Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Glass, keramikk og støypesand

NEFELIN, OLIVIN

Nefelin – Der ingen skulle tru ...

Det er ikkje alltid at dei mest verdfulle minerala er lokalisert der det passar greitt for menneska å ta dei ut. Nefelinsyenitten på Stjernøya (Stierdná) i Altafjorden er eit godt eksempel på det. Gruva ligg på ein stad der ingen skulle tru at nokon verken kunne bu eller drive gruvedrift.


Nefelinsyenitt er ein magmatisk bergart som hovudsakelig består av alkalifeltspat og nefelin, (Na,K)AlSiO4. Han er forholdsvis sjeldan og førekjem i større mengder bare i nokre få land i verda. Nefelinsyenitt blir mest brukt i glassproduksjon og keramisk industri.

Den ukjente gruva

I sommarhalvåret blir det meste brote i dette dagbrotet på toppen av Nabbaren. Om vinteren blir her mest drive boring med sikte på planlegging av neste års drift.
(Foto: SL)

– På Stjernøya – er det gruve der? Kva slags gruve? Desse spørsmåla fikk vi i Alta da vi fortalte at vi skulle til Stjernøya og sjå på gruva. For ein av dei største og eldste arbeidsplassane i Alta kommune er så godt som ukjent for mange av dei som bur i kommunen, og dei færraste har nokon gong sett anlegget til nefelingruva på Stjernøya. Korleis kjem ein seg så til Stjernøya? På internett er det ingen informasjon å finne om det. Etter å ha gått vegen om Sibelco sine internasjonale engelskspråklige sider og fylt ut eit skjema, blei eg til slutt kontakta av sjefen for nefelingruva, og får avtale om ein dag da vi kan komme med skyssbåten.

Ein mørk januarmorgon ruslar vi ned på Alta hamn. Ingen skilt seier at hurtigbåten som ligg her går til Stjernøya tre gongar for døgnet året rundt. Tause og søvnige kjem folk ruslande ombord på «Nefelin V». Som namnet seier er dette den femte i rekka av båtar som har frakta gruvearbeidarar til Lillebukta (Unna Muotkkádagaš) på Stjernøya. Presis kl. 0620 glir båten ut frå kaia. Etter ein halvtimes tid går vi stille til kai på Isnestoften ute i fjorden. Her kjem det eit tital folk ombord, det er nefelin–arbeidarar som bur langs vestsida av Altafjorden. Etter ei tid lyser det opp på styrbord side og vi glir inn mot kaia i Lillebukta. Passasjerane ruslar i land og spreier seg til arbeidsplassane sine, nokre til dagbrotet, andre til bryting og knusing inne i fjellet, til oppreiingsverket i fjellsida, verkstad, kantine, laboratorium eller kontor i brakkene på utsida eller ved losseanlegget.

Der ingen skulle tru at nokon kunne drive gruver og oppreiingsanlegg – der har ei bedrift med over hundre tilsette klora seg fast i 55 år. Og har ikkje tenkt å gi seg på lenge enno.

Tyske mineralleitarar og doktorgrad

Det starta eigentlig på naboøya Seiland (Sievju), der to tyske mineralleitarar fann nefelinsyenitt ein gong rundt 1840. Seinare fann ein dette mineralet også på Stjernøya og på fastlandet nær Talvik (Dálbmeluokta). Da nefelinsyenitten frå Stjernøya og Seiland blei gjort kjent i den geologiske verda gjennom ei doktoravhandling i 1927, [1] var han enno bare ein geologisk raritet av rein vitskapelig interesse, men på 1930-talet starta ein i Kanada å utvinne dette mineralet for bruk i glass og keramikk. Da kom tanken om industriell utvinning også i Noreg.

I 1951 kom Seiland, Stjernøya og Øksfjordhalvøya på NGU sitt leiteprogram, og nefelinsyenitt var eit av minerala dei spesielt var på leiting etter. Allereie i 1953 fann dei, med god hjelp av lokalkjente, førekomsten som det seinare skulle bli gruve på. Ein av dei som i ungdommen var med å leite nefelinsyenitt i fjella på Stjernøya, blei seinare elektrikar der og til slutt elektrosjef, og har skrive bok om mineralleitinga og gruva.[2]

I mellomtida var også andre på banen. Ein amatørgeolog i Tromsø meldte inn funn som han seinare overdrog til det engelske selskapet The Finnmark Mining Company Ltd. Etter eit par år fram og tilbake mellom forskjellige engelske, norske og norsk-engelske interesser blei selskapet Norsk Nepheline A/S registrert i 1956. Det sikra seg same året leigekontrakt med daverande Finnmark Jordsalgskommisjon. Den opprinnelige planen gikk ut på gruve på Seiland, og at rågodset skulle sendast til Nederland for separering. Kvaliteten på råstoffet frå Seiland synte seg å vere for dårlig, og den nederlandske samarbeidspartnaren trakk seg, og planen blei endra til gruve på Stjernøya og oppreiingsanlegg ved gruva. Norsk Nepheline hadde ikkje styrke til å få i gang dette aleine, og søkte samarbeid med Christiania Spigerverk. Det gikk ikkje lang tid før Spigerverket overtok alt. Spigerverket gjorde prøveoppreiing først på stein frå Seiland, men fann denne for dårlig. Så prøvde dei stein som var tatt på Stjernøya, midt oppe på Nabbaren (Nápparvárri), omlag 700 meter over havet. Det gav mye betre resultat, og i november 1959 bestemte representantskapet i Christiania Spigerverk å sette i gang gruve, med anlegg i Lillebukta ved foten av Nabbaren.

