Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Lett, sterkt, hardt, billig og rådyrt

KARBON (KOL, GRAFITT, DIAMANT) – C

Kva grunnstoff står for størst energiproduksjon?
Kva grunnstoff kan brukast til oppvarming av bustadar, smøremiddel, blyantar og smykke?
Kva grunnstoff kan brukast til å lage det tynnaste og sterkaste stoffet som finst?
Kva grunnstoff er i komprimert form det hardaste stoffet i verda?
Svaret på alt dette er karbon.

Karbon (C) eller kolstoff er eit av dei vanligaste grunnstoffa på jorda, og ein føresetnad for alt liv. Det finst bl.a. i alle hydrokarbon (gass og olje) og karbohydrat (sukker, stivelse, cellulose).

I naturen førekjem karbon i rein form som hovuddelen av tre stoff med svært forskjellig struktur: kol, grafitt og diamant. Tilsaman utgjør desse ein stor del av gruvene i verda – og ein svært stor del av miljøproblema frå gruvedrift.

Kolgruver som storpolitikk

Kol er namn på fleire typar av organiske bergartar som hovudsaklig består av karbon (C). Hovudtypane er brunkol (lignitt) med 65–80 % C, bituminøst steinkol med 80–90 % C og antrasitt med 90–98 % C. Jo større karboninnhald, jo meir energi får vi ut av kolet. Alle desse koltypane er danna av torv, som har blitt pressa saman gjennom millionar av år, så vatn og gassar i stor grad har blitt drive ut.

Kol kan brukast til oppvarming, produksjon av elektrisk energi, drivkraft for transport og maskinar, reduksjonsmiddel i jernframstilling m.m. Nesten halvparten av elektrisiteten i verda kjem frå kolkraftverk. Forbrenning av kol er ei av dei aller største kjeldene til CO2-utslepp, og kan også gi forureining av svovel og andre stoff, avhengig av kvaliteten på kolet.

Kol på Andøya

Desse gruvearbeidarane er blant dei svært få som har tatt ut kol i Noreg utanom Svalbard. Bildet er trulig frå 1917-18 da det blei levert kol frå Andøya til Sulitjelma.
(Kjelde: Idar Nilsen: Ramsafeltet på Andøya – Bergverksaktivitet gjennom tidene. 2005)

I Noreg utanom Svalbard er det bare på Andøya (Ándda) i Nordland at det er funne kol i slike mengder at det har vore vurdert utvinning. [1] Det var i 1867 at det blei funne kol ved garden Ramså nord for Dverberg. Bergmester Tellef Dahll fikk sett i gang undersøkingar, og det blei bora over 100 meter nedover. Ein fann da mange lag med kol av varierande kvalitet og også oljeskifer. På det mest optimistiske hevda bergmesteren at her kunne vere grunnlag for å ta ut 1 mill. tønner kol for året i 1300 år.

I 1892 blei området bortforpakta av staten til Andøen interessentskap, under leiing av konsul Rolf Andvord i Christiania. No var det utvikla nye metodar med diamantboring, så ein kom heilt ned til 340 meter, og framleis var det kol å finne. I 1901 starta Andøen Interessentskap utvinning av det øvste kolet i dagbrot, men gav opp etter uttak av 100 tonn, da ein fann ut at kvaliteten ikkje var så god.

I 1917 skaffa Sulitelma AB seg opsjon og tok ut 200 tonn som skulle brukast i smeltehytta i Sulitjelma. Men i 1919 brann smeltehytta og bare halvparten av kolet som var tatt ut blei frakta til Sulitjelma. Under andre verdskrigen ville tyskarane starte opp utvinning av både kol og oljeskifer, men før dei kom skikkelig i gang var krigen over. Sidan er det ingen som har prøvd seg på kolutvinning på Andøya. Her er nok ressursar av brukbart kol, men verken kvalitet eller tilgjengeligheit tyder på at dette kan konkurrere med kol frå Svalbard. Det er derfor lite som tyder på at vi står foran noka kolutvinning på Andøya i nær framtid.

Også nokre få andre stadar i landet er det funne kol, bl.a. på Jæren [2], men denne har ikkje vore av slike mengder og slik kvalitet at det har vore aktuelt med kommersiell utvinning.

Svalbard – frå hakke og spade til stordrift

Kolgruvedrifta på Svalbard har gått i eitt i over hundre år, bare avbrote at eit par år under andre verdskrigen. Om denne historia er det skrive mye. Vi skal ikkje ta opp konkurransen, men nøye oss med nokre få hovudtrekk, og elles vise interesserte lesarar til andre kjelder, i første rekke Norsk Polarhistorie. [3]

På 1500- og 1600-talet dreiv engelske og nederlandske skip kvalfangst rundt Svalbard og når dei gikk i land oppdaga dei at der var kol. I 1899 seilte ishavsskipperen Søren Zachariassen til Isfjorden med ti mann, som med hakker, spadar og trillebårer tok ut ca 600 hektoliter kol. Det blei rundt århundreskiftet danna fleire selskap i Noreg med sikte på å få i gang gruvedrift på Svalbard, men ingen klarte å reise nok kapital.

