gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Fennoscandian Exploration and Mining blei for tredje gong på rad arrangert på vintersportsenteret Levi i Nord-Finland
(Foto: SL)

På Levi er ein som elles på Nordkalotten ramma av klimaendringar, og ingen snø var kome i byrjinga av november. I denne bakken lagar snøkanonar "tamsnø" for turistane.
(Foto: SL)

Det var stor dominans av dresskledde herrar på konferansen.
(Foto: SL)

Fennoscandian Exploration and Mining

03.–05.11.2015 blei det for tiande gong arrangert gruvekonferanse og messe med namnet Fennoscandian Exploration and Mining. Det gikk alt på engelsk, men her kjem min rapport på litt meir lokale språk. Først er det ein artikkel om desse konferansane, om kva som har vore presentert tidligare og korleis det gikk med dei gruveprosjekta som da blei spådd ei strålande framtid. Deretter kjem min rapport etter at eg var til stades på konferansen.

Del 1 – "In it for the long run" (på norsk)

1. oassi – "In it for the long run" (sámegillii)

Del 2 – Grøne gruver? (på norsk)

2. oassi – Ruoná ruvkket? (sámegillii)

Der internasjonale gruveselskapet AngloAmerican var ein av to hovudsponsorar, og fikk sjølvsagt god plass på programmet til å presentere verksemda si rundt i verda.
(Foto: SL)

Frå Grønland blei alle geologiske rikdommar lagt ut på salg, og den internasjonale gruveindustrien blei ønska velkommen. At denne politikken er sterkt omstridd på Grønland blei det sjølvsagt ikkje sagt noko om.
(Foto: SL)

Det finske innovasjonsfondet Tekes presenterte forskningsprogrammet som er kalla "Green Mining"
(Foto: SL)

Denne nettstaden er redigert og for ein stor del skrive av Svein Lund, men andre må gjerne bidra.

Kontakt redaksjonen