Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3

Bind 3 – Ei velsigning for landet?

Norsk mineral mettar 5 milliardar?

FOSFOR – P

«Forekomsten i Kodal er nok til å mette 5 milliarder mennesker i tjue år.» Av alle gode argument for å starte mineralutvinning er det vel ingen som slår dei høgflygande vyene knytta til fosformineral som råstoff for kunstgjødselproduksjon. Fosfor er fleire gongar lansert som eit av dei store satsingsområda på 2000-talet, men ingen ting har kome i drift så langt.


Fosfor er eit ikkje-metallisk grunnstoff som reagerer svært lett med andre stoff og derfor ikkje finst fritt i naturen. Alle planter er avhengig av fosfor for å vekse. Det største forbruket av fosfor er som kunstgjødsel, men fosfor og fosforsamband blir og brukt i bl.a. fyrstikker, pyroteknikk, bomber, stålproduksjon, bilderør og plasmaskjermar.

Fosfor blir for det meste tatt ut frå apatitt, Ca5(PO4)3(F,Cl,OH). Apatitt finst i mange variantar og forskjellige fargar, og nokre kvalitetar har òg vore brukt til smykkesteinar. Dei største apatittførekomstane i verda er i Marokko/Vest-Sahara, Kina, Jordan og Sør-Afrika. På Kolahalvøya i Russland er det så store apatittgruver at byen Apatity har blitt kalla opp etter dei. Norsk Hydro er no innblanda i utvinninga her.


I Noreg er det kjente apatittførekomstar bl.a. i Froland og Arendal i Aust-Agder, Bamble og Kragerø i Telemark, Kodal i Vestfold, Gjøvik og Hjerkinn i Oppland, Modum i Buskerud, Selbu og Sparbu i Trøndelag og Misvær i Nordland.

Stordrift i Telemark

Ein skal sjå godt etter for å sjå restene etter Ødegårdens Verk. Men steinhaugane her er levningar etter gruva.
(Foto: SL)

Nokre av gruvesjaktene er brukt til å fylle søppel i.
(Foto: SL)

Apatittgruvene i Bamble var.eit enormt underjordisk nettverk Denne teikninga, som i snitt viser ein del av gruva, er henta frå boka Gunnar Sem: Ødegårdens Verk.
(Foto: SL)

I 1854 begynte det engelske selskapet Evans og Atkins gruvedrift etter apatitt i Kragerø-området (Dypedal, Løkken og Haukedal). Rundt 1880 gjenopptok firmaet Dahll (Tellef og Johan Martin Dahll) i Kragerø drifta.

På Ødegården Verk i Bamble var det fleire gruver i drift 1872–1926, dels med fransk, dels med norsk kapital (brødrene Dahll). Dette var dei største apatittgruvene som har vore i Noreg, med eit stort underjordisk nettverk av gruver og opp mot tusen mann i arbeid.

Den nye olja i Nordland?

I 2010 blei det funne store leier av apatitt i Misvær i Nordland. Utan forbehold erklærte NRK at «apatitt er den nye oljen». Fylkesgeolog Ola Torstensen kunne fortelje til NRK:
«– Det er ikke tvil om at de ressursene som ligger her har et potensial på mange milliarder kroner. Det blir nærmest som å ha mange små oljefelt i fylket.»

NRK følgde opp med å påstå at apatitt ikkje finst så mange stadar i Noreg og at her vil vere store pengar å tjene for både grunneigarar og landsdelen.[1] Ein grunneigar som er intervjua, er noko meir nøktern og seier han ikkje vil sprette champagnekorken enno. 6 år etterpå blir apatitten i Misvær framleis omtala som «lovende funn», og noko meir konkret ser ikkje ut å ha kome ut av det.[2]

Kodal – «den mest miljøvennlige gruva i verden»

Anlegga vil etter planen ligge i åsen mellom Lågendalen (i bakkant av bildet) og Vestre Kodal (i forgrunnen). Dagbrotet (3) vil bli 1900 meter langt. Det vil bli demningar ved (1) og (4), knuseverk, verkstad og kontor ved (2).
(Foto: Olaf Akselsen)

– Vi tror dette kan bli den mest miljøvennlige gruva i verden [3], seier sjefen for Kodal Minerals om jern- og fosfatgruva dei har tenkt å starte i Kodal i Larvik og Andebu kommunar i Vestfold. Kva som er så miljøvennlig med eit ope dagbrot, to store dammar for våt gruveavgang og kassering av viktige ressursar i malmen fordi dei for tida visstnok ikkje er lønsame å ta ut, det er ikkje så lett å forstå.