Ville ikkje ha Klondike

Statuen av den første direktøren Gunnar Schjelderup står langs vegen mellom messa og driftsbygningane.
(Foto: SL)

På øversida av vegen mellom messa og oppreiingsverket i Lillebukta står det eit bronsehovud på ein sokkel av nefelinsyenitt. På ei kopparplate på sokkelen står det bare skrive «Gunnar Schjelderup». Kvifor har denne statua hamna der? Schjelderup var direktør ved Christiania Spigerverk 1926–61 og sentral i beslutninga om at Spigerverket skulle satse på gruve på Stjernøya. Mens media da som no blåste opp alle nye gruveplanar, hadde han ei langt meir nøktern innstilling. Straks det blei kjent at Spigerverket ville starte gruve, skreiv Finnmarksposten eit oppslag så rosande og optimistisk at Schjelderup så seg nøydd å skrive til avisa for «å helde litt koldt vann i blodet på dem som har lest den første artikkel». Innlegget avsluttar han slik: «Det er delvis uttrykket Klondike i Deres artikkel som får meg til å sende Dem disse linjene, men husk at Klondike har fått et litt dårlig ord på seg, – det var en kraftig boble som brast etter noen få år. Vi vil helst ikke ha noe Klondike, men heller en trygg og varig bedrift av langt mindre størrelsesorden»[3]. I ettertid kan vi trygt seie at gruva på Stjernøya blei nettopp det Schjelderup ønskte seg.

Ikkje noko ingenmannsland

Stjernøya har hatt fast busetting både på nord, aust og delar av sørsida. I følgje registreringar gjort rundt 1860 var det da praktisk talt bare samar på Stjernøya.[4] Før krigen var det omlag 250 fastbuande på øya, men brenninga under krigen og sentraliseringspolitikken etterpå førte etterkvart til at dei fleste bustadane blei fråflytta. Alta kommune stempla øya som fråflyttingsområde, og i dag er det bare i Kvalfjord (Bossovuotna) og Pollen (Bollu) på nordvestsida at det bur folk.

På sørsida av Seiland er det funne mye kulturminne som vitnar om gamal busetting.[5] I Lillebukta har det trulig aldri vore fast befolkning, men området har vore brukt som ein del av grunnlaget for busettinga andre stadar på øya, bl.a. har det vore lakseplassar her, og det var kjent som ein god blåbærplass.

På Stjernøya har det vore drive reindrift så langt tilbake at det er vanskelig å seie sikkert når det starta. Det er kjent at sjøsamar hadde rein på Stjernøya på 1600-talet. Seinare blei det sommarbeite for reineigarar med vinterbeite i Guovdageaidnu eller indre Alta. Denne drifta skal ha starta allereie på 1700-talet, og er dokumentert i alle fall frå rundt 1850[6]. Familien Sara hadde samanhengande bruk av området i over hundre år før her blei starta gruve, og fleire stadnamn nær gruva fortel om reindrifta og om denne familien[7]. For reindriftssamane var Stjernøya mye meir enn bare reinbeite. Fram til 1970-talet hadde dei òg sauer og geiter her, dei fiska, plukka bær og skar torv og sennagras.

Da mineralleitinga på Stjernøya starta opp var reindriftssamane aktivt med. I gruveselskapet sine jubileumsbøker er ikkje rolla deira i mineralfunna nemnd. I samband med ei seinare rettssak om rettar på øya er det derimot fortalt i eit saksdokument: «I 1939 sendte Johan Jørgensen Sara med sønner et mineral - Nefelinsyenitt, til Christiania Spigerverk i Oslo (Nå North Cape Minerals). De fikk omgående svar fra Spigerverket om at dette mineralet var verdifullt. Men på grunn av andre verdenskrig, ble det ikke iverksatt noe handling fra Spigerverket. I 1947 kom en geolog til Lillebukt. Han var på søk etter en person som hadde sendt mineralet til Spigerverket og spurte Johan Jørgensen Sara om han visste hvem denne personen var. Det viste seg at geologen hadde kommet til rett person. Johan Jørgensen Sara guidet geologen opp i Lillebuktdalen hvor han viste frem noen store steinblokker. Etter dette tok Spigerverket seg til rette i Lillebukt noe som førte til opptakten til Nefelindriften»[8]

Dette er fortalt av etterkomarane i ettertid, og alle detaljar har nok ikkje blitt heilt historisk korrekte. Det kan knapt ha vore Spigerverket som Sara sendte steinen til, da dette kom inn i bildet først seinare, men det viser i alle fall at reindriftssamane var tidlig med og at dei i utgangspunktet var positive til mineralutvinning. Etter kvart skulle det bli meir konfliktar.

I ei utgreiing for Finnmarkskommisjonen blir forholdet mellom reindrifta og gruva oppsummert slik: «Reindriften på Stjernøya har vært sterkt preget av gruvedriften til Nefelin. Etableringen endret ikke bare reindriftssamenes flytteveier og føringsplass for rein, men har også vært gjenstand for interne stridigheter.»

