Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Noreg er eit land i verda

INNLEIING

«Noreg er eit land i verda». Denne djupe visdomen, som i 1972 blei uttalt frå talarstolen på Stortinget av daverande statsminister Lars Korvald (KrF), har gått inn i rekka av kjente statsmannssitat. Dette gjeld ikkje minst innafor mineralutvinning, der aktivitetar i Noreg er tett vove saman med den internasjonale mineralindustrien og verdsmarknaden.

I den store samanhengen er utvinninga i Noreg svært beskjeden innafor dei aller fleste mineral. Likevel spelar Noreg ei større rolle i verdas mineralnæring enn det den noverande innanlandske produksjonen kan tyde på, både gjennom smelting av utanlandsk malm, investeringar i utlandet og gjennom politisk påverknad. Eit av måla med denne boka er å finne ut korleis dette heng saman og om Noreg spelar ei positiv eller negativ rolle i arbeidet for å redusere miljøskadane ved utvinning og foredling av mineral.

Typisk norsk å vere god?

Norsk bergindustri si oppsummering av bergindustrien lokalt og globalt. Alt er vel og bra, det er ingen mangel på råstoff, inga rovdrift, ikkje behov for endringar, her skal bare bli meir av det same.

Like etter at førre boka i denne serien var utgitt, hadde eg ein presentasjon av boka i Verdal. Det møtte ei rekke representantar for Verdalskalk for å forsvare bedrifta si, blant dei Hanne Markussen-Eek, direktør i Franzefoss og tidligare styreleiar i Norsk Bergindustri. Ho kunne fortelje at norsk mineralnæring er leiande i verda både på teknologi og miljø, og at vi har mye å lære bort til andre land. Mens ho snakka sat eg med datamaskin og prosjektor og synte bilde frå nettversjonen av «Gull, gråstein og grums». Da ho skrytte av kor fantastisk god den norske mineralnæringa er, kunne eg ikkje halde meg frå å hente fram på skjermen innleiinga til bind 2, med eit anna kjent politikarsitat, «Det er typisk norsk å være god». Når det gjeld mineralutvinning synest det å vere svært typisk norsk å vere sjølvgod.

Norsk Bergindustri er på ingen måte aleine om å framheve Noreg si rolle. I november 2016 uttalte NGU:
«Norge og de andre nordiske landene er verdensledende innen gruveteknologi, og regionen er ledende i Europa innen produksjon av både mineralske råvarer og raffinerte metaller. Tilgang på ressurser, stabil politisk styring, vilje til regulering og fokus på både innovasjon og miljø gjør at Norge og de øvrige nordiske land kan bidra med både produksjon og teknologi for en grønnere verden i de kommende årtier.»[1] Så seint som i juli 2019 kunne direktør for NHO Arktis, Tore Wæraas, i ein debatt om gruver fortelje at Noreg har verdas beste gruveteknologi, verdas beste miljøpolitikk, verdas beste lovverk og verdas beste byråkrati.

Det er ikkje grenser for kor gode vi er. Det hadde jo vore svært så gledelig – om det bare hadde vore sant. I denne boka vil eg stille spørsmål ved dette bildet. Er Noreg betre enn andre land? Har vi verkelig så mye å lære bort, eller kunne vi med fordel hatt ei meir beskjeden haldning og forsøke å lære litt av andre, både om teknologi, miljø og forvaltning? Mye tyder på at dette skrytet ikkje bare er overdrive, men at Noreg snarare er ei sinke både i teknologiutvikling, i vilje til regulering og i miljøkrav til gruvedrift.

Ei internasjonal næring

Nikkelverket i Kristiansand blei starta i 1910 med norsk kapital og basert på nikkelgruver i nærområdet. I 1929 blei det kjøpt opp av eit kanadisk selskap og det foredlar no vesentlig kanadisk malm.
(Foto: Wikipedia)

Bergverksnæring og mineralforedling har vore ei av dei store eksportnæringane i Noreg, på linje med fisk og seinare olje. Næringa har bidratt sterkt til internasjonalisering av norsk økonomi gjennom eksport og import av mineral, produksjonsutstyr, kapital og teknisk kunnskap.

Frå dei aller første bergverka her i landet har vi importert teknologi utafrå. Faktisk er det aller meste av teknologi importert. Bergverkshistorikaren Per R. Mikkelsen skriv i boka Bergverksfortellinger: «Et fellestrekk ved de forbedringer som her er nevnt, er at de alle kom utenfra, noen norske oppfinnelser av betydning lar seg ikke så lett oppspore. Dette peker på at bransjen ikke kunne betegnes som noen utpreget innovasjonskultur i den perioden vi her omtaler, men også at næringen viste evne til å ta i bruk andres tekniske nyvinninger – selv om det ikke var uvanlig at det hersket noe strid om innføringen.» Han skriv her vesentlig om tida før 1900. Seinare skjedde det noko meir utvikling i Noreg, særlig innafor smelteteknologi, bl.a. i Sulitjelma, Orkla og Elkem, men når det gjeld gruvedrift og oppreiing skal ein leite lenge etter norsk teknologiutvikling.

Kan vi i det heile snakke om ei norsk mineralnæring? I svært høg grad er bedriftene eigd av utanlandsk kapital, samtidig som norsk kapital har eigardelar i mineralutvinning i utlandet for ein enno større sum.

Ein stor del av minerala som blir utvunne her i landet blir omsett på ein marknad som omfattar heile verda, der prisane på metallbørsane i London og Shanghai avgjør om ei mineralbedrift i Noreg går med overskot eller underskot, mens prisane på gruveaksjebørsane i Toronto og Perth avgjør om aksjonærane tener eller tapar.

