Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg


Bilde på forsida av bind 4:

Rio Tinto er verdas nest største gruveselskap med gruver i alle verdsdelar. I Perth i Australia har dei kontor i denne 226 m høge skyskraparen. Rio Tinto har betalt 400.000 $ for å få sette opp sin gigantiske logo på alle fire sider av tårnet.
(Foto: Samuel Wiki / Wikipedia)

Den største gullgruva i Norden ligg i Kittilä i Nord-Finland og er eigd av det kanadiske selskapet Agnico Eagle. Her ser vi litt av avgangsdeponiet.
(Foto: Nils Viklund)

Bidjovagge Gruber på Finnmarksvidda. Etter at det finske gruveselskapet Outokumpu gav opp drifta, blei driftsbygninga rive i 1995.
(Foto: Guovdageaidnu kommune)

Ein landsby i Brasil oversvøymd av gruveavgang etter dambrot i 2015. Eigarar av gruva er australsk/britiske BHT og brasilianske Vale. Den norske oljefondet er aksjonær i begge selskapa.
(Foto: Rogério Alves/TV Senado)

Titania i Rogaland er ei av dei største gruvene som har vore i Noreg. Sidan 1927 er gruva eigd av det amerikanske selskapet NL Industries.
(Foto: SL)


Innhald for bind 4

Innhald * FORORD
Noreg er eit land i verda * INNLEIING
Plyndring av planeten * MINERALA
Frå kolonikrig til råvareinitiativ * LITT HISTORIE
Nokon må tene! * KAPITAL OG ARBEID
Nokon må betale rekninga * MILJØET
Ei næring i strid * FORVALTNING, LOBBY OG MOTSTAND
Glimt frå den store verda * GRUVELAND I UTVAL
Kverna på havsens bunn * DEEP SEA MINING
Mineral for «det grøne skiftet» * MINERAL OG ENERGI
Von om ei betre framtid? * KONKLUSJONAR OG SPØRSMÅL

Presentasjonar av Gull, gråstein og grums – 4 (Kjem etter kvart)

Kommentarar, rettingar og tillegg til "Gull, gråstein og grums – 4" (Kjem etter kvart)

Ingen gratis rikdom

FORORD TIL BIND 4

«Rikdom fra jorda kommer aldri gratis.» Så enkelt blir det sagt i ei av dei mange bøkene eg har lest om mineral og gruver mens eg har jobba med denne boka, Menneskets grunnstoffer, skrive av Anja Røyne. [1]. Det er jo i grunnen sjølvsagt, men det er dessverre nødvendig å gjenta det og dokumentere det gong på gong. Nettopp fordi gruveselskap og mektige økonomiske og politiske krefter bak dei stadig prøvar å innbille oss at mineralutvinning bare har fordelar.

Dette er bakgrunnen for at den fjerde og siste boka i serien Gull, gråstein og grums har fått undertittelen «Under falsk flagg». Dei siste åra har det gått fullstendig inflasjon i at gruveselskap og organisasjonane og samarbeidspartnarane deira marknadsfører gruveprosjekt som bærekraftige, miljøvenlige og grøne, samtidig som praksis oftast viser det stikk motsette.

I arbeidet med denne boka har eg møtt ei heil næring som siglar under falskt flagg – både i Noreg og internasjonalt. Da eg søkte på nettet etter bilde av «falskt flagg», var det første som kom opp eit bilde av eit norsk flagg. Sett i samanheng med gruver og miljø må eg dessverre seie at det passar svært godt.

Mens dei tre tidligare bøkene i denne serien handlar om gruvedrift i Noreg, ser denne boka meir ut over landegrensene, blant anna på korleis norsk mineralnæring er vove saman med den internasjonale, og på kva rolle den norske staten og norske bedrifter og organisasjonar spelar internasjonalt.

