Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Kverna på havsbotn

DEEP SEA MINING

Hydrotermale ventilar eller «skorsteinar» på feltet East Pacific Rise 21°N°N
(Foto: W.R. Normark, Dudley Foster / Wikipedia)

Eit folkeeventyr fortel om kverna som står «på havsens bund» og maler salt. No set mineralnæringa si lit til at kverna på havsbotnen skal male både gull, koppar og mangan.

12.02.2019 vedtok Stortinget Lov om mineralvirksomhet på kontinentalsokkelen (havbunnsmineralloven). Det måtte heile 11 røystingar til, og tre mindre parti ville avvise heile lova, som i føremålsparagrafen seier at lova «skal legge til rette for undersøkelse og utvinning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen».

Med dette har også Noreg opna for eit av dei mest risikable eksperimenta i menneskeheita si historie, der det skal opnast for kommersiell utvinning i miljø som ikkje er vitskapelig kartlagt, og det konsekvensane er høgst usikre.

Mye skrik og lite ull

Det er snart 150 år sidan det blei oppdaga at det på botn av dei store verdshava finst metallrike knollar. I den tida fanst det ikkje teknologi for å ta opp desse, og det tok eit hundreår før arbeidet starta med å finne måtar å utvinne slike mineral på. På midten av 1960-talet blei det hevda at det på havbotnen finst nesten ubegrensa forsyningar av ei rekke metall, og at dette ville bli ein profitabel industri i løpet av 20 år.[1]

I 1970 blei den første internasjonale Underwater Mining Conference arrangert, og det har sidan vore slike konferansar så godt som kvart år. Desse konferansane har utmerka seg med stort hemmelighald, innlegg og oppsummering er bare tilgjengelig for deltakarar og innvidde.[2]

På 1970-talet sendte både Frankrike, Tyskland og USA ut forskingsfartøy på leting etter mineral på havbotn. Tyskland skipa i 1972 AMR – Arbeitsgemeinschaft meerestechnisch gewinnbare Rohstoffe. Det blei danna fleire internasjonale konsortium med målsetting om utvinning av mineral frå havbotn. Etter kvart viste forsking at dei første estimata på potensialet for gruvedrift i havet var sterkt overdrive. Da også metallprisane gikk ned, blei denne leitinga stort sett oppgitt tidlig på 1980-talet. Da hadde særlig USA brukt store pengar på undersøkingar, med lita eller inga avkasting. Kongressen i USA fikk i 1987 laga ein rapport med tittelen: Marine minerals – Exploring our new ocean frontier.[3] Denne behandla vesentlig mineral i USA sin 200 mils økonomiske sone, og konkluderte: «Det økonomiske potensialet for havbotnsutvinning på dette tidspunktet er ikkje gunstig i forhold til alternative forsyningskjelder for dei fleste mineralvarer.» Det var nok ein rimelig konklusjon i den tida.

Interessa for minerala på havbotn blei aldri heilt borte, sjølv om det gikk på sparebluss ei tid. Ei oppsummering frå 1996 konkluderte at «Deep-ocean mining technology development continuing at slow pace».[4] Her blir det fortalt om da pågåande aktivitet i bl.a. Japan, India, Indonesia, Korea og Kina.

Tidlig på 2000-talet starta så etterspurnaden og mineralprisane å auke og med det interessa for nye kjelder til mineralutvinning.

Kort oppsummert har 50 års arbeid for å få i gang gruvedrift på havbotnen så langt ført til lite konkrete resultat i form av mineral, men det kan endre seg i løpet av få år. Og konsekvensane kan bli store, både for mineralforsyninga og for havet.

I det neste kapitlet ser vi på kva for kjelder som finst til mineralutvinning i havet, på og under havbotnen, og på kva arbeid som er på gang med å utnytte kvar av dei.

Ymse mineralkjelder

Av jordoverflata er 71 % dekka av hav. Geologisk er det eit stort skilje mellom djuphavsområda med tynnare jordskorpe og tyngre mineral og landområda pluss kontinentalsoklane, som har tjukkare jordskorpe og vesentlig består av lettare mineral. Liksom på land har også på havbotn geologiske prosessar ført til at visse mineral har blitt konsentrerte nokre stadar, slik at det der kan lønne seg å utvinne dei.

Med tanke på å ta ut mineral frå havet og havbotnen kan vi skilje mellom fem hovudområde:

Kontinentalsokkelen

Kontinentalsokkelen er den delen av havbotnen som hører til ei kontinentalplate. Det kan vere frå fjæra ned til nokre hundre meters djup. Geologisk sett er sokkelen ein del av kontinenta, og har i utgangspunktet tilsvarande mineral. Fleire stadar er det drive gruvedrift på førekomstar i berggrunn som ligg under sjøen, gjennom tunnelar som startar på land. I Noreg gjeld det bl.a. kalkgruver ved Brevik og jerngruver på Bjarkøya i Troms.

Elver og brear har ført mye lausmasse ut i havet. Dei øvste laga er fortsatt lausmassar, men djupare ned er dei sementerte til sandstein og andre sedimentære bergartar. På kontinentalsokkelen til Noreg og nokre andre land har olje og gass samla seg i desse sedimenta.

Sand, grus og skjelsand har vore tatt opp frå havbotnen, helst da på grunnare vatn. Dette er gjort i liten målestokk i Noreg, men atskillig meir i ein del andre land. I Nordsjøen tar særlig England og Nederland opp store mengder med sand og grus. I eit område i Søraust-Asia, gjennom Myanmar, Thailand, Malaysia og Indonesia, er det mye tinn i sanda, og ein stor del av verdsproduksjonen av tinn kjem no frå kontinentalsokkelen til desse landa. Dels er det dykkarar som tar opp malm på grunt vatn, men det meste blir tatt opp av større skip driv mudring på opp til 50 m djup.

Ved New Zealand blir det drive mudring etter jernrik sand, og det er no stor strid om utviding av denne utvinninga. Ved Alaska har det vore drive mudring etter gull, ved Mexico etter svovel, og i ei rekke land etter rutil og ilmenitt.

Ved Namibia i Sør-Vest-Afrika sette allereie i 2002 det engelske/sørafrikanske konsernet De Beers i gang utvinning av diamantar på omlag 200 m djup. Alle lausmassar blir pumpa opp i ein båt på overflata, der diamantar blir skilde ut og resten returnert til havet.[5] Ved Namibia har og australske selskap planlagt gruvedrift på fosfat.

