Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

«Så edelt et malm»

SØLV – Ag

Sølvet det er sig saa ædelt et Malm. Det smuldres ikke som Høstens Halm. Laa det i Jorden vel tusinde Aar, det skinner enda, det aldri forgaaer. Livets Lyst er som Høstens Halm, Sorgen er Sølvet, det ædle Malm!

Med ein tittel henta frå dette verset av Henrik Ibsen har forfattaren Olav Såtvedt skrive den historiske romanen Så edelt et malm med handling frå sølvgruvene på Kongsberg. Der skildrar han arbeids- og levekår for sølvgruvearbeidarane og familiane deira, og noko av den første arbeidarorganiseringa i Noreg.

Sølv (Ag) er eit edelmetall som både finst fritt i naturen og bunde til forskjellige andre grunnstoff, bl.a. svovel. Sølv har i hundrevis av år vore brukt til verdimål, både som myntar og med sølvbeholdningar som garanti for verdien av pengesetlar.

Sølv er brukt til smykke, spisebestikk osv. anten i legeringar med varierande sølvinnhald eller som forsølving av anna materiale. Tidligare var det mye brukt i fotolaboratorium, framleis er sølv brukt i elektronikk, som katalysator, til vassreinsking og i medisin.

Sølv blir både utvunne i gruver med sølv som hovudprodukt og som biprodukt ved koppar-, sink- og blyutvinning.

Akersberg – Eldste gruva i Noreg?

Inngangen til Akersberg gruve er sentralt i Oslo like ved Aker kirke.
(Foto: Ane Helga Lykka)

Den eldste kjente gruva i Noreg er Akersberg sølvgruve, ved Gamle Aker kyrkje sentralt i Oslo. Vi veit ikkje sikkert når denne var i drift, men gruva blei omtalt som nedlagt omlag 1200. Drifta blei tatt opp igjen med tyske bergverksfolk i tida 1516–38. På slutten av 1500-talet blei det gjort eit nytt forsøk, ein tømte gruva for vatn og undersøkte, men fann at det ikkje var meir drivverdig malm. Etter 1610 har det ikkje vore gjort noko forsøk på drift her. I seinare tid er mye av gruvegangane øydelagt i samband med anleggsarbeid, og det er gjort lite for å ta vare på dette kanskje eldste minnet vi har frå norsk gruvehistorie.

Kongsberg – Største arbeidsplass i Noreg

Heis i Kongens gruve
(Foto: SL)

Kongens Gruve er no besøksgruve, og her er ein skoleklasse på omvising i gruva.
(Foto: SL)

Eit av dei mest dominerande bergverka i norsk historie er sølvverket på Kongsberg. Allereie i 1538 blei det funne sølv ved Kongsberg, og det blei starta ei gruve som bare var i drift i få år. Seinare gjorde ein større funn, som førte til grunnlegging av Sølvverket i 1623. Dette var grunnlaget for oppbygginga av Kongsberg, som fikk status som bergstad og ei tid var nest største byen i Noreg.

I fjella rundt Kongsberg, særlig vest og nord for byen, går det såkalla «fahlband» i nord-sør-retning. Desse inneheld mye svovelkis, kopparkis og magnetkis, nokre stadar har her vore drive gruvedrift etter koppar. På tvers av desse banda går det gangar av lyse mineral, i første rekke kalkspat, kvarts og flusspat. Det er i første rekke i kryssa mellom desse banda og gangane at ein kan finne sølv. Gruvene utgjør eit stort nettverk av underjordiske gangar over eit stort område. På det djupaste går dei 1068 m ned.

Det var frå starten store utfordringar i å drive desse gruvene, med bergbryting, transport og ikkje minst med å halde så djupe gruver tomme for vatn. Her blei gjennom tidene drive mye teknisk utvikling, bl.a. av forskjellige pumpesystem. Det blei bygd eit komplisert system av dammar og renner i skogane rundt Kongsberg, for å kunne drive pumper, heisar og knuseverk med vasskraft.

Detalj av skap med modellar av arbeidet i og rundt sølvverket. Dette er laga rundt 1750 og står no på Bergverksmuseet på Kongsberg
(Foto: SL)

Bergseminaret på Kongsberg var den første sivile høgare utdanninga i Noreg. I dette statelige bygget heldt seminaret til frå 1786 til 1814. Etter det var det bolig for direktørar ved Sølvverket fram til 1956.
(Foto: SL)

Det gikk med svært mye ved til fyrsetting [1] i gruvene og trekol til smelting. Likevel førte drifta ikkje til avskoging, fordi ein tidlig var klar over at ein måtte drive skogskjøtsel for å kunne drive langsiktig bergverksdrift. Trulig var det samanheng mellom behovet for skogskjøtsel i samband med gruvedrifta og at den første skogsadministrasjonen blei oppretta på Kongsberg.