Dei tidligare bøkene er i stor grad bygd på besøk i gruver og gruvemuseum og direkte samtalar med folk engasjert for og mot planar om framtidig drift. Det har ikkje vore mogleg i samme grad for denne boka, og det har derfor ikkje vore til å unngå at ho blir dominert av eit norsk og europeisk perspektiv. Eg har besøkt nokre gruver, gruvemuseum og gruvekonferansar i Sverige, Finland og Polen, og snakka og korrespondert med folk i andre land er engasjert i gruvespørsmål. Hjertelig takk til alle som har tatt vel imot meg på reisene, og dei som har svart på mine utallige spørsmål på telefon og epost.

For øvrig bygger boka på skriftlige kjelder, prenta og digitale. Nokre av desse har vore så grunnleggande at eg vil nemne dei spesielt. Om ressurssituasjonen og utsiktene framover har eg særlig bygd på Ugo Bardi si bok Extracted og Simon Micheaux sine artiklar og nettpresentasjonar om Peak Mining. For internasjonal gruvedrift i nyare tid vil eg særlig vise til ei rekke bøker av Roger Moody, blant dei Rocks and Hard Places og til boka Imperial Canada Inc. av Alain Deneault og William Sacher. For Sverige, Finland og generelle gruvespørsmål står eg i stor gjeld til Arne Müller og bøkene hans, særlig Smutsiga miljarder og Elbilen och jakten på metallerna. Mye materiale har eg finne på nettet, både frå gruveselskap og institusjonane som skal fremje mineralutvinning og frå organisasjonar og institusjonar som har sett seg som mål å overvake denne verksemda. Blant dei siste vil eg særlig nemne London Mining Network, MiningWatch Canada og Papua New Guinea Mine Watch. For Latin-Amerika har eg hatt spesiell hjelp av Inti Condo, student frå Ecuador ved Sámi allaskuvla, som har funne fram til masse materiale eg aldri ville funne sjølv.

Eg har ønska å illustrere boka med bilder knytta til gruvedrift rundt i verda. Det har ikkje vore så enkelt. Når eg ikkje sjølv har kunna reise og fotografere overalt, har eg vore avhengig av løyve til å bruke bilde som andre har tatt. Svært mye finst på internett, men ikkje alle har vore villige til å låne bort bilde når dei ikkje har kontroll over kva som blir skrive. Nokre gruveselskap har nekta meg å bruke bilda deira. Andre fotografar og nyheits- og bildebyrå er klare til å selje, men krev slik betaling pr. bilde at eg har vore nøydd til å avstå frå mange av dei beste bilda. Løysinga har i mange tilfelle blitt Wikipedia, som har mye bilde med open lisens. Ein spesiell takk derfor til Wikipedia og dei som har lagt ut bilde til gratis bruk der.

Ved avslutninga av siste bindet vil eg særlig takke dei som har tatt seg arbeidet med å lese gjennom manusa og kommentere og komme med forslag til forbetringar:
– Mads Løkeland, som har ein enorm kunnskap om gruvespørsmål, og har spela ei stor rolle i utviklinga av ein gruvekritisk opinion i Noreg. Han har lese både faglig og språklig korrektur på alle fire gruvebøkene.
– Seija Guttorm, som har stått for forlaget sitt arbeid med både dei fire gruvebøkene og dei føregåande sju bøkene som eg har vore forfattar eller redaktør for. Ollu giitu ovttasbarggus!
– Basia Głowacka, som har vore reisefølge på ein stor del av reisene mine til nedlagte, igangverande og påtenkte gruver, og deretter bidratt med svært kritisk lesing av alle manusa. Dziękuję bardzo za współpracę!
– Per-Gunnar Skotåm, som har lang røynsle frå dette området som gruvearbeidar, tunelldrivar og lokalpolitikar i ein gruvekommune. Først har vi debattert mot kvarandre i media, så har han skrive bokmeldingar av dei første binda og til slutt har han lese kritisk gjennom dette manuset.