Mineralknollar

På nokre av dei store og relativt flate havbotnsplatåa, på omlag 4–6000 m djup, kan ein finne store mengder med lause knollar eller nodular. Dei er normalt 1-15 cm i diameter, men det er funne slike med diameter opp til 50 cm og vekt opp til 500 kg. Dei finst spreidd på botnen av havet, der det er liten tilførsel av sediment frå land. I nokre område kan dei dekke over halve havbotnen. Hovudsakleg består knollane av mangan- og jernoksyd, i lag med mindre mengder nikkel, kobolt og kopar. Knollane er danna ved utfelling av mineral frå sjøvatn og sedimenta på botn gjennom mange millionar år og veks truleg bare nokre få millimeter per million år.

Område som er spesielt rike på knollar finst i Stillehavet og Indiahavet. Det er også funne knollar i det sørlige Atlanterhavet, men ikkje så mye som i Stillehavet. Det er så langt ikkje funne slike nodular innafor norsk økonomisk sone, og det blir rekna som lite sannsynlig å finne det her, da havet her ikkje er så djupt.

Det er berekna at for å vere av økonomisk interesse samanlikna med utvinning på land, bør konsentrasjonen vere på 10–15 kg/m2.

Eit av dei mest ettertrakta områda i internasjonalt farvatn er i det sentrale Stillehavet, mellom Hawaii og Mexico. Dette har fått namnet Clarion Clipperton Zone (CCZ). I 2011 fikk Tonga Offshore Mining Limited leiterett på heile 75,000 km2 her. Dette er eit underselskap av Nautilus Minerals, og kven er så det? Nautilus har hovudkvarter i Canada, men er eigd av fleire av verdas aller største gruveselskap, bl.a. Rio Tinto, Barrick Gold, russiske Metalloinvest og omanske MB Holding. I følge selskapet sin informasjon finst det her «a significant inferred resource of  nickel, copper, cobalt and manganese polymetallic nodules.»[6]

Mens det aller meste av nodular hittil er funne i internasjonalt område, finst det og nokre ressursar innafor dei økonomiske sonene til øystatar i Stillehavet, som Fiji. Lockheed Martin har lenge forhandla med Fiji om å få ta opp manganknollar der.

Ferromanganskorpe

På nokre undersjøiske fjell eller åsar i vulkanske område på 400 – 5000 m djup kan det danne seg ei skorpe av mangan og jern og mindre mengder titan, kobolt, nikkel, cerium, zirkonium og sjeldne jordmetall. Så langt er desse førekomstane relativt dårlig kartlagde, så det er vanskelig å seie kor store ressursar det er. I norsk farvatn er det funne slik skorpe bl.a. på omlag 1000 m djup nær Jan Mayen.

Det er gitt nokre få lisensar for ferromanganskorpe i det vestlige Stillehavet, men utvinning er enno ikkje i gang.

Hydrotermale ventilar

Frå Urashima-feltet i Stillehavet.
(Foto: NOAA Office of Ocean Exploration and Research)

Midt etter Atlanterhavet og nokre andre verdshav blir det danna ny havbotn når platene som jordskorpa består av går frå kvarandre. Her sprekk jordskorpa opp og vatn kan gå fleire kilometer ned, der det blir varma opp til opptil 400 oC. Det overheita vatnet løyser opp forskjellige mineral, og kjem opp igjen i ein røyk som inneheld mye mineral. Fargen på røyken fortel om mineralinnhaldet, er det mye jernsulfid er han svart, mens kvit røyk tyder på stort innehald av barium, kalsium og silisium. Når det overheita vatnet kjem ut i kaldt sjøvatn nær botn, blir minerala sett av rundt opningane, og her kan vi få store konsentrasjonar av jern, bly, sink, koppar, kobolt, gull og sølv. Slike skorsteinar kan halde koken i fleire tusen år før dei sloknar og etterlet mineralkonsentrasjonar på botn. Det er dei svarte skorsteinane som er mest interessante for metallutvinning, både dei som er aktive og slike som ikkje lenger er aktive. Mange kisgruver på land har opphav i at sulfida ein gong har blitt konsentrerte på denne måten. Slike konsentrasjonar er funne allereie på 1940-talet, men aktive skorsteinar er først registrert i 1979 ved Galapagosøyene, seinare også i andre hav, bl.a. i Norskehavet.

I internasjonalt farvatn er det gitt fleire lisensar for metallsulfid på fjellryggane i Indiahavet og Atlanterhavet. Det synest likevel som det som kjem først i gang er utvinning innafor 200 mils-sonar.

i 2017 blei det for første gong tatt opp slike mengder at desse kunne nyttast i produksjon. Det skjedde på 1600 m djup ved den japanske øya Okinawa, og der reknar ein med å ha kommersiell drift i gang i løpet av 2020.

Tvert gjennom farvatnet til Papua New Guinea går skiljet mellom den australske plata og stillehavsplata. Her blei det oppdaga hydrotermale ventilar på 1980-talet og i 2009 fikk det nemnde selskapet Nautilus miljøløyve av regjeringa i PNG, gyldig for 25 år. Dette er den første lisensen til å drive ei djuphavsgruve innafor den økonomiske sona til eit land. Innafor dette området la Nautilus klare planar for den første gruva, kalla Solwara 1. Tre store fjernstyrte gravarar skulle grave opp materiale frå havbotnen og dette sugast opp til eit spesialskip. Overskytande materiale skulle flyttast ut på djupare vatn og malmen i første omgang eksporterast ubearbeidd. Etter kvart skulle det byggast opp eit oppreiingsanlegg, så bare eit konsentrat ville bli eksportert. Denne gruva var planlagt med ei forventa driftstid på 30 månadar, som selskapet seier kan utvidast til opp til fem år om dei finn meir mineral. Ikkje nok med at regjeringa i PNG ga løyve til dette, men dei gikk og inn med ein monalig aksjepost i prosjektet.

Dei siste åra har Nautilus fått større og større problem med å finansiere prosjektet og i 2019 blei selskapet stroke frå børsen i Toronto. Nautilus hevdar at dei ikkje er konkurs, men det er høgst usikkert om dei vil vere i stand til å gjennomføre planen i PNG eller nokre av dei andre planane dei har for mineralutvinning i territorialfarvatna til Fiji, Tonga, Solomon Islands, Vanuatu og New Zealand «as well as other areas outside the Western Pacific.»[7]

I Nord-Atlanteren er det så langt funne fem aktive skorsteinar med metallsulfid, på djupter frå 140 til 2600 meter. Fire av dei er innafor den økonomiske sonen til Jan Mayen, og ein i Svalbard-sonen. Det er henta opp fleire tonn prøver i forskingsprogram, men det har enno ikkje vore gitt løyve til utvinning. Når den nye lova om mineralutvinning på havbotnen no har kome, kan vi vente at det snart kjem til behandling.