Christiania Spigerverk sikra seg ikkje bare areal i Lillebukta, men også i nabobukta Ytre Simavika. På neset mellom desse hadde familien Sara si sommarhytte. Det hadde tidligare vore føringsplass for rein i Ytre Simavika og reinen hadde trukke opp dalen frå Lillebukta. Her blei det sperra etter at gruva blei etablert. Spigerverket kjøpte ut da ut hytta og det blei lagt opp til ny ilandføringsplass i Sommerbukta. Reindriftssamane fikk også utbetalt erstatning for ulempene ved flyttinga, og Johan Sara fikk nokre aksjar i Spigerverket. I starten såg det ut som ei grei ordning, men det viste seg svært vanskelig å få reinen å gå opp frå Sommarbukta, og enno vanskeligare å få han ned der på hausten. Forholda var så vanskelige at Sara flytta ilandføringa tilbake til Ytre Simavika og tok i bruk den gamle hytta si. No hadde Elkem overtatt nefelingruva og den nye direktøren ville ikkje godta dette, han meinte hytta og Simavika no var bedrifta sin eigedom. Så ei helg brann heile gjetarhytta ned. Sara måtte dra tilbake til Sommerbukta, men der blei dalen i 1982 sperra av ras, og det blei da enno vanskeligare å flytte der. Først midt på 1990-talet gikk gruveselskapet med på at reindrifta kunne ta i bruk Ytre Simavika som føringsplass, men da hadde allereie familien Sara gitt opp drifta.

På slutten av 1960-talet kom nye reineigarar til Stjernøya, men dei tok i første rekke i bruk område som låg lenger borte frå verket, slik at det da ikkje blei så mye konflikt mellom dei og gruveselskapet. I tillegg til at familien Sara låg i strid med gruva, blei det og etter kvart konfliktar mellom dei og dei andre reineigarane på øya. På 1980-talet prøvde Sara-familien å søke seg bort til andre sommarbeiteområde, men da ikkje noko var ledig, gav dei opp drifta i 1992.[9]

I samband med Finnmarkskommisjonen sine kartleggingar i tida 2010–12 stilte Sara-familien krav om eigedomsrett, subsidiært bruksrett til det gamle reinbeiteområdet sitt på sørsida av Seiland. Kommisjonen avviste kravet om eigedomsrett, men anerkjente at dei framleis hadde rett til reindrift. I praksis har dei likevel ikkje kunna komme tilbake, da områda no er opptatt av andre reindriftsutøvarar.

Etter at Sara-familien gav opp reindrifta, tok andre reineigarar i bruk områda etter dei, inkludert Nabbaren, som var ein viktig luftingsplass, og det var i tillegg kalvingsplass like ved. Så lenge gruvedrifta utelukkande foregikk inne i fjellet, var dette ikkje noko problem, men så ønskte Elkem å etablere dagbrot på toppen av Nabbaren. Alta kommune utarbeidde ein reguleringsplan i 1998, bygd på ei konsekvensutgreiing av NORUT. Reinbeitedistrikt 25 hevda at denne var svært mangelfull, da det bl.a. ikkje kom fram at eit viktig kalvingsområde gikk tapt. Områdestyret for Vest-Finnmark la inn motsegn mot reguleringsplanen, ut frå at støy og forstyrring frå dagbrotet ville føre til tapte beite, og området rundt Saravann ikkje lenger ville kunne brukast som oppsamlingsstad. Etter mekling blei motsegna trukke tilbake, mot at det i reguleringsplanen blei tatt inn vilkår om at det ikkje skulle vere drift i dagbrotet i kalvingstida og heller ikkje i tida for samling og pramming. Det blei skjønnsrettssak, der reineigarane fikk ei eingongserstatning, og det blei sett vilkår om tider for drifta.

Dagbrotet blei opna i 2001, men etter nokre år fann bedrifta ut at det blei for lite, og søkte om utviding. I 2009 blei det gjort ei ny konsekvensutgreiing, denne gongen av Barlindhaug Consult. Reinbeitedistriktet uttalte seg mot utvidinga, som ville føre til både tap av beite, og at reinen ville bli skremt bort pga. støy. Planen blei likevel vedtatt av Alta kommunestyre. Sibelco og reinbeitedistriktet blei etterpå samde om erstatning og plassering av gjerde utan å gå vegen om rettsvesenet.

I 2013 hevda daverande næringsminister Trond Giske at det kunne vere god sameksistens mellom gruvedrift og reindrift. Da han blei utfordra til å nemne konkrete eksempel på dette, var det nettopp Stjernøya han trakk fram[10]. Sjølv om sameksistensen fungerer på eit vis i dag, viser historia at det har vore konfliktar i fleire omgongar og at den reindriftssiidaen som tidligare brukte det noverande gruveområdet måtte avvikle drifta. Det tilseier at ein bør vere forsiktig med å framstille nefelingruva på Stjernøya som eit stjerneeksempel på god sameksistens mellom reindrift og gruvedrift.

