Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 2 – Med lov skal land øydast

Kontrollørar eller velsignarar?

FORVALTNINGA FOR MINERAL OG MILJØ

«Industriverksemd eller anna føretak som kan spreia gass, røyk, stråling eller anna til meins for særleg mange eller over eit vidt område, må ikkje setjast i verk utan løyve av Kongen.» [1] Dette sitatet frå røykskadekomiteen si innstilling i 1958 fortel om starten på oppbygginga av eit system for styringa av forureining i Noreg. Med løyve av Kongen kunne ein derimot lovlig gjøre utslepp sjølv om dei var «til meins for særleg mange». Kravet om godkjenning gjaldt i tillegg bare for nye tiltak, det fikk ingen verknad for forureinande verksemd som allereie var i gang. Både da og no kan ein spørje om forvaltninga har som oppgåve å forhindre forureininga – eller å velsigne henne.

I dette kapitlet skal vi sjå på det offentlige forvaltningsapparatet som på eit eller anna nivå er innblanda i forvaltninga av mineralnæringa. Vi kan grovt sett dele forvaltninga i to: Dei som har til formål å styre utviklinga av bergverksnæringa og dei om har til oppgåve å sikre at denne skjer på ein miljømessig forsvarlig måte. Når heile forvaltningsapparatet er underlagt det same lovverket og den same regjeringa, kan det vere vanskelig å skilje desse oppgåvene frå kvarandre. Ikkje minst når kontrollapparatet i stor grad rekrutterer saksbehandlarar frå dei næringane dei skal kontrollere.

Forvaltning av mineralsakar i forhold til reindrifta er behandla under andre næringar i eit seinare kapittel.

Storting og regjering

Stortinget styrer mineralpolitikken ved å vedta lover og gjennom statsbudsjettet, som legg rammer for skattar, forsking, utdanning og infrastruktur for mineralnæringa. Nokre store saker kan òg bli gjenstand for eiga stortingsbehandling, som oppstart og nedlegging av Norsk Jernverk og AS Sydvaranger. Også igangsettinga av Bidjovagge gruber blei vedtatt av Stortinget, sjølv om det var eit privat selskap som dreiv det.

Normalt tar elles ikkje regjeringa initiativ til at Stortinget skal gå inn i einskildsaker, men dei kan bli tatt opp som følgje av interpellasjonar frå stortingsrepresentantar. I 2015 prøvde SV og Venstre å få Engebø-saka opp til behandling i Stortinget, men det blei avvist av fleirtalet. Initiativet førte likevel til eit vedtak om at regjeringa skal sette i gang eit arbeid for å greie ut moglegheitene for å redusere deponeringsbehovet ved framtidig utvinning av mineralressursar. Kor heilhjarta dette vil bli gjort er ei anna sak, ettersom begge regjeringspartia røysta mot vedtaket.

Regjeringa sitt syn på mineralspørsmål kjem fram i regjeringa si politiske plattform, og for Solberg-regjeringa står der blant anna:
• Fokus på rask og effektiv utbygging og forenkling av PBL
• Styrke lokaldemokratiet, gjennomføre kommunereform, begrense fylkesmannens mulighet til overprøving
• Avgrense innsigelsesretten
– mer lokal tilpasning av arealpolitikken
• Legge til rette for vekst i mineralnæringen
• Raskere planlegging av veg og bane
– økt bruk av statlig plan

Til saman gir dette sterke føringar for at søknadar om mineralutvinning skal innvilgast og at motstanden skal få minst mogleg spelerom. Fram til utgangen av 2015 er det i første rekke avgrensinga av motsegnsretten som er gjennomført, med at fleire av dei offentlige organa som har kome med motsegn i mineralsaker rett og slett er lagt ned eller lagt under andre organ som regjeringa har meir kontroll over.

Regjeringa vil også vere klageorgan i nokre tilfelle når det kjem klage over vedtak i departement. Som regel er det ein formalitet, da departementsvedtak normalt vil vere i samsvar med regjeringa sine politiske retningslinjer.

Nærings- og fiskeridepartementet

Innafor rammene av lover og budsjett gitt av Stortinget er Nærings- og fiskeridepartementet [2] overordna forvaltningsorgan for mineralnæringa. Departementet gir i første rekke politiske retningslinjer som Mineralstrategien av 2013, dei konkrete sakene blir behandla av underliggande organ og tildels andre departement. Først om dei blir anka kjem nokre av dei til behandling i Næringsdepartementet. Mens undersøkings- og utvinningsrett for mineral på land blir gitt av Direktoratet for mineralforvaltning, ligg dette for ressursar på havbotnen direkte til Næringsdepartementet.

Under Stoltenberg–regjeringa (2005–13) var det næringsministeren som i første rekke fronta mineralstrategien og mineralpolitikken til regjeringa. Av dei aktuelle departementa var det også Næringsdepartementet som mest konsekvent avviste alle innvendingar mot aktuelle gruveplanar.

Solberg-regjeringa slo frå 01.01.2014 saman nærings- og fiskeridepartementa til eitt departement, men med to ministrar. Mens fiskeriministeren i Stoltenberg-regjeringa hadde innvendingar i forhold til sjødumping av gruveavfall, snakkar desse to ministrane i Solberg-regjeringa med ei røyst, og det kjem ingen kritiske røyster ut frå dette departementet. Det vil også seie at det kritiske Fiskeridirektoratet er lagt inn under den same leiinga, noko som kan gjøre det vanskeligare for dei å komme med innvendingar og motsegner.

Frå Bergamt til Direktorat for mineralforvaltning

Heilt frå 1539 har det vore ein stilling som Bergmester for Noreg, med ansvar for å utstede mutingsbrev og utmål for mineralutvinning. Seinare blei det også embetsmenn med den tyske tittelen berghauptmann og frå 1643 ein oberberghauptmann for heile riket. I 1654 blei det oppretta eit bergamt for heile landet. Etter kvart blei det fleire regionvise bergamt og eit overbergamt med sete på Kongsberg.

Bergordninga av 1812 førte til ei ny organisering, der bare overbergamtet besto, men landet blei delt inn i tre bergdistrikt, austre, vestre og nordafjelske. I kvart distrikt skulle ein bergmeister og ein geschworener føre tilsyn med drifta av bergverka. Etter 1814 blei mye av den spesielle organiseringa av bergsaker nedlagt. Oberberghauptmannen sine oppgåver blei overtatt av amtmannen i Buskerud. Oberbergamtsretten blei nedlagt og sakene overført til ordinære domstolar. Etter bergverkslova av 1842 skulle den som ville ta ut muting melde frå til den lokale lensmannen, og så blei det sendt kopi til Bergmesteren.

Ein instruks frå 1844 gir oversikt over oppgåvene til bergmeistrane. Dei skulle blant anna inspisere alle gruver i distriktet, føre tilsyn og gi rettleiing for drifta, sørge for at det blei utarbeida kart over alle gruveanlegg, synfare gruver som skulle nedleggjast, og gi overordna styresmakter årlig oversikt over all bergverksdrift i distriktet.

Frå rundt 1900 fikk vi eit skilje mellom departementa som hadde den sentrale forvaltninga, mens bergmeisterembeta var ein slags ytre etat innan bergforvaltninga. Det nordenfjelske bergdistriktet blei delt opp mellom Trondheim og Tromsø stift i 1885, seinare blei Finnmark skilt ut i 1906 og Nordland i 1908. Dette hang saman med ei veldig auke i leiting og muting i denne tida.

Bergmeistrane fikk etter kvart fleire oppgåver, i tillegg til forvaltning etter bergverkslova, skulle dei og gi konsesjonar etter konsesjonslova av 1917, samt fleire lover som regulerte dei ikkje-metalliske minerala. I den sentrale statsadministrasjonen blei bergverkssaker frå 1947 lagt til Industridepartementet, som hadde eit eige bergverkskontor.

I 1985 blei Bergvesenet oppretta med sete i Trondheim og bergmeisteren som leiar. Alle dei eldre distrikta fall bort etter kvart. Bergvesenet fikk òg etter kvart ansvaret for prospekteringsstøtte, og fikk motsegnsrett etter plan- og bygningslova. Med minerallova av 2009 blei Bergvesenet omgjort til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard. For Svalbard har det frå 1925 vore ei eiga bergverksordning. Denne er ikkje ein del av minerallova, derfor er namnet Bergmester beholdt der, men i praksis er det direktøren for direktoratet som også er Bergmesteren for Svalbard.

Forvaltarar eller aktørar? Direktoratet for mineralforvaltning og NGU har tett samarbeid og felles kontorbygg i Trondheim.
(Foto: SL)

Direktoratet for mineralforvaltning er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet, og vi har ikkje registrert noko meiningsforskjell eller motsetning mellom direktoratet og departementet.

Direktoratet har ansvar for å behandle søknadar om undersøkings- og utvinningsrett for statens mineral, prøveuttak både for grunneigar sine og staten sine mineral, ekspropriasjon av nødvendig grunn, driftskonsesjon og godkjenning av driftsplanar. Direktoratet skal føre tilsyn med at undersøkingar og uttak av mineralske ressursar blir gjennomført forsvarlig og i tråd med godkjente planar.

Ei viktig oppgåve for DMF er også å sjå til at sikrings- og oppryddingsplikta blir oppfylt. I Veileder for økonomisk sikkerhetsstillelse har direktoratet gitt retningslinjer for kva denne plikta omfattar og kor mye og korleis bedriftene skal betale for å sikre at det er pengar til sikring og opprydding ved avslutning av drift eller eventuell konkurs. Ved den nylige konkursen ved Sydvaranger Gruve kom det fram at det var sett av svært utilstrekkelig med middel til dette, og ein kan spørre kor effektivt DMF har klart å kontrollere at regelverket blir følgd i praksis.

Direktoratet har ansvar for å forvalte etter minerallova. Andre lover, som plan- og bygningslova, forureiningslova osv. er det andre instansar som tar seg av. Dette kjem bl.a. fram i samband med avrenning frå nedlagde gruver. Det er Miljødirektoratet som har ansvar for kartlegging av situasjonen [3] og å stille krav til oppreinsking, mens Direktoratet for Mineralforvaltning har ansvaret for å gjennomføre tiltaka mot avrenninga.