Sjølve sjøvatnet

Sjøvatn inneheld ei rekke mineral. Havsalt er gjennom mange hundreår tatt ut av havet gjennom fordamping. Dette inneheld vesentlig NaCl (77,7%), men også ei rekke andre salt, som MgCl2 (9,5%), MgSO4 (6,4%), CaSO4 (3,6%), KCl (2,2%). For bruk i hushaldning blir det oftast raffinert så det nesten bare blir NaCl igjen.

Av metall er det hittil bare magnesium som er kommersielt tatt ut av havet, det har blitt framstilt ved elektrolyse av sjøvatn eller sjøsalt, bl.a. ved Hydro i Porsgrunn. I prinsippet er det mogleg å ta ut alle metall som finst oppløyste i sjøvatn, men dei fleste av dei finst i så små mengder at det vil krevje for mye energi å ta dei ut. Likevel ser det ut denne utvinningsmåten er i tilbakegang, og magnesium blir i større grad enn før utvunne av dolomitt og andre bergartar i fast fjell.

Det har blitt lansert planar om å ta ut andre mineral og metall av sjøvatn, men det ser ikkje ut til at det er noko særlig stort på gang på dette området.

Kven rår over havområda?

Økonomiske soner i Norskehavet.
(Kart: UIT Labyrint 2-2009)

Dei områda som blir delt ut som konsesjonar for mineralleiting og utvinning er enorme. Dette kartet viser løyve som det kanadisk-registrerte selskapet Nautilus har sikra seg ved Papua New Guinea.
(Kjelde: http://solvaramining.org)

Da det blei oppdaga at havet og havbotnen kan innehalde store mineralverdiar, varte det sjølvsagt ikkje lenge før investorar og spekulantar sto klare til å utvinne dei. Da blei spørsmålet kva reglar som gjeld. Er det fritt fram, eller er det noko internasjonalt regelverk som sikrar styring og fordeling?

Havets folkerett er utvikla gjennom fire Genèvekonvensjonar frå 1958 og havrettskonvensjonen av 1982. Alle kyststatar har rett til å opprette ein økonomisk sone på inntil 200 nautiske mil, og innafor denne har nasjonalstatane full jurisdiksjon over mineralutvinning. Dei er likevel forplikta av internasjonale og regionale konvensjonar mot forureining i sjø, som Londonkonvensjonen og Osparkonvensjonen.

På grunn av dei økonomiske sonene inntil 200 mil eller midtlinja mot andre statar har Noreg utvinningsrett til olje og gass i Nordsjøen, sjølv om felta er på andre sida av Norskerenna og eigentlig ikkje hører til norsk kontinentalsokkel. For mogleg mineralutvinning på havbotn betyr råderetten over 200 mils økonomisk sone at vi sjølve kan styre utvinning ut for kysten av det norske fastlandet, Svalbard, Jan Mayen og den lille isolerte Bouvetøya i Sørishavet. I nokre tilfelle har ein kyststat likevel fått retten til havbotnen ut over 200 mil. Det er tilfelle i Norskehavet, der Kontinentalsokkelkommisjonen i New York har tildelt Noreg eit område mellom grensene for sonene rundt det norske fastlandet, Jan Mayen og Svalbard.[8]

Innafor dette området har norske forskarar og styresmakter store forventningar til skorsteinar på den midtatlantiske ryggen mellom Island, Jan Mayen og Svalbard, på Yermak-platået nordvest om Spitsbergen og ved Bouvetøya.

For internasjonalt område utafor dei økonomiske sonene blir utnytting av mineral på havbotnen regulert av International Seabed Authority (ISA), som blei oppretta i 1982 i samband med vedtakinga av FNs havrettskonvensjon. ISA har gitt reglar for leiting og utvinning av polymetalliske nodular (2000), polymetalliske sulfid (2010) og koboltrik skorpe (2012). Dei kan gi kontraktar til land og til private gruveselskap. Alle kontraktørane må ha offisiell støtte frå regjeringane i landa sine..

ISA har stilt krav om at land som vil drive gruvedrift må overlate nokre av felta dei har funne til ISA, i lag med overføring av gruveteknologi til mindre industrielt utvikla land. Desse krava gjorde at nokre industriland, bl.a. USA, ikkje ville underteikne traktaten. Sjølv om dette gir eit visst rammeverk for verksemda, er regelverket i liten grad utprøvd og ein må rekne med mange konfliktar rundt dette framover.

I internasjonalt farvatn har ISA til no gitt 29 undersøkingsløyve til statar eller selskap, desse omfattar 1,3 mill km2, eller eit område som 4 gongar det norske fastlandet. Kontraktane gjeld for 15 år. Tildeling skjer i lukka møte i ei forsamling på 30 personar, og det er svært mye hemmelighald rundt dette.[9]

Dei første 7 kontraktane for polymetalliske nodular blei gitt i 2001/02, med ein i tillegg i 2006. Alle desse er til statlige organ eller samarbeid mellom fleire statar. Landa som er med i dette er Russland, Bulgaria, Cuba, Slovakia, Tsjekkia, Polen, Sør-Korea, Kina, Japan, Frankrike, India og Tyskland. Ingen av desse kontraktane har så langt ført til kommersiell utvinning. I 2008 kom dei første søknadane frå private selskap, støtta av regjeringane i stillehavsstatane Nauru og Tonga, og desse blei innvilga i 2011/12. Seinare er det også gitt kontraktar til selskap eller statlige organ i Belgia, Kiribati, Singapore, Storbritannia, Cook Islands og Kina.

I tida 2011–18 har ISA gitt kontraktar for undersøking av polymetalliske sulfidar i Indiske hav og Atlanterhavet til institusjonar og regjeringar i Kina, Russland, Sør-Korea, Frankrike, India og Polen.

For skorper med kobolt, mangan og jern i Stillehavet er det 2014–18 gitt kontraktar til statlige organ eller selskap i Kina, Japan, Russland, Brasil og Sør-Korea.

ISA har fått mye hard kritikk og mange spør om dette organet er å sette bukken til å passe havresekken. Deep Sea Mining Campain omtalar dette slik: «Start-up companies are driving a speculative rush for seabed minerals in an unholy alliance with the very UN body charged with regulating them, the International Seabed Authority (ISA).» [9a]

Tekniske løysingar – finst dei?

Ein gruvemaskin blir sjøsett frå båt utfor kysten av Okinawa i Japan 2017
(Foto: Agency for natural resources and energy / Via Kyodo)

Mineralutvinning på havbotn er inga enkel sak, og krev utvikling av nye teknologiske løysingar. Det er heller ikkje for kven som helst å sette i gang, da det krev store investeringar.