Den amerikanske forretningsmannen John Munroe Longyear starta opp den første kommersielle gruvedrifta i stort format i 1906. Den største busettinga på Svalbard, Longyearbyen, har framleis namn etter han. Problem med vanskelige kommunikasjonar forsterka av første verdskrigen gjorde at Longyear i 1916 baud kolselskapet ut for sal, og Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S blei danna for å overta.

Svalbard var fram til 1920 ope for alle. I perioden 1898–1920 var det eit kappløp om å sikre seg land på Svalbard, og forskjellige privatpersonar og selskap la inn krav som til saman var på meir enn heile arealet av Svalbard, det vil seie at krava i stor grad overlappa kvarandre. For det meste var dei ute etter kol, men det var og planar om å drive på ei rekke andre mineral.

Norsk, svensk, nederlandsk og russisk gruvedrift

Frå stollen i gruve 3, 1986.
(Foto: SL)

Oversikt over gruveanlegga ved Longyearbyen viser situasjonen på 1980-talet.
(Foto: SL)

Svalbardtraktaten av 1920 gav Noreg styring over Svalbard, men det skulle vere fri rett til å etablere næringsverksemd for alle landa som underskreiv traktaten. No blei det rydda opp i krava og etter at Svalbardkommisjonen var ferdig i 1928 sto det igjen 11 norske og 6 utanlandske selskap med krav på bergrettar på Svalbard. Det blei etter tur bygd opp russiske gruver i Grumantbyen (1910), svenske i Pyramiden (1910) og Svea (1917), og nederlandske i Barentsburg (1926). Russarane gav etter kvart opp Grumantbyen, men overtok Pyramiden (1927) og Barentsburg (1932), mens Store Norske overtok Svea i 1934. Frå da er det bare Noreg og Sovjetunionen / Russland som har drive gruver på Svalbard.

På 1970- og 80-talet var utvinninga i dei sovjetiske gruvene større enn i dei norske, og det var også fleire sovjetiske enn norske statsborgarar busette på Svalbard. I 1998 blei drifta i Pyramiden nedlagt, og på 2000-talet gikk utvinninga i Barentsburg kraftig tilbake. I nokre år var her ingen aktivitet, men drifta blei tatt opp igjen. No er det russisk kolutvinning bare i Barentsburg, men planar om å gjenoppta drifta i Colesbukta, ikkje langt frå Grumantbyen.

Kol – forretning eller politikk?

Store Norske var privateigd heilt fram til 1970-talet, men i fleire periodar var drifta lite lønsam og avhengig av statlig støtte. For den norske staten var det så viktig å ha norsk aktivitet på Svalbard at det blei brukt store pengar på å halde denne i gang. På 1970-talet blei mesteparten av aksjane i Store Norske overtatt av staten. Under den kalde krigen var det viktig både for Noreg og Sovjetunionen å klore seg fast på Svalbard, og kolgruvedrifta blei viktig for å oppretthalde busettinga og kanskje òg som dekke for andre aktivitetar som eigentlig ikkje var tillatne etter Svalbardtraktaten. Også i seinare år har skiftande norske regjeringar hatt politiske grunnar til å ville halde oppe denne drifta. I Stortingsmelding nr. 13 (2010–2011) blir dette uttrykt slik: «Formålet med statens eierskap i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen opprettholdes og videreutvikles på en måte som understøtter de overordnede målene i norsk Svalbardpolitikk.»

Nye norske gruver?

På 1980-talet blei det klart at gruvene ved Longyearbyen ikkje særlig lenge ville kunne halde oppe den produksjonen som hadde vore til da. Dei var i ferd med å bli tømte eller vidare ressursar ville vere for tungt tilgjengelige.

I 1991 la Store Norske fram ein plan om drift på det såkalla Sentralfeltet, kombinert med bygging av veg mellom Longyearbyen og Svea. Det blei ikkje noko av verken Sentralfeltet eller vegen. I staden blei det satsa på drift i Svea. Der var drifta stoppa i 1987, men blei sett i gang igjen i 2001. Gruva Svea Nord sto for mesteparten av produksjonen, men blei etter kvart tømt, og stansa i 2015. Frå 2008 var det planlagt ei ny gruve i Lunckefjell, og denne opna i 2014. Før gruva var opna hadde ho kosta 1,2 mrd. kr.

Etter 2000 har det gjennomsnittlig vore omlag fire gongar så stor utvinning som på 1990-talet, og frå først på 2000-talet gikk gruvene igjen med overskot nokre år. Om dette utvinningstempoet skulle fortsatt, ville Lunckefjell bare ha kol for fem års drift, og derfor var planen så seint som sommaren 2014 å sette i gang enno tre gruver i Svea for å kunne drive fram til 2030.

