Forside 4
Forside 3
Forside 2
Forside 1

Gull, gråstein og grums

Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid.

Bøkene kan bestillast frå forlaget Davvi Girji eller forfattaren Svein Lund.
Dei kostar kr. 250,- pr bind, dei tre første samla kr. 600,-.

Les Bind 1, Bind 2, Bind 3, Bind 4

Bind 4 – Under falskt flagg

Frå kolonikrig til råvareinitiativ

LITT HISTORIE

Kva land er dei leiande gruvelanda i verda? Det spørsmålet ville fått heilt forskjellige svar om ein stilte det for 200, 100 og 50 år siden og i dag. Etterspurnad etter mineral har vore eit sentralt element i forholdet mellom Europa og andre delar av verda. Det er det i høgaste grad framleis, om enn på ein noko annan måte enn tidligare.

Kor starta mineralutvinninga?

Amerika hadde avansert metallutvinning og bearbeiding lenge før den europeiske koloniseringa. Seremoniell kniv i gull og bronse frå Peru, ca. 850-1050. No utstilt i Etnologisk museum, Berlin.
(Foto: Wikipedia)

Den første forarbeidinga av mineral til reiskapar er datert til over 2,5 millionar år tilbake.[1] Først blei lause steinar slått til reiskapar og våpen, seinare blei steinane slått ut av fast fjell og etter kvart blei det drive regulær gruvedrift, i opne brot, og i underjordsgruver. Den eldste gruva som er gjenfunne og datert, skal vere i Ngwenya-gruva i Eswatini (Swaziland) i Afrika.[1a] Her skal ein for omlag 42.000 år sidan ha tatt ut hematitt som da blei brukt til raudfarge for bergmaling. I Ungarn er det funne flintgruver som er nesten like gamle og i Egypt er det funne omlag 30.000 år gamle gruvegangar etter flint.[2]

Utvinning og bruk av metall kan vi skrive tilbake til fleire tusen år før tidsrekninga vår, og her er kandidatane mange på spørsmålet om kven som var først. Nokre hevdar verdas første gruve var i Spania[3], andre at gruver i Serbia[4] og Bulgaria er langt eldre. India og Kina har hatt metallutvinning omtrent like langt tilbake og trulig har utvinning av metall utvikla seg uavhengig ei rekke stadar i verda. Da europeiske statar frå 1400-talet byrja å kolonisere andre verdsdelar, hadde store delar av desse allereie avansert mineralutvinning og metallproduksjon. Til ei viss grad eksporterte kolonimaktene mineralteknologi, men ofte var det like mye slik at dei øydela eller tok kontroll over den utvinninga og industrien som allereie var i dei landa som blei koloniserte.

Sør-Amerika hadde lenge før den europeiske invasjonen ei rik utvinning av gull, sølv, koppar og platina. Dei spanske conquistadorane kunne erobre dei rike rika i Mellom- og Sør-Amerika bl.a. fordi dei hadde våpen og rustningar av stål, og eit av hovudmåla med erobringa var å bringe store mengder av edle metall tilbake til Europa.

I Afrika er særlig koppar- og kopparlegeringar kjent frå fleire tusen år tilbake. Lenge før koloniseringa på 1800-talet var fleire rike, som Benin, Niger og Ashanti kjente for handverk og kunst i messing og bronse.

Både i Kina og India har det vore utvunne koppar i alle fall frå 3–4000 f.Kr., og jern frå omlag 1500 f.Kr. I India har det blitt framstilt høgkvalitetsstål frå omlag 300 f.Kr. og dette blei eksportert til store delar av Asia og Europa. Den indiske stålindustrien var sterk heilt til han blei knekt av dei britiske kolonimakta på 1800-talet. Der var òg svært tidlig utvinning av sølv og gull, og India hadde trulig den første framstillinga av sink. Det einaste kontinentet der europeiske kolonistar kan seie å ha innført metallutvinning, er Australia.