På det meste arbeidde rundt 4000 mann ved sølvverket. Det var rundt 1770. Men da byrja det å gå nedover, og i 1805 blei drifta stansa. I 1816 starta ein opp igjen, og eit nytt stort funn gav frå 1820-talet arbeid til over midten av hundreåret. Sidan gikk det igjen tilbake. Verket blei etter kvart modernisert, men det var lite nye ressursar å finne og til sist blei det stengt i 1958.

Ved Kongsberg sølvverk er det nedlagt langt meir arbeid enn ved noko anna bergverk i Noreg. Ein reknar med over 300000 årsverk ved sjølve verket. I tillegg kjem alt arbeidet med å forsyne verket med trekol og tømmer og andre varer som trongst til drifta og arbeidarane.

Det store arbeidet med teknologisk utvikling og utdanning rundt Kongsberg Sølvverk er mye av grunnlaget for at byen utvikla seg til eit teknologisk senter, med jernverk frå 1809 og våpenfabrikk frå 1814. I seinare år har ein ved innkjøringa til byen blitt møtt av skilt med «Teknologibyen Kongsberg». Sølvverket var grunnlaget både for at bergverksadministrasjonen for heile Noreg hadde sete her, og for at Bergseminaret blei starta her i 1757, som den første sivile høgskolen i Noreg.

Avgang og cyanid

Nokre gongar kunne ein vere heldig og finne store klumpar og lange trådar av gedigent sølv, men som regel var sølvet knapt synlig i malmen, og sølvinnhaldet varierte mellom 100 og 350 gram sølv pr tonn malm. Det blei derfor store mengder overskotsmasse, både før og etter smelteprosessen. Til saman reknar ein med ei total bergbryting for heile Sølvverket si driftstid 1623–1958 på 10–12 mill. tonn. Ein stor del av gråberget er seld som pukkstein bl.a. til vegbygging, mens mye òg ligg igjen i haugar i gruvefelta. Slagg frå smelting har i stor grad blitt liggande ved smeltehyttene i byen og i Saggrenda, noko har hamna ut i Numedalslågen. Samanlikna med kisgruver er det relativt lite problem med avgangen frå sølvgruvene, ettersom malmen inneheld lite svovel og skadelige tungmetall.

Malmen blei smelta for å skilje ut sølvet, og dette var ein komplisert prosess i fleire trinn. Tidlig på 1900-talet byrja ein å bruke natriumcyanid til å løyse sølv ut av fattig slig, og det heldt ein fram med til verket blei nedlagt. Dette var svært helsefarlig for dei som arbeidde med det, og det blei sagt at arbeidarane i ekstraksjonshytta sjeldan nådde pensjonsalderen. Frå cyanidbehandlinga gikk utsleppet til «Lortebekken», som rann gjennom Saggrenda og vidare til Kobberbergselva. I sliget var det ganske mye jern, som reagerer med cyanid til mindre skadelige stoff, og dette er trulig årsaka til at det ikkje er registrert cyanidforgifting frå avrenninga.

Den best dokumenterte gruva i Noreg?

Kongsberg Sølvverk er eit av få gruveanlegg i Noreg som har fått eiga historiebok. Gjennom over 400 sider forteljast historia om over 300 års sølvverk. På forsida av boka ser vi eit snitt gjennom Kongens gruve ca. 1715, ein klump gedigent sølv og inngangen til Kongens gruve, som no er museumsgruve.

Om Sølvverket si 335-årige historie kan det seiast svært mye, og det er da også gjort. Det er utgitt ei rekke bøker, mastergrads- og doktorgradsavhandlingar om tekniske, økonomiske og sosiale forhold ved verket, og rapportar om avrenning frå gruvene i ettertid. Sølvverket sine samlingar var grunnlag for Norsk Bergverksmuseum, som fortsatt har Sølvverket som hovudutstilling. I tillegg er det organiserte turar for turistar inn i nokre av gruvegangane. I forhold til denne solide dokumentasjonen har eg ikkje så mye nytt å bidra med, derfor har eg vald i denne boka å behandle Sølvverket ganske kort, og vise til andre kjelder.

Sølv her og der

Den største sølvgruva i Nord-Noreg var i Svenningdal i Grane i Nordland. Dette bildet er tatt i tida 1885–90 og viser innslaget til Gammelgruva i Ner-Svenningdal.
(Foto J. Coldevin / Helgelandsmuseet)

Kongsberg sølvverk var utan samanlikning den største gruvedrifta i Noreg med sølv som hovudprodukt. I fleire nabokommunar har ein lurt på om ikkje sølvåra også skulle strekke seg inn der, og det har vore leita mange stadar. På 1700-talet blei det drive gruvedrift fleire stadar i Øvre Eiker, og visstnok tatt ut noko sølv som blei frakta til Kongsberg og smelta der. Det var eit sagn om at det i enno eldre tid skulle ha vore funne store mengder sølv på Holtefjell, men dette blei ikkje funne igjen. Sagnet sa at «Kalven er på Kongsberg, men kua er på Holtefjell». I motsett retning, i noverande Skien kommune i Telemark, skal vere funne sølv både i Luksefjell og Valebø, og særlig i Grasdalen i Mælum, der det var eit liknande sagn om at den store sølvkua skulle vere der. Men trass i leiting heilt fram til 1970-talet har det blitt med sagnet. Ein kan finne rester etter leiting, men ingen sikre kjelder på at det er tatt ut sølv der. [2]

Under gruvesatsinga rett etter reformasjonen blei det tatt ut sølvholdig kopparmalm i Seljord og Fyresdal og sølvholdig blyglansmalm i Sandsvær og Bamble. I Bamble var det og ei hytte for utvinning av sølv frå råkopparet frå Seljord og Fyresdal og på Gimsøy i Skien var det eit myntverk som laga sølvmyntar.