I 2011 gikk Direktoratet for mineralforvaltning, NGU og Norsk Bergindustri saman om dette annonsebilaget til Dagens Næringsliv.

Direktoratet understrekar at det ikkje har noka politisk rolle, men bare driv forvaltning. Men samtidig legg dei mye av grunnlaget for dei politiske vedtaka.

Ei rekke av sakene Direktoratet får til behandling vil vere stridsspørsmål, der det kan ha kome protestar frå forskjellig hald, f.eks. reindriftsinteresser, naturvernorganisasjonar osv. Kva kompetanse har så direktoratet for å vurdere desse protestane opp mot dei interessene som ønsker at det skal komme i gang leiting og drift? Direktoratet har f.eks. inga eiga ekspertise på reindrift, og er da avhengig av uttaler frå andre organ, f.eks. Landbruksdirektoratet. Likevel er det DMF som har det avgjørande ordet, og som må gjøre eigne avvegingar. Det har da vore fleire eksempel på at direktoratet har innvilga utvinningsløyve i strid med protestar både frå reindrifta og frå reindriftsforvaltninga.

Ein stor del av dei tilsette i direktoratet har utdannings- og arbeidsbakgrunn frå mineralnæringa, dette gir dei på eine sida fagkunnskap, men kan på andre sida føre til at dei får større forståing for argumenta til denne næringa.

Den som får undersøkingsrett eller utvinningsrett må sende detaljert rapport til Direktoratet for mineralforvaltning. Der har ein no omlag 7000 slike rapportar liggande. Desse rapportane blir haldne fortrulige så lenge selskapet held oppe rettane. Men når ein rettshavar trekker seg, eller tida går ut, blir rapportane offentlig tilgjengelige, og da kan eit anna selskap som skaffar seg undersøkingsrett bruke dei opplysningane som forgjengaren har samla inn.

Direktoratet for mineralforvaltning behandlar på kontoret i Trondheim saker over heile landet. Det gjeld da også sjølvsagt saker om mineralleiting og utvinning i dei 40% av landet som er i bruk av samisk reindrift og andre samiske næringar. Under ein «dialogkonferanse» i Kirkenes 10.–11.11.2015 blei direktør Randi Skirstad Grini spurt om direktoratet har noko kompetanse på samiske spørsmål. Det måtte ho da innrømme at dei ikkje hadde (!)

NGU – «Forskingsbasert forvaltningsorgan

Norges geologiske undersøkelse er ein etat under Nærings- og fiskeridepartementet, og presenterer seg sjølv som «landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressurser, løsmasser og grunnvann. ... NGU skal aktivt bidra til at geofaglig kunnskap utnyttes til en effektiv og bærekraftig forvaltning av landets naturressurser og miljø. ... Som forskningsbasert forvaltningsorgan er NGU også de andre departementenes faginstans i geofaglige spørsmål. NGU har som hovedoppgaver å samle, bearbeide og formidle kunnskap om de fysiske, kjemiske og mineralogiske egenskapene til landets berggrunn, løsmasser og grunnvann.» [4]

NGU samlar informasjon gjennom forskjellige former for kartlegging i terrenget og gjennom eige laboratorium. Den informasjonen NGU samlar inn blir brukt på mange område. Mineralselskap kan bruke informasjon om geologiske forhold og mineralførekomstar som grunnlag for vidare mineralleiting. I tillegg kartlegg NGU bl.a. radongass i bakken, radioaktivitet etter Tsjernobyl-katastrofen, fare for skred og kor ein kan ta ut jordvarme. NGU har i lag med Statens kartverk og Havforskingsinstituttet kartleggingsprogrammet Mareano, som kartlegg djupn, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i sediment i norske kyst- og havområde. Dette har til no i første rekke vore til nytte for petroleumsnæringa og fiskerinæringa. Det er under planlegging ei utviding kalla Kyst-Mareano, som skal sjå på forholda nærare kysten og i fjordane, og som bl.a. kan bl.a. brukast til å vurdere grunnlag for plassering av sjødeponi.

NGU har utvilsamt samla mye fakta om norsk geologi, men ikkje alt som har kome frå dei gjennom tidene har vore like pålitelig. Denne uttalen i eit brev frå NGU til Utanriksdepartementet 25.02.1958 talar vel for seg sjølv: «Man kan se bort fra muligheten for at det skulle finnes kull, olje eller svovel på kontinentalsokkelen langs den norske kyst.» [5] Det er å vone at kunnskapsgrunnlaget er noko betre når NGU uttaler seg om mineral på land.

«Vi vil anbefale drift»

NGU blei oppretta allereie i 1858, og heldt til i Oslo fram til ein i 1961 flytta til Trondheim og samtidig blei slått saman med Statens råstofflaboratorium og Geofysisk Malmleting. NGU har godt over 200 tilsette, budsjettet er basert 2/3 på løyving over statsbudsjettet og 1/3 på eksterne oppdrag. Hovudkontoret på Lade i Trondheim er i eit bygg som NGU deler med Direktoratet for mineralforvaltning, og samarbeidet er tett både praktisk og faglig. I 1974 blei det oppretta eit underkontor i Tromsø, men dette har pr. 2015 bare to tilsette, som arbeider med rassikring og lausmassar, og ikkje med mineralleiting.

I 1991 oppretta NGU eit nasjonalt borekjernelager på Løkken i Meldal, og i 2012 blei dette utvida med eit nytt bygg. Der er allereie lagra omlag 600 000 meter borekjerneprøver. Dette gjør at det er mogleg å analysere gamle prøver med nye analysemetodar og vurdere drift på mineral ein ikkje har vurdert tidligare. For at desse prøvene skal vere noko verdt, må ein ha nøyaktige opplysningar om kor dei er tatt. Det har ikkje alltid vore skikkelig merka, og nokre stadar, f.eks. i Biedjovággi, ligg det store mengder borekjernar som ikkje er merkte, noko som reduserer verdien av prøvene kraftig.

NGU har som oppgåve å kartlegge og informere om mineralressursar i Noreg, men det har og hendt at institusjonen har gått ut over det, og fungert som ein pådrivar i å få i gang mineralutvinning. Da NGU i 1988 fann beryllium i Rana, gikk seksjonssjefen i NGU ut i media og sa: «Vi vil anbefale drift». [6] Året etter uttalte daverande direktør Knut S. Heier at han gjerne hadde sett større forståing frå Næringsdepartementet for betydninga av å satse på undersøkingar og utvinning av mineral.[7] Seinare har ein blitt noko meir forsiktig med å tilrå konkrete prosjekt og i ein kommentar til dette uttaler dei no: «Det er lenge siden 1988. NGU vil ikke komme med slike anbefalinger i dag. Det er selvpålagt, for å ivareta objektivitet. Det er politikerne som beslutter.» [8] Likevel kan ein spørje om ikkje NGU i praksis fungerer som ein pådrivar for utvinning og dermed premissleverandør for politiske vedtak. Når NGU får omlag 1/3 av inntektene sine frå eksterne oppdrag betyr det at NGU er også interessert i betaling frå gruveselskap, og NGU har klare fordeler av nye bergverksemder, som treng ekspertisen deira.

MINN og MINS

NGU har lenge hatt særlig fokus på mineralleiting i Nord-Noreg, og har vore sterkt inne i bildet ved opprettinga av fleire gruver, bl.a. Biedjovággi. I minst to omgongar har ein hatt spesielle program for kartlegging av geologi og mineralressursar i nord. Det såkalla Finnmarks-programmet starta med datainnsamling i 1979 og feltarbeid i 1982 og pågikk til 1991. Formålet var å utarbeide kart over berggrunn og lausmassar i Finnmark i målestokk 1:50 000. Finnmarks-programmet hadde omlag 20 årsverk pr. år. [9]

Det neste programmet, MINN – Mineralressurser i Nord-Norge varte frå 2011 til 2014. NGU presenterer det slik: «Mineralressurser i Nord-Norge (MINN) er et regjeringsinitiert program for å kartlegge mulighetene for å finne gull og andre mineraler i nord.» [10] Programmet har kosta omlag 100 millionar kr., som NGU har fått av Næringsdepartementet. Sommaren 2013 var meir enn 40 geologar i arbeid, 2200 jord- og steinprøver frå Nord-Noreg er analysert og det er påvist 65 forskjellige grunnstoff.

Kartlegginga har i første rekke skjedd med fly, og mesteparten av landsdelen er dekka gjennom lågtflygande småfly med sonde som måler magnetisme og andre eigenskapar i berggrunnen. Det har vore ein del klagar på at flyginga har skremt rein, og på at det også har blitt kartlagt i nasjonalparkar, som i prinsippet skal vere freda mot mineralleiting. NGU forsvarer dette med at målinga også har mange andre formål, det er ikkje meininga å leite mineral i nasjonalparkane.

Det er også brukt seismikkskyting på vidda på vinterføre, der ein sprenger av ei rekke dynamittsalver og les signala frå ein lang kabel.[11] Dette blei bl.a. brukt i Máze-området og på Sennaland i 2012. Avisa Ságat presenterte saka 17.02.2012, med tittel Staten leitar etter mineral for Rushfeldt, og med bilde av sotspor etter skyting på Sennaland.[12] Fleire har uttalt seg kritisk til sprenginga, bl.a. folk frå WWF, Kautokeino kommunestyre og VJFF. [13]

Det er utarbeida ein sluttrapport frå MINN [14], og i tillegg kan ein laste ned funn frå NGU sine nettsider. Frå 2015 er det starta ei oppfølging under namnet MINN2, som vil ha hovudvekt på undersøkingar på bakken.

Eit tilsvarande program for Sør-Noreg (MINS) er sett i gang frå 2013. Dette er eit noko mindre program. I statsbudsjettet for 2015 blei det løyva 20 mill til MINN2 og 10 mill. til MINS. Alle rekna med dette ville halde fram for 2016, men i november 2015 kom meldinga om at regjeringa, med flyktningekrisa som påskot, ville kutte ut desse løyvingane. NGU reagerte sjølvsagt skarpt på dette, og i forsvaret av kor viktig denne kartlegginga er, kan dei nok ha overvurdert si eiga betydning noko: «Én krone til mineralleting gir 50 kroner tilbake til samfunnet i verdiskapning, ifølge Heldal. De regner med at 4,5 milliarder i årlig omsetning i mineralnæringen i stor grad skyldes NGUs kartlegging og råd.» [15]Denne påståtte samanhengen kan vere vanskelig å sjå. Av konkrete resultat synest den store satsinga på Finnmarksprogrammet og seinare MINN i første rekke å ha gitt arbeidsplassar ved NGU.