Gruvedrift, krig og kolonialisme

Frå Romerriket til Rio del Oro og Gold Coast

I kongeriket Benin, i noverande Nigeria, blei det frå 1200-talet laga ei mengde slike relieff i bronse. Store mengder av desse blei stole av den engelske kolonimakta og hamna i British Museum og andre museum i Europa.
(Foto: Michel Vel, British Museum))

Det er sagt at kolonimaktene kom med sverdet i eine handa og Bibelen i den andre, men i same samanhangen kunne ein med like stor rett tatt med gruveutstyret. Som det seiast når ein skal understreke at noko har djupe historiske røter: «allereie dei gamle romarane....» og dei utnytta verkelig mineralressursane i landa dei erobra. Utan desse ressursane kunne ikkje det store Romarriket ha eksistert.[5] På andre sida var også stålproduksjonen i naboland avgjørande for at den romerske koloniseringa blei stansa, bl.a. i noverande Polen.[6]

På midten av 1400-talet var det enno ingen land eller verdsdelar som hadde dominans over store delar av verda. Frå slutten av 1400-talet starta den europeiske koloniseringa av andre verdsdelar for alvor, med erobringa av etter kvart heile Amerika og Australia, mesteparten av Afrika og store delar av Asia. På eine sida var mineralrikdommar i andre land og verdsdelar ei viktig drivkraft til kolonisering, på andre sida gav tilgang på visse metallprodukt eit overtak. Lenge hadde bruk av stål i spyd, lanser, pilspissar og rustningar vore viktige i krig, frå 1300-talet kom også kanonar og frå 1400-talet gevær.

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen frå omlag 1760 førte til kraftig auke i etterspurnaden etter stål og andre metall, og samtidig til forbetra metodar for utvinning av mineral. Bruk av kol til oppvarming, drivkraft i industri og transport, samt tilsatsmateriale i metallurgiske prosessar, førte til enorm utvikling av kolutvinning. Først ute var England, følgt av Tyskland, Belgia, Frankrike og etter kvart USA. Denne utviklinga hadde både positive og negative sider. Arbeidsforholda i gruver og industri var under ein kvar kritikk og barnearbeid var utbreidd. Bruken av kol førte til ei luftforureining som verda før ikkje hadde sett maken til.

Den industrielle revolusjonen gav grobotn for ei forsterka kolonisering. Afrika blei så godt som totalt oppdelt mellom europeiske land, den fremste kolonimakta Storbritannia sikra seg India og fleire land i Asia og prøvde seg med mindre hell mot Kina. Koloniane gav både råstoff for industrien i kolonimaktene og marknad for industriprodukt. I mange av koloniane satsa kolonimaktene på mineralutvinning, men samtidig hadde dei fleste kolonimaktene i heile kolonitida stor mineralutvinning på heimebane.

I Afrika var mineralrikdommane ei viktig drivkraft for kolonisering, og kolonimaktene henta ut store verdiar, bl.a. i Sør-Afrika (gull, diamantar, kol), Angola (diamantar), Ghana (gull) og Kongo (koppar, bauxitt, kobolt, uran m.m.).

I Angola trakk diamantar til seg investorar ikkje bare frå kolonimakta Portugal, men også frå Belgia, USA, Storbritannia og Sør-Afrika. Desse oppretta i lag 1917 diamantselskapet Diamang, som fikk eksklusive rettar av Portugal. Etter avkoloniseringa i 1975 braut det ut ein borgarkrig som varte heilt til 2002. Under denne blei opprørsrørsla Unita i stor grad finansiert ved diamantutvinning.

Verdas største gruveselskap i dag, BHP, har røter frå eit selskap som blei danna i Nederland for å utnytte mineral i Nederlandsk Ostindia eller dagens Indonesia. Seinare bygde dei seg ut i Surinam og andre nederlandske koloniar.

På liknande vis blei det bygd opp belgiske, franske, engelske, tyske og portugisiske gruveselskap med utgangspunkt i dei respektive koloniane. Det var i all hovudsak kolonimaktene sine behov for råvarer som låg til grunn for gruveinvesteringane. Da desse koloniane blei formelt sjølvstendige land, skjedde det som regel ikkje noka avkolonisering av gruveselskapa. Dei tidligare kolonimaktene har halde fram å tappe Afrika for mineral, i samarbeid med internasjonale gruveselskap. I fleire tilfelle har dei gamle kolonimaktene deltatt med militære styrker for å sikre mineralleveransane. Dette gjeld bl.a. Frankrike i tidligare Fransk Vest-Afrika.[7]

Fram til i dag har selskap med røter og ofte hovudkontor i dei gamle kolonimaktene styring med gruver i andre verdsdelar. I all hovudsak har gruveselskap dei siste par hundreåra vore eigd av europearar og etterkomarar av europeiske settlarar.