Under snøfonna

For å sikre seg mot snøras er det sett opp store murar som skal verne bygningane.
(Foto: SL)

Etter 7 km kjøring i spiral kjem vi endelig fram til opninga, og møter ein hjullastar på veg ned.
(Foto: SL)

Det var inga enkel sak å komme i gang på ein stad utan verken kai, straum eller telefonsamband. Seinhaustes 1959 gjorde representantar for Spigerverket landgang med sjark og småbåt, og først sette dei opp ein radiolink for å få telefonsamband med omverda. Med pram og provisorisk flytebrygge fikk ein frakta på land to brakker, eit straumaggregat og ein liten bulldosar til å starte anleggsarbeidet. Det var ikkje mye plassen å bygge på, men i løpet av litt over eit år fikk dei reist eit oppreiingsverk i fjellsida og kai ved sjøen. Bygningane som etter kvart kom opp måtte klore seg fast i fjellsida. Samtidig blei det drive ein gruvegang i fjellet inntil ein kom på nefelinsyenitt og utvinninga kunne begynne.[11]

Naturkreftene var ikkje å spøke med her, og ikkje før var drifta i gang i 1961, før dei første snørasa skapte problem ved å sperre vegen mellom bygga som var sett opp. Vinteren etter blei boligbrakka skada av ras. Enno verre skulle det bli i 1964. Da blei fire gruvearbeidarar tatt av raset, men kom heilskinna frå det. Det var bare flaks som gjorde at ingen omkom, men det blei betydelige skadar og fleire avbrot i produksjonen. Allereie i anleggsperioden henta ein inn nokre av dei fremste ekspertane på snøras i Noreg og Sveits, og det blei etter kvart gjort mange tiltak for å hindre at anlegget skulle bli øydelagt av snøen. Det mest utsette området blei liggande ubygd, og det blei sett opp ein betongmur som skulle verne oppreiingsanlegget om raset kom ned dalen. Oppe i fjellsidene blei det ved hjelp av dyktige fjellklatrarar bygd snøskjermar og det blei laga ein gangtunnel mellom verket og bustadområdet for bruk i tider med fare for ras.

I forsøk på å ta ut noko av snømengda med kontrollerte ras, skaut ein mot snøfonna med bombekastargranatar, men det var ikkje så veldig vellukka. Nokre gongar var været så dårlig at ein ikkje såg kor ein traff, og det var ikkje alltid granatane eksploderte. Seinare fann ein det tryggare å bruke dynamitt. Denne blei på hausten lagt ut i fjellsida der ein visste at den største sjøfonna ville legge seg. Når fonna blei stor, blei dynamitten utløyst ved fjernutløysing. Da dette blei gjort i april 2014 blei skredet filma frå begge utkantane der dei tilsette var evakuerte. Da snøskya dekte heile anlegget og langt utover sjøen, seier ein av dei: «Skal tru om vi har ein arbeidsplass å komme tilbake til når dette har lagt seg.» Nokre mindre skader blei det, men det tok ikkje lang tid før drifta var i gang igjen. Filmane blei lagt ut på nettet og er verd å ta ein titt på.[12]

7 km spiral i fjellet

Som besøkande på verket blir vi kledd opp med vernestøvlar og hjelm før vi blir plassert i ein bil som kjører inn ein tunnel i fjellet. I heile sju kilometer kjører vi først i spiral, så eit rett stykke før vi går laus på enno ein spiral. Innimellom ser vi skilt som fortel kor høgt vi er over havet, og til slutt kjem vi ut i dagen igjen. Da er vi på nesten 700 meters høgde, og er i dagbrotet til nefelingruva. Oppe i brotet finn vi og ein verkstad for vedlikehald og reparasjonar av anleggsmaskinane.

På grunn av værforhold og omsynet til reindriftsnæringa kan dei ikkje drive her heile året. Sesongen startar 20.06., det kan da enno vere mye snø å måke vekk der ein skal bryte. Så blir det drive til byrjinga av september, da det er stopp i tida da reinen blir samla og ført ombord i båtar for frakting til fastlandet. Det er sett av inntil tre veker for dette, men som regel er reinsamlinga avslutta før det, og så snart reinen har forlatt øya kan drifta i dagbrotet starte igjen. Da blir det drive der fram til vinteren gjør det for vanskelig.

No i januar er det ikkje bryting her, men det er eit par boremaskinar i gang, som tar prøver forskjellige stadar rundt i brotet. Det er førebuing til neste års drift. For steinen er slett ikkje den same overalt, han kan variere svært i innhaldet av forskjellige stoff, bl.a. jern, og for å få både rette kvalitetar på produkta og god utnytting av berget, må ein planlegge korleis uttak frå forskjellige stadar skal kombinerast.

Om ein kjem utover frå Alta, kan ein enno ikkje sjå anna av dagbrotet enn at her er noko lys på toppen når det er mørkt og drifta er i gang. Om ein kjem utafrå og ser Nabbaren frå Loppa-sida, er det derimot godt synlig at det er tatt ut berg på toppen, og etter kvart som ein arbeider seg nedover, vil dette også bli synlig frå Alta-sida.

Frå spiralen i fjellet går det mange tunnelar ut til sidene. Dei går til store rom som tidligare er drive ut ved underjordsdrift, og nokre stader der det blir drive no. I den tida som ein ikkje kan drive i dagbrotet blir det drive inne i fjellet. Steinen som blir tatt ut i dagbrotet blir fylt i magasin i fjellet, slik at ein heile tida har eit lager som knuseverk og oppreiingsverk kan drive på. Grovknuseverket er plassert inne i fjellet og herifrå går den knuste steinen på transportband til oppreiingsverket ute i dagen.

I oppreiingsverket er finknusarar og kulemøller plassert i lag med magnetseparatorar. Med lite plass for anlegget i fjellsida har ein vore nøydd å bygge dette i fleire etasjar og det er ganske trongt mellom møller og maskinar. Oppreiingsverket går døgnet rundt heile året, med unnatak av eit skift kvar tredje veke og eit par veker på sommaren da det er stopp for vedlikehald. Frå eit kontrollrom blir heile prosessen styrt av tre arbeidarar. Med fem skift er dei altså 15 som jobbar fast i oppreiingsverket. Til saman er det omlag 110 som har arbeidsplassen sin på Stjernøya.