Ressursar av nasjonal og internasjonal betydning

Eit av NGU sine kart over mineral av nasjonal interesse.

Sidan 2008 har NGU publisert kart over mineralressursar «av nasjonal betydning» eller «nasjonal interesse» . Men det har så langt ikkje vore klare kriterier for kva som skal komme med på dette kartet og heller ikkje klart kva følger det får om ein førekomst hamnar her.

I 2012 ga NGU ut ein rapport med tittelen Mineral- og metallressurser i Norge: Verdien av industrimineralforekomster av nasjonal betydning. Her skriv ein:
«Begrepet «forekomster av nasjonal betydning» skal dekke:
– Forekomster som er i drift og som er viktige for markedsbehov i inn- eller utlandet og for sysselsetting i produksjonsbedriften og hos underleverandører.
– Forekomster hvor det er dokumentert store tonnasjer av en kvalitet som kan tenkes å kunne gi et utgangspunkt for fremtidig drift.
– Felt hvor det er forekomster med klare indikasjoner på store tonnasjer av en kvalitet som kan tenkes å kunne gi et utgangspunkt for fremtidig drift.

Slike forekomster bør oppfattes som nasjonale ressurser som kan danne grunnlag for næringsvirksomhet for fremtidige så vel som dagens generasjon. Derfor er det særdeles viktig at man er bevisst på forekomstenes potensielle verdi og at det foreligger kriteria og data som gjør det mulig for planmyndigheter på forskjellige nivå å ta de nødvendige hensyn til ressursene.»
Desse kriteria opnar for at alt som blir drive på i dag og alt som kan tenkast drive på i framtida, kan stemplast som av nasjonal interesse.

Dei siste åra har NGU arbeida med ei avklaring av kriteria, og dei nye kriteria vil etter planen bli brukt i årsrapporten Mineralressurser i Norge 2015, som skal komme på nyåret 2016. I tillegg til nasjonal betydning skal det vere kategoriar for internasjonal betydning og regional betydning.

Korleis denne kategoriseringa skal brukast går fram av ein kongelig resolusjon av 2011 om nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging: Regjeringen forventer at planleggingen synliggjør mineralressurser av nasjonal og regional betydning slik at disse kan ivaretas på en måte som ikke er til hinder for framtidig verdiskaping. Etter mineralloven har Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) som oppgave å fremme og sikre samfunnsmessig forsvarlig forvaltning og bruk av mineralressursene/byggeråstoffene. NGU skal klassifisere forekomstene etter betydning og DMF foretar forvaltningsskjønnet. DMF har innsigelseskompetanse i plansaker etter plan og bygningsloven. Ved høring av kommuneplaner henvises kommunene til NGU sin Grus- og Pukkdatabase og de andre mineraldatabasene. I NGUs databaser er forekomstene vurdert etter viktighet og kommunene gjøres oppmerksomme på arealer med viktige forekomster bør avsettes til råstoffutvinning.

I heimkommunen min, Guovdageaidnu, er to mineralførekomstar som har fått «æra» av å komme med på desse karta; Biedjovággi for metall (koppar og gull) og Náránaš for naturstein (kvartsitt). Begge desse førekomstane har så langt ført gruveselskap konkurs, gitt kommunen store utgifter og naturen varige sår. Den eine førekomsten gav omlag hundre arbeidsplassar i to fem-års-periodar, den andre har dei siste åra gitt 4–5 sesongarbeidsplassar. Alt som er tatt ut av den eine gruva og nesten alt frå den andre er eksportert som halvfabrikata. Skatteinntektene har vore minimale både for stat og kommune, og i den grad det har vore overskot har det hamna i utlandet. Men av nasjonal betydning skal dei vere! Når kommunestyret i Guovdageaidnu har sagt nei til ny gruve i Biedjovággi, har planutvalet i kommunen gått inn for å tilbakeføre dette området til kategorien «landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift» (LNFR) i arealplanen.[16] Kan da staten seie at nei, det går ikkje, for dette har NGU definert som ein førekomst av nasjonal betydning?

Da miljøstyresmaktene ønska å frede Ráitevárri-området i Karasjok som ledd i verneplanen for myr og våtmarker, reagerte sjefsgeologen i Store Norske slik: «– NGU har Ráitevárri på lista over nasjonalt viktige forekomster, det burde bety et sterkt vern mot båndlegging, sier Morten Often, som regner med støtte fra NGU og Direktoratet for Mineralforvaltning.» Mineralressursane skal altså «vernast» mot vern! Også i andre gruveplanar ser vi at det blir argumentert frå utbyggar eller konsulentselskap at dette er ei sak av nasjonal betydning.

Eit anna spørsmål er kva som ligg i uttrykket «nasjonal betydning». Er det viktig for statens sjølvstende og tryggleik, statskassa, arbeidsplassar, nasjonal eigedom eller kva? Dette ser så langt ikkje ut å vere definert nokon stad. Det viktigaste ser ut til å vere at det kjem i gang utvinning, uansett kven som måtte tene eller tape på det.

I samband med planar om gruvedrift i eit midlertidig verna område i Snåsa i Nord-Trøndelag, forsøkte både Statskog og DMF å påverke NGU til å definere førekomsten som av nasjonal interesse, for på den måten å hindre verneplanar.

Mineralstrategien legg opp til å kunne bruke «nasjonal betydning» til å overkjøre kommunal planlegging: «Statlige eller regionale myndigheter kan også ta initiativ til utarbeidelse av planer etter plan- og bygningsloven for å ivareta planoppgaver av regional eller nasjonal betydning.» [17] Rolv Dahl ved NGU fortel: «– Det hender vi blir kontakta av bedrifter som ber om å få førekomstane deira inn på kartet over det som er nasjonalt viktig, men det avviser vi. NGU skal seie at her er det sånn og sånn geologisk førekomst, så må andre gjøre avvegingane om her skal utvinnast eller ikkje. Naturvernomsyn er heller ikkje avgjørande for om ein førekomst kjem med på kartet, om ein skal la vere å utvinne av slike omsyn, det må politikarane avgjøre.»[18]

Verdiar for 2500 milliardar?

NGU har forsøktå taksere pengeverdien av ressursane av nasjonal betydning, og kommet til tall på omlag 2500 milliardar kroner, derav metall for 1388 mrd kr., byggeråstoff 500 mrd. og industrimineral 400 mrd. Konklusjonen må da sjølvsagt bli at når vi har slike verdiar i fjellet, så må vi da ta dei ut snarast råd? Eller kan det vere på sin plass å ta med i berekninga at prisane går opp og ned, og at denne berekninga var gjort mens dei var på det høgaste nivået nokon gong, våren 2012.

I NGU sine berekningar er det ikkje med omsynet til andre interesser som måtte vere av dei områda der desse mineralførekomstane er å finne, og sjølvsagt ikkje det langsiktige perspektivet at mens mineralressursane bare kan takast ut ein gong, er andre næringar som konkurrerer om bruken av landområda ofte fornybare, og kan drivast i hundrevis av år vidare om områda ikkje blir øydelagde. Om området der minerala er funne i dag er brukt av jordbruk, reindrift, turisme eller friluftsinteresser ser ikkje ut å vere avgjørande. Spørsmålet er da om det same gjeld for ressursar i meir tettbygde strøk. I Trondheim er det omlag 30 000 innbyggarar som bur på leire, som kan vere verdifull materiale for teglstein. Skal NGU gi oss verdien av dette materialet som ligg under bustadar? Kolsåstoppen i Oslo består av rombeporfyr og basalt, som er godt egna som bygningsmateriale, og som det er store steinbrot på i nabokommunane. Skal NGU gi oss verdien av dette? Kor går grensa for å overordne mineralutvinning over alle andre interesser?

Fiskeriforvaltninga

Da Fiskeridepartementet frå 2014 blei slått saman med Nærings- og handelsdepartementet, følgde også fiskeriforvaltninga med. Innafor den statlige forvaltninga er Fiskeridirektoratet blant organa som har uttalt seg mest kritisk til politikken med å sleppe gruveavgang ut i sjøen. I samband med utslepp frå Sydvaranger i 2013 uttalte direktoratet: «Fiskeridirektoratet er sektorstyresmakt for to viktige primærnæringar i Noreg, fiskeri- og akvakulturnæringane. Båe næringane treng produksjonsareal og –miljø som er fri for farleg eller potensielt farleg ureining. Vi er også opptekne av at sjøareala ikkje vert nytta slik at økosystema vert skada og eventuelt bryt saman. Difor vil vi at norske styresmakter konsekvent handsamar søknader som inneber deponi i sjø med varsemd». I samsvar med dette har direktoratet fleire gongar gått mot søknadar om auka utslepp av kjemikaliar frå Sydvaranger Gruve og mot utslepp av gruveavfall til Førdefjorden og Repparfjorden.

I 2012 uttalte Fiskeridirektoratet i eit felles høringsinnspel til mineralstrategien i lag med Havforskningsinstituttet, Mattilsynet og Norsk institutt for ernærings- og sjømatforskning: Gruver som allerede er i drift og som deponerer avfall i fjorder, for eksempel Sydvaranger Gruve AS og Rana Gruber AS, ble igangsatt da kunnskapen om miljøeffekter var mindre og hverken Naturmangfoldloven eller Vannforskriften var innført. Siden den gang er fjordene blitt langt viktigere med tanke på matproduksjon siden havbruksnæringen kommer i tillegg til tradisjonelt fiske. Derfor er det av stor betydning at fjordene blir forvaltet på en måte som ikke går ut over matproduksjonen, mattrygghet, det biologiske mangfoldet eller fjordøkosystemets integritet.» I uttalen seier dei at sjødeponi ikkje må brukast i tilfelle der det vil ramme gyteområde eller nasjonale laksefjordar, der det blir brukt giftige og usikre kjemikaliar og der det blir utslepp av tungmetall.