I Kodal er det ein stor førekomst av fosfat, jern og titan, eller meir presist apatitt, magnetitt og ilmenitt. Jernførekomsten har vore kjent sidan 1700-talet, men blei ikkje utnytta fordi det da var vanskelig å skilje jern og titan. Seinare blei førekomsten kartlagt i 1933 [4], og undersøkt av Norsk Hydro på 1960- og 70-talet med tanke på fosformineral for kunstgjødselproduksjon. Seinare har fleire selskap snusa på dette, men ingen har funne det lønsamt å starte utvinning før det i 2010 blei danna eit eige selskap i London med namnet Kodal Minerals plc. Selskapet er tilsynelatande oppstått for dette høvet, men i røynda er det ei omdøyping av Clearphos Limited som har drive gruvedrift i Sør-Afrika.

I 2011 blei denne ressursen vurdert av NGU som ein titan/jern/fosfor-ressurs av nasjonal interesse. Først hadde Kodal Minerals planlagt å ta ut både titan, jern og fosfat, og planen var ei gruve som skulle ta ut 3 mill. tonn malm for året. Seinare har dei endra planane til 1,6 mill. tonn. No vil dei ikkje lenger utnytte titanmalmen, og Kodal Minerals skriv at titanet i dette materialet ikkje er eit økonomisk mineral og vil bli kassert som del av stålproduksjonsprosessen.[5]

Førekomsten som er kartlagt er omtrent 2 km lang og opptil 200 meter brei og er berekna å gå minst 800 meter nedover. Han bør derfor vere godt eigna for underjordsgruve. Likevel har selskapet funne det mest lønsamt å starte med eit dagbrot ned til 230 meter, og så vil dei vurdere å fortsette som underjordsgruve etter omlag 20 år med dagbrot. I løpet av den tida vil dei etter planen ha tatt ut 30 mill. tonn malm. Av dette skal vel halvparten førast bort som fosforkonsentrat og jernkonsentrat. Restmassen skal etter planen lagrast bak to høge dammar, den høgaste vil vere omlag 90 meter. Dersom ein hadde drive gruva som underjordsgruve skulle det vere mogleg å lagre all restmassen tilbake i gruva, og slik unngå desse dammane. I tillegg kjem gråberget, som er berekna til 45 mill. tonn, men som trulig vil bli langt meir, da planen bygger på at dagbrotet vil ha bratte sider, forskjellige kjelder skriv 600 og 700 vinkel. Direktoratet for mineralforvaltning har allereie stilt spørsmål ved om den bratte vinkelen er realistisk og forsvarlig. [6] Selskapet hevdar sjølv at dei må drive dagbrot, og at dei med underjordsdrift bare vil kunne ta ut halve ressursen. Dette er ein påstand som dei ikkje har levert noko dokumentasjon på. Ved bruk av såkalla tilbakefyllingsbryting skal det vere mogleg å utnytte det aller meste også som underjordsgruve, og ein vil da også redusere kraftig på gråbergutvinninga.

Det er svært vanskelig å oppgi tal for den planlagte produksjonen, da desse varierer stort i forskjellige media. I følge nokre kjelder skal kvart år 2–300 000 tonn fosfatkonsentrat og 6–800 000 tonn jernkonsentrat fraktast 20 km til hamna i Larvik og skipast ut. Planen er å bruke lastebilar til dette, men det har og vore lufta ein idé om taubane. Kor det så skal sendast vidare ser ikkje ut å vere klart, men i februar 2014 opplyste bedrifta at marknaden for jernmalm da var god (!).[7] Ein påstand som i ettertid kan virke noko urealistisk, sett i lys i at jernprisen på den internasjonale marknaden fall omlag 40 % i løpet av 2014, og fleire store jernmalmprodusentar i Norden har gått over ende dei siste åra.

Når prosjektet har blitt presentert for lokalbefolkninga har det kome fram mye skepsis. Gruva vil bli i eit naturområde med fleire sjeldne og raudlista artar. Dette er eit populært turområde og både Turistforeninga og Naturvernforbundet lokalt har protestert. Redaktøren i Sandefjords blad skreiv 17.11.2014 i ein kommentar: «Høres ikke akkurat ut som et miljøtiltak».