Men så byrja kolprisen for alvor å rase nedover. I slutten av 2014 låg prisen 40 % lågare enn da Lunckefjellgruva blei planlagt. For 2014 hadde Store Norske eit underskot på omlag 400 mill. kr., og i desember 2014 sa bedriften opp 95 av dei 340 tilsette og reduserte produksjonen kraftig. I 2015 gikk regjeringa inn med støtte for å halde produksjonen i gang, men kolprisen heldt fram å synke, og i september kom meldinga om at det ville bli driftskvile i Svea i inntil tre år. 01.10.2016 stansa drifta i Lunkefjell og bare 50 mann blei igjen for å halde gruver og utstyr ved like. Bare i Gruve 7 ved Longyearbyen er det ei avgrensa drift, i første rekke for å drive kolkraftverket som gir straum til Longyearbyen

Bjørnøya – ekstrem utbytting og tragedie

I Tunheim på Bjørnøya ligg det igjen mye rester etter gruvedrifta, både kol- og steinhaugar og forskjellig skrot av jern og treverk.
(Foto: Asbjørn Djupdal)

Mindre kjent enn kolgruvedrifta på Spitsbergen er at det også var drift på Bjørnøya. Det starta under første verdskrigen, da forretningsfolk i Stavanger ville tjene pengar på å selje kol til krigsskipa til dei krigførande maktene. I 1915 annekterte I/S Bjørnøens Kulkompani Bjørnøya starta straks kolutvinning på ein stad som fikk namnet Tunheim etter gruvesjefen. Arbeidsforholda var forferdelige og matforsyninga dårlig, og da arbeidarane klaga, blei alle sende heim i 1920. Det vil seie at mange kom ikkje heim, for eit skip med 35 gruvearbeidarar forliste og gikk ned på veg til Noreg. Nye arbeidarar blei rekrutterte og drifta sett i gang igjen, men lagt ned for godt i 1927.

I 1932 overtok staten gruverettane og grunneigarrettane på Bjørnøya, men sidan har det ikkje vore gjort forsøk på å ta opp drifta. På Bjørnøya er det no bare ein metrologisk stasjon. Det er aldri rydda opp etter gruvedrifta og 90 år etter avslutninga ligg det framleis masse skrot og rustar i terrenget.

Nye private gruveplanar

Ved sida av dei statlige gruvene har det i seinare år blitt lansert planar om oppstart av private gruver. Skipsreiar Jacob Kjøde i Bergen sikra seg i 1937 den største private eigedomen på Svalbard, Austre Adventfjord. Der skal vere omlag 20 mill. tonn kol, eller tilstrekkelig for omlag 50 års drift. Familien Horn, som har arva eigedomen, har lenge lege i strid med Store Norske om kven som har retten til utvinning. [4] I 2013 uttalte representantar for eigarane at dei ønskte å starte med gruvedrift snarast, og dei hadde fått med seg folk med røynsle frå leiinga i Store Norske. Men fallet i kolprisane gav ikkje lystelige utsikter for ei slik investering. I august 2014 la dei ut eigedomen for sal til høgstbydande, og fleire utanlandske investorar viste si interesse. Så kom meldinga i oktober 2016 om at Staten kjøper eigedomen for 300 millionar. Argumentet er strategiske interesser. Ein ønsker ikkje at utanlandske eigarar skal ha store landområde på Svalbard. Skipsreiaren i Bergen har skaffa seg ei god arbeidsfri inntekt. Men noko kolgruve blir det knapt her, uansett eigar. [5]

Produksjon av forureining

I 2009 demonstrerte Greenpeace på Svalbard og kravde kolutvinninga stoppa.
(Foto: Greenpeace/Åslund)

Svalbardkolet har vore brukt til oppvarming i privathus og sentralvarmeanlegg, kolkraftverk og i jernframstilling. Kolgruvene på Svalbard var grunnlaget for Norsk Koksverk i Mo i Rana, 1961–88. Dette leverte koks til Norsk Jernverk og også til private hushaldningar. Etter nedlegginga av koksverket har mesteparten av svalbardkolet gått til eksport, hovudsaklig til kolkraftverk, dels til metallurgisk industri og sementindustri.

Ifølge Dagens Næringsliv ville forbrenning av kolet frå forventa produksjon i gruva i Lunckefjell gi årlige utslepp på 5,6 millioner tonn CO2 – like mye som 1,3 millionar personbilar. Ei rekke miljøorganisasjonar og fleire politiske parti har kravd at kolgruvene på Svalbard blir lagde ned, først og fremst fordi kolet bidrar så mye til utslepp av klimagass. Mot dette har politikarar argumentert med at dette kolet skal ha større energiinnhald enn det kolet som elles vil bli brukt i kraftverka. Dermed skal det bli 20–30 % mindre utslepp dersom europeiske kolkraftverk erstattar kolet dei brukar i dag med kol frå Svalbard. Da regjeringa endelig stansa drifta, var det ikkje miljøargumenta som var avgjørande, men reine økonomiske vurderingar. Det vil seie at om det bare blir meir lønsamt å starte opp igjen, så gjør ein det utan omsyn til miljøverknadane.

