gruve.info

Nettstad om gruver og mineralutvinning, særlig om verknadane for miljøet.

Til startsida

Sámegillii – artihkal Ávviris

Geonor16: Miljøsatsing utan miljøvern

Ein liten rapport og nokre tankar i ettertid

Gruvedrift og miljø var temaet for årets Geonor-konferanse i Mo i Rana. Konferansen blei halde 15.-17.03.2016, ein knapp månad etter aksjonane mot dumping i Førdefjorden og knappe to veker etter at Sametinget sa nei til gruve i Nussir ved Repparfjorden.

Eg meldte meg på konferansen for å høre kva mineralnæringa, forvaltninga og forskinga vil bidra med for å få ei mindre miljøskadelig gruvedrift. Det blei eit gigantisk vonbrot. Signalet frå innleiarane på konferansen var derimot at mineralsatsinga skal halde fram som før, vi skal få enno meir av det same, og forskinga skal legitimere dette. Når dei no snakkar om miljø er det i første rekke for å bruke «Det grøne skiftet» som argument for å auke utvinninga. Konferansen viste oss ei sjølvgod næring og forvaltning, det lovar ikkje godt framover.

Ikkje mindre enn seks institusjonar sto bak: Sintef, NGU, Mineralklynge Norge, Nordland Fylkeskommune, Kunnskapsparken Helgeland og det nordiske mineralsamarbeidet Nordmin. Med unnatak av gjester frå forvaltninga og forskingsinstitusjonar i inn- og utland, var dei fleste deltakarane frå Nord-Noreg. Likevel gikk heile konferansen på engelsk, fordi det visstnok skulle vere eit par deltakarar som ikkje var så sterke i norsk. Resultatet var at det meste av konferansen besto i at skandinavar snakka på engelsk til andre skandinavar.

I vår tid skal vi jo vere så globaliserte og internasjonale at nesten ingen tør å innrømme offentlig at dei ikkje meistrar engelsk like godt som morsmålet. Underteikna må likevel innrømme at eg hadde problem med å få med meg alt som blei sagt, og når eg i ettertid sit med dei skriftlige presentasjonane og Engelsk-norsk ordbok, grublar eg på kva som eigentlig står der, og på om dei som har skrive det fullt ut forstår det sjølve. Om ikkje det var eit ønske om å auke avstanden og gjøre det vanskeligare for deltakarane å bidra, så var det i alle fall resultatet.

Zero kritikk frå Zero

Zero viser nokre av dei mange bruksområda som skal legitimere auka mineralutvinning.
(Foto: SL)

Med «mining and environment» som tema skulle ein kanskje forventa at ein blant innleiarane kunne finne nokon av dei som har kritisert mineralnæringa for miljøøydeleggjingar. Men på talarstolen var det ikkje plass verken til miljøorganisasjonar eller representantar for næringar som kjem i konflikt med mineralnæringa, som fiske og reindrift. Den einaste blant talarane som har vore hevda å høre til miljørørsla, var ein representant for Miljøstiftelsen Zero. Oppgåva hans var å snakke om kor viktig det var å auke mineralutvinninga for å få nok mineral til «det grøne skiftet», som dei i første rekke tolkar som meir utbygging av såkalla fornybar kraft: vind-, vass- og solkraft. Og den jobben gjorde Zero-representanten til mineralnæringa sin fulle tilfredsheit.

Zero blei stifta i 2002 av tidligare miljøaktivistar for å arbeide mot utslepp som gir global oppvarming. Av alle organisasjonane og stiftingane som kan kallast for miljørørsla er Zero den einaste som IKKJE har hatt nokon politikk for gruvedrift eller mineralutvinning. Da eg i arbeidet med boka «Gull, gråstein og grums 2» stilte spørsmål om organisasjonane og institusjonane sitt syn på mineralspørsmål, svarte Zero: «ZERO har ikke jobbet med spørsmål knyttet til gruvepolitikk, og vi har derfor ikke utviklet noen politikk knyttet til dette. Følgelig vil vi ikke kunne besvare dine spørsmål.» No kan ein lure på om det var nettopp derfor dei var invitert – etter som alle andre miljøorganisasjonar og stiftingar har gått mot planane om dumping av gruveavfall i Repparfjorden og Førdefjorden. Zero var i alle fall eit trygt val for å legitimere mineralnæringa sin miljøprofil. Innlegget frå Zero var kjemisk fritt for kritikk av dagens mineralpolitikk og praksis. Og klimautsleppa frå mineralutvinning og foredling blei ikkje nemnd med eit ord.

