gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Rätten til marken – Kamp om gruver i Sverige og andre land

Rapport frå seminar i Umeå og ekskursjon til Laver

Deltakarar på gruveseminaret på Folkets Hus i Umeå.
(Foto: SL)

Kven har retten til landet – dei som brukar det og har brukt det sidan urminnes tid – eller gruveselskapet som kjøpte opp rettane av staten i fjor? Og har staten rett til å selje folket si mark til internasjonale gruveselskap? Dette var hovudspørsmålet på eit seminar i Umeå 27.–28.05.2016. Seminaret var eit samarbeid mellom Naturskyddsföreningen og Svenska Samernas Riksförbund, Bare det var litt av ein merkestein i både miljøkampen og samekampen i Sverige. Eit slikt samarbeid har ikkje vore sjølvsagt tidligare.

Det er ikkje bare i Sverige at striden står mellom gruver på eine sida og natur og naturbaserte næringar på andre sida. For oss som kom frå Noreg var det ikkje vanskelig å trekke parallellar. Kanskje meir overraskande var det kor like historier som skjer i dei to andre områda i verda som seminaret hadde fokus på: Sør-Afrika og Sør-Amerika.

Reinen på Luossavaara

"Renrajd på södra stranden av Luossajärvi, ca. år 1906. Bilden er tagen inom det som i dag är LKABs industriområde. I bakgrunden syns Luossavaara och til höger Haukivaara med nåra hus nere vid stranden."
(Foto: Borg Mesch)

I første bolken var temaet "Samiska rättigheter, renskötsel, tilståndsgiving och effekter av gruver", Dette fikk vi belyst frå tre kantar: Frå den juridiske sida ved forbundsjurist Jenny Wik Karlsson i Svenska Samernas Riksförbund, frå praktisk reindrift ved reinsdriftssamen Niila Inga i Laevas sameby, og frå forskinga ved Rasmus Kløcker Larsen ved Stockholm Environmental Institute.

Innleiarane viste to bilde av reindrifta i Kirunaområdet omlag 1906. Det eine ved Luossavárri, det andre på Gironvárri. Desse fjella er ikkje lenger reinbeite, og store delar av dei er no borte, og lever bare vidare i namnet Luossavaara–Kirunavaara Aktiebolag. LKAB er det største gruveselskapet i Sverige og Norden og står for rundt 90% av jernmalmproduksjonen i EU.

Gruvedrifta har lagt beslag på stadig større del av reinbeiteområdet i Sverige.
(Fra presentasjon av Jenny Wik Karlsson – Foto: SL)

"Rättigheter, lagstiftning och politik – skyddet för renskötseln?" spurte Jenny Wik Karlsson, og viste at formelt har samane og reindrifta i Sverige lenge hatt eit sterkt vern i lovverket. Men det har ikkje hindra staten å undergrave dei gamle rettane, og gi løyve til stadig nye inngrep på reinbeiteland. Da industrialismen og gruvenæringa kom for fullt i Norrbotten måtte samane vike. Dei rettane som samane har hatt og har etter svensk lov og internasjonale konvensjonar har stadig blitt undergravd av staten. Fleire gongar har Sverige fått påtale for å ikkje følgje konvensjonane overfor samane, men det finst ikkje noko sanksjonsordning knytta til konvensjonane, og den svenske staten held bare fram som før. Frå styresmaktene snakkast det mye om sameksistens, men den føreset at partane har like vilkår, noko som ikkje er tilfelle i dag. For reindrifta er det snakk om dei i det heile skal ha ein eksistens framover. Karlsson viste til to rettssaker som har styrka reindriftssamane sine rettar til reinbeite, men det har enno ikkje vore noko sak der domsstolane har slått fast at samane frå gamalt av hadde eigedomsrett til bruksområda sine og at staten urettmessig har tilrana seg desse med å definere reinbeiteområda som "kronomark".

Niila Inga, reineigar i Laevas sameby.
(Foto: SL)

Niila Inga, reineigar i Laevas sameby nær Kiruna, fortalte at bare på området til denne samebyen finnes det fire gruver. Disse har både ført til beitetap og mye ekstra arbeid for reineigarane. Reinen drar dit det er naturlig for dei, og kan da lett komme inn i farlige område. Reineigarane må bruke mye ekstra krefter på gjeting, til å jage og presse reinen, som igjen gjør reinen stressa, Inngrepa er ikkje bare snakk om gruver, men om det som følgjer med; vegar, kraftutbygging, lagring av avgang og gråberg, bustadområde. Nokre stadar er flyttevegane totalt sperra av gruveverksemda, og ein blir da nøydd å frakte reinen med lastebil mellom sesongbeiter. Tolegrensa er forlengst nådd. Om ikkje reindrifta skal måtte gi opp heilt, må ein no ha totalstopp i gruveutbygging. Staten må seie klart i frå om dei ønsker at det skal vere reindrift for framtida. Å seie ja til fleire gruver er å seie nei til reindrift.

