kommunestyret, gjennom at regjeringa tvingar Guovdageaidnu inn i ein storkommune der fleirtalet av dei folkevalde vil ha gruvedrift, eller gjennom at staten nyttar høvet i plan- og bygningslova til å fastsette statlig reguleringsplan som godtar gruvedrift i Biedjovággi. Om dette skjer, vil det trulig bli etter Arctic Gold sitt planprogram, med omtrent same driftsmåte som ved tidligare drift.

På noko lengre sikt kan det tenkast at det blir lagt planar for gruvedrift på ein mindre miljøskadelig måte, slik at reindrifta, miljøvernarane og fleirtalet i kommunen vil vere meir positive. Om det skal skje, vil det trulig bygge på ei gjenoppliving av den opprinnelige planen om å gå inn med tunnel frå Guorbavuopmi. Det har og vore lansert ideen om å kombinere gruvedrift med bygging av vegtunnel som ein del av fullføring av indre riksveg til Nordreisa, og evt. utskiping av malm der. Det kan da bli aktuelt å bygge heile oppreiingsanlegget inne i fjellet, som ei «usynlig gruve». Det vil og kreve ein langt høgare utnyttingsgrad av bergfangsten, slik at det ikkje blir store mengder av avgang som går ut i terrenget.

2. La det skure
I dag tar ingen ansvar for naturen i Biedjovággi. Formelt har området status som industriområde i kommunen sin arealplan, og det vil seie at ein bare ventar på at noko skal bli sett igang. Den formelle grunneigaren er no Finnmarkseiendommen, som ikkje ser ut å vise noko interesse for saka. Så om ikkje kommunen eller FeFo gjør noko, vil Biedjovággi bli ståande som eit monument over ein «tragisk feiltakelse».(link)

3. Aktiv oppreinsking og revegetering
Det første steget vil vere at kommunen i arealplanen som er til revidering i 2015 tilbakefører området til LNFR-område. Deretter kan kommune, grunneigar og reindrifta i området gå saman om å kontakte miljøstyresmakter og forskingsinstitusjonar med sikte på å få til eit forskings- og pilotprosjekt med siktemål å føre Biedjovággi tilbake til naturen, og samtidig lære meir om kva som skal til i eit slikt klima og jordsmonn for å gjennomføre ei effektiv revegetering basert på stadeigne artar. Som ledd i dette må det trulig først gjørast ei grundig analyse av den kjemiske situasjonen i området, for å finne kva tiltak som trengst for å gjenskape normale forhold i jordsmonnet. Det kan vere nødvendig å ta opp igjen ein del av den halvgjorte landskapsforminga.

Ei innvending mot revegetering har vore at denne vil vere bortkasta om ein i framtida finn ut at ein vil ta opp igjen gruvedrifta. Denne tanken bygger på at gruva må drivast på same måte som før, men opne dagbrot og store avgangsdammar på toppen av fjellet. Revegeteringa vil derimot ikke komme i kollisjon med ei eventuell framtidig gruvedrift med inngang i tunnel.