Når miljøorganisasjonar, samiske organisasjonar og andre som er kritiske til mineralsatsinga ikkje var på talarlista, er det forståelig at dei heller ikkje var på deltakarlista. Ei deltakaravgift på 3500 kr pluss reise og opphald freista ikkje til påmelding, særlig når det i tillegg var svært knapt med høve for publikum til å komme til orde. Tilhengarane av mineralstrategien og aktuelle gruveprosjekt fikk derfor legge fram sitt syn for kvarandre utan for mye generande motførestillingar.

Heldt narr av motstanden

Frå presentasjonen til Elisabeth Gammelsæter i Norsk bergindustri. Kan ein ikkje møte kritikarane, kan ein i alle fall halde narr av dei.
(Foto: SL)

Motstanden som gruvenæringa har møtt dei siste åra blei likevel tema på konferansen, da som noko ein kunne halde narr av som kunnskapslaus idioti. Under tittelen «Sustainable Mining» heldt Norsk Bergindustri sin eminente generalsekretær eit glitrande innlegg for kvifor miljøet er tent med mest mogleg gruvedrift i Noreg. Til dette hørte latterliggjøring av dei som kritiserer praksisen i mineralnæringa i dag og aktuelle planar om sjødeponi. Illustrert med eit bilde av Natur og Ungdom med parola «Nei til gruvedumping i norske fjordar», trakk ho fram eit sitat frå ein gruvemotstandar: «Jeg er imot all gruvedrift og følgelig all lagring av gruveavfall. Det er unødvendig å utvinne grunnstoffer.» Dette skulle ifølgje generalsekretæren vere tvitra frå ein Iphone6 med 63 forskjellige grunnstoff.

Generalsekretæren hadde i presentasjonen sin anonymisert personen som var mot utvinning av grunnstoff. I ettertid har eg søkt på nettet etter sitatet, og funne at det finst ein einaste stad, på Twitter. Opphavspersonen er ein godt vaksen økonom og jusstudent frå Holmenkollen, som er svært aktiv debattant på andre spørsmål, men som elles ikkje synest å ha uttalt seg om gruvespørsmål utover eit par korte setningar. For øvrig korrigerte debattanten seg sjølv på Twitter same dagen og skreiv «Det er ikke snakk om total stans men å stoppe deponering av gruveavfall i Førdefjorden». Denne noko korttenkte uttalen om det unødvendige med gruvedrift kan derfor på ingen måte seiast å vere representativ for verken Natur og Ungdom eller andre som har engasjert seg mot pågåande og planlagt forureining frå mineralutvinning. Derimot kan han nyttast for alt han er verdt og mye meire til når Norsk Bergindustri ønsker å halde narr av alle kritiske røyster.

Møte seg sjølv i døra

Nokre av talarane på konferansen: f.v. Elisabeth Gammelsæter (Norsk Bergindustri), Arne O. Holm (møteleiar), Grete Ellingsen (KMD), Kåre Gunnar Fløystad (Zero) og Glenn Kristian Storbråten (Miljødirektoratet)
(Foto: SL)

Når norsk mineralnæring skal arbeide for å betre miljøet, er det stor fare for at næringa møter seg sjølv i døra. På eine sida arbeider næringa for å utvikle mindre miljøskadelige løysingar og betre utnytting av minerala, men samtidig forsvarer ein retten til å drive og deponere på den måten som gir minst utgifter og mest inntekter for seg sjølv.