Rasmus Kløcker Larsen har forska både på gruveprosesser i Sverige generelt og spesielt på planen for gruve i Laver. Han sa at ifølge gruveselskapa har Sverige verdas mest attraktive gruvepolitikk. Det betyr at staten stiller mindre miljøkrav og krev mindre skattar enn andre land og at det er lettare å få løyve. Han slo fast at samar som blir påverka av gruver har mindre innverknad på prosessen enn det dei skal ha etter internasjonal folkerett, og at gruveprosjekta blir behandla fragmentarisk og ikkje sett i samanheng med den samla mengda av inngrep, f.eks. innafor ein sameby, I forhold til prosessen rundt Boliden sine gruveplanar i Laver, er det usemje om det meste, både kva som skal utgreiast, og om det skal vere ein open eller lukka prosess. Leiar for den berørte samebyen sa det slik: "Samisk renskötsel går inte att driva i området om det blir en gruva. En bolagsfinansierad renfarming er teoretisk möjligt, men vi vil inte hålla på med det. för då är det inte renskötsel."

Smutsiga miljarder

Arne Müller fortalte ut frå bøkene han har skrive om gruveindustrien i Sverige
(Foto: SL)

I Umeå bur ein av dei fremste kritikarane av den svenske mineralsatsinga. Arne Müller er til daglig tilsett i den svenske rikskringkastinga, SVT, der han har laga kritiske program om gruvespørsmål. Han ga i 2013 ut boka "Smutsiga miljarder : den svenska gruvboomens baksida" og følgde i 2015 opp med "Norrlandsparadoxen". På seminaret fortalte han om kontrasten mellom det bildet gruveindustrien i Sverige gir av seg sjølv og det resultatet som kjem i praksis. For å få konsesjon må dei framstille alt som "World Class" og sope alle problem under teppet, Når dei så kjem igang, blir resultatet oftast eit heilt anna enn det som var førespegla. Da det kanadiske selskapet Northland Ressources starta opp jerngruve i Kaunisvaara i Pajala var noverande statsminister Stefan Löfven der og skraut og sa dette luktar pengar. Resultatet blei den største konkurs i nordisk historie. Selskapet opplyste på førehand at grunnvasstanden ville synke med inntil 40 cm, resultatet blei 16 meter, noko som førte til uttørking av myrene i området rundt gruva. Müller nemnde ei rekke andre tilfelle, som skandalegruva i Blaiken, der den første avgangsdammen brast til og med før han var tatt i bruk, og Blackstone, som fikk løyve å prospektere i Vindelälven naturreservat. Der skulle dei betale erstatning til samebyen, men før dei fikk betalt var selskapet borte vekk.

Mineralprisane går ekstremt opp og ned, fortalte Müller og viste til at jernmalmprisen gikk opp frå 30 til 180 $/t frå 2005 til 2011, og no er nesten nede igjen på den første prisen. Desse svingingane finn ein aldri i prognosene frå gruveindustrien, som til ei kvar tid føreset at prisane framover vil vere stablilt høge eller aukande.

Den største gruveplanen i Sverige no er Boliden sin plan om koppargruve i Laver ved Älvsbyn. Denne er planlagt som ei prototype på moderne gruvedrift: I eit igantisk dagbrot skal gigantiske maskinar ta ut 36 mill. tonn pr. år. 99,8% av dette skal fyllast i eit avgangsmagasin som vil bli det største i Norden gjennom tidene. Gruva vil legge beslag på 49 km2 natur- og reinbeiteområde.

Gullet eller livet?

"Vi må velge livet eller gullet. Dei som kjem utafrå vil ha gullet. Vi vil ha livet." Så enkelt og klart blei det sagt av fjellfolk i Ecuador som kjempar mot at eit utanlandsk gruveselskap skal få rasere livsgrunnlaget deira – eit område der dei lever av jordbruk og gjeting av dyr. Det var ei folk frå dei svenske Latin-Amerika-gruppene som viste ein film dei sjølv hadde tatt opp i Ecuador og Peru, for å vise striden om gruver der. Først fikk vi sjå dei nær idylliske scenene frå området i Ecuador der det er planlagt gruver, så viste dei tilsvarande område i nabolandet Peru etter at gruvedrifta var kome igang, med enorme dagbrot og stor forureining, som rammar både folk og dyr og gjør det ulevelig i vid omkrins rundt gruva. Tankevekkande ikkje minst for oss i Noreg. Det for tida mest ambisiøse gruveselskapet her til lands, Nordic Mining, starta nettopp med leiting etter gull i Ecuador, men gav etter kvart opp.