Mens Fiskeri- og kystdepartementet i mai 2013 ba om ny gjennomgang av Nussir-saka, blei det etter valet same haust slutt på at fiskeriministeren og næringsministeren kunne ha forskjellig syn på aktuelle saker, som f.eks. dumping av gruveavgang. Da gikk fiskeriministeren utan forbehold inn for å gi løyve til dumping i Repparfjorden.

Miljødepartement utan vern

Noreg hadde eit miljøverndepartement frå 1972 til 2014. Departementet blei da omdøypt til Klima- og miljødepartementet, som eit klart signal om at miljøet ikkje lenger skal vernast i Noreg. Frå same dato blei departementet fråtatt det avgjørande ordet i behandlinga av motsegnsaker etter plan- og bygningslova, bl.a. reguleringsplanar for gruvedrift. Dette ansvaret er overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Miljøverndepartementet har også tidligare spela ei svært avgrensa rolle i mineralspørsmål. Departementet har i det lengste vike unna for å ta avgjerder, og overlate det til dei underliggande organa SFT/Klif/Miljødirektoratet. Desse har vore kjent for å vere svært velvillige til å innvilge utsleppsløyve, og det er ingen teikn på at departementet nokon gong har gitt dei instruksar om å stramme inn. I Nussir-saka uttalte statssekretær Ellen Øseth (SV) våren 2013 at det ville bli ei politisk avgjerd om selskapet skulle få løyve. Med dette uttrykte ho at den politiske leiinga i departementet sto fritt til å avgjøre, dvs. at det ikkje fanst juridiske hinder. Deretter bad statsråden Miljødirektoratet greie ut om det var behov for nye undersøkingar. Dette gjorde departementet vel vitande om kva svaret måtte bli, når ein sendte saka til det miljøet som heile tida har vore ivrige forkjemparar for sjødumping av gruveavgang.

Klima- og miljødepartementet er no svært vingeklipt i gruvesaker, men det er framleis ankeinstans for utsleppsløyve frå Miljødirektoratet.

SFT / Klif / Miljødirektoratet

Historia om statlige miljøorgan er lang, og starta lenge før vi fikk eit eige departement for miljøsaker. Forureining av luft, ferskvatn og sjø er kjent heilt frå mellomalderen, og utvikla seg til stadig større problem med utvikling av gruvedrift, med den industrielle revolusjonen og med modernisering av landbruket. Likevel fanst det fram til etter 2. verdskrigen ikkje noko eige statlig organ for miljøsaker. Det første var Vann- og avløpskontoret, som blei oppretta i 1947 og frå starten låg under NVE. Deretter blei Røykskaderådet oppretta i 1961. Begge desse organa låg da under Industridepartementet. I starten var Røykskaderådet bare bemanna med ein konsulent i deltidsstilling. Resultatet blei at sakene hopa seg opp, og industriministeren klaga over at han ikkje hadde fått fleire stillingar. Han var ikkje i første rekke bekymra over forureininga, men over framdrifta i industriutbygginga som ikkje kom i gang før Røykskaderådet hadde gitt utsleppsløyve. [19]

Det var ikkje lett å arbeide mot forureining på 1960-talet, og ein tidligare tilsett i SFT oppsummerer det slik: «Både i Norge og i andre land overskygget viljen til økonomisk vekst fullstendig viljen til vern gjennom store deler av 1960-årene» [20]

I 1974 blei desse to organa slått saman til Statens Forurensningstilsyn (SFT), som og etter kvart fikk tillagt seg andre oppgåver, bl.a. oljevern. SFT var frå starten underlagt Miljøverndepartementet.

Organa som var sett til å avgrense forureininga var i starten i stor grad drive fram og befolka av folk med eit miljøvernengasjement. Men det var grenser for kva dei kunne gjøre, for krava dei stilte måtte ikkje truge industri og anna næringsliv, og presset var stort for at dei ikkje måtte stille for strenge krav, både frå næringslivet, politikarar og andre delar av statsforvaltninga. Ein av dei som arbeidde i SFT i denne tida uttrykte det slik: «Vi satte de kravene som var teknisk-økonomisk gjennomførbare.» [21]

Forureining var i utgangspunktet forbode, dersom det ikkje var gitt løyve av forureiningsstyresmaktene. Her går ei klar linje frå sitatet som innleiar dette kapitlet fram til dagens forureiningslov som med litt andre ord slår fast det same. SFT gav løyve til forureining, avgrensa til visse stoff, stadar og mengder, og stundom kunne desse mengdene bli ganske store, som da ein i 1980 ga løyve til utslepp frå Titania til Dyngadjupet. Dette brakte SFT for første gong i direkte konflikt med miljørørsla. SFT måtte forsvare eigne vedtak og i offentlig debatt argumentere for at denne forureininga var forsvarlig, eller at det i røynda ikkje var noka forureining.

I 2010 blei SFT omdøypt til Klima- og forurensingsdirektoratet (Klif), som i 2013 blei slått saman med Direktoratet for naturforvaltning (DN) til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet hadde ved opprettinga 700 tilsette, fordelt mellom Oslo og Trondheim. I hovudsak blir Klif sine oppgåver framleis utført av Oslo-kontoret. Før samanslåinga var Direktoratet for Naturforvaltning høringsinstans for mineralsaker, men etter samanslåinga får ikkje lenger offentligheita tilgang til dei naturfaglege vurderingane som blir gjort av dei offentleg tilsette fagpersonane i Miljødirektoratet.

I saksbehandlinga av gruveprosjekt er ansvaret til dette organet i første rekke å gi utsleppsløyve etter forureiningslova. Ja, eg skreiv at oppgåva er å gi løyve, for det er slik dei sjølv oppfattar det. Det finst knapt eit eksempel på at SFT/Klif/Mdir har avslått ein utsleppssøknad. Derimot arbeider ein aktivt for å legge til rette for at bedriftene skal få sleppe ut det dei vil. Klif har sjølv tatt initiativ til å redusere krava til prøving av kjemikaliar [22], og har gitt søkarar førehandsmelding om at dei vil tolke forskriftene liberalt [23]. At Miljødirektoratet er industrien sin forlenga arm i statsapparatet kjem òg fram av at dei rekrutterer saksbehandlarar frå leiande stillingar i mineralnæringa. I direktoratet blir desse sett til å gi utsleppsløyve bl.a. til sine tidligare arbeidsplassar. Da nokon hevda at ein saksbehandlar som tidligare var ingeniør ved AS Sydvaranger var inhabil til å behandle søknadar frå etterfølgaren Sydvaranger Gruve, svarte direktøren at alt var slik det skulle vere. [24]

I ein propagandafilm for Nordic Mining [25]uttaler direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro: «Enhver gruveaktivitet medfører behov for deponering av store mengder avgang.» Direktøren ser altså i utgangspunktet bort frå at avgangen kan brukast til noko nyttig.

Miljødirektoratet med forgjengarar har og hatt eit ansvar for forureining frå nedlagte gruver. Det er særlig kisgruver som har gitt varige problem. Arbeidet med vassforureining frå kisgruver starta opp på 1970-tallet. Dette var ein del av SFT sitt arbeid med kartlegging og registrering av forureina grunn. Det første tiltaket mot forureining blei gjennomført på nedlagte Kjøli gruve i 1981. På bakgrunn av Stortingsproposisjon 111 (1988-89): Om det videre arbeid med spesialavfall, utarbeida SFT i 1992 ein handlingsplan for arbeidet med «gamle synder». Denne handlingsplanen omfatta også konkrete delmål for forureining frå nedlagte gruver. På nettstaden http://miljøstatus.no har Miljødirektoratet lagt ut mye informasjon om forureining frå nedlagte gruver og om arbeidet med å redusere denne forureininga.

Miljødirektoratet behandlar sjølvsagt saker over heile landet, også i samiske bruksområde. Det er da ganske skremmande å høre at avdelingsdirektør Harald Sørby på ein «dialogkonferanse» i Kirkenes 10.–11.11.2015 innrømte at direktoratet med sine 700 tilsette ikkje har noko kompetanse på samiske spørsmål. Sørby meinte dette løyste dei gjennom konsultasjonar med Sametinget. Kor mye som samane har oppnådd med det går fram av at konsultasjonane som direktoratet til no har hatt med Sametinget om mineralspørsmål har blitt einsidig avslutta frå direktoratet si side utan at ein har blitt samde.

Kommunaldepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tidligare ikkje hatt med mineralsaker å gjøre, men frå 01.01.2014 har dei fått overført frå tidligare Miljøverndepartementet myndigheita til å avgjøre reguleringsplanar som er anka inn for departementet. Med denne overføringa har regjeringa signalisert at mineralsaker i første rekke skal behandlast som byggesaker, ikkje som miljøsaker. Kommunaldepartementet har sjølv ingen spesiell kompetanse på desse sakene, men sender dei rundt på høring til andre departement og direktorat. Deretter tar så departementet ei rein politisk avgjerd.

Kva KMD legg vekt på under behandling av gruvesaker, går fram av ein presentasjon frå seniorrådgivar Lise Solbakken:
Utfordringer knyttet til uttak:
– Konflikt med naturmangfold, friluftsliv, kulturminner og landskapshensyn
– Alternativ bruk av ressursen - drikkevannskilde, resipient, byggegrunn
– Støv, støy, utslipp til vassdrag og grunnvann
– Trafikk
[26]

Kva manglar det her? Jo, det manglar fullstendig omsynet til andre næringar, som fiskeri, jordbruk, reindrift og turisme. Tilfeldig glipp?

Fylke og regionar

Fylkeskommunane har ikkje noka lovfesta rolle i mineralforvaltninga, anna enn som høringsinstans. Men fleire fylkeskommunar har likevel engasjert seg sterkt i mineralsaker, og da helst for å utvikle mineralnæringa og legge til rette for mineralutvinning.

Etter eit initiativ frå NGU i 1975 oppretta ein del fylkeskommunar stillingar som fylkesgeolog, eller felles geolog for fleire fylke. Fylkesgeologane sine prioriterte oppgåver synast å ha variert ganske mye, i nokre fylke har dei arbeida for å finne og kommersialisere mineralførekomstar, i andre har dei drive meir med rassikring og vassforsyning. Mens det på det meste har vore tilsett åtte fylkesgeologar, er det no bare Hordaland og Nordland som har eigen fylkesgeolog, mens Vestfold/Buskerud/Telemark har ein felles regiongeolog.