I begge verdskrigane såg vi at minerala som kunne brukast til våpen blei strategisk viktige og for metall som nikkel og molybden fauk prisane i veret da krigen braut laus, for å ramle ned igjen like raskt når krigen var over. Eksempel frå nærområda våre på den strategiske betydninga av metallproduksjon, er molybden i Knaben, jernmalmen i Kiruna og nikkel på Kola.

Tre av dei tidligare engelske koloniane, Australia, Canada og Sør-Afrika, har utmerkt seg med store mineralrikdomar, og samtidig hard undertrykking av den opprinnelige befolkninga. Her blei det utvikla ei stor gruveaktivitet, og bygd opp kapital og kompetanse som har gjort at desse landa har blitt leiande innafor gruvedrift i verda.

Kolonisering er ikkje bare noko som har skjedd i oversjøiske territorium. Også for den russiske koloniseringa aust- og nordover har mineralrikdomane vore viktige. Både Tsar-Russland og Sovjetunionen sette i gang ei rekke større gruver i Sibir og på Kolahalvøya, og den russiske innvandringa i område tidligare dominert av forskjellige urfolk. Mineralutvinning har også vore ein viktig faktor i kolonisering av samiske område, særlig i Sverige. Dette kjem vi tilbake til seinare i denne boka.

Frå kolonialisme til nykolonialisme

Etter 2. verdskrigen starta prosessen med lausriving av dei fleste koloniane som europeiske land hadde i andre verdsdelar. Det var i mange tilfelle ein blodig prosess med lange frigjøringskrigar og tildels borgarkrigar der rivaliserande grupper fikk støtte frå forskjellige kolonimakter og andre stormakter. Avkoloniseringa starta med India sist på 1940-talet, i Afrika skjedde det vesentlig på slutten av 1950- og byrjinga av 60-talet, mens Portugal heldt på koloniane sine heilt til midt på 1970-talet.

Den politiske koloniseringa hang nært saman med den økonomiske koloniseringa. Hensikten med kolonipolitikken var verken å sivilisere verda eller frelse heidningane, men å skaffe rikdom til kolonimaktene gjennom utnytting av råvarar og arbeidskraft i koloniane. Sjølv om den formelle politiske koloniseringa blei avvikla, heldt den økonomiske koloniseringa fram. Dette ser vi ikkje minst innafor mineralutvinning. Den økonomiske koloniseringa blei ikkje bare drive av dei gamle kolonimaktene, men også av andre land som i liten grad hadde hatt eigne koloniar. Ikkje minst gjaldt det for USA, som i løpet av 2. verdskrigen hadde styrkt seg kraftig økonomisk, politisk og militært. Med opprettinga av NATO og den sterke amerikanske rolla i gjenoppbygginga av Europa etter krigen, skaffa USA seg stor innverknad på økonomien både i dei gamle kolonimaktene og i koloniane deira.

Coal India er rekna som verdas største kolgruveselskap, med over 80 kolgruver. Sjølv om utvinning og brenning av kol er noko av det mest forureinande i verda, har dei slagorda i orden.

«I de franske koloniene i Indokina (Vietnam, Laos, Kambodsja) og Afrika (et dusin kolonier) fantes det viktige råvarer. Amerikanske firmaer ønsket så raskt som mulig å få tilgang til disse. Marshall-planens ledelse i Paris, under Evan Just, hadde en Avdeling for strategiske råvarer. De utforsket og laget inventar over råstoffene i de europeiske koloniene, for eksempel mangan og grafitt på Madagaskar; bly, kobolt og mangan i Marokko; kobolt, uran og kadmium i Kongo; tinn i Kamerun; krom og nikkel på Ny-Caledonia; gummi i Indokina; olje i Indonesia, i tillegg industri-diamanter, asbest, beryllium, tantalitt og colombitt.

Ledelsen i Marshallplanen og USAs utenriksdepartement organiserte fra 1948 innkjøpsavtaler av råvarer for United Steel, Bethlehem Steel og Newmont Mining og dannet ved hjelp av investeringsbanker som Morgan Stanley og Lazard Frères felles foretak for modernisering av gruver i europeiske kolonier. For atombombene trengte USA mer uran etter krigen enn under krigen.»[8]