Driftsmåten vil vere noko forskjellig for skorsteinar, skorper og nodular. Som hovudregel kan ein seie at det må vere eit stort skip som ligg over staden der utvinninga skal skje, og som har slangar ned til havbotnen. Det må og som regel og vere ein form for fjernstyrt gravemaskin eller kjøretøy som kan ta laus mineral som blir trekt opp til skipet. Mens nodular kan sugast rett opp, må ein for skorsteinar og skorper bryte eller skjære laus eller sprenge.

Dei siste åra er det satsa mye på utvikling av slik teknologi, og det blir halde store internasjonale messer for mineralutvinning på havbotn. I tillegg til nemnde Underwater Mining Conference, har vi frå 2011 årlig Deep Sea Mining Summit, som har fått ein regional avleggar: Asia-Pacific Deep Sea Mining Summit. Her har ein gjentatte gongar slått fast: ««Etter mange år med forhandlingar og falske oppstartar er no gruvedrift på djupt vatn nær ved eit gjennombrot.»

Ein tidligare deltakar på Deep Sea Mining Summit seier det slik: «Djuphavsgruvedrift er saman med skiferbrensel den mest interessante og banebrytande vekstnæringa i løpet av dei neste 25 åra - og det årlige toppmøtet for djuphavsgruvedrift er eit sentralt forum å delta på.»[10] Samanlikninga er ikkje heilt borte – dette er snakk om to av dei mest forureinande teknologiar i nyare tid. Uansett kor mye det blir understreka at utvinninga skal vere både ansvarlig og bærekraftig.

Ressurs-rulett

Resource Roulette: How Deep Sea Mining and Inadequate Regulatory Frameworks Imperil the Pacific and its People. Dette er tittelen på ein rapport frå ei undersøking om planane for gruvedrift på havbotnen ved 11 øystatar i Aust-Asia / Oseania.[11] Rapporten viser at verknadane av gruvedrift for livet i havet er høgst usikre.

Til no har vi svært avgrensa røynsler med gruvedrift på større djup, men vi har røynsler frå mineralutvinning på kontinentalsoklane. Der er det dokumentert ei rekke alvorlige miljøskadar, med tap av leveområde og biologisk mangfald både for planter og botndyr, som igjen reduserer livsgrunnlaget for fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Mudring kan føre til endra straumforhold, vanskar for skipsfarten og erosjon frå øyer. Særlig ille har dette vore for nokre mindre øyer i Stillehavet. Korallrev er ekstra utsett for slik forureining.

Kva vil da skje når vi utvidar uttaket til langt djupare område, der vi ikkje kan sjå uttaket, og dermed heller ikkje skadeverknadane? Dei tekniske problema vil vere enorme, både med å finne fram til ressursane, få dei laus og få transportert dei opp på overflata. Sjølv om ein, i alle fall den første tida, kan ha von om noko høgare konsentrasjonar enn det som no er vanlig ved gruvedrift på land, vil det nødvendigvis bli tatt opp mye anna materiale enn det ein er ute etter. Når da oppreiinga vil skje i eit produksjonsskip hundrevis eller tusenvis av kilometer frå land, vil det einaste aktuelle alternativet vere å dumpe avgangen tilbake i sjøen. Konklusjonen blir at gruvedrift på havbotn ut frå den teknologien vi no ser, bare vil vere akseptabelt dersom vi meiner at havet og havbotnen ikkje er noko vi treng å ta vare på.

Kva er det så å tape på desse havdjupa? Er det noko liv der? Det er det absolutt. Om vi ser på skorsteinane har det der utvikla seg eit heilt særeige dyreliv. Det er heile næringskjeder med bakterier som første ledd. Det er avgrensa kva vi veit om livet her, men det vi har sett hittil viser stor variasjon og mange artar som ikkje fins nokon annan stad. I norske farvatn er det mellom anna finne sniglar, sjøanemonar, kjøttetande svampar og sjøliljer. Det er også finne bakteriar som lever av svovel, i staden for oksygen. Desse artane er knapt registrerte av vitskapen, enno mindre veit vi kva rolle dei spelar i det økologiske systemet og kva som kan bli verknaden av å utrydde dei. Vi veit ikkje om her er bestandar som vi vil kunne drive eit forsvarlig fiske på, om dei inneheld stoff som kan vere av medisinsk eller næringsmessig betydning for menneska. Ved ei utvinning må vi rekne med at mye av det spesielle dyrelivet rundt skorsteinane vil gå tapt, både som tap av habitat og direkte med at dei blir knuste av tungt maskineri. Mye botndyr vil og kunne bli dekte av massane som blir virvla opp under uttaka og ikkje minst av all avgangen som vil bli dumpa tilbake i havet. Ikkje bare einskilde artar, men heile økosystem kan gå tapt.

Liksom ved gruvedrift på overflata vil det bli store sår i landskapet. Sedimentskyer av finmale partiklar som i tillegg til tungmetall også vil kunne innehalde kjemikaliar brukt i utvinningsprosessen, kan spreie seg over relativt store område.

Mens ein stor del av skadane ved gruvedrift på landjorda er synlig for alle og ein kvar, vil det på fleire tusen meters djup, derimot, vere langt vanskeligare for media, uavhengige forskarar og miljøorganisasjonar å sjå kva skadar som blir gjort. Det vil derfor vere opp til gruveselskapa kor mye og korleis dei vil informere om dette, og det er vel ikkje usannsynlig at dei også der vil forsøke å bagatellisere skadeverknadane. På landjorda er det eit stykke på veg mogleg å restaurere natur etter gruvedrift. På havbotn er dette ganske urealistisk. Det er snakk om å endre og øydelegge undersjøisk natur ein gong for alle.

I tillegg til dei lokale verknadane, vil gruvedrift kraftig bidra til dei stadig større problema med forsuring og forgifting av verdshava.

I Noreg verkar det som verken politikarar eller forskarane bak forskingsprogramma MarMine og Deep Sea Mining bryr seg særlig om miljøverknadane ved gruvedrift på havbotn. Derimot er det andre som har bekymra seg meir for dette. Allereie ved utarbeidinga av mineralstrategien kom fire offentlige institusjonar (Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet, NIFES og Mattilsynet) med eit felles innspel. Dei peikar der på ei rekke av problema som er nemnd over, og i tillegg skriv dei med tanke på utvinning ved skorsteinar: «Organismer som overlever slik påvirkning vil være utsatt for store habitatforandringer ved at hardbunnen kan utvikles til bløtbunn hvis sedimenteringen blir høy nok. Utvinningsaktiviteten kan også tenkes å endre de hydrologiske forholdene som tilfører ventsamfunnene næring og varmt vann. Endelig kan det oppstå problemer når vannet skal skilles fra substratet på skipet/plattformen. Dette kan føre til at næringsrikt (og kontaminert?) vann blir spredt i og til områder med annen sammensetning og konsentrasjon av næringssalter. Det kan også tenkes at denne typen påvirkning kan spres til andre lands økonomiske soner eller til internasjonalt farvann. Dette kan derfor komme i konflikt med internasjonal lovgivning.»