Ved sida av miljøverknadane av bruken av kolet er det òg ganske store verknadar av utvinninga, både med avrenning frå gruver og gråbergstippar og frå kjemikaliar som er brukte. Spesielt er det store forureiningar rundt dei russiske gruvene. [6]

Grafitt for mange formål

Ei av formene for grunnstoffet karbon (C) er grafitt, som er eit gråsvart mjukt mineral. Det toler høge temperaturar og brukast bl.a. som tilsetting til støypeformer i metallindustrien, til blyantar, i bremseband, smøremiddel, i batteri og som bremse i kjernereaktorar. Det er tre hovudtypar av grafittførekomstar, krystallinsk grafitt (flak), amorf og vein (lump). Desse har noko forskjellige bruksområde.

Dei siste åra har det vore forska mye på å lage grafén av grafitt. Grafén er karbonatom i gitter som er bare eit atom tjukke. Det er ein svært god elektrisk leiar og er svært sterkt, samtidig som det er tøyelig. Grafén skal bl.a. kunne brukast i produksjon av bilar, fly og ei rekke elektroniske komponentar.


Det er funne grafitt på vel 70 stadar i Noreg. Dei fleste av dei er i Nordland og Troms, og det er også der det har vore utvinning.

Skaland Graphite AS

Innkjøringa til gruva i Trælen. På yttersida arbeider to gruvearbeidarar med å reparere utstyret.
(Foto: SL)

Inne i fjellet går den veg oppover i spiral, nokre stader treff vi på gongar der ein har brote ut malmen.
(Foto: SL)

På Skaland på Senja er no einaste utvinninga av krystallinsk grafitt i Vest-Europa. Det første forsøket på grafittutvinning her var i 1917. Det varte ikkje lenge. På eine sida fall prisane dramatisk etter første verdskrigen, på andre sida viste metoden som blei brukt til oppreiing seg å ikkje vere brukbar. I 1920 reiv ein storm ned bygninga. Bedrifta starta opp igjen i 1932, og sidan har det vore så godt som permanent drift. Grafitten låg i fleire gangar i fjellet. Først dreiv ein uttak ovafrå og nedover, i 1980 var ein kome ned til 100 meter under havnivå. Den siste gangen ved Skaland dreiv ein derimot nedafrå og oppover, denne var tømt i 2006. Frå 2007 er det tatt i bruk ein ny førekomst i fjellet Trælen, omlag ei mil frå Skaland. Dette er ei rein underjordsgruve, der ein kjører inn i gruva få meter over havet, så går det veg i spiral oppover og langt oppe går det eit luftehol ut i fjellsida, der ein kan kjøre ut. Mens gruva på Skaland hadde vel 20 % grafitt, har ein på Trælen omlag 30 % i gjennomsnitt, noko som gjør dette til den rikaste kjente førekomsten av krystallinsk grafitt i verda.

Det har vore svært mye skifte av eigarar, til saman minst ni norske og utanlandske eigarar eller eigarkonstellasjonar. Noverande eigar er Leonhard Nilsen & Sønner.

Tidligare var det oppreiingsverk oppe i fjellsida på Skaland. Store delar av dette brann ned i 1985. Det er ikkje gjort noko skikkelig opprydding etter dette, og delar av dei gjenståande bygningane har falle ned. Det har vore snakk om å lage eit geologi- og bergverksmuseum her, men ingenting er endelig avgjort. Verket blei bygd opp igjen ved utskipningskaia og produksjonen kom i gang igjen i 1989. No blir malmen frakta frå gruva med lastebil til oppreiingsverket, der han blir knust og grafitten skilt ut ved flotasjon. Som flotasjonsmiddel brukar ein metylisobutankarbonol (MIBC). Dette følgjer grafitten og blir brent bort når denne blir tørka. Etter tørking og sikting blir grafitten sortert i standardprodukt med karboninnhald frå 88 til 98 % C. Dei siste åra er det tatt ut i overkant av 30 000 tonn grafittmalm, noko som har gitt ca. 10 000 tonn ferdig grafittkonsentrat. Alt konsentratet blir skipa til Nederland, der det blir seld vidare. Skaland Graphite har dei siste åra arbeidd med å førebu produksjon av grafittmateriale som skal brukast i framstilling av grafénprodukt.

På det meste var det 130 tilsette ved verket, i 2014 var det bare 33 til saman i gruve og oppreiing.

Frå det gamle verket gikk det mye slam ut i ei elv og vidare ned i fjæra. I 1975 blei det lagt ein slange frå verket og ut i havet. Avgangen frå oppreiingsverket blir no deponert på 30–70 meters djup i Bergsfjorden.

I 1994 blei det foretatt ei grundig miljøundersøking i Bergsfjorden for å sjekke ut effektane av avgangen, herunder analyse av gruvevatn, av partikulært materiale i avgangen, sediment og blautbotnsfauna. [7] Undersøkinga viser markert forureining av koppar og nikkel i sjøbotnen nær utsleppet, og mindre forureining inntil 7 km frå utsleppsstaden. Desse utsleppa vil i dag vere klart i strid med vassforskrifta. Likevel er det ikkje gjort nye undersøkingar i dei 20 åra som har gått. Tidligare var det svært mye skrot og også spreiing av grafittstøv rundt bedrifta. Miljøvernforbundet truga da med å melde bedrifta til politiet, det førte til at det blei gjort mye for å rydde opp og redusere forureininga. Fylkesmannen i Troms fører tilsyn med bedrifta når det gjelder utslipp til luft og sjø. Ved inspeksjon i oktober 2013 fann Fylkesmannen ei rekke avvik [8]. Det var da ikkje gjennomført ei miljørisikoanalyse med fokus på forureiningsfare ved oppreiingsverket, ikkje tilstrekkelige rutinar for kontroll og vedlikehald av luftreinskeanlegg og avgangsleidning, eller rutinar for prøvetaking av utslepp til luft og sjø.