Det noverande verket er bygd i 1966, og ein treng ikkje vere ekspert for å sjå at sjølv om det er investert mye sidan den tid, er det òg mye som er nedslitt og mye er umoderne og lite rasjonelt. Det kan ha mange fordelar at det er ein tørrprosess, men det gir òg mye støv, som spreier seg overalt både inne i bygga og utafor.

Frå Noreg via USA til Belgia

Etter forspelet med engelske interessentar var det norsk kapital som fikk verket i gang. Namnet var Norsk Nefelin, og det var ein divisjon i konsernet Christiania Spigerverk, som ei tid hadde over 4000 tilsette og fleire gruver. I 1972 blei Christiania Spigerverk fusjonert med Elkem, til Elkem–Spigerverket. Det blei eit samliv prega av store motsetningar, og endte med at Elkem tok full kontroll og selde ut store delar av Spigerverket sine bedrifter. Blant det Elkem heldt på, var gruva på Stjernøya, som no blei heitande Elkem Nefelin. Drifta gikk bra og gav gode inntekter til Elkem, men det same var ikkje tilfelle ved alle dei andre bedriftene i konsernet. På byrjinga av 1990-talet hadde smelteverka harde tider og resultatet var at heile Elkem sto i fare for å gå konkurs. Elkem ba om statlig hjelp til refinansiering, men staten sette som vilkår at Elkem sjølv stilte med eigenkapital. Løysinga blei å legge ut for sal det som ein kunne få gode pengar for, nemlig anlegget på Stjernøya.

Det var fleire interesserte og det blei gjort forsøk på å halde gruva på norske hender, men det endte med at Elkem valde å selje til det amerikanske selskapet Unimin Corporation. Det var stor skepsis til salet, da Unimin eigde nefelinsyenittgruve i Kanada og blei rekna som ein konkurrent. Unimin overtok i 1993 og bedrifta blei omdøypt til North Cape Nefelin AS. Etter at Unimin året etter kjøpte opp eit steinbrot i Lillesand, blei namnet endra til North Cape Minerals AS. Unimin var da eigd av det belgiske konsernet Sibelco, i lag med eit tysk kvartsverk. Seinare kjøpte Sibelco ut tyskarane og blei eineeigar av Unimin. Det norske selskapet Franzefoss var ei tid inne på eigarsida i North Cape Minerals, men etterkvart blei Sibelco eineeigar. Sibelco kjøpte etter kvart opp fleire olivingruver på Vestlandet og i 2008 blei det gjort ei omorganisering der alle Sibelco-eigde bedrifter i Norden gikk inn under paraplyen Sibelco Nordic.

Sibelco skil seg ut frå dei fleste gruveselskap med å ikkje vere notert på børsen. Det har vore eit familieeigd selskap sidan starten i 1872, og har etter kvart vakse til å omfatte omlag 10 000 tilsette ved 250 verk i 41 land fordelt på 5 kontinent, med omlag 40 forskjellige mineralprodukt. Selskapet gir informasjon på internett bare på ein nettstad.[13] Der er ingen informasjon på nordiske språk, og pr. april 2017 ingenting å finne om anlegget på Stjernøya.

Stjernøya og verda

Frå desse siloane og denne kaia blir nefelinsyenitten sendt ut i verda.
(Foto: SL)

Frå starten av har produksjonen på Stjernøya i stor grad vore for eksport, og eksportandelen har bare auka ettersom det har gått nedover med glas- og keramisk industri i Noreg. Under EF-striden i 1972 tok bedrifta klart standpunkt for norsk medlemskap og hevda at om Noreg blei ståande utafor ville det bli kroken på døra for bedrifta. Fagforeininga tok likevel eit klart nei-standpunkt. Som kjent blei det nei, og i boka Stjerner over Stjernøy kommenterer forfattaren lakonisk: «I hvilken grad salget av nefelinsyenitt ble berørt av resultatet hørte man ingenting om.»

I seinare år har 98 % av produksjonen gått til eksport, mest til Europa, men ein har òg seld til Afrika, Australia og Japan. Det er ingen mangel på etterspørsel, så det er bare kapasiteten til verket som set grenser for produksjonen. Kvart år blir over 300 000 tonn nefelinsyenitt sendt frå Stjernøya. Om lag 75 % går til glassverk, 20 % til keramikk og 5 % blir brukt i maling.

Det er ikkje akkurat supertankarar som fraktar produkta frå Stjernøya ut i verda. Den største båten som har lasta her var på omlag 18000 tonn, men normalt går frakta med båtar på omlag 6000 tonn. Det går omlag 100 skipingar i året. Det meste går i bulk, mens ein del av produkta blir pakka i papirsekkar eller storsekkar.

Med båt til jobben

I historia om nefelingruva står skyssbåtane sentralt, alle med namnet Nefelin og tal frå 1 til 5. Den første skyssbåten gikk bare til Øksfjord og Isnestoften. Seinare blei det rute til Korsfjord, Nyvoll og Storekorsnes, og mange frå bygdene på austsida av Altafjorden tok seg arbeid på Stjernøya. Seinare la bedrifta ned denne båtruta og dei som framleis ville ha jobb, måtte flytte inn til Alta. Slik bidro gruva til avfolkinga av ytre Altafjorden.