Pådrivarar og bremseklossar

Gruvedrift på havbotn er eit internasjonalt spørsmål i enno større grad enn gruvedrift på land. Store delar av dei aktuelle områda er i internasjonalt farvatn og det er bare internasjonale organ som kan gi løyve. Leiting og utvinning innafor nasjonale økonomiske sonar er også oftast avhengig av samarbeid over landegrensene, både når det gjeld teknologi og finansiering. Derfor er ei rekke internasjonale organ og organisasjonar engasjerte.

Blant pådrivarane finn vi sjølvsagt dei store internasjonale gruveselskapa, og vi finn selskap og organisasjonar som har spesialisert seg på dette.
– IMMS – International Marine Minerals Society[12] organiserer årlig Underwater Mining Conference. Organisasjonen blei stifta i 1987, har medlemmar frå industri, statlige organ og akademiske institusjonar og målet er å fremme utvinning og forsking på marine mineral.
– Eit samlingspunkt for pådrivarar og aktørar er Deep Sea Mining Summit i London og Singapore. Dette er ein kombinasjon av utstyrsmesse og konferanse, og arrangør er konsulentselskapet IQ-Hub i Singapore.
– WOC – World Ocean Council[13] presenterer seg som The International Business Alliance for Corporate Ocean Responsibility og er helt klart uttalt eit organ for storkapitalen:
«WOC engasjerer og samlar leiarar frå dei forskjellige havnæringane, inkludert skipsfart, olje og gass, fiskeri, havbruk, turisme, fornybar energi (vind, bølge, tidevatn), hamnar, mudring, kablar, samt maritime juridiske, økonomiske og forsikringssamfunn og andre for å samarbeide om ansvarlig bruk av havet.» I oppramsinga er ikkje gruvedrift på havbotnen nemnd spesielt, men dette går klart inn i arbeidet deira.

EU har vore ein pådrivar i arbeidet med å ta ut mineral frå havbotn, men no ser det ut til at haldninga er i ferd med å bli meir kritisk. I samsvar med råvarestrategien har ein drive Project Blue Mining (2014–18). Her var 19 prosjektpartnarar, frå Noreg deltok NTNU. Både EU-forskinga og den norske partnaren legg vekt på å få ei etisk legitimering av denne forskinga: «Hvilke konsekvenser en mineralutvinning på havbunnen vil ha på økosystemet i havdypet, er ennå ikke klart. Derfor er dette aspektet en svært viktig del av forskningen. I Deep Sea Mining-prosjektet har NTNU koblet på etikkforskere for å ivareta etiske vurderinger av denne potensielt nye næringen til havs.»s[14] Ei oppfølging ser ut å vere Project Blue Nodules (2016-20) der også NTNU er med.

Samtidig har andre krefter innafor EU vore skeptisk til denne utviklinga. Blant dei er organet for havfiskeflåten, LDAC (Long Distance Fleet Advisory Council). Dette har åtvara mot verknadane av undersjøisk gruvedrift for fiskeria, fiskebestandar og andre artar i havet. I 2018 vedtok EU-parlamentet med omlag 5/6 fleirtal ein resolusjon som ba EU-kommisjonen og medlemsstatane om å støtte eit internasjonalt moratorium mot kommersiell gruvedrift på havbotn inntill effektane av dette på havmiljø, biodiversitet og menneskelige aktivitetar til sjøs har blitt studert og forska tilstrekkelig på og alle moglege riskar er forstått. Parlamentet ber også kommisjonen og medlemsstatane trekke tilbake støtte til slik gruvedrift, inkludert nekte å gi løyver på kontinentalsoklane.

FN-systemet er også kløyvd. ISA, som er ein del av FN-systemet, har vore svært velvillig til å gi lisensar. Derimot er FN sin havambassadør Lisa Emelia Svensson svært skeptisk.[15] Eit anna FN-organ er IMO – Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen. Her er og stor skepsis, men i London-protokollen1, som skal hindre forureining av verdshava, er det spesifikt unnatak for gruvedrift på havbotn:
4.3 Deponering eller lagring av avfall eller anna materiale som kjem direkte frå eller er knytt til undersøking, utvinning og tilknytt off-shore prosessering av mineralressursar frå havbotnen er ikkje dekka av reglane i denne protokollen[15a]

Planane om gruvedrift på havbotn har møtt mye motstand, både frå miljøorganisasjonar og langt inn i internasjonale organisasjonar som har med havet å gjøre. Dette er ei ufullstendig liste:
– Heile 21 internasjonale og nasjonale miljøorganisasjonar og institusjonar har slutta seg saman til The Deep Sea Conservation Coalition (DSCC), som blei grunnlagt i 2004. Blant dei er Greenpeace, WWF og Friends of the Earth, der bl.a. Norges Naturvernforbund er tilslutta. DSCC arbeidde først mest mot trålfiske på havbotn, men har seinare engasjert seg meir mot mineralutvinning.[16]
– Europeiske miljøorganisasjonar som arbeider med vern av havet har danna aksjonen Seas at Risk.[17]
Yes to life – No to mining er ein aksjon med regionale koordinatorar i alle verdsdelar. Dei har gjennomført ei eiga kampanje mot gruvedrift på djupe hav.
Deep Sea Mining Campain er ei kampanje av miljøorganisasjonar i Australia, Oseania, USA og Canada.[18]
– Der faren for storskala gruvedrift på havbotn er mest akutt, ved Papua New Guinea, er det danna ein eigen lokal motstandsorganisasjon, Alliance of Solwara Warriors[19]

Noreg på banen

Statsminister Erna Solberg og statsråd Terje Søviknes studerer prøver tatt av Oljedirektoratet. Den store steinen er manganskorpe som er skore ut av ein fjernstyrt miniubåt på om lag 1000 meters djup ved Jan Mayen, den lille er sulfid, henta opp frå svart skorstein på om lag 2000 meters djup ved Svalbard.
(Foto: HSI/OED)

Dei første som registrerte dei rykande skorsteinane i norsk farvatn på den midtatlantiske ryggen var trulig Forsvaret, men dette er enno hemmeligstempla. Deretter kom Universitetet i Bergen, som på den første «Norwegian workshop on ocean floor metals deposits», arrangert av NGU og NTNU i 2012, snakka om «14 years of research on the Mid-Atlantic Ridge». Det skulle tilseie at dei starta opp rundt 1998. Like etter starten blei det danna ei gruppe kalla Norwegian Deep Seabed Mining Group (1999–2001). UIB sto for oppdaginga av feltet «Soria Moria» mellom Jan Mayen og Grønland i 2005 og «Lokeslottet» 300 km vest av Bjørnøya i 2008.