Bedrifta opplyser at dei gjennom dialog med Fylkesmannen har forbetra kontrollfunksjonane og redusert både støy, støv og utslepp til sjø. Det har tidligare vore ganske stort utslepp av grafitt, men grafittinnhaldet i avgangen er no redusert frå omlag 6 % til 3 %. Sidan grafitten er lett og flyt opp i sjøen kan grafitten i avgangen verke som ei alvorlig forureining, men bedrifta hevdar at dette ikkje er skadelig. Etter at uttaket blei flytta til Trælen har den rike malmen ført til at ein med same produksjon tar ut mindre mengder enn tidligare og avgangen utgjør så vidt over halvparten av dei 40000 tonn som dei har løyve til å sleppe ut.

Det har vore vurdert å bruke avgangen til noko nyttig, og SINTEF har gjort forsøk på å lage keramisk materiale av avgangen, men så langt har det ikkje blitt noko meir av det.

Jennestad – første grafittgruva i Noreg – og den neste?

Dei eldste gruvegangane på Jennestad går ned inne i dei to bjørkekratta i bakgrunnen. Dei er no gjerda inn så ikkje folk og dyr skal falle ned i dei. Over moloen i forgrunnen var det skinnegang der ein trilla malmvogner ned til hamna.
(Foto: SL)

På Jennestad Handel har dei tatt vare på papir og boreprøver frå grafittdrifta her for omlag hundre år sidan.
(Foto: SL)

Allereie tidlig på 1800-talet blei det tatt ut grafitt på Jennestad i Sortland (Suortá) i Vesterålen. Her låg det grafitt heilt oppe i dagen like ved strandkanten, og han kunne hakkast laus. Grafitten blei lasta på jekter som gikk til Bergen og seld til smøremiddel og malingproduksjon.

Frå 1901 var det meir regulær gruvedrift på Jennestad grafittførekomst gjennom selskapet The Anglo Norwegian Mining Co. Ltd. Dei utvida drifta til lenger opp i terrenget, og dreiv til 1914, da dei selde rettane til Ødebert Johansen. I 1917 blei drifta forpakta bort til eit dansk selskap, som skulle sette i gang ny drift, men det gikk ikkje så godt, og produksjonen blei liten.

Etter 2. verdskrigen blei drifta tatt opp igjen og i 1950–60-åra var det ei prøvedriftsperiode i regi av AS Jennestad Grafittverk, som var danna av grunneigarane i lag med Sortland kommune. Det var da opptil 30 mann i arbeid ved Lamarkvatnet, og det blei drive ut omlag 1000 m gruvegangar. Nokon ordinær produksjon kom likevel ikkje i gang, og i 1978 blei AS Jennestad Grafittverk lagt ned.

I seinare år har det blitt lansert planar om å gjenoppstarte grafittutvinninga på Jennestad. For dette formålet blei det i 2012 danna to selskap. Nordic Graphite Ltd er registrert i London. Gaute Juliussen og Berndt Rasmus Blomqvist eigde ein tredel kvar, resten var fordelt på mindre aksjonærar, dei fleste norske. Selskapet som etter planen skulle utvinne grafitten var Norwegian Graphite, eigd med 50 % kvar av dei to nemnde. Aksjekapitalen var kr. 30000, og firmaet hadde i følge Purehelp.no ingen tilsette. I følgje deira eiga nettside hadde dei derimot tre direktørar!! [9] I tillegg hadde dei «Advisory Board» på fire personar, derav tre med doktorgrad. Sjefsdirektør Juliussen blei her presentert som den som klarte å skaffe 84 millionar til oppstarten av Nussir ASA i tida 2007-11.

Det er servert svært varierande overslag over kor mye malm det er og kor lang tid ein kan rekne med drift. Våren 2014 blei anslaget oppjustert frå 1,5–1,8 mill. til 3,6 mill. tonn grafittmalm og omlag 36 års drift. Bladet Vesterålen skriv: «Dette har en gjennomsnittgehalt på cirka 10 prosent, så det er veldig bra, sier samfunnskontakt hos Norwegian Graphite, Steve Haugerud.» [10] Samanlikna med 22–30 % på Skaland grafittverk virkar det ikkje så imponerande, men selskapet viste til at det i andre land blir drive på langt lågare gehaltar enn 10 %. Dei hevda og at det er mye betre kvalitet på grafitten på Jennestad enn på Skaland. På nettsida til selskapet står det derimot at karboninnhaldet generelt er over 15 %.