Coal kills – Kill coal

"Øydelegging og urett forårsaka av kolgruver og kolfyrte elektrisitetsverk: Ikkje noko jordbruksland. Ikkje noko jordbruksarbeid. Ikkje noko sunn mat å spise. Arbeidsløyse. Forureina vassdrag. Forureina springvatn. Fattige folk må kjøpe vatn."
Frå presentasjonen om gruver i Sør-Afrika.

(Foto: SL)

I ein delstat i Sør-Afrika blir det no tatt ut heile 220 millionar tonn kol for året. (Dette er omlag 100 gongar meir enn kolproduksjonen til Store Norske på Svalbard var på det meste.) Samtidig er det under planlegging ei mengde nye gruver.
(Foto: SL)

Nonhle Mbuthuma kom frå Sør-Afrika for å fortelje om kampen mot kolgruvene der.
(Foto: SL)

Heile sju deltakarar frå miljørørsla i Sør-Afrika hadde kome til Sverige for utveksling av informasjon om miljøproblem i dei to landa, og dei la fram skremmande opplysningar om korleis gruveindustrien tar landet og levebrødet frå folket der, og forureinar områda så mange blir sjuke og dør. Særlig ille er kolgruvene. Kolet blir ofte brukt i kraftverk like ved gruvene, og det einaste brenselet folk har tilgang på er kol av dårligaste kvalitet, med så mye svovel at gruveselskapa ikkje får seld det. Tilsaman fører dette til ei forureining både av luft, vatn og jord. I dei mest berørte områda i Sør-Afrika reknar ein med at 1 av 8 dødsfall skuldast luftforureininga frå kol.

Liksom i Sverige er det også i Sør-Afrika eit spørsmål om retten til landområda, fordi staten eller lokale høvdingar gir eller seljer land til gruveselskapa, land som dei ikkje har rett å disponere, etter som det etter retten er lokalbefolkninga sin kollektive eigedom. Tittelem på seminaret, "Rätten til marken" er altså like aktuelt der som i Sverige / Sápmi. Ein annan parallell var korleis gruveselskapa forsøker å kjøpe opp lokalbefolkninga, med å love arbeidsplassar, billig straum, vegar, skolar osv. Slik skaper dei splid i lokalbefolkninga. På andre sida forfølger dei motstandarane av gruver, det har vore tilfelle der miljøaktivistar har blitt drept, og blant bilda som blei vist frå Sør-Afrika var den sprengte bilen til ein av gruvemotstandarane.

Største gruveinngrep i nordisk historie?

Dagen etter seminaret i Umeå var det arrangert ekskursjon til Laver ved Älvsbyn, for å sjå det området som no kan bli utsett for det største gruveinngrep i nordisk historie, og for å treffe nokon av dei som kjempar for å stoppe desse planane.

Den gamle gruva i Laver er fyllt med vatn. Vi ser at vatnet som renn ut herifrå er alt anna enn reint og lurar på kva det inneheld. Den drifta som var her eingong var likevel i langt mindre målestokk enn den som no er planlagt.
(Foto: SL)

Ved gruva var det bygd opp eit heilt lokalsamfunn, med bustadhus, butikkar, skole osv. No veks skogen over ruinane,
(Foto: SL)

I Laver har det vore gruve før. I tida 1936–1947 var her koppargruve og rundt denne var det bygd opp eit gruvesamfunn med omlag 350 personar. For si tid var det eit toppmoderne lokalsamfunn, med fjernvarme, innlagt vatn i husa, vasstoalett og elektriske omnar i kvart hus. Staden hadde skole, svømmehall og kino. Etter nedlegginga av gruva blei tettstaden avvikla og mange hus blei flytta til andre stadar. Bare den vassfylte gruva og ruiner av betong blei igjen. No er det sett opp informasjonsskilt og gateskilt for dei gatene som ein gong var her i granskogen. Sjølve gruva blei fyllt med vatn da ein slutta å pumpe unna grunnvatnet, og dagbrotet ligg som ei tjønn med 35m i diameter og omtrent like djupt.

Det har vore gruve i Laver før. No står det igjen nokre ruinar, eit vassfylt hol og denne informasjonsplakaten
(Foto: SL)

Det var ein kombinasjon av lågt kopparinnhald i malmen og synkande kopparprisar som gjorde at Boliden i 1946 ga opp drifta. Men ettersom det har blitt stadig mindre tilgang på rik malm i verda, og det er utvikla driftsmetodar med enorme dagbrot og enorme maskinar, har gruveselskapa byrja å vurdere på nytt fattige malmar som dei tidligare hadde slått frå seg.