Dei fleste innlegga på Geonor-konferansen tok opp eitt eller fleire av desse miljøutfordringane for mineralutvinninga:
1. Val av driftsmåtar som gir større eller mindre inngrep i naturen
2. Deponering eller bruk av gruveavgang
3. Om produkta og bruken av dei fører til forbetring eller forverring av miljøet

Det første spørsmålet blei tatt opp i eit av dei mest konstruktive innlegga, av Mahdi Shabanamashcool frå bergverksutdanninga i Narvik, som viste ein metode som kan erstatte ope dagbrot. Mens vi amatørar gjerne bare skil mellom dagbrot og underjordsdrift, viste han at det er minst 8 former for dagbrotsdrift og 10 former for underjordsdrift. Ein av desse er på engelsk kalla «block caving» og gjør det mogleg å drive langt meir effektivt, gi langt mindre uttak av gråberg i tillegg til langt mindre naturinngrep. Det er ein måte som enno ikkje er tatt i bruk i Noreg, og eit av mange eksempel på at Noreg slett ikkje er i front på dette området, men har mye å lære av andre land. Per Helge Høgaas frå Sintef (tidligare Sydvaranger Gruve) snakka om Excess Material from Mineral Industry – Use or Disposal? I dag blir det deponert årlig omlag 30 mill. tonn, fordelt på grovknust gråberg og finmalt masse etter oppreiing. Dette vil halde fram å auke framover, om vi ikkje klarer å utnytte ein større del. Høgaas sa det var eit stort potensiale for auka bruk, men at det er nødvendig med forsking og utvikling. Som eksempel på eksisterande bruk nemnde han:
– Dekking av forureina grunn
– Byggemateriale
– Landfylling
– Jordforbetring

Av konkrete forslag var det ganske tynt, noko som vel er eit uttrykk for at det i praksis skjer svært lite på dette området. Da var Høgaas langt meir konkret på deponering. Her leiar han sjølv programmet NYKOS, som skal «increase knowledge of the environmental effects of submarine deposition of fine grained tailings from the mineral industry». Men sjølv om han dermed innrømma at det er behov for å auke kunnskapen om miljøverknadane, omtalte han det likevel som «sustainable deposition», eller bærekraftig deponi. Klarare kan det knapt seiast at hovudkonklusjonen på dette forskingsprogrammet er gitt på førehand. Det er sjødumping som er hovudstrategien for utviklinga av norsk mineralnæring, og det er forsking som skal forsvare denne som det blir gitt pengar til. Vidare sette han som målsetting å forske på utvikling av meir miljøvenlige kjemikalier. Tørrprosessering utan bruk av kjemikalier nemnde han ikkje.

Høgaas er ein av dei mest sentrale personane i norsk mineralforsking. Som «senior business developer» ved Sintef har han ein sentral posisjon i å påverke kva som blir og kva som ikkje blir forska på. Når det er viktige område som han ikkje nemner, må det tolkast som at det i dag ikkje er planar om å gjøre noko der.

Miljødirektoratet seier aldri nei

Frå presentasjonen til Miljødirektoratet. Forureining er i utgangspunktet forbode, men kan tillatast av direktoratet, som innvilgar alle søknadar.

Frå Miljødirektoratet møtte Glenn Kristian Storbråten, som hadde oppgåva med å forklare lovverk og forvaltningsordning for løyve til forureining. Han gikk også gjennom Førdefjordsaka, og forklarte kvifor direktoratet på grunn av dei forventa samfunnsmessige verknadane har gitt løyve sjølv om miljøskadane vil bli store. Etter innlegget hans fikk eg høve til å stille eit spørsmål, og eg spurte da om Miljødirektoratet eller forgjengaren Klif nokon gong hadde sagt nei til ein søknad om utsleppsløyve frå eit gruveselskap. Han kunne da bekrefte at det hadde dei aldri gjort, alle søknadar var blitt innvilga. Det hadde eg hatt ein mistanke om og i boka mi «Gull, gråstein og grums 2» kalla eg kapitlet om forvaltninga «Kontrollørar eller velsignarar?». Men røyndomen viste seg enno ein gong å vere verre enn ein kunne førestille seg.

Kan vi utnytte alt?