Ved Lamarkvatnet i Jennestadmarka blei det drive prøvedrift i etterkrigstida, med opptil 30 mann i arbeid. Ein ser framleis tydelig kor dei har gravd.
(Foto: SL)

Selskapet har kontant avvist at det kan vere noko miljøproblem knytta til drifta: «Og under utvinningsprosessen, sidan det er eit inert materiale som ikkje forgiftar eller forureinar miljøet, kan lokalsamfunnet og grunneigarane på utvinningsstaden kjenne seg trygge på dette og.» [11] Lokalsamfunnet og grunneigarane har likevel ikkje tatt dette for god fisk, noko som kom fram da det 20.05.2014 blei arrangert folkemøte om saka. Innvendingane var så store at lokalavisa omtalte møtet som «Gruvemotstand på folkemøte». [12] Det er eit turområde som var planlagt omgjort til industriområde og det ville bli støv og støy rett inntil skole og barnehage. Det blei og spurt korleis dette ville påverka drikkevasskjelda til bygda.

Gruva var planlagt på privat område og selskapet måtte avtale med mange forskjellige grunneigarar. Nokre av dei nekta selskapet å bore på eigedomen deira, mens andre gikk med på undersøking. Dei blei lova betaling, men fikk ikkje oppgjør, ettersom selskapet var fri for pengar.

Selskapet laga sjølv eit planprogram. Som illustrasjon på kvaliteten gjengir vi her HEILE kapitlet om naturmangfald:
«9.1.3 Naturens mangfold
Eksisterende situasjon

Sortland kommune er ikke kjent med at det er registrert spesielle biologiske verdier innenfor dette planområdet.
Mulige virkninger
Uttaket vil ikke berøre spesielle biologiske verdier.
Utredningsbehov
Det skal gjennom videre utredning vurderes om inngrep i nedbørsfeltet / tilsigsområdet kan få konsekvenser vannstanden i Lamarkvannet nord for planområdet. Det må her spesielt tas hensyn til Lamarkvannet som drikkevannskilde og sikre kvaliteten her.»

Planprogrammet var på høring, og eit nytt program blei lagt fram for kommunen hausten 2014. Selskapet ønskte i første omgang bare å få behandla planen for sjølve gruva, ikkje for oppreiingsverket som var tenkt plassert like ved, og som ville ha eit svært stort vassforbruk og utslepp. Dette verket og deponi av sulfidhaldig avgangsmateriale var planlagt bygd ved breidda av eit lakseførande vassdrag. Til prosessen ville dei trenge 250 000 liter ferskvatn i døgnet, og prosessvatnet skulle slippast ut i sjøen. Bare 100 meter frå verket er Vikosen naturreservat. [13]

21.10.2014 kunne Vesterålen Online (VOL) gledestrålande melde: «Grafitt fra Sortland skal revolusjonere oljevern – Norwegian Graphite har fått 3,9 millioner kroner fra Norges forskningsråd gjennom en europeisk stjernekonkurranse.» [14] Ideen var å bruke grafitt til å lage absorbsjonsmatter som skal samle oljesøl. Programmet skal vare i 36 månadar og skje i samarbeid med det finske selskapet Lamor. VOL skriv vidare: «– Vi vil ha dette ut i markedet så fort som mulig. Det ligger an til skalatesting i en tank innen 1,5 år, sier Juliussen. Nå håper han at det blir fortgang i den politiske behandlingen av planprogrammet i Sortland kommune. Frem til planprogrammet er klart vil selskapet bruke andre leverandører av grafitt.»

Både Norwegian Graphite og media selde nok skinnet før bjørnen var skoten. I oktober 2015 kom så planprogrammet opp til behandling i formannskapet, som vedtok det trass i at det var svært mangelfullt.

Samtidig skranta det tidligare så offensive selskapet meir og meir. På nettsida http://norwegiangraphite.com er «latest news» frå oktober 2014. Våren 2015 kom meldinga om at Norwegian Graphite var truga med tvangsoppløysing for manglande rekneskap, men med eit naudrop klarte dei å få levert rekneskapen og unngå konkurs, men året etter skjedde det same igjen, og no var det ingen veg tilbake. 29.07.2016 blei Norwegian Graphite erklært oppløyst. Og der endte i alle fall i denne omgang draumen om eit nytt grafitteventyr ved landets eldste grafittgruver.

Om nokon igjen skal klare å få tillit til å starte grafittgruve i Sortland må dei nok ha eit langt meir solid opplegg enn det Norwegian Graphite kunne servere.

Meløy

I Rendalsvik i Meløy kommune var det utvinning av grafitt 1933–46 og 1970–80. Her har også Nordic Graphite ønskt å ta opp produksjonen igjen, gjennom dotterselskapet Meløy Graphite AS. Til dette klarte dei å få 700 000 kr. i omstillingsmiddel av Meløy kommune og 650 000 kr. av Innovasjon Norge. Dei varsla investering i 100 mill. klassen og 20–40 arbeidsplassar. Planen var å bygge opp ein foredlingsbedrift som skulle vere eit pilotanlegg for vidare foredling av grafitten.

Det var likevel mange skjær i sjøen. Grunneigaren i det gamle gruveområdet var ikkje interessert i å samarbeide utan at Meløy Graphite kjøpte opp heile eigedomen til ein stor sum som selskapet ikkje hadde råd til.