Dei investeringane og avtalane som USA slik sikra seg i koloniane, blei ofte halde oppe og gjerne vidareutvikla etter at desse blei formelt sjølvstendige. Samtidig investerte amerikanske selskap òg i stor grad i mineralutvinning i land i Latin-Amerika. Der det var nasjonale gruveselskap blei desse etter kvart i stor grad overtatt av selskap frå USA og andre land. Eit eksempel er verdas fremste kopparprodusent Chile. Der var det i 1876 bare innanlandsk eigde koppargruver. I 1913 hadde chilenske selskap framleis 80 % av desse, i 1960 var det redusert til 10 %.[8a]

«Der Untergang des Abendlandes» og EU sitt råvareinitiativ

«Undergangen til Kveldslandet» eller Vesten er eit uttrykk frå Tyskland, først brukt ved slutten av første verdskrig om nedgangen i den europeiske sivilisasjonen.[9] Når det gjeld mineralutvinning kan vi det siste halve hundreåret virkelig snakke om ein undergang på heimebane for dei gamle kolonimaktene i Europa. Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Belgia og Spania har alle i forskjellige tidsperiodar i stor grad bygd opp økonomien på utvinning av kol og/eller metallmalmar. Med den teknologien og kapitalen dei utvikla gjennom innanlandsk gruvedrift har dei bygd ut mineralimperier i andre land, både ved kolonialisme og nykolonialisme. Tyskland var eit leiande gruveland allereie på 1500-talet, og rundt gruvene i Tyskland blei det utvikla spesialistar som bygde opp gruvedrifta i andre land, bl.a. Noreg. Da den industrielle revolusjonen starta i England, var han basert på eigne kolgruver.

Etter 2. verdskrigen var gruver og metallindustri sentralt for gjenoppbygginga i Europa, og da EU sin forgjengar Kol- og stålunionen blei oppretta i 1951, stod mineralnæringa sterkt i dei fleste av dei opprinnelige medlemslanda. Kol og stål var bærebjelkar i økonomien. Etter kvart gikk det tilbake med mineralindustrien. Da Kol- og stålunionen formelt blei oppheva i 2002 for å gå inn i dei ordinære EU-organa, var det lite igjen av den eingong så mektige gruvenæringa i desse landa og store delar av industrien var lagt ned. Lett tilgjengelige ressursar var i stor grad uttømte, samtidig blei det billigare å investere i og importere frå andre verdsdelar, med rikare ressursar og billigare arbeidskraft. Også land som gikk inn i EU seinare, særlig Storbritannia, hadde i same tidsrom ein drastisk reduksjon i gruveindustrien. Tidligare sentraleuropeiske gruveområde som Ruhr og Sachsen har hatt kraftig tilbakegang og tidligare mektige gruveland har blitt totalt avhengige av import av metall og andre råvarer. Ved starten av 2000-talet var det så godt som slutt på mineralnæringa i dei opprinnelige seks EU-landa og i dei fleste landa som blei medlemmar utover 1970- og 80-talet. Tyskland, som i hundrevis av år var eit svært viktig gruveland, hadde da lite igjen utover brunkolutvinning for kolkraftverk. I Spania, som også har svært sterke gruvetradisjonar, gikk utvinninga kraftig ned på 1980-talet og har først tatt seg opp igjen i dei seinare åra. Elles har mineralutvinninga i EU mest vore konsentrert om Sverige og Finland (medlemmar frå 1995), Polen og Tsjekkia (medlemmar frå 2004), samt Romania og Bulgaria (medlemmar frå 2007).

Mens mineralutvinninga i dei mest folkerike landa i Europa klappa saman, auka utvinninga kraftig i alle andre verdsdelar. Ein del av dette har gruveselskap i gamle europeiske kolonimakter stått for, men dei største aktørane i den verdsomspennande gruveindustrien har vore dei europeiske settlarstatane i andre verdsdelar, som USA, Canada, Australia og Sør-Afrika. Nokre større gruveland har også eigne selskap som driv store delar av næringa, som Russland, Kina og Brasil, og desse har òg byrja å vekse ut over eigne landegrenser.

Ei av målsettingane for EU sitt råvareinitiativ er full integrering mellom gruveindustri, forsking og utdanning.

I 2008 starta EU sitt såkalla råvareinitiativ (Raw Material Initiative) for å sikre EU betre tilgang på mineral. Bakgrunnen var at EU da sto for bare 3% av mineralutvinninga i verda, men 20% av forbruket. Initiativet skulle sikre tilgangen på strategiske mineral til EU gjennom tre tiltak:

Råvareinitiativet er altså einsidig eit tiltak for å skaffe EU-landa tilstrekkelig med mineral. Det er ikkje kopla til noko krav til standardar for utvinninga, verken når det gjeld arbeidsforhold eller miljø.