Ikkje før var det oppdaga at skorsteinane på den midtatlantiske ryggen inneheldt konsentrerte mineral, før ropa kom om at dette må vi i Noreg utvinne og tene pengar på. Og som elles i gruvepolitikken har det vore liten forskjell mellom skiftande regjeringer. «Bærekraftig utvikling av mineraler fra havbunnen.» Dette skal bli eit av dei viktigaste satsingsområda framover, sa Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre på konferansen Arctic Frontiers 26.01.2016.

I kappløpet om minerala på havbotnen spelar Noreg ei aktiv rolle på tre område:
– Forsking
– Leiting i eige territorialfarvatn
– Utvikling og produksjon av utstyr for leiting og utvinning i andre land

Forskinga og leitinga til statlige, halvstatlige og private selskap er her så vevd saman at det ikkje er mogleg å skilje dei frå kvarandre. Forskarar og leitarar arbeider med dei same prosjekta og nokre gongar er det også dei same personane som representerer snart statlige, snart private interesser. I 2009 blei det sjøsett eit skip der namnet tydelig fortel kva det er tenkt til: Seabed Worker.[24] Det har utstyr for å kunne ta opp mineral frå opp til 6000 m djup. I 2018 kartla skipet Mohnsryggen ved Jan Mayen på oppdrag av Oljedirektoratet.[25]

Av kommersielle selskap er det i første rekke eitt som har vore på banen for leiting i norsk økonomisk sone. Det er Nordic Mining, som blei danna i 2006 og er mest kjent for den svært omstridde planen om rutilgruve ved Førdefjorden. Mindre kjent er det at dei har forsøkt seg på omlag 15 forskjellige prosjekt, etter minst like mange forskjellige mineral[20]. Blant dei prosjekta dei enno ikkje har gitt opp er planen om mineralutvinning på havbotnen.

Nordic Mining med hemmelig prosjekt

I juni 2010 søkte Nordic Mining Næringsdepartementet om løyve til å leite mineral på havbotn. I mangel på regelverk kunne departementet da ikkje behandle søknaden, men dei har hemmeligstempla store delar av han, utan anna grunngiving enn omsynet til «konkurransemessig betydning for Nordic Mining».

I oktober 2015 fann eg på Offentlig Elektronisk Postjournal at i 2010–11 hadde Nordic Mining og Næringsdepartementet hatt ei brevutveksling om mineralleiting på havbotn. Eg søkte da om innsyn i dei fire breva som det var vist til. Langt om lenge fikk eg tilsendt to av dei, dei som sa minst. Først etter diverse purringar kom dei to andre, men da var omlag halve breva sladda over. Departementet hadde altså hemmeligstempla kor selskapet hadde søkt om å få leite. Eg klaga da på hemmelighaldet, og fikk 04.02.2016 svar frå Næringsdepartementet der sladdinga blir grunngitt slik: «Departementets vurdering er at det er sannsynlig at den angjeldende informasjonen er av konkurransemessig betydning for Nordic Mining, og at en offentliggjøring av den aktuelle informasjonen kan få negative forretningsmessige konsekvenser for selskapet. Det er av stor betydning at private selskaper kan ha tillit til at myndighetene har en forsvarlig håndtering av forretningssensitiv informasjon. Disse momenter tilsier at avslaget opprettholdes.» Same dagen klaga eg saka inn for Sivilombodsmannen, som 10.03. sendte meg kopi av brev der dei ber om nærare grunngiving og dokumentasjon av at det er naudsynt å halde dette hemmelig. Så gikk no månadane og 01.07.2016 sendte NFD eit brev til Sivilombodsmannen og oppsummerer at dei no har blitt samde om å halde det aller meste hemmelig, men at eg kan få innsyn i ei – 1– setning som først var sladda.[23]

Med hemmeligstempling av område for leiting etter mineral på havbotn er eit heilt nytt prinsipp innført i norsk natur- og ressursforvaltning. I kontrast til dette ligg tildeling av undersøkingsrettar til mineral på landjorda ope for alle i karta til NGU og Direktoratet for mineralforvaltning. Det same gjeld tildeling av blokker for leiting etter gass og olje. Likevel har eg ikkje registrert at nokon parti eller organisasjonar til no har reagert på dette hemmelighaldet.

Det er derfor avgrensa kva som kan forteljast om dette prosjektet, men her er litt av det eg har funne ut trass i hemmelighald frå forvaltninga:

Det var hovudselskapet Nordic Mining sjølv som søkte om leiteløyve i 2010, men året etter oppretta det underselskapet Nordic Ocean Resources (NORA), og ba om at dei rettane dei framleis ventar på skulle bli overført til dette selskapet. NORA presenterer seg som «the current sole company in Norway with focus on seabed minerals». NORA er eigd 80 % av Nordic Mining og 20 % av Ocean Miners, eit Oslo-selskap med 0 tilsette, eigd av Hydroza AS, som igjen er eigd av Fredrik Søreide.

På den omtalte workshopen i 2012 var same Fredrik Søreide innleiar om Commercial Ocean Mining, men da presentert som professor ved NTNU(!) Same året starta NTNU, Statoil og Nordic Mining samarbeid om eit forskingsprosjekt som skal kartlegge undersjøiske mineralressursar langt den midtatlantiske ryggen. Dette samarbeidet blei så leia av nemnde Søreide.

Nordic Mining har store forventningar til samarbeidet: Adm.dir. Ivar S. Fossum kommenterer: «Vi er glade for at NORAs banebrytende innsats har vekket en sterk industriell interesse for potensialet knyttet til havbunnsmineraler. Vi forventer at verdifull ny kunnskap vil bli oppnådd fra "MarMine" -prosjektet.» [20a]Derimot må dei innrømme at «Miljøkonsekvensene er ikke utredet foreløpig.» Det kjem i andre omgang, og er enno bare på søknadsstadiet: «Universitetet i Bergen deltar i et internasjonalt konsortium som søker om EU-midler for å utrede miljøkonsekvenser.»[21]

Prosjektet har fått 25 mill. kr. i støtte frå Norges Forskningsråd og ein har etter kvart fått inn fleire samarbeidspartnarar: NIVA, DNV-GL, Ecotone AS, Kongsberg Maritime AS, Leonhard Nilsen & Sønner AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Technip.