Med tvangsoppløysinga av Norwegian Graphite sommaren 2016 kan trulig både Meløy kommune og Innovasjon Norge sjå langt etter pengane sine.

Diamant – verdt å endevende vidda for?

Diamant er tilnærma reint karbon, som har blitt utsett for særlig stort trykk djupt nede i mantelen, under jordskorpa. Det er det hardaste naturlige materiale vi kjenner til. Diamantar blir dels funne i fast fjell, knytta til bergarten kimberlitt, dels vaska ut av lausmassar.

Under halvdelen av diamantane som blir utvunne har smykkekvalitet, resten går til industriell bruk blant anna for skjæring i glass og i slipesteinar. For industriell bruk har naturdiamantar i stor grad blitt erstatta av kunstige diamantar.

Utvinning og handel med diamantar har lenge vore kjent som svært kopla til krig og kriminalitet. [15] Nokre diamantar blir omsette til eventyrlige prisar. Dei dyraste diamantane i verda har blitt verdsette til over ein milliard kr.

Det er ingen diamantgruver i Europa utanom Russland, men internasjonale gruveselskap har vist stor interesse for diamantleiting i Finnmark og Nord-Finland.

Diamantar er påviste fleire stadar i Noreg, men dei fleste er svært små. Den første kjente og største diamanten blei funne i Pasvik i 1890, med diameter 2,7 mm. Enno mindre diamantar er funne i Karasjok, ved Tromsø, i Hallingdal og på Fjørtoft i Møre og Romsdal.

Internasjonale diamantgigantar på vidda

Tidlig på 1990-talet blei den internasjonale gruveindustrien interessert i å leite etter diamantar i Finnmark. I 1993 fikk Rio Tinto Zink, gjennom det norske dotterselskapet Rio Holding Norway, løyve av Finnmark jordsalgskontor til å leite diamantar over 80 % av Finnmark. Seinare søkte dei om einerett for 10 kommunar i fylket, men det fikk dei ikkje.

Leiteløyvet som var gitt til Rio Tinto Zink førte til ein debatt om regelverket for utdeling av slike løyve. Ettersom diamantar ikkje er metall, hører dei til grunneigar sine mineral, og grunneigar var da Statskog ved Finnmark jordsalgskontor. Der hadde ein gitt løyve utan å spørje nokon andre. Sametinget kravde at leiteløyvet måtte trekkast tilbake. Kommunane Guovdageaidnu og Kárášjohka protesterte mot at Jordsalgskontoret gav leiteløyve, men nådde ikkje fram med kritikken, og saksbehandlinga fikk full støtte av landbruksministeren. Jordsalssjefen hevda enda at det måtte lovendringar til dersom slike saker skulle sendast til høyring til Sametinget.

Saka blei til og med tatt opp i Stortinget, og landbruksministeren lova at for framtida skulle Sametinget hørast i liknande saker. Få månader etterpå fikk Ashton Mining leiteløyve og Sametinget fikk først vite det gjennom media etterpå. Etter det igjen fikk også De Beers leiteløyve. Denne saka bidro også sterkt til at Jordsalgsstyret sette ned eit eige utval for å sjå på behandlinga av leiting etter grunneigar sine mineral i Finnmark. Leitinga til desse tre store diamantselskapa kan ikkje ha ført til mye, for etter få år gav dei alle opp og fornya ikkje løyva sine.

Store vyar i Sør-Varanger

I 2008 danna den norske gruvespekulanten Tore Birkeland og den russiske geologen Pavel Kepezhinskas firmaet Kimberlitt AS, i lag med to norske investorar. Selskapet har hovudkontor i Oslo. Styreleiar og kontaktperson er Leif Rune Rinnan, som har heile 46 roller i norsk næringsliv! I følgje eigne nettsider har Kimberlitt eit team på 7 personar, og det er ingen kven som helst: «Gjennom dei siste seks åra har Kimberlitt samla dei beste og skarpaste fagfolka frå kvart av dei respektive områda.» [16] Samtidig skriv bedriftsopplysningsbasen purehelp.no at selskapet bare har ein tilsett.

Kimberlitt sikra seg retten til å leite diamantar i Sør-Varanger og starta i Pasvik i 2010 med opsjonsavtale med Finnmarkseiendommen. I 2011 meldte dei at dei hadde funne gode indikasjonar og diamantførande bergartar, og at det var gode utsikter til å få ein diamantindustri i Sør-Varanger. [17] Året etter skulle dei utvide leitinga til heile kommunen. I ein artikkel i Geo365.no [18] blir leitinga framstilt som starten på «nok et gruveeventyr i nord». I artikkelen kjem det fram at dei da enno ikkje hadde funne verken diamantar eller vertsbergarten kimberlitt, men lovande «anomalier» og nokre bergartar som ofte førekjem i lag med kimberlitt.

Kimberlitt bora ikkje sjølv, men har leigd inn Guovdageaidnu-selskapet Arctic Drilling. Har dei så funne noko? I følgje Altaposten fann dei dei første smådiamantane på Korpfjellet i 2015. Derimot er det ingen informasjon om funn verken på Kimberlitt sine nettsider eller Facebook-sider. Selskapet har frå starten av hatt kr. 0 i inntekt og stadig aukande gjeld.