«Realistic use of tailings» var tittelen på eit foredrag skrive av to forskarar på NTNU, som begge er kjente som iherdige forsvararar av sjødeponi. Hovudpoenget deira var at det er så store mengder med gruveavgang at det ikkje er realistisk å utnytte alt. Dei la fram fordelar og ulemper med utnytting av gruveavgang, og viste bl.a. at i mange tilfelle vil det vere teknisk mogleg å utnytte avgangen, men det vil koste så mye energi, kjemikaliar og pengar at det ikke er realistisk. Som konklusjon på kva som må gjørast vidare skriv dei at det er tid for å oppsummere kva ein har lært om dette nasjonalt og internasjonalt. Dei spør i kva grad regjeringa har oppmuntra bruk av avgang, og i kva grad ho har sett restriksjonar på slik bruk, og korleis vi skal vurdere bruk av avgang i forhold til deponering. Viktige spørsmål, men dei avslører samtidig at dette arbeidet har kome svært kort og dei konkrete forslaga var få.

Forsking kan brukast til så mangt.

Thomas Ejdemo frå Luleå Tekniske Universitet oppsummerer resultata av undersøkinga om "gruveindustriens bærekraftarbeid"
(Foto: SL)

Eit par veker før konferansen fikk eg frå Luleå Tekniske Universitet tilsendt «En spørreundersøkelse om den norske gruveindustriens bærekraftarbeid». Trass i at eg var skeptisk til å svare på ei undersøking om noko eg aldri har sett noko teikn til at finst, gjorde eg eit forsøk, men fann det snart umogleg, da spørsmåla var stilt slik at dei kunne tolkast i alle retningar, og dermed ville også svara kunne tolkast nærast som ein ville. Eit eksempel er at ein skulle svare på kor viktig det var for gruveindustriens bærekraftarbeid å halde god kontakt med «interessenter». Skulle ein da svare kva ein oppfatta at gruveindustrien meinte, eller kva ein sjølv meinte? (Ikkje nødvendigvis der same!) Og kven er desse interessentane? Men kven er det? Er det investorar og forhandlarar eller er det brukarar av området der dei har planlagt gruve, f.eks. fiskarar og reineigarar? Eg skreiv da tilbake og grunnga kvifor eg ikkje kunne svare, men det einaste eg fikk var ei påminning fordi eg ikkje hadde svart. Enno ein gong forklarte eg kva som var galt med undersøkinga, men da blei det stille.

Så dukka denne undersøkinga opp igjen no på Geonor, under tittelen ”Sustainability criteria for the Nordic extractive industry”. Denne blei presentert for konferansen av Thomas Ejdemo, som til sist kommenterte: «Survey responses are starting to drop in, but the number of responses are still too few to interpret as meaningful results. A few ”protests” against discussing any form of ”sustainable mining” have been received as a response to the survey.» Det er jo godt å høre at det ikkje er bare eg som har protestert, men tilliten til denne undersøkinga blir ikkje akkurat større av at grunnlaget for protesten blir fullstendig forvrengt på denne måten. Dei hadde vel ikkje forventa at nokon av «protestantane» skulle sitte i salen under konferansen.

Social licence eller overkjøring?

Øystein Rushfeldt presenterer dialogarbeidet til Nussir og framhevar at dei har hatt dialogmøøte med både Sametinget og Fiskarlaget. At dei ikkje har blitt samde, nemnde han ikkje.

Eit nytt moteuttrykk i den internasjonale mineralindustrien er «Social licence to operate». Det vil seie at gruveselskapa må arbeide for å få aksept i lokalsamfunna. Til å forklare dette hadde konferansen fått ein forskar frå Nord Universitet, som deltar i eit forskingsprosjekt på saka. Her fikk vi høre at «The projects have to prove and assure the stakeholders or community that the nature and environment will not be degenerated.» Vel og bra, men kva så om dei forskjellige interessene i samfunnet ikkje lar seg overtyde, men derimot står fast på at miljøet vil bli skadelidande og derfor går mot heile gruveprosjektet? Det sa forskaren ikkje noko om, sjølv om ein skulle tru at også forskarar i Bodø har registrert den bestemte motstanden som er mot ei rekke gruveprosjekt, til og med i deira eigen kommune. Men den situasjonen er det visst tryggast å ikkje uttale seg om.