Gruveområdet i Kodal er eit populært turområde.
(Foto: Heidi Gjerstad)

Ordførarane i dei berørte kommunane har derimot jubla over utsikter til 250 arbeidsplassar. Sidan dette området verken har gruvetradisjonar eller vidare arbeidsløyse, vil det nok knapt bli særlig lokal rekruttering. Det må derfor sterkare verkemiddel til for å marknadsføre prosjektet. Andebu-ordførar Bjarne Sommerstad har da funne det avgjørande argumentet: «Forekomsten i Kodal er nok til å mette 5 milliarder mennesker i tjue år».[8] Behovet for fosfatgjødsel til landbruket i verda er da også iherdig brukt i Norsk Bergindustri si promotering av planen. I det heile er både meldingane frå selskapet og mediaoppslaga så motstridande at det er svært vanskelig å vite kva ein skal tru på.

Til å greie ut og marknadsføre prosjektet har Kodal Mining leigd inn konsulentselskapet Bergfald miljørådgivere. Dette selskapet marknadsfører seg sjølv som «– Vi innfører miljøledelse, rydder forurensing og skaper miljøinnovasjon» og «Vår lojalitet ligger først og fremst hos miljøet, ...» Dette har ikkje hindra dei å ta på seg utgreiingsarbeid for Kodal Minerals og representere selskapet bl.a. på folkemøte. Da Larvik kommune arrangerte informasjonsmøte 27.11.2014, sto det i annonsa: «Informasjon om prosjektet v/Bergfald Miljørådgivere på vegne av Kodal Minerals». Sidan Kodal Minerals til daglig held til i London og ikkje synest å ha norsktalande tilsette, er det Bergfald som i stor grad står som Kodal Minerals sitt ansikt utad. Den jobben har dei blant anna gjort i avisdebattar mot Naturvernforbundet og andre kritikarar av gruveplanen.[9] I referat frå folkemøte i Kodal skreiv Sandefjord Blad: «Miljø-rådgiver Anders Bonden i Bergfald Miljørådgivning viste i sin presentasjon av prosjektet til at gruvene i Kodal «skal sette en ny standard for grønn gruvedrift».[10] Leiar i Naturvernforbundet i Sandefjord seier det slik: «BF er betalt for at gruveplanene til Kodal Minerals skal bli gjennomført. Det går rett og slett ikke an å være nøytral når konklusjonen allerede er gitt. Det hjelper ikke at «lojaliteten ligger hos miljøet» når du er betalt for å være positiv til en utbyggingsplan. BF skal «grønnvaske» gruveplanene og sørge for at utbyggingsplanene passerer kommunestyrene i både Larvik og Andebu/Sandefjord. Det er det som er BFs oppdrag.» Den som da forsvarte Bergfald i avisdebatten var daverande daglig leiar Hanna Marcussen, tidligare talsperson for Miljøpartiet De Grønne og noverande byråd i Oslo.

Kodal minerals blei danna omtrent da både fosfatprisen og jernmalmprisen var på topp. Sidan er begge prisane gått kraftig ned på verdsmarknaden, og investorane har derfor byrja å få kalde føter. Framdrifta i planane har derfor stoppa opp, og Kodal Minerals meldte hausten 2015 at dei vil la saka ligge på is i påvente av auka prisar før ein går vidare. Mens dei eit år tidligare snakka om drift i inntil 70 år, syner det seg at prosjektet ikkje var meir solid enn at prisvariasjonar innafor 2-3 år var nok til å rokke ved løfta.

Da Larvik kommunestyre skulle behandle planprogrammet for Kodal Mining 19.10.2016, møtte aktivistar frå Natur og Ungdom utafor møtelokalet med plakatar som sa at ein burde resirkulere fosfor i staden for å starte ny gruve og at sjeldne artar vil forsvinne om gruvedrifta kjem i gang.
(Foto: Bjørn-Tore Sandbrekkene, Østlandsposten)

18.10.2015 sendte Kodal minerals denne meldinga til aksjemarknaden: «... Selskapet har no bestemt seg for å trekke seg tilbake frå planleggingsprosessen for å unngå å bruke meir tid til administrasjon eller påløpande tilleggsutgifter. Selskapet har skrive til dei aktuelle kommunane og bede om ei midlertidig tilbaketrekking frå planleggingsprosessen, basert på at Kodal-prosjektet for tida ikkje er økonomisk levedyktig og at det er usannsynlig at dette vil endre seg på kort sikt. Lisensane blir verande gyldige til juli 2023 og selskapet kan kome til å starte opp igjen prosessen dersom økonomien i prosjektet skulle bli betre i framtida.» [11]

Likevel blei saka som planlagt behandla i kommunestyret i Larvik dagen etter, 19.10.2015 [12] Her blei eit fellesforslag frå MDG, SV, V, Sp og Ap vedtatt mot 6 røyster frå FrP og KrF:
«Planprogrammet legges ikke ut til offentlig ettersyn.