Vidareforedlinga av malmen er i minst like stor grad ei internasjonal sak. Mens jern- og kopparmalm frå Noreg har blitt sendt til andre land for smelting, har vi tatt imot malm frå andre land og verdsdelar for å smelte ut nikkel, sink og aluminium.

Etter eit halvt hundreår i oljealderen har vi vendt oss til at Noreg er i verdstoppen i produksjon og eksport av gass og olje. For mineralutvinninga har vi derimot ein langt mindre framtredande posisjon, og denne har blitt enno mindre dei siste tiåra. Og er det no eigentlig eit geologisk og økonomisk grunnlag for at denne næringa skal bli «den nye olja»?

Internasjonale avtalar og konvensjonar verkar inn på vilkåra for mineralnæringa i Noreg og på norske investeringar i mineralnæringa i andre land. Kva rolle spelar så Noreg innafor internasjonal mineralnæring? Er landet ein pådrivar for forsking på nye metodar for leiting, utvinning og utnytting av mineral, eller snyltar vi bare på utviklinga i andre land? Er Noreg ein pådrivar for å betre miljøstandardar, eller kanskje tvert om, ein bremsekloss for å hindre miljøreglar som kan stoppe oss i å bruke våre «naturlige fortrinn» til å dumpe gruveavgang i dei mange fjordane våre? Er Noreg i internasjonale fora talsmann for at dei einskilde statane skal kunne sette miljøkrav til mineralutvinning, eller for at internasjonale gruveselskap skal kunne presse gjennom ei utvinning slik dei sjølve ønsker?

For å forstå rolla til Noreg, må vi sjå på det store bildet av korleis mineralutvinninga ser ut i verdsmålestokk. Både store og små gruveselskap og organisasjonane deira ønsker å auke mineralutvinninga. Det gjør også dei aller fleste statar og statlige mineralstrategiar. Men kva blir konsekvensane når dei rikaste kjeldene er tømte og ein må drive på malm som er fattigare og fattigare og stadig vanskeligare tilgjengelig? Finst det i det heile tilgjengelige ressursar nok til at utvinninga bare kan halde fram å vekse?

Korleis ser mineralutvinning i andre land ut, samanlikna med den norske? I denne boka kjem glimt frå gruvedrift i nokre utvalde land, med særlig vekt på den påverknaden mineralnæringa har på naturmiljøet og på livsgrunnlaget for lokalbefolkninga og på kva reaksjonar gruveselskap har blitt møtt med når dei har etablert seg ein stad eller forsøkt å gjøre det. Eg spør kva regelverk og forvaltning andre land har samanlikna med Noreg, og kva gruveselskapa gjør for å få innpass og løyve til å drive på den måten dei sjølve er best tent med. I den samanhengen skal vi sjå på to former for internasjonalt samarbeid, på samarbeidet mellom gruveselskap og tilknytte bedrifter, og på samarbeid mellom grupper som har blitt ramma av gruveindustrien si framferd og vil forsøke å påverke nasjonale og internasjonale organ til å sette grenser for dei.

Behov eller etterspurnad?

Dette skreiv Holger Fangel i ein rapport for Bergvesenet i 1964. Over 50 år seinare er det meste like aktuelt. Sjølv gjorde Fangel sin innsats for auka mineralutvinning som direktør for Bleikvassli og Bidjovagge Gruber.

Kva styrer utviklinga av mineralutvinninga i verda? Det er sjølvsagt behovet for mineral. Eller er det så enkelt?

Norsk Bergindustri er veldig flinke til å vise at vi alle har behov for mineral. I utgangspunktet er dette så elementært at det ikkje skulle vere nødvendig med ei kampanje for å fortelje det. Nettopp det at organisasjonen brukar så store krefter på denne kampanja gir grunnlag for ein liten mistanke: Er det faktisk så enkelt at det er menneska sine behov for mineral som styrer mineralproduksjonen, eller ligg det noko meir bak? Og kven avgjør kva det er behov for? I ein debatt om gullprospektering sa generalsekretæren i Norsk Bergindustri det så enkelt: «Så lenge det er etterspurnad er det behov.»

Det finst sjølvsagt grunnleggande behov, som alle menneske har, for mat, klede og hus. I vår tid må også kommunikasjonsmiddel som radio/tv, telefon og datautstyr reknast som personlige behov, i alle fall i store delar av verda. På samfunnsmessig nivå trengst det bygningar og utstyr for skolar, sjukestell og offentlig forvaltning m.m. Ikkje minst trengst det transportmiddel som kan frakte oss over lengre strekningar enn det er rimelig å gå. Alt dette treng mineral, direkte i forbruksvarer eller for produksjon og transport. Ein stor del av mineralforbruket går likevel ikkje til desse grunnleggande behova. Det går til dei rike sitt luksusforbruk, til opprustning og krig, til unødvendig transport, utsmykking, rusmiddel og reklame. Forbruket til folk flest er også høgare enn behovet, fordi det blir laga og seld ein masse varer av stadig dårligare kvalitet, som fort går sund og er vanskelig eller umogleg å reparere. Ei av målsettingane med denne boka er derfor å stille spørsmål ved om det reelle behovet vårt for mineral kan forsvare dagens uttapping av ressursane.

Fotnotar

[1] http://www.nussir.no/articles/2016-11-00%20mineraler-for-det-gronne-skiftet.pdf


Til neste kapittel

Meir gruvestoff på gruve.info