Vi skal sjå på eit eksempel på arbeid med mineralsaker på fylkes- eller regionalt plan.

Finnmark

Finnmark er eit av fylka der det har vore mest interesse for mineralleiting, men i forhold til det store arealet har det vore relativt få aktive gruver. Fylket hadde eigen fylkesgeolog i tida 1982–92. Det har vore snakk om å gjenopprette denne stillinga, men det har så langt ikkje skjedd.

«... Det må ikke gis tillatelse til prøvetaking som medfører varige terrenginngrep, før det gjennom en bred høring er avklart at inngrepene kan skje uten vesentlige skader på naturmiljøet eller ulemper for reindrift og andre brukerinteresser. ...» Dette uttalte fylkesutvalet i Finnmark i 1994 i samband med ein søknad om mineralleiting. Seinare synest fylkeskommunen å ha blitt langt mindre skeptisk til dei naturinngrepa som mineralnæringa kan føre med seg. No heiter det derimot: «Økt verdiskaping basert på mineralske ressurser gjennom forsvarlig ressursforvaltning er et av Finnmark fylkeskommunes satsingsområder.» [27]

17.06.2015 vedtok fylkestinget i Finnmark ein eigen mineralstrategi for fylket. Det var slutten på ein prosess som hadde pågått over mange år. I 2009, da gruveboomen var på topp, tok fylkeskommunen initiativ til oppretting av Mineralforum Finnmark, som blei presentert slik: «Forumet er et samarbeidsforum hvor representanter fra bergindustrien, samiske interesser og ulike myndigheter deltar. Hensikten er å igangsette prosesser for å få økt næringsutvikling basert på mineralressursene i fylket, og det på en balansert måte som ivaretar behovet for sameksistens mellom ulike interesser.» «et møtested mellom bransje, berørte parter, beslutningstakere». Blant deltakarane er større gruve- eller leiteselskap med interesser i fylket (Arctic Gold, Norwegian Mineral Group, Nordic Mining, Nussir, Scandinavian Resources, Store Norske Gull, Syd-Varanger gruve). Det er slåande at mens dei fleste bergverksbedrifter i Finnmark driv på grunneigar sine mineral (industrimineral, naturstein og byggemateriale), så er ingen bedrifter frå dette området med i mineralforumet. Det er i dag eit forum for dei som vinn ut eller leitar etter metallmalm, bare ei av dei sju bedriftene har hatt noka utvinning. Næringa er også representert ved Norsk Bergindustri. Forvaltninga er sterkt representert gjennom Direktoratet for mineralforvaltning, NGU, og Finnmark fylkeskommune. Elles deltar Finnmarkseiendommen, Sametinget, Innovasjon Norge, LO og NHO i Finnmark og Norske Reindriftssamers Landsforbund.

Målsettinga med forumet er «Økt verdiskaping og kommersialisering av mineralressurser i Finnmark på en balansert måte som ivaretar behovet for sameksistens mellom ulike interesser.» I referata frå møta i forumet går det fram at NRL ikkje utan vidare deler denne målsettinga. Elles synest det å vere brei semje om målet.

Som mandat fikk mineralforumet:
– Skal være en arena som stimulerer til en samfunnsmessig forsvarlig næringsutvikling
– Skal fokusere på faglige og næringsmessige spørsmål
– Øke fokus på næringsutvikling basert på mineralressurser
– Bidra til balansert diskusjon mellom ulike interesser
– Belyse muligheter og utfordringer
– Samarbeid om tilrettelegging for gode rammebetingelser
– Skal ikke være en politisk aktør

15.02.2011 vedtok Finnmark fylkeskommune å sette i gang eit treårig prosjekt med namnet Mineralfylket Finnmark. Fylkesråd Roger Hansen omtalte opprettinga slik: «– Vi ønsker å få kartlagt nærmere de mineralforekomstene som er i Finnmark. Og vi ser jo at det her kan være til gjensidig nytte, både for FeFo, Sametinget, og Finnmark Fylkeskommune, og dermed for hele befolkningen i Finnmark. ... – Men vi er selvfølgelig fullt klar over at det kan være krevende i forhold til beitearealer og slike ting. Men her er jo det at vi må sette oss ned å finne en løsning sammen som er til gjensidig nytte for alle parter.» Fylkeskommunen inviterte Finnmarkseiendommen og Sametinget til å delta. FeFo deltar, også i finansieringa, mens Sametinget har gitt politisk støtte, men sagt nei til å bidra økonomisk.[28] På spørsmål om kva som kom ut av prosjektet, svarte fylkeskommunen sin rådgivar for energi og mineral i 2014: «Det er riktig at det ble opprettet et mineralprosjekt i 2011. Dette har dessverre ikke blitt avsluttet fordi prosjektlederen sluttet før prosjektet ble avsluttet. Prosjektet har heller ikke hatt den framdriften som var ønsket ved oppstart. På grunn av dette har vi nok lite resultater å vise til, men jeg har nå tatt over fagansvar for mineral på næringsavdelingen og har igangsatt arbeidet med reetablering av Mineralforum Finnmark og utarbeidelse av Mineralstrategier for Finnmark.» [29]

Resultata var altså små innafor den planlagte treårsperioden, men ein har i alle fall bidratt til å få i gang to prosjekt: Eit leverandørutviklingsprogram for mineralindustrien og «Ringvirkningsprosjekt Nussir», som skal bidra til å skape ringverknadar av den planlagte Nussir-gruva. Dette gjorde altså Mineralfylket Finnmark i ein situasjon der var høgst usikkert om Nussir ville få løyve til å starte opp.

22. mai 2013 arrangerte Mineralprosjektet dagskonferanse i Alta under tittelen «Regjeringens Mineralstrategi – muligheter og utfordringer for Finnmark» Som innleiarar var det bare invitert tilhengarar av mineralsatsinga, der var ikkje invitert representantar for verken miljøorganisasjonar, reindrift eller fiskeri, og heller ikkje forskingsinstitusjonar som har vore kritiske til bl.a. sjødeponi. [30] Sjølv om Naturvernforbundet til sist klarte å få pressa seg inn med eit innlegg, var det ein overvegande dominans av dei som ukritisk støtta regjeringa sin strategi. [31]

I 2014 hadde heile mineralarbeidet til Finnmark fylkeskommune brote saman, til den grad at ein måtte søke ekstern hjelp for å forsøke å ro det i land. Ein gikk da til ope anbod, annonsert gjennom datakonsulentfirmaet Mercell i Oslo, om eit oppdrag med utarbeiding av mineralstrategi for Finnmark og sekretariatsfunksjon for Mineralforum Finnmark.

Våren 2015 blei det så sendt ut eit utkast til mineralstrategi for Finnmark. Strategien bygde på den nasjonale mineralstrategien, og la som denne einsidig vekt på å tiltrekke investeringar og få i gang nye gruver. Andre næringar og miljøomsyn var det lagt lite vekt på, og det var heller ingen planar for opprydding etter tidligare gruvedrift i fylket. Dette gjorde at strategiforslaget blei utsett for hard kritikk, bl.a. frå Naturvernforbundet, som i eit skarpt avisinnlegg kravde at heile strategien blei forkasta og at ein måtte starte arbeidet på nytt.[32] På fylkestinget blei det i første rekke diskusjon om sjødeponi, men eit forslag frå V og SV om å avvise sjødeponi fikk bare 4 røyster, og det var bare V som til slutt røysta mot heile strategien.

Velsignarar og pådrivarar

I starten av dette kapitlet stilte eg spørsmålet om kva som er mineral- og miljøforvaltninga si rolle i samband med mineralleiting og søknadar om å få sette i gang gruvedrift. I utgangspunktet skulle ein vel tru at det skulle vere å kontrollere at denne verksemda blir drive på ein slik måte at det ikkje er øydeleggande for natur og andre næringar, og at verksemda på alle vis skjer innafor regelverket. Som alternativ sette eg opp at dei såg det som si oppgåve å sørge for at gruveselskapa fikk gjennom søknadane sine. Dei undersøkingane eg har gjort tyder dessverre på at eg hadde rett i mistanken, og at konklusjonen for dei fleste forvaltningsinstitusjonane er at dei fungerer som velsignarar. Men ikkje nok med det. I nokre tilfelle kan vi og sjå at offentlige forvaltningsinstitusjonar fungerer som direkte pådrivarar for å få i gang gruvedrift og for å endre regelverket slik at det skal bli enklare for bedriftene og miljøkrava skal bli veikare.

Sametinget – gruveselskapa sin motstandar – eller ven?

«Sametinget hadde 17.04.02 møte med nærings- og handelsministeren hvor Sametinget ga klart uttrykk for sin prinsipielle holdning om at ressursene i samiske områder, både over og under jorden, tilhører det samiske folk. Dette er nedarvede rettigheter som vi har og som vi aldri har gitt fra oss. Det ble videre gjort klart at Sametinget ikke kan akseptere at samiske områder stadig legges ut for salg eller deles ut til ulike formål som muting, leting, undersøkelse og drift av mineralforekomster uten at samene på noen måte har innflytelse over situasjonen.» Dette utdraget frå Sametinget si årsmelding for 2002 fortel om skarpe motsetningar mellom Sametinget og norske styresmakter i mineralspørsmål. Men også innafor Sametinget har det vore mye motsetningar.

Bakgrunnen for at Noreg fikk eit sameting var kampen om utbygginga av Alta–Guovdageaidnu-vassdraget. Dette var både ein naturvernkamp og ein kamp for samiske rettar til land og vatn, for at samefolket skulle ha rett til å seie nei til øydeleggande inngrep i området deira. Altakampen førte til nedsetting av Samerettsutvalget i 1980. Den første innstillinga til utvalet førte til vedtak av sameparagrafen i Grunnlova og samelova i 1987, med oppretting av Sametinget frå 1989. Den andre innstillinga kom i 1997 og etter lang debatt blei Finnmarkslova vedtatt i 2005.