Kva har så skjedd i tida etter at råvareinitiativet blei lansert? Det har blitt oppretta ei rekke institusjonar og prosjekt, og vi skal sjå på eit par av dei.
– EIP – European Innovation Partnerships blei etablert av EU-Kommisjonen i 2010 med målsetting å betre vilkår og finansiering for forsking og innovasjon i Europa og sikre at innovative idéar blir utvikla til produkt og tenester som kan skape vekst og arbeidsplassar. Eit av desse EIP-ane er European Innovation Partnership on Raw Materials, som starta opp i 2013.
– EU-institusjonen EIT – European Institute of Innovation and Technology har oppretta avdelinga EIT Raw Materials. Dei har seks «Innovation Hubs» eller forskingssenter, i Sverige, Finland, Italia, Polen, Frankrike og Belgia. Det er sett i gang eit eige program for å styrke utvinning og industri innafor batteriteknologi, alt frå utvinning av minerala grafitt, litium og kobolt til fabrikkar for batteri til elbilar.
– I2Mine (Innovative Technologies and Concepts for the Intelligent Deep Mine of the Future) blei starta i 2012 og tok sikte på å utvikle gruver med minimale naturøydeleggingar, såkalla zero-impact mine. Dette prosjektet synest no å vere opphørt, utan at vi har klart å finne korleis det er oppsummert og eventuelt vidareført.

EUs mineralorgan EIT presenterer seg på Euro Mine Expo, Skellefteå 2018.
(Foto: SL)

Styrka utvinning i medlemslanda var eit av hovudmåla, og her har det skjedd ein del. I fleire EU-land har det blitt sett i gang nye gruver og det er planar om langt fleire. Særlig har Sverige og Finland satsa sterkt. Likevel har mineralnæringa i begge landa støtt på store problem. Fleire av dei nye gruvene har stansa etter kort tid pga. miljøskadar og konkursar, mens planlagte gruver ikkje har kome i gang på grunn av motstand. Det blir òg satsa i bl.a. Spania, Portugal, Slovakia, Irland og Frankrike. Den samla utvinninga i EU har nok auka, men ei framstilling frå Euromines i 2015 sa at EU sin del av verdsproduksjonen likevel da hadde gått tilbake i det siste tiåret.[11]

I fleire av EU-landa har gruveplanar blitt møtt med motstand, frå primærnæringar, naturvernarar, og dels offentlige styringsorgan. I Sverige og Finland har det vore sterkt motstand frå reindrift og samiske interesser. Lokal motstand har det òg vore mot nye dagbrot etter brunkol i Tyskland og Polen. I Romania ønsker eit kanadisk selskap å sette i gang ei gigantisk gullgruve, men motstand har så langt hindra denne.[12]Resultatet er at store delar av gruveplanane i EU enno ikkje har blitt gjennomført.

Auka resirkulering var eit anna mål, og her har det også gått framover. Det er no anslått at av metalla som blir forbrukt i Europa blir mellom 40 og 50% resirkulert. Forskjellen er imidlertid svært stor mellom EU-landa, noko som viser at her framleis er mye å hente.[13]

Kva har så skjedd med det tredje målet, å sikre stabile og rimelige leveransar frå land utanom EU? Det er laga ei oversikt over «strategiske mineral» som kan gi store problem om ein ikkje får nok av dei, eller om prisen blir for høg. Mange av desse kan ikkje erstattast med produksjon i Europa, da her rett og slett ikkje finst drivverdige ressursar. Mange av dei vestlige EU-landa er gamle kolonimakter, og dei har halde oppe forsyningslinjene frå kolonitida. Om desse forsyningane blir truga, blir det framleis brukt våpenmakt. Det skjer rett nok enno ikkje i EU-regi, men EU har ingen innvendingar mot f.eks. at Frankrike engasjerer seg i krigar om mineral i tidligare afrikanske koloniar.

Den norske mineralmyggen og gruveelefanten

Om vi ser dagbrota til Sydvaranger Gruve i Bjørnevatn og Titania på Tellnes, eller karta over alle gruvegangane til Sølvverket på Kongsberg og apatittgruvene på Ødegårdens Verk, blir vi lett imponerte over dei store målestokkane på drifta. I den tida desse bedriftene starta opp var dei også betydelige i verdsmålestokk. Til tider har Noreg hatt ein monaleg del av verdsproduksjonen innafor fleire metall, som nikkel, thorium og molybden.