I 2016 starta dei undersøkingar etter sulfid på havbotnen i utvalde område på den midtatlantiske ryggen. Om desse fortel prosjektleiar i intervju med Klassekampen hausten 2017:
«– Her finnes hydrotermale skorsteiner, hvor det kommer opp vann som har sirkulert i havbunnsskorpen. Dette vannet er rikt på metaller som kobber, sink, gull og sølv, som felles ut på havbunnen, sier Kurt Aasly, førsteamanuensis ved Institutt for geovitenskap og petroleum ved NTNU. Han leder forskningsprosjektet MarMine, som undersøker utvinningsteknologi for mineralproduksjon på havbunnen her. I fjor tok han og kolleger flere hundre kilo steinprøver fra havdypet nord for Jan Mayen. Forskere ved NTNU har beregnet at metaller verd minst 1000 milliarder kroner er tilgjengelig på norsk havbunn.
– Sammenliknet med kobbergruver på land i dag, er det indikasjoner på at konsentrasjonen i forekomster på havbunnen kan være noe høyere.»[22]

I kva grad desse undersøkingane har foregått nettopp i dei områda Nordic Mining har søkt leiterett på, det vil vi altså ikkje få greie på, men ein kan vel trygt regne med at desse områda er aktuelle. Da har da Nordic Mining med å søke først sikra seg førsteretten til å leite når det offisielt blir opna for det. Om dei enno formelt ikkje har fått retten til å leite sjølv, er det inga dårlig erstatning å få forskingsinstitusjonar å leite for seg på statlig rekning. Det er høgst forståelig at Nordic Mining av konkurranseomsyn ikkje vil at dette skal komme ut. Næringsdepartementet sitt motiv for å vere med på dette spelet kan vi bare spekulere i.

Ein av samarbeidspartnarane til Nordic Mining er Ecotone AS. Kven er så det? Det er eit selskap skilt ut frå og delvis eigd av NTNU, men dei største eigarane er norske og utanlandske investeringsselskap. På nettsida deira er det bare informasjon på engelsk, men på spørsmål frå meg presenterer dei seg slik:

«Vi utvikler et såkalt hyperspektral kamera for undervannsbruk. Fordelen med dette kameraet er at det kan måle intensiteten av lys på veldig mange bølgelengder, i motsetning til et vanlig kamera som bare måler mengden rødt, grønt og blått lys. Med informasjon fra disse målingene kan man automatisk gjenkjenne objekter og materialer under vann basert på spekteret av lys de reflekterer. Denne teknologien kan brukes til mange formål, og vi har primært jobbet med miljøkartlegging av havbunnen og inspeksjon av rørledninger.
Det er også mulig å bruke teknologien innenfor mineralutvinning, og det er da to ulike anvendelser som er aktuelle:

  1. artlegge miljøet på havbunnen i områder som er aktuelle for utvinning, for å raskt og effektivt få oversikt over hvilke arter som finnes der og om det bør tas spesielle hensyn til det. Man kan også gjenta kartleggingen senere for å se hvilken effekt en eventuell utvinning har hatt på livet på havbunnen og hvilke områder som er påvirket av aktiviteten.
  2. Påvisning av mineraler som er aktuelle for utvinning. Man kan tenke seg at man kan automatisk gjenkjenne mineraler på havbunnen basert på det optiske spekteret som reflekteres tilbake når havbunnen belyses. Det vil i så fall være en effektiv måte å identifisere områder hvor det er interessante mineraler. Tilsvarende teknikk brukes allerede fra fly for å finne mineralressurser på land.»

Samtidig har NTNU sitt eige pilotprosjektet Deep Sea Mining, med heile ni forskingsprosjekt, derav sju doktorgradsprosjekt. Med NTNU som sentral deltakar i MarMine er vegen kort til at resultata av forskinga kan bli utnytta av gruveselskapa – i første rekke Nordic Mining.

Oljefond og skipsverft

Internasjonalt er Noreg er ein ganske stor aktør både når det gjeld investeringar gjennom Oljefondet, og når det gjeld utvikling av petroleums- og skipsfartsteknologi. Det er derfor ikkje uventa at den norske staten og/eller norske selskap er med i det internasjonale kappløpet om mineralressursane på havbotn. Allereie i det første selskapet som har fått konsesjon, kanadiske Nautilus, er Oljefondet inne med over 18 mill. kr. eller 1,65 % av aksjane. I Nautilus sine aktivitetar er også Noreg med på utstyrssida: «Allerede nå er det ringvirkninger i norsk industri: AXTech i Molde har levert alle vinsjene til Nautilus Minerals som står klar til å gå ned i dypet etter gull. Det gir en indikasjon på at undersjøisk gruvedrift kan bli viktig for norsk leverandørindustri i fremtiden.» [27] Det mest synlige bidraget frå Noreg så langt er elles eit spesialskip som i januar 2016 blei levert av skipsverftet Kleven i Ulsteinvik.2 Det skal settast inn i utvinning av diamantar for De Beers utafor Namibia. [26]

Havbotn i norsk mineralstrategi og lovverk

Oljedirektoratet sin presentasjon av potensialet for mineralfunn i norsk 200 mils sone.
(Kjelde: Teknisk Ukeblad)

I den norske mineralstrategien av 2013 er det bare optimisme:
«MINERALRESSURSER PÅ HAVBUNNEN
Havområder kan inneholde viktige mineralforekomster med potensial for mulig fremtidig lønnsom utvinning. Av særlig interesse er vulkanogene metallforekomster ved såkalte «svarte skorsteiner». Det finnes slike forekomster langs atlanterhavsryggen, herunder ved Jan Mayen og nordover, men omfanget er ikke kartlagt.

Norge har sterke fagmiljøer og bedrifter innenfor under vanns- og dypvannsteknologi som brukes i olje- og gassnæringen. Disse kompetansemiljøene gir muligheter for utvikling av teknologi til leting, undersøkelse og mulig fremtidig utvinning av mineralforekomster på havbunnen.

Kartlegging i regi av Skagerrak-prosjektet og flere andre prosjekter har påvist områder med sand og grus i Nordsjøen og Skagerrak. Forekomster finnes også langs norskekysten, både utenfor og innenfor grunnlinjen. Utvinning av sand og grus fra havbunnen foregår i flere land rundt Nordsjøen, men ikke i norske havområder.

Kartlegging gjennom MAREANO-programmet viser at det er slike mineralressurser i Barentshavet og utenfor Lofoten og Vesterålen. Skjellsand er en annen mineral ressurs i kystsonen. Utvinning foregår i mindre skala i Agder-fylkene og langs Vestlandskysten. Norske havområder er i liten grad kartlagt. Det kan derfor finnes andre mineralressurser med potensial for kommersiell utnyttelse.