Felles protest over grensa

På finsk side av Tanadalen blei diamantleiting aktuelt i 2014, da selskapet Karelian Diamond Resources ville starte gruve i Ohcejohka (Utsjok). På heimesida til selskapet [19] skryt dei av at dei er på god veg til å «realisere målet å oppdage og utvikle den første diamantgruva i EU». Bak dette selskapet står Rio Tinto. Det blei starta ein protestaksjon i Ohcejohka og kom reaksjonar også frå norsk side, da faren er stor for avrenning frå gruva til Tanavassdraget. Våren 2015 kom meldinga om at selskapet har slått frå seg heile planen om diamantleiting i Ohcejohka. Som grunngiving opplyser dei at årsaka er ei forretningsmessig og teknisk avgjerd om å konsentrere diamantleitinga i Midt-Finland. [20] Dei nemner ikkje den store lokale motstanden, men vi må vel tru at denne har vore medverkande til avgjerda.

99,99997 % avfall

Skulle så diamantleitarane finne noko, kva slags eventyr ventar da f.eks. i Sør-Varanger? Der er dei vane med gruvedrift på godt og vondt. Av det som blir tatt ut av berget i jerngruvene blir bortimot halvparten til slutt til jern. Likevel er avfallsproblemet gigantisk.

Kva så med diamantar? Ei typisk gruve kan ha 1-2 karat per tonn bergart, eller 0,2–0,4 milliondelar. Ingen av dei selskapa som så langt har leita diamantar i Noreg har hatt planar om å utnytte andre mineral og bergartar. Det vil altså i beste fall bli ein avfallsprosent på rundt 99,99997 %. Kor ein skal gjøre av dette om det blir diamantgruve i Sør-Varanger, det har visst verken leiteselskapet eller direktoratet som har gitt leiteløyve noko meining om.

Norsk Bergindustri hevdar stadig at vi må auke mineralutvinninga fordi vi har så stort behov for mineral. Artikkelen i geo365.no viser tydelig kva som er behovet for diamantar: «Til glede for kvinner med behov for ekstra dyr pynt. Og for menn som ønsker å vise at de har en velfylt lommebok.» Spørsmålet er kor mange som syns det formålet er verdt å endevende Finnmark for.

Fotnotar

[1] http://www.vesteraalen.info/ramsa%20publisering.pdf
[2] http://www.geologi.no/images/njg/1941-1950/1942/Vol_22_1-2/NGT_22_12_015-046.pdf
[3] Bjørg Evjen: Bergverkssamfunn i Arktis. Drivenes/Jølle (red): Norsk Polarhistorie 3, Gyldendal 2004. s. 113–176, Thor B. Arlov og Alf Håkon Hoel: Kulldrift i kald krig. Samme bok s. 389–442.
[4] http://213.225.89.160/sperrerforprivate/files/assets/common/downloads/publication.pdf
[5] https://www.nrk.no/troms/staten-kjoper-privat-svalbard-eiendom-1.13189675
[6] http://fylker.miljostatus.no/Svalbard/Tema-A-A/Forurensning/Forurensning-pa-land/
[7] NIVA-rapport 0-92168 Miljøundersøkelser i Bergsfjorden, Senja – effekter av avgang fra ei grafittgruve.
[8] Fylkesmannen i Troms: Rapport etter revisjon ved Skaland Graphite AS, 9385 Skaland den 16. og 17. 10. 2013
[9] http://norwegiangraphite.com/management.htm
[10] http://www.blv.no/sortland/kan-bli-enda-storre-grafitt-funn/s/1-1175899-6762608
[11] Originalen er på engelsk: «And during extraction, as it is an inert material that does not poison or pollute the environment, the local community and landowners at the extraction site can feel good about it too.»
[12] http://www.blv.no/lokalsider/sortland/article7370436.ece
[13] http://no.wikipedia.org/wiki/Vikosen_naturreservat
[14] http://www.vol.no/nyheter/sortland/article10257621.ece
[15] http://www.nrk.no/okonomi/ra-diamanter-1.10927032
[16] Originalteksten var på engelsk: «Over the past six years, Kimberlitt has assembled the best and brightest proffesionals from each of their respective fields.»
[17] https://www.nrk.no/troms/diamantjakt-i-sor-varanger-1.7642076
[18] http://www.geo365.no/bergindustri/fra-russland-med-ekspertise/
[19] http://www.kareliandiamondresources.com. På originalspråket: «to realize our objective to discover and develop the first diamond mine in the European Union»
[20] http://www.kareliandiamondresources.com/news/files/2015/2015-April-7-Withdrawal-of-Claim-Reservation-Application.pdf «Karelian Diamond Resources plc ... confirms that it has withdrawn its application for a Claim Reservation in the far North of Finland. The decision is a commercial and technical decision to concentrate diamond exploration efforts on Central Finland and in particular in the Kuhmo region where the Company has recently discovered a kimberlite body. The Company confirms that it had not commenced exploration in the area.»


Til neste kapittel