Den andre hovudinnstillinga til Samerettsutvalget hadde den talande tittelen «Naturgrunnlaget for samisk kultur». Ut frå dette skulle ein kanskje tru Sametinget ville bli ein konsekvent forsvarar av dette naturgrunnlaget mot inngrep utafrå. Så enkelt skulle det vise seg å ikkje vere. Det har vi gjentatte gongar sett i spørsmålet om mineralutvinning.

Mot Rio Tinto og Tertiary Minerals

Verken da Samerettsutvalet blei oppnemnd i 1980 eller da Sametinget blei oppretta i 1989 var mineralspørsmål særlig sentralt i samisk eller norsk nasjonal politikk. Mineralleiting blei aktualisert da Rio Tinto i 1994 starta leiteboring ved Karasjok og sametingspresident Ole Henrik Magga ba dei pakke saman. [33] Rio Tinto pakka saman, men det blei ikkje ro på vidda, for andre leiteselskap heldt fram, og Sametinget sa frå fleire gongar. I 2002 ville det engelske selskapet Tertiary Minerals starte prøveboring og da «... fant Sametingsrådet det nødvendig å be selskapet om ikke å igangsette leteboringen fordi Sametinget på vegne av det samiske folk ikke hadde gitt sitt samtykke til det, og fordi norske myndigheter ikke har anerkjent samiske rettigheter.» [34] Sametinget hadde da møte med dette og fleire leiteselskap, og oppsummerte situasjonen slik: «Sametinget har det generelle inntrykk at mineralselskapene langt på vei har et ønske om å respektere samiske rettigheter og at de ønsker eventuell utvinning på samiske premisser. Problemet er imidlertid at Regjeringen så langt ikke har uttrykt et tilsvarende ønske om å respektere samiske rettigheter.»

Sametinget mot minerallova

Sametinget behandla forslag til minerallov i plenum ei rekke gongar. I 2007–08 var det fleire gongar konsultasjonar mellom Nærings- og handelsdepartementet og Sametinget, men utan at ein blei samde. Sametinget oppsummerte: «Konsultasjonene bar preg av manglende vilje til reelle konsultasjoner for å finne løsninger det kunne være enighet om.» Som følgje av dette rapporterte Sametinget saka til ILO og FN sin spesialrapportør for urfolk.[35]

Kva var så Sametinget sitt alternativ? Det har ikkje alltid vore like klart, men eit viktig prinsipp kom fram 04.06.2002 på orienteringsmøte mellom Sametinget og Nærings- og handelsdepartementet om arbeidet med ny minerallov: «Sametinget holder fast ved at ny minerallov må være en konsesjonslov der bergfrihetens prinsipp fjernes også for mutbare mineraler. En konsesjonslov vil i sterkere grad også ivareta behovene for utredning om konsekvenser for næringer, miljø, kultur og samfunn.» Dette er faktisk det einaste tilfellet eg har funne der eit politisk organ i Noreg har krevd fjerning av «bergfriheten», eller «første finners rett».

Sametinget sitt vedtak 28.11.2008 om å avvise minerallova blei gjort med 28 mot 3 røyster. Året etter blei dette bekrefta, da i eit samrøystes vedtak, som konkluderte slik: «Sametinget vil på det sterkeste advare mot å vedta minerallovforslaget slik det foreligger. Konsekvensene vil bli at loven, i stedet for å fremme mineralvirksomhet, setter hindringer for en slik aktivitet i nord. Sametinget vil ikke kunne akseptere en virksomhet som reguleres av en lov som ikke ivaretar samiske rettigheter.» Det samrøystes vedtaket dekte over store indre motsetningar, det var eit kompromiss mellom dei som ønskte auka mineralverksemd og dei som ikkje ønskte det, men ein kunne i alle fall samle seg om å seie nei til det lovverket som da blei vedtatt.

Også når det gjaldt forskriftene til minerallova var det strid om samiske spørsmål. Sametingsrådet reagerte særlig på fastsettinga av utvida grunnavgift. Denne var fastsett til bare 0,25 %, grunngitt med at departementet «blant annet har lagt vekt på at nivået må være slik at det fortsatt skal være attraktivt å investere i mineraldrift i Finnmark». Sametingsrådet meinte dette ikkje var tilstrekkelig for å oppfylle ILO-konvensjonen sine krav, både på grunn av det låge nivået, og fordi det bare skulle gjelde på Finnmarkseiendommen sin grunn, og ikkje elles i samiske område. I uttalen brukar Sametingsrådet ikkje uttrykket «statens mineraler» som det står i lovteksten, men «mineraler staten hevder å eie». Dette førte til skarpe reaksjonar frå nokre politikarar.

Ytre og indre strid

I perioden 2007–13 hadde Arbeiderpartiet ein dominerande posisjon både i Regjeringa, i Sametingsrådet og i Fylkestinget i Finnmark. I store delar av debattane og konsultasjonane om minerallova sat derfor partifeller på begge sider av bordet. Likevel klarte ein ikkje å bli samde, og tonen har til tider vore ganske skarp. Nærings- og handelsdepartementet gjorde det klart overfor Stortinget at departementet avslutta konsultasjonane med Sametinget, sidan Sametinget ikkje ville gi sitt samtykke til lova.

Det var i den tida ikkje bare delte meiningar på Sametinget, men også innafor Sametingsrådet og i Arbeiderpartiet si sametingsgruppe. Usemja gikk både på dei prinsipielle spørsmåla og ikkje minst på konkrete gruvesaker som var under behandling. Aller mest omstridt var søknaden frå Nussir om koppargruve med sjødeponi. Her var det innafor AP-gruppa både tilhengarar og motstandarar, mens presidenten forsøkte å balansere og meine minst mogleg. Også innafor den største opposisjonsgruppa, NSR, var det delte meiningar om gruvespørsmål.

Vegleiar for eller mot gruvedrift?

Etter Sametinget sitt nei til minerallova uttalte sametingspresident Egil Olli: «I praksis betyr det at Sametinget kommer til å si nei til alle søknader». Men seinare angra han seg og ville finne ein utveg til å seie ja likevel.[36] Samtidig med at Stortinget vedtok minerallova, sendte så Sametingsrådet ut til høring eit forslag til det som blei «Sametingets mineralveileder for undersøkelser og drift på mineralressurser». Mineralvegleiaren blei vedtatt av Sametinget i juni 2010 med 19 mot 17 røyster. Han er gitt ut som eige hefte.[37] I forordet presenterer sametingspresident Egil Olli vegleiaren:

«... Denne mineralveilederen legger opp til at det inngås avtaler mellom Sametinget og selskaper om undersøkelsesarbeider og planer om søknad om driftskonsesjon. ... Sametinget har som målsetting at næringsvirksomhet på mineralressurser i tradisjonelle samiske områder skal være til gagn for og direkte styrke og utvikle samisk kultur og lokalsamfunn. Slik virksomhet må samtidig skje i sameksistens med, og ikke til fortrengsel for tradisjonelle samiske næringer og tradisjonell samisk kulturbasert høsting. Mineralloven som Stortinget vedtok 10. juni 2009 sikrer ikke disse hensynene, og ivaretok ikke de forpliktelsene staten har overfor samene som urfolk etter menneskerettighetene. Sametinget kunne derfor ikke gi sitt samtykke til loven. For at Sametinget likevel skal ha mulighet til å gi sin tilslutning til mineralvirksomhet i samiske områder har Sametinget fastsatt en egen veileder som vil danne grunnlag for at samenes rettigheter i henhold til folkerettens regler om urfolk og minoriteter følges. ....» Motivasjonen til presidenten kjem her klart fram i den setninga vi har utheva i sitatet over.

I mineralvegleiaren står det bl.a. at den som vil foreta undersøkingsarbeid og prøveuttak, eller søke om driftskonsesjon, skal kontakte Sametinget for å avtale forhandlingar om dette. Sametinget kan da avtale med samiske interesser som blir berørt at dei kan delta i forhandlingane eller at Sametinget kan representere dei. Eit sentralt punkt i vegleiaren er spørsmålet om kompensasjon: «Det skal vurderes vilkår om kompensasjon til fordel for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv i form av arbeidsplasser, språkstyrking, kompetanse- og kapasitetsbygging mv.»

Mineralvegleiaren møtte motstand frå fleire kantar. På eine sida var det politikarar som meinte Sametinget no ville gjøre seg til ein stat i staten. Fylkesordføraren i Finnmark, Runar Sjåstad (Ap), sa det slik: «– Jeg oppfatter dette slik at Sametinget vil tilta seg vetorett. Det er en rett de ikke har. Jeg skulle ønske Sametinget nå anerkjente at det er Stortinget som er lovgivende myndighet i Norge.» [38] På andre sida var meinte opposisjonen på Sametinget at vegleiaren var alt for positiv til gruveselskapa sine planar og ei undergraving av Sametinget sine prinsipielle krav.

Hand i hand med gruveselskapa

Sametinget og Nussir ASA inngikk intensjonsavtale i 2010, representert ved Sametingspresident Egil Olli, og Nussir-direktør Øystein Rushfeldt.
(Foto: Sara Marja Magga, Sametinget)

Mineralvegleiaren legg opp til at det Sametinget ikkje har fått gjennomslag for gjennom minerallova, skal ein forsøke å få gjennom i direkte forhandlingar med gruveselskapa. Som konsekvens av denne taktikken, har Sametinget aktivt tatt initiativ til avtalar med gruveselskap som har etablert seg i samiske område. Det er underskrive tre intensjonsavtalar, med Nussir 01.09.2010, Arctic Gold 14.12.2010 [39] og Sydvaranger Gruve 10.01.2013. Den første skreiv Sametinget under aleine, på dei to andre fikk dei med reinbeitedistrikt som blir berørt av gruvene.