Kritiske lesarar vil sikkert spørje kvifor det ikkje står noko om det eine eller det andre. Det har dei sjølvsagt rett i. Temaet er så enormt at eg trudde aldri eg skulle bli ferdig, og til slutt var det nødvendig å sette ein strek, sjølv om svært mye manglar av det som gjerne kunne vore med.

Er så opplysningane i denne boka pålitelige? Det kan eg dessverre ikkje garantere 100 %. I svært mange oppslag om gruvespørsmål er kjeldene av forskjellige grunnar upålitelige og opplysningane og påstandane sprikar svært mye. Ein god del påstandar har eg kunna kontrollere og luke ut, andre har eg ikkje kunna kontrollere og det er derfor fare for at nokre feil i kjeldene har følgt med inn i denne boka. Eg vonar likevel at boka kan vere til nytte med alle sine feil og manglar og inspirere lesarane til å leite vidare i andre kjelder. Om du som les boka finn feil, vil eg svært gjerne bli gjort merksam på dei.

Innafor emnet for denne boka skjer utviklinga raskt, på godt og vondt. Det har gått over seks år frå eg starta innsamlingsarbeidet til bokserien endelig er avslutta. Så langt eg har nådd er manuset oppdatert til september 2019, men før boka er i handelen vil ein del av det som her blir fortalt som dagens situasjon allereie vere historie.

I boka er det gjengitt ei rekke sitat som opprinnelig er skrive på andre språk. Eg har lagt sitata på svensk stå og nokre gongar også dei engelske, når dei er rimelig lette å forstå og tapar seg mye i omsetjing. Elles er det omsett til norsk, som regel av meg. Sitat på originalspråket er da å finne i fotnotar i internettutgåva.

Samtidig med at denne boka kjem ut, blir innhaldet publisert på nettstaden http://gruve.info. Der vil du òg finne noko tilleggsmateriale som ikkje har fått plass i boka, tilvisingar til dei skriftlige kjeldene som boka bygger på og til vidare lesing, og ikkje minst rettingar etter kvart som det blir funne feil i bokserien.

Av mange vitnesbyrd om kva uforsvarlig gruvedrift kan gjøre med menneske og natur, lar eg dette stå som eksempel. Det er skrive ut frå røynsler med Rio Tinto si koppargruve på Bougainville i Papua New Guinea, men alt for mange har opplevd liknande, og langt fleire vil få oppleve det om dagens gruvedrift får halde fram:

«Dette miljømordet var gjort utan varsel, utan at det var spurt om eller gitt løyve, og i område der innbyggarane hadde trudd at dei ikkje ville bli ramma av gruveaktivitetane. Her er eit folk som fryktar at dei ikkje lenger har kontroll over skjebnen sin og landet sitt. Dei mistar kontrollen over arven dei skulle gi vidare til barna sine. Gjennom tusenvis av år, har forfedrane våre levd i nært samband med naturen. Men no er dette natursynet og forholdet mellom menneske og natur utfordra av ein ånd av forbruk, som ser jorda som ein eigedom som skal brukast opp.”

Basil Peutalo, Papua New Guinea Katolske kommisjon for rettferd, fred og utvikling[2]

Fotnotar

[1] Anja Røyne: Menneskets grunnstoffer. Kagge 2018
[2] Sitert frå McIntosh, Alastair, The Bougainville Crisis: A South Pacific Crofters' War, 1990 http://www.alastairmcintosh.com/articles/1990_bougainville.htm.
Original tekst: «This ecocide was done without warning, without permission having been asked or granted, and in areas where the inhabitants had thought that they would not be touched by the mining activities. Here is a people who fear that they are no longer in control of their destiny and land. They are losing control of the patrimony of their children. For thousands of years, our ancestors lived out their interconnectedness with the natural world. However, this view of nature and the relationship of the human person with it is challenged today by a spirit of utility which views the earth as property to be used.”


Til neste kapittel

Meir gruvestoff på gruve.info