I 2012 meldte Boliden AB at prøveboringar hadde vist at det i Laver var ein stor førekomst med lågt innhald, noko tilsvarande Aitik ved Gällivare (Sjå Rapport frå gruvetur i Sverige og Finland). Boliden søkte i 2014 om driftskonsesjon for gruve her, men har møtt stor motstand. Länsstyrelsen i Norrbotten avslo i 2015 planen av omsyn til natur og reindrift, men selskapet gir seg ikkje og saka er no til behandling i statlige organ.

I Älvsbyn fikk vi orientering av lokale aktivistar, som viste på kartet området som gruva og deponiet vil okkupere. Til høgre Rolf Johanson frå Miljögruppen Pite Âlvdal. Jenta til venstre, som eg ikkje fikk med meg namnet på, tolka til engelsk for dei sørafrtkanske gjestene.
(Foto: SL)

Vi kjørte tvert gjennom området der gruva er planlagt, og stoppa der den største dammen skal byggast. Tvers over vegen her vil det bli ein 112 meter høg og 3 km lang dam. I andre enden av deponiet vil det bli ein noko mindre dam. På sidene er det naturlige åsar som skal fungere som veggar for deponiet, som totalt er berekna å dekke 20 km2
(Foto: SL)

Det vil bli "en jättegruva", fortalte dei lokale aktivistane, Rolf Johanson frå Miljögruppen Pite Âlvdal og Lillian Mikalson frå Riksförbundet Sámi Âtnam og Uttja sameby. Etter planen skal Boliden her ta ut 700 millionar tonn masse. Denne inneheld gjennomsnittlig bare 0,2% koppar, og resten skal lagrast i eit sju km langt og tre kilometer breitt deponi, med ei damhøgde på opptil 112 meter. (Til samanlikning for dei som er meir kjent med norske gruveplanar: Det er ti gonger meir masse enn det som er berekna tatt ut ved Repparfjorden, og kopparprosenten er omlag 1/5.) Med slike store gruvedammar er det heller regelen enn unnataket at dei lek eller i verste fall sprengast. Det vil i såfall truge heile Pite Álvdal og byen Piteå.

Politikarane snakkar bare om arbeidsplassar. Men samtidig arbeider gruveselskapa for å utvikle gruver som gir minst mogleg arbeidsplassar, bl.a. har Volvo og Boliden starta eit samarbeid om å utvikle førarlause dumparar som skal frakte malmen.

Dette kartet er laga av Boliden og illustrerer korleis inngrepet kan bli under drift og i ettertid.

nettsida til Miljøgruppen Pite Älvdal seier dei at dette prosjektet er i strid med ei rekke av dei miljømåla som svenske styresmakter har vedtatt: "Gruvplanerna strider mot nio av de nationella miljömålen; Giftfri miljö, Levande sjöar och vattendrag, Grundvatten av god kvalitet, Ett rikt växt och djurliv; Enbart naturlig försurning; Frisk luft, Myllrande våtmarker och levande skogar. Dessutom Giftfria och resurssnåla kretslopp.

Anders Erling Fjallås frå Semisjaur-Njarg sameby fortalte oss at det området som vil bli tatt av gruva er eit godt reinbeite og viste oss område med furuskog med masse reinlav. Om lag 2000 rein vil miste beite i eit par månadar for året, og flyttevegen blir heilt avskore.
(Foto: SL)

Dette vatnet vil bli borte under hundre meter tjukt deponi av gruveavgang.
(Foto: SL)

Ei slik gigantgruve vil bety eit enormt utslepp av elektrisk energi, 1,1 TWh, som tilsvarar elektrisk oppvarming av 60000 villaar, og eit årlig utslepp av CO2 på over 50000 tonn for året. Avgangsmassene vil lekke ut sulfidmalmar til evig tid. Etter at drifta ein gong er avslutta er det meininga å sette heile området under vatn.

Denne utsikta vil ein ikkje kunne sjå i framtida dersom Boliden får godkjent planen sin. Gruva vil komme i bakgrunnen midt på bildet, og mesteparten av det vi ser vil bli demma ned.
(Foto: SL)

Ei gruve etter Boliden sine planar vil vere ei katastrofe både for reindrifta og for naturen i området. Det er derfor utrulig frekt når Boliden på nettsida si framstiller det som dei forsøker å ta omsyn og samarbeide med dei som blir ramma: "Området kring Laver är av riksintresse för samebyn Semisjaur-Njarg. En konsekvensanalys av en eventuell verksamhet har därför genomförts i samverkan med samebyn. Berörda vattenområden kring Laver ingår dessutom som en del av Natura 2000-området Piteåälven. Samråd och informationsmöten har löpande hållits med berörd sameby, närboende, myndigheter och allmänhet. Synpunkter från dessa har så långt möjligt tagits i beaktande vid utformningen av den eventuella gruvverksamheten."


Denne nettstaden er redigert og for ein stor del skrive av Svein Lund, men andre må gjerne bidra.

Kontakt redaksjonen