Dokumenter og opplysninger viser tilstrekkelig tydelig at en eventuell etablering av gruvedrift vil ha store konsekvenser for naturmiljø, trafikkmiljø, rekreasjonsmuligheter, mulig utvikling av andre næringer og mange innbyggeres nærmiljø både i og nær gruveområdet, langs alternative transportveier og i/rundt Larvik havn.

Fosfat er en begrenset naturressurs som er vital for matproduksjon/landbruk. Andre kilder og resirkulering av fosfat i husdyrgjødsel, matavfall og kloakkslam kan ventelig dekke behovet for fosfat i mange år.

Etter en avveiing av behovet for ressursene som utvinnes i gruveprosjektet mot ulempene som allerede er synliggjort, finner kommunestyret at områdets status som hensynssone «sikring av område for fremtidig uttak» i kommunens arealdel 2015 – 2027 er mest hensiktsmessig i overskuelig framtid.»

Gjenvinning av fosfor

Dersom ein held fram med å hente like store delar av fosfatbehovet til jordbruket frå fosfatgruver, vil verda i løpet av få tiår kunne bli fri for ressursar som er nokolunde lett tilgjengelige.[13] Men fosforen som blir tatt ut går ikkje til spille, han går inn i eit krinslaup der det er mogleg å gjenvinne store delar. Mye av fosforgjødsla blir ikkje tatt opp av dyrka planter, men renn bort og fører til overvekst av algar i vassdrag, med oksygenmangel og fiskedød som resultat. Mye av det som dei dyrka plantene tar opp, går gjennom kroppen på husdyr og menneske, og kan gjenvinnast frå avføring og urin. Ein del fosfor får vi tilbake i form av husdyrgjødsel, men mye går også tapt. I seinare år er det gjort forsøk på gjenvinning av fosfat frå kloakk, men dette har enno ikkje blitt sett i kommersiell drift. [14] Det skal òg vere mogleg å gjenvinne fosfor frå oppdrettsanlegg og frå produksjon av biogass. [15]

Fotnotar

[1] http://www.nrk.no/nordland/apatitt-er-den-_nye_-oljen-1.7422012
[2] http://www.geo365.no/bergindustri/kartlegger-forkomster-av-grafitt/
[3] http://www.sb.no/nyheter/tre-demninger-skal-stanse-avfallsvannet-fra-kodal-gruva-1.8653565
[4] http://link.springer.com/article/10.1007%2FBF00206786#page-1
[5] «The titanium in this material is not an economic mineral and will be discarded as part of the steel making process.» (http://www.kodalminerals.com/#!/en/operations/what-we-produce)
[6] Mineraldirektoratet: Kommentarer til Kodals Phosphate AS backfilling planer. 02.05.2014
[7] Høringsuttalelse til «Interregional plan for intermodal godstransport i Telemark og Vestfold» fra Kodal Mining Plc. Få månadar etter kom dei første nedleggingane og innskrenkingane i jernmalmgruver i Norden pga. fallande prisar.
[8] http://www.webavisen.no/siste-nytt-om/kodal.htm
[9] http://naturvernforbundet.no/vestfold/nyheter/bf-er-betalt-for-at-gruveplanene-til-kodal-minerals-skal-bli-gjennomfort-article33153-1651.html
[10] http://www.sb.no/nyheter/nyheter/gruvesjef-vi-lytter-til-folket/s/2-2.428-1.8658462
[11] Vår omsetjing frå engelsk. Originaltekst: «... The Company has now determined to withdraw from the planning process so as to avoid expending further management time or incurring additional costs. The Company has written to the relevant municipalities requesting a temporary withdrawal from the planning process on the basis that the Kodal Project is not currently economically viable and that this is unlikely to change in the short term. The licences remain valid until July 2023 and the Company may seek to restart the process if the economics of the project improve in the future.» http://www.lse.co.uk/ShareChat.asp?page=2&ShareTicker=KOD
[12] http://www.op.no/nyheter/kodal/naringsliv/larvik-sier-nei-til-gruvedrift-i-kodal/s/5-36-273919?ns_campaign=editorial.article
[13] http://www.framtiden.no/201001053261/aktuelt/bedrifters-samfunnsansvar/jakten-pa-den-siste-fosfatstein.html
[14] NRK Viten: Skal gjenvinne livsviktig stoff fra kloakken.
[15] NRK: Schrødingers katt


Til neste kapittel