I eit forsvar for intensjonsavtalane skreiv Egil Olli i Finnmark Dagblad 09.09.2013 at hensikten er at lokalbefolkninga skal få innverknad på utnyttinga av ressursane, og at intensjonavtalane ikkje betyr noko støtte til gruveselskapa sine planar. Avtalane har likevel formuleringar som det er vanskelig å tolke som anna enn støtte til søknadane, og gruveselskapa har i alle fall tolka det slik. Vi siterer frå ein av avtalane: «Sametinget, Reinbeitedistrikt 34 og Reinbeitedistrikt 30A Vestre sone stiller seg positiv til søknad fra Arctic Gold Operations AB om utvinningsrett etter minerallovens §§28 og 29 for Biedjovággi. Utvinningsretten er en fortrinnsrett til eventuell behandling av driftskonsesjon. Sametinget, Reinbeitedistrikt 34 og Reinbeitedistrikt 30A Vestre sone vil overfor Direktoratet for mineralforvaltning gi uttrykk for dette i uttalelse til søknad om utvinningsrett jf mineralloven §17.» I dei to andre avtalane er det praktisk talt identiske formuleringar.

Sjølv om mineralvegleiaren ikkje har nokon formell juridisk status og gruveselskapa ikkje har vore forplikta å følgje denne, ser det ut som dei har sett seg tente med å gjøre det. Det ser vi av at alle gruveselskapa som har vore invitert til å skrive intensjonsavtalar har gjort det.

Derimot blei fleire av dei som i utgangspunktet hadde vore med på avtalane etter kvart skeptiske til kva dei hadde vore med på. Reinbeitedistrikta som ville bli berørt av Nussir nekta heile tida å skrive under på intensjonsavtalen. Og reineigarane ved Biedjovággi byrja å angre på underskrifta si, som dei opplevde at dei hadde gitt under press frå Sametinget. 18.10.2012 trekte styret for distrikt 34 Ábborášša seg frå avtalen. [40]På Sametinget blei haldningane meir skeptiske både i opposisjonen og blant partia i Sametingsrådet. Dette kom fram på markeringa mot Nussir sine planar i Kvalsund 24.08.2013, der to sametingsrepresentantar erklærte at desse avtalane burde skrotast. Finnmarksaksjonen mot forgifting fra gruver tok dei på ordet, og arrangerte 05.09.2013 ei markering foran Sametinget, der dei overleverte makulerte avtalar til sametingspresidenten. På denne markeringa deltok bl.a. representantar for reinbeitedistrikt Fiettar, Vest-Finnmark jeger- og fiskerforening og Naturvernforbundet.

Det som starta som skepsis til intensjonsavtalane utvikla seg vidare til at ein stilte spørreteikn ved heile mineralvegleiaren. Til Sametinget sitt møte 06.03.2014 hadde Sametingsrådet innstilt på å avvise heile mineralvegleiaren og vurdere oppseiing av intensjonavtalane. Gjennom debatten kom det fram at dei ikkje ville få fleirtal for eit slikt forslag, og det endte med eit kompromiss med Arbeiderparti-gruppa, ein avtale som avisa Ságat karakteriserte som eit knefall. Mineralvegleiaren skal reviderast, men avtalane er det ikkje sagt noko om. Partiet Árja, som no var i opposisjon, blei ståande aleine om å røyste for NSR sitt primære syn.

Resultatet er at det framleis er tre gyldige intensjonsavtalar mellom Sametinget og gruveselskap, men utan at nokon av dei har løyst konfliktane.

Ingen plenumsvedtak om Nussir

Den mest omstridde av alle gruvesaker i samiske område er utvilsamt planen om koppargruve ved Repparfjorden. Trass i at denne saka no har pågått i snart ti år og Sametinget har deltatt i behandlinga på fleire plan, har saka aldri vore til behandling i plenumsmøte i Sametinget. I samband med reguleringsplanen la det førre sametingsrådet inn motsegn, men denne gjaldt bare for reindrifta sine interesser. I forhold til deponispørsmålet ligg det ikkje føre noko vedtak frå Sametinget, sjølv om noverande sametingsråd har gitt uttrykk for at dei ville også lagt inn motsegn her.

At Arbeiderpartiet ikkje ønska noko plenumsbehandling av Nussir-saka er forståelig. Vanskeligare er det å forstå at NSR, som sommaren 2013 uttalte at dei ønska behandling av saka snarast etter sametingsvalet den hausten [41], først har sett opp saka til behandling på plenumsmøte i mars 2016.

Resultatlause konsultasjonar

I samband med Miljødirektoratet si behandling av utsleppssøknaden har det vore konsultasjonsmøte med Sametinget. I den samanhengen gav Sametinget klar melding: «De forurensningsmessige ulempene for samiske næringer er så store sammenholdt med de fordeler det medfører og de direkte ulempene for samisk kultur og samfunn forøvrig vil medføre at Sametinget ikke kan se at det foreligger grunn til å gi tillatelse etter forurensningsloven til omsøkte tiltak.»

I protokoll frå konsultasjon 13.05.2015 står det: «Sametinget mente at en gjennomføring av tiltaket vil gi mye større ulemper enn fordeler for de direkte berørte samiske interessene, og at tiltaket vil være av en slik karakter at det er svært vanskelig å foreslå avbøtende tiltak som er reelle og effektive.» 29.09.2015 ga direktoratet einsidig melding om at konsultasjonane er avslutta, utan at det var oppnådd semje og utan at det var skrive noko sluttprotokoll. Sametinget protestert på dette og hevda at det var brot på konsultasjonsplikta etter folkeretten og etter konsultasjonsavtala mellom styresmaktene og Sametinget. Miljødirektoratet måtte da gå med på nytt møte i november, men utan at det førte saka vidare.

08.12.2015 kom meldinga om at Miljødirektoratet gir Nussir utsleppsløyve. Da var sametingsråd Silje Muotka blant dei som reagerte sterkt, og lova at Sametinget vil anke saka til departementet og at ein også vurderer å støtte økonomisk dersom reindrifta vil gå til rettssak mot staten.

Sametingspresident Aili Keskitalo er tidligare kritisert for å ha vore uklar og taus i gruvesaker, noko som bl.a. skuldast at ho har vore rekna som inhabil i konkrete saker der boreselskapet til nokre slektningar av henne er innblanda. I nyttårstala si 01.01.2016 var ho derimot svært klar: «Våre barnebarn vil ikke forstå at vår generasjon med stor flid sorterte husholdningsavfall, men valgte å dumpe giftig avfall i de fjordene vi skulle hente vår mat fra. Våre barnebarn vil ikke forstå hvorfor 100 arbeidsplasser i 30 års forurensende og ikke-fornybar gruveindustri, er mer verdifull enn 100 arbeidsplasser i en fornybar reindriftsnæring, som produserer verdens beste og sunneste matvare.»

Statskog og FeFo – Grunneigarar og forvaltarar

Den største grunneigaren i Noreg heitte tidligare Direktoratet for Statens skoger, og blei i 1992 omgjort til Statskog SF. På den tida hadde Statskog eit areal på omlag 1/3 av fastlands-Noreg, og ved etablering av mineralverksemd innafor dette arealet var det altså Statskog som hadde grunneigaren si rolle. I Finnmark blei Statsskog sin grunn i det daglige styrt av Jordsalgskontoret og Jordsalgsstyret, der eit fleirtal av representantane var oppnemnde av fylkestinget. Jordsalgsstyret styrte da også med mutingar på grunneigar sine mineral. Blant desse er diamantar, og da det midt på 1990-talet gikk ein diamantfeber der tre av verdas største gruveselskap søkte om rett til å leite diamantar i Finnmark, førte det til stor strid. Først gav Jordsalgskontoret løyve. Sametinget protesterte, og det førte til at Jordsalgsstyret i 1995 vedtok: «Jordsalgsstyret mener at tillatelser til utvinning av ikke mutbare mineraler som f.eks. diamanter ikke skal gis før Samerettsutvalgets innstilling er politisk sluttbehandlet.»

Sjølv om Statskog i 2006 måtte gi frå seg utmarka i Finnmark, har dei framleis omlag 1/5 av landet. I Troms og Nordland eig Statskog nesten halve arealet. Lenger sør har Statskog større og mindre utmarksområde i dei fleste fylke. Statskog er organisert som eit statsforetak under Landbruksministeren, og «skal drives etter bedriftsøkonomiske prinsipper, men er samtidig pålagt å løse andre samfunnsmessige og sektorpolitiske målsettinger på oppdrag fra eier.» Dette gjør at Statskog gjerne ser spørsmål om mineralutvinning som næringsutvikling og inntektskjelde, meir enn ein ser det som trugsmål mot natur og andre næringar. I eit foredrag på Geonor-konferansen 2014 uttrykte ein representant for Statskog målsettinga slik: «Hovedmål: Langsiktig lønnsomhet og profesjonell grunneier. Mål: Realisere eiendommenes utviklingspotensial.» [42]

Ut frå dette har Statskog arbeida aktivt for å få mineralutvinning på eigen grunn. Det ser vi bl.a. i saka om dolomittbrot på Ljøsenhammaren i Bodø kommune, der Statskog har gått inn i lag med eit svensk selskap for å drive brotet. I Snåsa i Nord-Trøndelag er det funne fleire verdfulle mineral på Statskog-grunn ved Raudfjellet. På grunn av minerala blei dette området i 2004 halde utanom ved opprettinga av nasjonalparken Blåfjell-Skjækerfjella, men gitt midlertidig vern i ti år. I denne tida har så Statskog arbeida aktivt for å få oppheva vernet, og klarte det i 2014. Da oppheva Klima- og miljødepartementet vernet mot Miljødirektoratet si tilråding, og gikk lenger enn Direktoratet for mineralforvaltning, som bad om ei utsetting inntil eventuell gruvedrift var vurdert nærare.[43]

Statskog har samarbeidsavtalar med Troms og Nordland fylkeskommunar, der dei gir støtte til utvikling av mineralressursar. I 2012 inngikk Statskog og Sametinget samarbeidsavtale, der det står: «Når Statskog SF vurderer å iverksette eller legge til rette for større grunndisponeringstiltak på egen grunn (herunder salg, utleie og opsjonsavtaler), som påvirker, eller kan påvirke, samisk kultur direkte, skal Sametinget kontaktes skriftlig med forespørsel om det er ønskelig å gjennomføre konsultasjoner med sikte på å oppnå tilslutning til tiltaket. Som større grunndisponeringstiltak regnes vindkraftutbygginger, drift av mineralforekomster og utbygging av hyttefelt m.v.» Konsultasjonar om mineralutvinning skal med andre ord gjennomførast ut frå at fasiten er gitt. Sametinget skal bare få gi tilslutning, ikkje kunne hindre inngrep.