På 1600-talet blei det gjort forsøk på sølvgruver i Rana (Ruovat), både i Plurdalen og Bertelsberget eller «Sølvberget», men noko stort kan det ikkje ha kome ut av det. Større blei det i Svenningdal (Svætnoevuemie) ved Trofors i Nordland, der det var drift på sølvhaldig blymalm 1877–1900. Gruva leverte 18 tonn sølv og 37 kg gull, og blei nedlagt pga. låge sølvprisar. Dette var den nest største sølvgruva som har vore i Noreg, men produksjonen var likevel på det meste ikkje meir enn omlag 1/7 av det som blei tatt ut på Kongsberg på same tida. Det var lokale interessentar som starta og dreiv gruva, men forretningsfolk frå andre kantar av landet var blant aksjonærane.

Seinare har NGU leita i Svenningdal både på 1970- og 1990-talet og 2006–08 leita selskapet MetPro (Metal Prospecting) frå Rana i det gamle sølvgruveområdet i Ner-Svenningdal. [3] Lokalavisa meldte om interessante verdiar av gull, sølv, bly og sink. [4] Sidan har det vore nokså stille om dette.

Det har òg vore nokre mindre sølvgruver andre stadar, bl.a. Hisøy ved Arendal. Det er tatt ut ein del sølv som biprodukt ved koppar-, bly- og sinkgruver, blant anna på Konnerudkollen ved Drammen, Dalane sølv- og koppargruve i Telemark, Hjerkinn i Oppland, Løkken og Meland i Sør-Trøndelag, Joma i Nord-Trøndelag, og Sulitjelma i Nordland. I Finnmark er det funne litt sølv i Kvalsund, og dette er planlagt tatt ut i samband med koppargruve der.

Samisk sølv- og blygruve?

«Sølvgruva» er til vanlig fyllt med vatn, men har to gongar i seinare tid blitt pumpa tom, slik at ein har kunna klatre ned i gruvegangen.
(Foto: Harald Duklæt)

På Oftenåsen ved Steinkjer er det rester etter ei gruve som på folkemunne går under namn av «Sølvgruva». Her skal vere tatt ut sølvhaldig blyglans i gamle dagar. Gruva er 8-10 m djup, og her er funne borehol på omlag 3 cm diameter, noko som i følge gruvehistorikarar tyder på drift på 1800-talet. Det finst ingen nedskrivne opplysningar om denne gruva, så vi veit ikkje kven som dreiv gruvedrift her eller når. Gruva har vore tømt for vatn og undersøkt av NGU, som meinte det hadde vore tatt ut blyglans med noko innhald av sølv. Der er funne kjeppar og neverkopp som det framleis lukta krutt av, og rester av ein stige. Noko av dette er tidfesta til omlag 1870.

Sagnet seier at det var ein lapp (same) som på 1700-talet laga seg geværkuler av bly som han tok ut frå denne gruva. Også andre stadar i Trøndelag er det forteljingar om samar som sjølv har vinne ut «kulebly». Gruva ligg like ved ein stad kalla Finnkoiberget, og det har frå gamalt vore samisk busetting her. Utstyret som er funne liknar ikkje det som er brukt ved andre gruver, og kan kanskje stamme frå samisk miljø. [5]

Det er også fleire forteljingar om samane og blyet her: «En same hadde funnet bly i Oftenåsen. Han laget blykuler som han solgte, men han ville ikke oppgi hvor han fant blyet». «Noen guttunger som fisket i den flomstore Figgaelva hadde problemer med å holde agnet under vann i den strie elva. De ble lovet søkke av en same som kom forbi. Dagen etter fikk de hvert sitt blysøkke, og det hadde han »skåret ut oppe i Oftenåsen»!»

Også andre stadar i landet er det fortalt om at samar har tatt ut blymalm til geværkuler, bl.a. i Tysfjord, men da utan at det har vore kjent innblanding av sølv. [6]

Fotnotar

[1] fyrsetting = oppvarming av berg for å få det til å sprekke, så ein etterpå kunne banke laus delar av det.
[2] http://www.skiensatlas.org/soner/melum/soelvet-i-grasdalen
[3] http://metproas.no/index.asp?id=143
[4] http://www.helgeland-arbeiderblad.no/nyheter/article3778618.ece
[5] http://www.steinkjer-kommune.net/eggevandring/egge/index.php?art_id=831
[6] https://www.nrk.no/sapmi/kanskje-de-torturerte-samene-1.7304835


Til neste kapittel