Fotnotar

[1] Dei største kjente førekomstane av koppar og gull er i fjellet Časkias, og gruvedrifta blei drive på/i dette fjellet. Biedjovággi (Norsk tyding: hi-dalen) er eigentlig namnet på ein dal på nordsida av dette fjellet, men gruveselskapet tok namnet «Bidjovagge gruber». Eg har her brukt «Biedjovággi», etter gjeldande samisk rettskriving, med unnatak for namnet på bedrifta og sitat er det er brukt original skrivemåte.
[1a] Kommunen har no Guovdageaidnu – Kautokeino som offisielt namn. Eg brukar her vesentlig Guovdageaidnu, men Kautokeino i ein del sitat og om kommunen i den tida da dette var einaste offisielle namn.
[2] Det tilsvarar omlag 15 mill. kr. i 2015.
[3] Per Otnes: Den samiske nasjon. Pax 1970 s. 210
[3a] Lise Lindbæk: Ungarsk vår. Falken forlag 1954, s. 56
[4] Møte i Norsk Sameråd 04.06.1966, her referert etter Brenna 1981, s. 45
[5] AS Bleikvassli Gruber: Plan for utnyttelse av kobberfelter i Troms og Finnmark. s. 2
[6] Wenke Brenna: Gruvedrift i Biedjuvaggi – Norsk distriktsutbygging i et samisk kjerneområde, 1967–76. Hovedoppgave i historie, UIO 1980. Her er eit fyldig referat av styresmaktene si grunngiving og av stortingsdebatten, særlig s. 9–18 og 63–69.
[7] Brev fra AS Bidjovagge Gruber v/ Holger Fangel til Arvid Dahl 24.09.1968
[8] Brev fra AS Bidjovagge Gruber v/ Holger Fangel til Arvid Dahl 04.03.1969
[9] Brev fra AS Bidjovagge Gruber til Industridepartementet 01.10.1968
[10] Sitert etter Brenna s. 98
[11] Brev fra A/S Bidjovagge Gruber til styrets medlemmer, 04.03.1971
[12] Skal trulig vere Goaskinnjávvi.
[13] Ein av dei som deltok i dette har seinare skrive bok om vintertransportane med bulldozer: Johan Mathis K. Hætta: Med godstog over vidda / Gálvoráidu duoddariid badjel 1945–75. Davvi Girji 2005. Mye av desse opplysningane og bilda er frå denne boka.
[14] Kap. II i lov om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom av 14. desember 1917.
[15] Ved kraftutbygging i Indre Troms fikk svenske reindriftssamer i 1968 tilkjent erstatning for tapt beiteland på grunn av oppdemming av Altevann. Dette var første gang i norsk historie at reindriftssamer fikk erstatning for naturinngrep. Denne dommen har blitt retningsgivande for seinare praksis i tilsvarande saker.
[16] Høgsterettsadvokat Bjørn Dalan i brev til Industridepartementet 12.12.1967.
[17] Industridepartementet: A/S Bidjovagge gruber – utslipp av avløpsvann til Altavassdraget, Kautokeino kommune, Finnmark. 16.11.1970.
[18] Norsk Sameråd var et offentlig oppnevnt råd for samiske spørsmål og eksisterte fra 1964 til 1989, da det blei erstatta av Sametinget.
[19] Norske Reindriftssamers Landsforbund, næringsorganisasjon for reindriftssamar, stifta 1948,
[20] Utskrift av møtebok. Kautokeino flyttsamelag årsmøte 28.03.1968
[21] Utbygging av Bieddjuvagge gruber. Udatert, trulig 1967. Underskrive av Mathis Johansen Eira, formann distrikt 5, Ole Sarasen Magga, nestformann distrikt 5 og Anders Nilsen Sara, formann distrikt 4.
[22] Brev frå A/S Bidjovagge Gruber til Høyesterettsadvokat Bjørn Dalan, 28.12.1968.
[23] Brev frå A/S Bidjovagge Gruber til lappefogd Ole K. Sara 21.01.1970,
[24] Sitert etter Brenna s. 118.
[25] Sitert etter Brenna s. 126.
[26] Distriktsinndelinga blei endra i på slutten av 1970-talet. Derfor stemmer ikkje nummera for distrikta den gang og i dag over eins, men i hovudsak er likevel distriktsinndelinga den same.
[27] Statistikk over reintal, sjå Bjørklund/Brantenberg, s. 42.
[28] Sitert etter Brenna s. 34
[29] Brenna s. 34-35
[30] Brev frå AS Bidjovagge Gruber til Distriktenes Utbyggingsfond, 09.11.1968.