Seinare blei det funne langt større ressursar av desse metalla i andre verdsdelar, samtidig som dei norske ressursane minka. Sjølv om vi skulle sette i gang f.eks. 20 nye og gjenopna koppargruver, vil dei til saman knapt nå opp i 1% av kopparproduksjonen i verda. Det synest heller ikkje å vere realistisk å tru at Noreg igjen skal komme opp i ein andel på særlig over 1% av verdsutvinninga av andre metall. Eir mogleg unnatak er titan. Der vi har store ressursar, men desse er så langt ikkje brukt til metallframstilling, men til industrimineral i oksydform.

Om vi samanliknar med dei virkelig store i verda i dag, ser vi at Noreg for metall og energimineral blir som ein liten dverg å rekne, både i forhold til dei Her er nokre eksempel på nokre av dei viktigaste:
Kol: Verdsproduksjon (2018): ca. 8 mrd. t. Noreg (Svalbard) hadde på det meste 0,05% av dette.
Jern: Verdsproduksjon av jernmalm (2018): 3,3 mrd. t. , da både Sydvaranger og Rana gruver var i drift tilsvarte det 0,1%.
Koppar: Verdsproduksjon (2018): 21 mill. t. Planlagt årlig utvinning frå Nussir-gruva tilsvarar under 0,1% av verdsproduksjonen.
Gull: Verdsproduksjonen (2018): 3260 t. Da gruva i Biedjovággi var i drift ga den på det meste 0,05% av noverande verdsproduksjonen.

I siste generasjon har norsk metallutvinning vore som ein liten mygg i den store samanhengen. Lite tyder på at det vil bli særlig meir framover. Derimot er det nokre industrimineral der Noreg har ein betydelig del av verdsproduksjonen og kanskje kan auke denne andelen.
Olivin: Verdsproduksjonen er omlag 8,7 Mt pr. år, av dette dekker Noreg (Sibelco, Åheim) vel 40% (2013). Noreg er også landet som har størst kjente ressursar av olivin.
Ilmenitt/rutil: Verdsproduksjon på 6,7 Mt målt i TiO2. Noreg (Titania) har knappe 5 %. Om Nordic Mining si planlagte gruve blir realisert vil denne prosenten kunne bli meir enn dobla.
Nefelinsyenitt: Verdensproduksjon (1999) 1,2 Mt, derav 24% i Noreg (Sibelco, Stjernøya)

Også for visse kvalitetar av kvarts/kvartsitt har Noreg ein monalig andel av verdsproduksjonen, men her er vanskeligare å legge fram sikre statistikkar, fordi desse minerala blir brukt til svært forskjellige formål.

Fotnotar

[1] https://www.abcnyheter.no/nyheter/verden/2019/06/10/195584857/dette-er-trolig-verdens-eldste-kniver
[1a] https://en.wikipedia.org/wiki/Ngwenya_Mine
[2] http://miningfocus.org/blog/2014/1/25/complex-underground-mining-is-over-30000-years-old
[3] https://www.geo365.no/geoturisme/verdens-eldste-gruve/
[4] http://www.rakita.net/en/history
[5] https://en.wikipedia.org/wiki/Roman_metallurgy
[6] I Polen er det eit eige museum via denne jernproduksjonen i romartida: http://en.mshm.pl/
[7] https://steigan.no/2017/11/19/frankrikes-nye-kolonikrig-i-afrika/
[8] Werner Rügemer: NATOs grunnleggende løgn. https://steigan.no/2018/04/natos-grunnleggende-logn/
[8a] Alldén/Bentson/Persson: U-hjelp og imperialisme. Pax 1968, s. 132.
[9] Uttrykket er først brukt i Oswald Spengler si bok Der Untergang des Abendlandes. Umrisse einer Morphologie der Weltgeschichte, som kom i to bind 1918 og 1922.
[10] Werner Rügemer: NATOs grunnleggende løgn. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/Europa-vil-auke-sjolvforsyninga-av-ravareressursar/id2351065/
[11] http://www.euromines.org/files/publications/mining-europe-toward-2020.pdf
[12] Dei nemnde sakene er nærare behandla lenger ut i boka, under kapitla om desse landa.
[13] https://eitrawmaterials.eu/innovation-themes/


Til neste kapittel