Mineralvirksomhet til havs kan få økende betydning. Dagens regelverk om undersøkelser og utvinning av mineralressurser på norsk kontinentalsokkel er ufullstendig, og ikke tilpasset dagens situasjon. Det er behov for en reform av regelverket.»

I 2015 sette styresmaktene i gang arbeidet med å få utarbeida det manglande regelverket, slik at Næringsdepartementet kunne gi Nordic Mining løyve å leite i dei hemmelige områda sine. I samband med statsbudsjettet for 2016 ga Klima- og miljødepartementet Miljødirektoratet eit tildelingsbrev med arbeidsoppgaver for dette året. Der sto det: «Sikre nødvendig kompetanse for å bistå departementet med miljøfaglige råd i forbindelse med utvikling av et nytt regelverk for mineralutvinning til havs.» Direktoratet gjorde jobben og eit utkast til lov blei lagt fram i mai 2017 med høringsfrist i august. Hovudinnhaldet i lovforslaget var:

Det blei frå regjeringa sendt ut eit større dokument «Høring – Forslag til lov om mineral-virksomhet på kontinentalsokkelen»[28] Ikkje uventa kom det stor motstand frå miljøorganisasjonar, som denne gongen famnar svært breitt. Ein av dei høtingsuttalane som klarast seier at miljøet ikkje er i varetatt ved lovforslaget er frå Forum for utvikling og miljø, som representerer heile 50 frivillige organisasjonar. Denne konkluderte: «Vi anbefaler på det sterkeste at det innføres et moratorium på mineralutvinning på havbunn inntil det er gjort grundige kartlegginger av økosystemene som vil bli berørt, inntil vi har fått bukt med miljøutfordringene knyttet til landbasert gruvedrift, og inntil det har blitt gjennomført en skikkelig vurdering av det reelle samfunnsmessige behovet for å åpne opp havbunn for mineralutvinning.» [29]

Meir uventa er det kanskje at også Norsk Bergindustri reagerte på at miljøomsyn var lite vektlagt i departementets lovforslag. Norsk Bergindustri har også ei rekke andre innvendingar. Dei meiner dagens minerallov må gjelde også på havbotnen og uttalar:
«– Vi er skeptiske til at departementet vil ha et skille mellom bergverksforvaltning på land og på havbunnen. Hittil har internasjonal oljenæring vært fraværende når det gjelder mineralutvinning. På land har vi som prinsipp at den som finner en ressurs, skal få muligheter til å utvinne. Denne «gulroten» ønsker OED ikke når det gjelder funn på havbunnen.»[30]

Innvendingane førte ikkje fram, og lova blei som kjent vedtatt i februar 2019.

Fotnotar

[1] J. L. Mero: The Mineral Resources of the Sea. Elsevier: Amsterdam, 1965
[2] https://www.underwatermining.org/UMC_history.htm
[3] https://ota.fas.org/reports/8716.pdf «The economic potential for seabed mining at this time is not favorable when compared to alternative sources of supply for most mineral commodities.»
[4] https://www.offshore-mag.com/home/article/16759438/ocean-mining-deepocean-mining-technology-development-continuing-at-slow-pace
[5] http://dsmobserver.com/2019/05/diamond-mining-moves-offshore-and-into-the-deep/
[6] http://www.nautilusminerals.com/irm/content/overview1.aspx?RID=257
[7] http://solvaramining.org
[8] https://en.uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=426513&p_dim=88205
[9] https://www.newsdeeply.com/oceans/articles/2017/09/06/seabed-mining-the-24-people-who-could-decide-the-fate-of-the-deep-ocean
[9a] https://mailchi.mp/e30d42874980/new-report-why-the-rush-for-seabed-mining?e=58dec88eb9
[9a] "After years of negotiations and false starts deep sea mining is close to a breakthrough.»
[10] «Deep sea mining is together with shale fuel the most interesting and ground breaking growth industry in the next 25 years – and the yearly deep sea mining summit is a key forum to attend.» Peter Jantzen, Wärtsilä
[11] http://www.deepseaminingoutofourdepth.org/report/
[12] https://www.immsoc.org/
[13] «WOC engages and brings together leaders from the various ocean industries, including shipping, oil and gas, fisheries, aquaculture, tourism, renewable energy (wind, wave, tidal), ports, dredging, cables, as well as the maritime legal, financial and insurance communities, and others to collaborate on responsible use of the seas.»https://www.oceancouncil.org/
[14] https://gemini.no/2016/02/neste-kapittel-i-norsk-historie-handler-om-a-erobre-havrommet/
[15] https://sverigesradio.se/sida/artikel.aspx?programid=83&artikel=7117338
[15a] Protocol to the Convention on the prevention of marine pollution by dumping of wastes and other matter. 4.3 The disposal or storage of wastes or other matter directly arising from, or related to the exploration, exploitation and associated off-shore processing of seabed mineral resources is not covered by the provisions of this Protocol.
[16] http://www.savethehighseas.org
[17] https://seas-at-risk.org/27-deep-sea-mining/962-fisheries-and-environmental-organizations-issue-joint-call-for-moratorium-on-deep-sea-mining.html
[18] http://www.deepseaminingoutofourdepth.org/report/
[19] https://www.facebook.com/pg/Alliance-of-Solwara-Warriors-234267050262483/about/?ref=page_internal
[20] http://gruve.info/nordickeisar.htm
[20a] «We are pleased that NORA’s pioneering efforts have sparked a strong industrial interest for the potential related to seabed minerals. We expect valuable new knowledge to be gained from the “MarMine” project.»
[21] https://forskning.no/geofag-partner-ntnu/gruvedrift-pa-dypt-vann/648188648188
[22] http://www.klassekampen.no/article/20170922/ARTICLE/170929904
[23] http://gruve.info/sladdnom2010.pdf
[24] https://www.skipsrevyen.no/batomtaler/m-s-seabed-worker/
[25] http://deepseaminingwatch.msi.ucsb.edu/#!/casestudy/41?layers[]=vessel-tracks&layers[]=isa-areas&layers[]=labels&layers[]=cs41&view=71.5075|1.9995|6||1486|739
[26] http://www.norskindustri.no/Bransjer/Maritim/Aktuelt/kleven-skal-bygge-spesialskip-for-diamantutvinning/
[27] https://gemini.no/2013/02/gruvedrift-pa-dypt-vann/
[28] https://www.regjeringen.no/contentassets/efdaa9f490384d21a8af42301b7b1dae/horing---forslag-til-lov-om-
[29] http://www.forumfor.no/nyheter/2017/mineralvirksomhet-p%C3%A5-kontinentalsokkelen
[30] http://www.klassekampen.no/article/20170922/ARTICLE/170929904


Til neste kapittel