[31] Brenna s. 36. Uttalelsen er tillagt eit arbeidarpartimedlem av kommunestyret, namnet er ikkje oppgitt.
[32] Per Otnes: Den samiske nasjon. Pax 1970 s. 210–215. Dette kapitlet er gjengitt i internettutgåva av denne boka.
[33] Brev frå Holger Fangel til styremedlemmane i Bidjovagge gruber, 15.07.1970.
[34] Opplyst av Per Otnes i e-post til forfattaren, 23.12.2014
[35] Brenna s. 172
[36] Finnmark Dagblad 20.12.1990
[37] St. prp.94 (1967-68), sitert etter Brenna s. 92.
[38] Det meste av arkivet er i Statsarkivet i Tromsø, noko er i Samisk arkiv i Guovdageaidnu.
[39] Heile skiftordninga for første driftsperiode er gjengitt som vedlegg til Brenna.
[40] 14.10.1971
[41] Wenke Brenna: Gruvedrift i Biedjuvaggi - Norsk distriktsutbygging i et samisk kjerneområde, 1967-76. Hovedoppgave i historie høsten 1980.
[42] Torbjørn Sneve: Bidjovagge Gruver. Nedleggelse, landskapsmessige forhold. Rapport 27-1996, NVE
[42a] Paulsen RI: Notat vedrørende Bidjovagge Gruber. Avvikling. Avsluttende befaring 21. september 1995
[43] Norsk institutt for planteforsking, dette gikk seinare inn i Bioforsk
[44] Kåre Rapp: Stedegen vegetasjon. Sluttrapport. 2006.
[45] Landbruk, natur, friluftsliv, reindrift.
[46] NIVA-rapport O-85273 Norsulfid AS Avd Bidjovagge gruber. Undersøkelse i forbindelse med nedleggelse av driften.
[47] Statens forurensingstilsyn. Offentlig institusjon som låg under Miljøverndepartementet. Seinare erstatta av Klima og forurensingsdirektoratet og no Miljødirektoratet.
[48] NGU oppretta i 1991 Nasjonalt Borkjerne- og Prøvesenter i tidligare Løkken gruver i Sør-Trøndelag.
[49] Mineralrettleiaren og intensjonsavtalar blir omtalt i del D.
[50] Ávvir 22.12.2010
[51] Brev fra RBD 34 Ábborášša til Arctic Gold 18.10.2012, underteikna av fem representantar for distriktsstyret.
[52] Nordlys 24.06.2011
[53] Mail av 07.03.2012 frå Geir Frode Langelo.
[54] «Tilslutning til konsekvensutredning for gruvedrift i Biedjovággi vil vise innbyggarane i Guovdageaidnu kva muligheiter som finst. Motstand vil avgrense den kunnskapen» (Mi omsetjing, SL) (Rettskrivingsfeila i samisk tekst er i originalen.)
[55] Brev frå generalsekretær Elisabeth Gammelseter 07.06.2012. Dei utvalde politikarane var Jeanette Iren Moen, Helga Pedersen og Arne Haugen.
[56] Aili Keskitalo var da sametingsrepresentant, leder for Norske Samers Riksforbund og kommunestyremedlem i Guovdageaidnu for Samefolkets liste. Eit år seinare blei ho sametingspresident.
[57] NRK Sápmi 13.06.2012
[58] Altaposten 09.06.2012
[59] Opplyst av Länsörsäkringar Västerbotten i telefonsamtale med forfattaren, oktober 2014.
[60] Se kapittel F4 om Náránaš.
[61] NRK Sápmi 06.09.2012
[62] Referat fra møte mellom rbd 30A, rbd 34, Arctic Gold og Sametinget. Kautokeino 09.11.11.
[63] Avdelingsleder Nils Arne Johnsen i brev til forfattaren 12.03.2013.
[64] Altaposten 15.09.2012
[65] NRK Sápmi 30.13.2013.
[66] Sjå kapittel C om Sametinget og materiale om dei samiske organisasjonane på nettsida.
[67] NSR er ein samisk riksorganisasjon som stiller lister til sametingsvalget. NSR stiller ikkje eigne lister til kommune-,fylkestings- eller stortingsvalg. Det gjør derimot Samefolkets parti, som i stor grad består av NSR-medlemmar. Det har vore ein del strid innafor SÁB lokalt og sentralt. Dette har ført til at SÁB i nokre valkretsar har stilt eigne lister ved sametingsval i konkurranse med NSR-lister.
[68] Prinsipputtalelsar frå begge organisasjonane om gruvespørsmål er gjengitt i internettutgåva av denne boka.


Til neste kapittel

Meir gruvestoff på gruve.info