Dei første åra som gruva var i drift var det vanlig at gruvearbeidarane budde der ute ei veke av gangen, og bare kom heim i helgene. Dei måtte sjølv betale billett for reisa med båten, men frå omlag 1970 fikk fagforeininga gjennom at bedrifta betalte båtreisa. Seinare fikk dei gjennom at den eine reisevegen blir rekna inn i arbeidstida, mens den andre blir tatt av fritida. Frå arbeidarane har det vore eit sterkt ønske om å ha daglige båtruter, sjølv om det kan bli lange dagar med opptil to timars reiseveg. I tillegg til båten frå Alta med stopp på Isnestoften, er det båt frå Øksfjord, som ligg nærare til gruva.

På møterommet i administrasjonsbygget har nokon sett opp eit klistremerke: «Sykle til jobben». Det kan kanskje virke noko malplassert her, men dei fortel at det er fleire arbeidarar som syklar heimafrå til kaia i Alta, for så å ta sykkelen med på båten og bruke han igjen frå kaia opp til verksområdet.

Ingen av dei 110 tilsette bur fast på Stjernøya, sjølv om her er overnattingsplassar når det trengst. Dei fleste tilsette kjem frå Vest-Finnmark, det er bare nokre ganske få frå andre delar av landet og frå utlandet. Mange har jobba der i fleire tiår og det har vore ganske liten gjennomtrekk. Det har derimot vore vanskeligare å få høgt utdanna folk til laboratorium og leiing.

Avgangen i sjøen

Avgangen frå oppreiinga blir sloppe ut i Stjernsundet. I Lillebukta kan ein sjå det både i sjøen og på den svarte sanda i strandkanten. Avgangen dekker botnen i Lillebukta, slik at her er det lite liv på botn, eller som Akvaplan-Niva uttrykker det «Faunaen på de to målestasjonene innerst i Lillebukt er artsfattig og dominert av typiske tolerante arter.» Når avgangen kjem utafor bukta er det djupt vatn og straum, så han blir i stor grad ført avgarde med straumen. Det er derfor vanskelig å seie kor alt utsleppet hamnar, og kor store skadeverknadane er for livet i sjøen.

Avgangen består vesentlig av minerala biotitt, magnetitthornblende, diabas og pyroksen. Sidan oppreiinga er ein heilt tørr prosess utan kjemikaliar, blir det heller ingen kjemikaliar med avgangen. Avgangen inneheld heller ikkje tungmetall som kan vere giftige i vatn. Bedrifta har løyve til å sleppe ut inntil 300 000 tonn for året, i praksis går det ut omlag 220 000 tonn. Det er pålagt miljøundersøkingar minst kvart tiande år, og det er Akvaplan Niva som har gjort desse. Dei siste undersøkingane er gjort i 1993, 2000, 2004 og 2012.

I samband med vassforvaltningsplanen for Finnmark har vasskvaliteten i Lillebukta og Simavik fått klassifikasjonen Moderat, noko som i prinsippet tilseier at det skal gjørast tiltak for å betre denne i planperioden 2016–21. I planvedtaket frå Finnmark fylkeskommune er det likevel opna for å omgå dette, med å gi utsetting til 2027. I mangel av betre påskot, har ein gitt utsetting med grunngivinga »Naturlige årsaker» (!) I mellomtida kan da bedrifta halde fram utsleppet i trygg forvissing om at ingen vil bry seg før tidligast når arbeidet med neste plan begynner rundt 2020.

Bedrifta har gjort forsøk på å selje avgangen, men har hittil ikkje fått avsetning på han. Restmassen har høgt innhald av kalium, og er godkjend av Debio som kaligjødning i økologisk landbruk.[14] Det blir påstått at denne i prinsippet kan dekke halvparten av kaliumbehovet i norsk landbruk, men dette er kanskje noko for optimistisk. Sidan avgangen er fri for kjemikaliar og tungmetall, burde han vere godt eigna til bygningsmateriale, sjølv om innhaldet av biotitt (glimmer) her kan vere eit problem.

60 år til?

Mange gruver har vore starta som dagbrot og så halde fram som underjordsgruve. På Stjernøya har det vore omvendt. Drifta starta i underjordsgruva som fikk namnet Gruve 1. Her blei det drive i heile 38 år, men i 1999 var det ikkje mogleg å ta ut meir her. Gruve 2 blei starta i 1998, men stansa i 2005, for så å bli tatt i bruk igjen i 2007.

Ideen om dagbrot på toppen av Nabbaren oppsto allereie på 1960-talet og dette blei utgreidd fleire gongar med forskjellig resultat. På 1990-talet blei det alvor i planlegginga og det blei gjort ei konsekvensutgreiing og søkt om konsesjon. Det tok ein del tid med utgreiingar og avklaringar i forhold til reindrifta, men i 2001 kom gjennomslaget frå spiraltunnelen og dagbrotsdrifta kunne ta til.