For staten sine mineral på Statsskog-grunn gjeld Minerallova § 57 om at utvinnar skal betale til grunneigaren ei årlig avgift på 0,5 % av omsetningsverdien. Utvinning av staten sine mineral på Statskog sin grunn gjeld for tida bare Rana gruver. Sjølv om det heiter «statens mineraler» og Statskog er statseigd, så betyr ikkje det at det er Statskog sine mineral. I behandlinga av slike saker er Statskog redusert til høringsinstans. For grunneigar sine mineral kan derimot Statskog sjølv inngå opsjonsavtale med selskap som vil drive på desse minerala. Når dei nødvendige løyva er gitt til oppstart, går så opsjonsavtalen over i ein driftsavtale.

Samerettsutvalet, som blei oppretta i 1981, førte til oppretting av to nye institusjonar i norsk forvaltning: Sametinget og Finnmarkseiendommen (FeFo). FeFo er ikkje samerettsutvalet sitt opprinnelige forslag, det er eit resultat av eit kompromiss mellom Stortinget, Sametinget og Finnmark fylkeskommune i 2005. Likevel står det fast at opprettinga av denne institusjonen som forvaltar av den tidligare statsgrunnen i Finnmark er eit resultat av kravet om samisk rett til land og vatn i fylket. FeFo er derfor noko meir enn ein vanlig grunneigar. I følgje Finnmarkslova har FeFo som oppgåve å «legge til rette for at grunn og naturressursene i Finnmark forvaltes på en balansert og økologisk bærekraftig måte, til beste for innbyggerne i fylket og særlig som grunnlag for samisk kultur, reindrift, bruk av utmark, næringsdrift og samfunnsliv.» Korleis har så FeFo ivaretatt denne målsettinga i forhold til mineralnæringa sitt press for å få utvinne mineral i fylket?

Opprettinga av Finnmarkseiendommen har ikkje ført til ei bremse på mineralleitinga i Finnmark, snarare tvert om.

Frå 2006 overtok Finnmarkseiendommen Statskog sin eigedom i Finnmark, eit areal på 46000 km2. FeFo har eit styre på 6 personar, 3 frå Finnmark fylkeskommune og 3 frå Sametinget. Dei skiftar på å ha leiarvervet, og leiaren har dobbeltrøyst, noko som fleire gongar har vore avgjørande i mineralsaker. FeFo er sjølvfinansierande og derfor ute etter alle inntektskjelder, noko som lett kan komme i motstrid til den nemnde formålsparagrafen.

Finnmarkseiendommen vil ha forskjellige roller ved behandlinga av staten sine mineral og grunneigar sine mineral. For staten sine mineral skal utvinnaren betale til grunneigaren ei årlig avgift på 0,5 % av omsetningsverdien, med eit tillegg på 0,25 % i Finnmark. Det har likevel ikkje kome inn eit øre i avgift til FeFo, ettersom den einaste utvinninga av staten sine mineral i Finnmark har vore ved Sydvaranger Gruve, som har hatt eigedomsrett til konsesjonsområdet sitt.

For grunneigar sine mineral (industrimineral, naturstein, pukk, grus og sand) kan derimot FeFo sjølv inngå opsjonsavtale og seinare driftsavtale med selskap som vil drive på desse minerala. FeFo-styret vedtok i 2009 retningslinjer for tildeling av løyve og rettar.

«1. Selskaper kan gis førsterett til å forhandle med FeFo om driftsavtale for evt. drivverdige forekomster innenfor avgrensede områder. Slik førsterett gis gjennom opsjonsavtale. Vederlag til grunneier ved evt. gruvedrift kan avtales gjennom opsjonsavtalen.
2. Opsjonsavtale inngås for inntil 5 år mot en årlig progressiv avgift fastsatt av direktøren. Opsjonen gir ingen rett til inngrep utover det som følger av minerallovens § 9, og gis uten forutgående høring.
3. Før FeFo gir tillatelse til inngrep som kan medføre vesentlig skade eller ulempe, herunder kjerneboring, skal alle berørte parter gis anledning til å uttale seg. ...»

Fefo har fastsett satsar for opsjonsavgifta. Desse er langt lågare enn tilsvarande avgifter for staten sine mineral.

OpsjonsavgiftPr. km² pr. årMinimumsavgift kr pr. år
1.–3. år100 kr5000 kr
4.–5. år200 kr10 000 kr
6.–7. år300 kr15 000 kr
8. –10. år1000 kr25 000 kr

Grunneigarvederlag ved drift skal fastsetjast ved forhandlingar, her er ingen faste takstar. [44]

FeFo hadde i 2014 driftsavtalar med 50 aktive massetak og 38 uttak utan aktiv drift. Dei to største uttaka er Elkem Tana og Sibelco på Stjernøya. I tillegg har ein 6 opsjonsavtalar. For 2016 budsjetterer FeFo med inntekt på ca. kr 7,1 mill av grus, malm og skifer, og i tillegg opsjonsavgifter med kr 540 000.

FeFo gjør altså her det same som Direktoratet for mineralforvaltning: I første ledd i saksbehandlinga gir dei løyve administrativt utan å sende saka på høring. Først når det er klart for større inngrep, blir saka sendt til høring, men da har ein allereie kome langt i planlegginga og utbyggar har allereie brukt mye pengar, slik at da er det vanskeligare å stoppe.

Retningslinjene seier at FeFo skal følgje vedtaka som blir gjort i sentrale forvaltningsorgan. Da er det fare for at det ikkje blir mye igjen av målsettinga med å forvalte «på en balansert og økologisk bærekraftig måte, til beste for innbyggerne i fylket og særlig som grunnlag for samisk kultur, reindrift, bruk av utmark, næringsdrift og samfunnsliv.» Det virkar her som FeFo ikkje har høgare mål enn å følge opp sentrale organ sine ønske om mineralutvinning.

I to av gruvesakene som er har vore til behandling dei siste åra har FeFo hatt ei aktiv rolle. I kapitlet om Kvalsund i bind 1 har vi tatt opp korleis striden mellom forskjellige politiske parti og representantar for Fylkestinget og Sametinget har ført til skiftande vedtak i striden om koppargruve. I Alta er det plan om eit større steinbrot. Da partane som blir berørt av dette fikk det til høring, oppdaga dei at selskapet allereie hadde fått opsjonsavtale med FeFo.

FeFo har hatt ei svært passiv rolle i forhold til løyve til utmarkskjøring i samband med mineralleiting. Mens motorferdselslova § 10 seier at grunneigar har rett til å forby eller avgrense motorferdsel på eigen eigedom, ser det ut som FeFo så langt aldri har protestert når kommunale organ har gitt løyve.[45]

Ut frå desse røynslene kan ein spørje om Finnmarkseiendommen i praksis har hatt anna funksjon i mineralsaker enn å gi legitimitet til naturinngrep.

Fotnotar

[1] Innstilling fra røykskadekomiteen om tiltak mot luftforurensing fra industrianlegg m.v. Avgitt til departementet for industri og håndverk 19.05.1958. Gjengitt etter Kristin Asdal: Politikkens natur – Naturens politikk. Universitetsforlaget 2011
[2] 1947–88 Industridepartementet, 1989–92 Næringsdepartementet, 1993–96 Nærings- og energidepartementet, 1997–2013 Nærings- og handelsdepartementet
[3] Miljøstatus
[4] NGU
[5] Geoaktuelt
[6] Adresseavisen 01.11.1988
[7] Adresseavisen 19.04.1989
[8] Rolv Dahl i e-post til forfattaren av denne boka, 18.06.2014
[9] Sjefen for NGUs Finnmarks-prosjekt tror det finnes ei gullåre i Finnmark: – Vi driver bare generell kartlegging av mineraler. Altaposten 16.07.1983
[10] NGU: MINN
[11] NGU: Seismiske målinger i Finnmark
[12] Øystein Rushfeldt, direktør for Nussir ASA, som planlegg koppargruve ved Repparfjorden.
[13] Ávvir 18.04.2012
[14] NGU: MINN sluttrapport
[15] Teknisk ukeblad 19.11.2015
[16] Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift. Jfr. Plan- og bygningslova §11.7. Reindrift blei lagt til som eigen kategori i 2008.
[17] Geo 365, 2012/1
[18] Intervju med forfattaren, januar 2014
[19] Øyvind Nøttestad: Fra forkynner til forvalter. SFTs historie fram til 1994. 2002
[20] Øyvind Nøttestad: Fra forkynner til forvalter. SFTs historie fram til 1994. 2002
[21] Øyvind Nøttestad: Fra forkynner til forvalter. SFTs historie fram til 1994. 2002
[22] Sjå bind 1, kapitlet om Sydvaranger.
[23] Sjå bind 1, kapitlet om Kvalsund.
[24] NRK 17.02.2014
[25] vimeo.com
[26] KMD: Uttak av mineralske forekomster og planlegging etter plan- og bygningsloven
[27] Finnmark Dagblad 17.03.2011
[28] Brev frå sametingspresident Egil Olli til fylkeskommunen 31.03.2011.
[29] E-post til forfattaren frå Finnmark fylkeskommune v/ Jacob Nielsen Øien, 07.10.2014.
[30] Mineralkonferanse uten naturvern
[31] Naturvernforbundet likevel med.
[32] Ubrukelig mineralstrategi
[33] Sjå kapittel om gull i bind 3
[34] Sametingets beretning om virksomheten i 2002.
[35] Sametinget: Mineralloven
[36] NRK 03.11.2009
[37] Sametingets mineralveileder
[38] http://www.abcnyheter.no/nyheter/okonomi/100504/samene-krever-omstridt-gruve-forhandlingsrett
[39] Med Arctic Gold er det formelt to avtalar, intensjonsavtale og undersøkingsavtale. For dei andre intensjonsavtalane er undersøkingsavtala inkludert.
[40] Dette er nærare omtalt i bind 1 i kapitlet om Biedjovággi.
[41] NRK 10.06.2013
[42] Statskog som mineralaktør
[43] Snåsningen 03.12.2014.
[44] FeFo
[45] NRK 13.12.2014


Til neste kapittel