Det ligg framleis store reserver med nefelinsyenitt igjen i Nabbaren. Med dagens produksjon reknar ein med å kunne halde fram i 60 år på dei ressursane som no er kjente. Minerala er kartlagde ned til havflata, men ein veit enno ikkje kva som måtte vere vidare nedover. Om både minerala og marknaden skulle gi grunnlag for 60 års drift, kan ein derimot trygt seie at dagens oppreiingsverk ikkje held i 60 år til. Nybygging i Lillebukta er vanskelig. Rasfaren gjør at det ikkje er aktuelt å bygge på dei ubygde områda mellom verket og brakkene, og etter dagens regelverk ville ein trulig heller ikkje fått lov å bygge der bygningane står no. Utfylling i sjøen virkar heller ikkje vidare aktuelt, ein vil framleis vere utsett for snøskred, og her har også gått undersjøiske skred, så her er ikkje sikker byggegrunn. Eit aktuelt alternativ kan vere å bygge alt inn i fjellet.

Olivin – Miljømineralet

Det er knapt noko mineral der Noreg har så stor del av verdsproduksjonen som som vi har av olivin. Det er kalla eit miljømineral bl.a. fordi det kan brukast til å absorbere miljøgifter. Men har olivingruvene vore til fordel for miljøet?


Olivin, (Mg,Fe)2SiO4, er eit grønt mineral som er ei blanding av forsteritt (Mg2SiO4) og fayalitt (Fe2SiO4). Forholdet mellom desse varierer og er avgjørande for kva olivinen kan brukast til. Forsteritt er som oftast dominerande.

Det største bruksområdet for olivin har vore som tilsatsmiddel og slaggdannar i jernverk. I motsetning til andre aktuelle middel som kalk og dolomitt, inneheld olivin ikkje karbon og det blir dermed langt mindre utslepp av CO2. Så lenge det er god kvalitet på malmen, er det mange fordelar med å bruke olivin. Men ettersom dei rike ressursane blir tappa ut, har jernverka dei siste åra vore nøydd å drive på dårligare malm med meir innhald av bl.a. kvarts, og da duger ikkje olivin. Det har ført til at etterspørselen etter olivin har gått ned igjen.

Olivin blir òg brukt til støypesand, råstoff for eldfaste produkt, sandblåsing og steinullproduksjon, og kan og vere råstoff for magnesiumproduksjon. Både til sandblåsing og støyping er olivin mye betre enn kvartssand, som kan føre til silikose.


Noreg har omlag halvparten av olivinutvinninga i verda. Nokre år har produksjonen i Noreg vore på over 3 millionar tonn, men han er no nede på omtrent halvparten.

Det er særleg mye olivin i eit område på Sunnmøre og tilgrensande område i Nordfjord. Utvinninga på Sunnmøre blei sett i gang på 1920-talet av Statens råstofflaboratorium, som hadde prøvedrift i Almklovdalen i Vanylven og i Bjørkedalen i Volda, og sikra seg driftsrett til felt i Raubergvika i Norddal. Dette var dei tre viktigaste kjente felta i landet. Det blei likevel sett i gang private bedrifter, som konkurrerte med dei statseigde. Staten sine interesser blei samla ved opprettinga av A/S Olivin i 1948. Den viktigaste marknaden var da som støypesand, til erstatning for kvartssand som gav store helseproblem for arbeidarar i støyperia.[15]

I Norddal kommune har det vore olivinutvinning tre stadar, i Dalsbygda frå omkring 1920 til 1979, i Tafjorddalen i samband med anleggsarbeid for kraftverka i Tafjord og i Raubergvika (Robbervika) i periodar frå 1984 til for eit par år sidan.

Ved Lefdal i Nordfjord var det olivinutvinning i underjordsgruve frå 1971, med utskipingsanlegg ved Bryggja. Det blei starta av Norddal Olivin AS, eigd av Oslo-firmaet Bjørum & Bjølgerud, overtatt av Frantzefoss Bruk i 1987 og North Cape Minerals i 1995. Drifta blei stansa i 2009. Gruvene er ikkje tomme, men ein har kome så langt ned at det er lite lønsamt å drive. Det er no planar for bruk av nokre av gruvegangane til datalagringsanlegg.

North Cape Minerals kjøpte frå midten av 1990-talet opp både privateigde og statseigde olivingruver, og hadde frå 2003 i praksis monopol på all olivinutvinning i Noreg. I dag ligg olivinutvinninga under Sibelco, eit av dei største konserna i verda innafor industrimineral.

Den einaste gruva i drift

Utsikt over Åheim med fabrikkanlegget til Sibelco.
(Foto: Basia Głowacka)

Den einaste utvinninga av olivin i Noreg skjer i dag på Åheim i Vanylven på Sunnmøre, som frå 1948 var hovudgruva til AS Olivin. Denne ressursen er rekna å vere den største olivinførekomsten i verda. Ein kan drive her i fleire hundre år, og Sibelco ser ingen grunn til å drive fleire gruver så lenge dei på Åheim kan produsere meir enn dei kan selje. Det er kapasitet til å produsere 2,5 mill. tonn for året, for tida er produksjonen rundt 1,5 mill. tonn. Her skjer utvinninga i store dagbrot, hovudbrotet er på 1 x 4 km. Ettersom dagbrota blir tømte, blir dei revegeterte. Det første dagbrotet er allereie overtatt av jordbruket og ein kan knapt sjå at her har vore mineralutvinning.

Tidligare blei olivinsteinen frå dagbrotet frakta ned til fabrikken på Åheim i lastebilar. Det var da mye problem med støvspreiing etter vegen og gjennom bygda. Seinare har ein investert i eit underjordisk transportband, og miljøet har blitt mye betre.

På Åheim var det tidligare ein fabrikk for eldfaste produkt. Denne blei lagt ned i 2013 da ein ikkje lenger fikk sal på produkta.

I seinare år har olivin meir og meir blitt brukt til å absorbere ulike miljøgifter. Eit eksempel er at det i elva Folla i 2014 blei sloppe ut mye finmala olivin for å ta opp avsig av tungmetall frå Folldal Verk. Olivin har vore brukt til å reinske tungmetall etter skytefeltet på Hjerkinn.[16] Olivin kan òg brukast til å ta opp kvikksølv.

I bakgrunnen dagbrotet som no er i drift, i forgrunnen eit eldre dagbrot som no blir restaurert og revegert.
(Foto: SL)

Der det no er jorde, var det ein gong eit dagbrot etter olivin.
(Foto: Basia Głowacka)

Olivin er på mange måtar eit miljøvennlig produkt. Bruken av stoffet har bidratt til å forbetre arbeidsmiljø og å redusere forureining samanlikna med andre produkt til same bruk. Det er og relativt lite forureining knytt til utvinning og foredling. Det største miljøproblemet med olivinutvinninga er trulig dei store dagbrota som har vore og der det største, på Åheim, framleis er i drift og stadig veks. I området med mye olivin i berggrunnen er det ein spesiell naturtype, som kallast for olivinskogar. Eit av dei botanisk mest verdifulle områda er no i ferd med å bli spist opp av dagbrotet. Det har vore snakk om å opprette naturreservat, men tanken måtte givast opp pga. konflikt med gruva.[17]

Nikkel og Olivin

I Ballangen i Nordland dreiv selskapet Nikkel og Olivin 1988–2002 gruve på Rånafeltet. Nikkel og Olivin var først eit norsk selskap, men det finske Outokumpu var frå 1992 driftsansvarlig og hadde aksjemajoriteten. Først var det olivin som var hovudproduktet i gruva, seinare blei det lite avsetnad på olivin og den siste tida gruva var i drift tok ein bare vare på nikkelmalmen og dumpa olivin i lag med anna avgang i Ballangsleira.[18]

Noko å satse på?

Olivin er funne ei rekke stadar rundt i landet, men betyr det at det er grunnlag for ei rekke gruver? I Kvænangen i Troms er det funne olivin på sju stadar. Av desse er Reinfjord vurdert som viktig av NGU, men med den tilgangen som er på olivin frå Åheim og noverande marknadssituasjon er det trulig lite aktuelt å starte opp nye olivingruver i Noreg i nær framtid.

Fotnotar

[1] Tom Barth: Die Pegmatitgänge der kaledonischen Instrusivgesteine im Seiland-Gebiete. Det Norske Videnskaps-Akademi Skrifter 1927.
[2] Ole Monsen: Stjerner over Stjernøy. Alta 2011.
[3] Kåre Granli: Fra motbør til medvind. Norsk Nefelin 25 år. 1986. s. 35
[4] http://www.dokpro.uio.no/friiskartene/1861/1861oversikt.html
[5] http://www.domstol.no/upload/FINN/Sakkyndige%20utredninger/Felt%201_Sluttrapport.pdf
[6] www.domstol.no/upload/FINN/Innkomne meldinger/Felt 1/Melding 03 Saragruppen ved Jørgen J. Sara og Johan J. Sara/Melding, utfylt skjema av 24.05.09.pdf
[7] Eit vatn heiter på norsk Saravannet (samisk Coagesláttu). Eit anna vatn skal ha fått namnet Vanskeligvann (Váttesjávri, Lillebuktvannet) fordi det var så vanskelig å flytte forbi her med reinflokken.
[8] www.domstol.no/upload/FINN/Innkomne meldinger/Felt 1/Melding 03 Saragruppen ved Jørgen J. Sara og Johan J. Sara/Melding, utfylt skjema av 24.05.09.pdf
[9] Altaposten 02.09.1992. http://www.domstol.no/upload/FINN/Innkomne%20meldinger/Felt%201/Melding%2003%20Saragruppen%20ved%20J%C3%B8rgen%20J.%20Sara%20og%20Johan%20J.%20Sara/Tilleggsopplysn;%20Artikkel%20i%20Altaposten%2002.09.92.pdf
[10] http://naturvernforbundet.no/finnmark/gruvedrift/svar-fra-trond-giske-om-mineralutvinning-og-reindrift-article29587-2023.html
[11] Oppbygginga av bedriften er skildra i jubileumsboka: Kåre Granli: Fra motbør til medvind. Norsk Nefelin 25 år. Elkem 1986.
[12] http://www.youtube.com/watch?v=IS-KXIPd5xU og http://www.youtube.com/watch?v=8Wiu4RT-5Hg
[13] http://sibelco.com
[14] http://www.agropub.no/id/1544?hidemenu=true&kap=kap11
[15] Dette avsnittet bygger vesentlig på Ole Martin Brudevoll: Staten sine olivininteresser – frå forsking på Tøyen til statsdrift på Åheim. Høgskulen i Sogn og Fjordane 2014
[16] http://www.nrk.no/mr/olivin-renser-skytefelt-1.11121937
[17] Dag Holtan: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke. 2008 http://www.fylkesmannen.no/PageFiles/471374/Olivinskogene%20i%20Norge%20-%20en%20oppsummering%20av%20status%20og%20verdi.pdf
[18] Denne bedrifta er omtalt i denne boka i kapitlet om nikkel.


Til neste kapittel