Som vanlig ved samlingar om gruvespørsmål var Nussir-direktør Øystein Rushfeldt blant talarane. Han skraut uhemma av kor god støtte prosjektet har fått lokalt, regionalt og sentralt, og meinte tydeligvis at dei hadde «Social licence to operate» i orden. Men ikkje med eit ord nemnde han verken motstanden frå reindrifta eller at Sametinget bare to veker tidligare med overveldande fleirtal gikk mot å gi løyve til Nussir. Dette blei heller ikkje nemnd i nokon av innlegga på konferansen, og heller ikkje frå salen så langt eg hadde høve å følgje konferansen. Kven som må gi Social Licence for at ei gruve skal starte blei aldri definert, men det er tydelig at verken reindrifts- eller fiskeriinteresser eller Sametinget hører med blant dei som ein må ha godkjenning frå.

Konsultasjonar i god tru?

.Frå presentasjonen av statssekretær Grete Ellingsen. Desse næringane skal altså vekse. Men korleis skal reindrifta kunne vekse om reinbeite og flyttvegar blir tatt av gruver og andre inngrep.
(Foto: SL)

Av innlegga frå talarstolen var det eitt som nemnde forholdet mellom samane og mineralnæringa. Det var statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Grete Ellingsen. I presentasjonen sin illustrerte ho parola «Northern Norway as an engine of growth» blant anna med bilde av ein rein. Så snakka ho fint om kor viktig urfolksperspektivet var og kor bra det var å ha gjensidig forståing og konsultasjonar med samane i «good faith». Da underteikna i den svært korte bolken med spørsmål til innleiarane spurte korleis det da kunne ha seg at Sametinget og reindrifta er overkjørt i sak etter sak, frå minerallova fram til styresmaktene gav løyve til Nussir i fjor og Nasafjell i år, svarte ho at samane kan da ikkje få bestemme aleine. Så blei det ikkje høve til å seie meir om den saka.

Fleire av talarane, bl.a. generalsekretæren i Norsk Bergindustri og fylkesordføraren i Nordland, nemnde kor glade dei var for at Kommunaldepartementet no hadde godkjent gruve på Nasafjell, men ingen av dei nemnde at dette hadde skjedd mot protestar frå reindrifta både på norsk og svensk side, og at motsegna frå Fylkesmannen i Nordland var blitt avvist.

Nei til kommunalt veto!

Sjølv om det ikkje sto på sakslista, var det fleire av deltakarane som kom inn på saka om Arctic Gold, som blei hindra å gjenoppstarte Bidjovággi gruver av kommunestyret i Guovdageaidnu. Slikt var ikkje akseptabelt,sa Håkon Mork frå Verdal Kalk. Det gikk ikkje an at eit kommunestyre skulle avvise eit gruveselskap som ville drive. Sjølv var han derimot svært godt nøgd med eigen kommune som hadde gitt løyve til 4-dobling av dagbrotet deira. Da var det visst ikkje noko i vegen med det kommunale sjølvstyret. Også Elisabeth Gammelsæter frå Norsk Bergindustri slo fast at regjeringa gikk alt for langt i å la kommunane få bestemme. Dei har da også engasjert seg sterkt for sitt medlem Arctic Gold, og kravd at staten overkjører kommunen sitt avslag. Fleire av deltakarane måtte og seie frå, da dei hørte eg kom frå Guovdageaidnu, at dei syntes det var uhørt av kommunestyret å seie nei før det var gjort konsekvensutgreiing.

Workshop alias gruppearbeid

Ei av fire grupper i arbeid
(Foto: SL)

På slutten av konferansen blei deltakarane delt i fire grupper, som skulle diskutere behov for vidare forsking, med vekt på spørsmåla: Sustainability in mineral production?
Mineral waste – disposal or value creation?
Environmental guidelines – license to operate?
The need of social dialogue?

Her fikk vi i gruppa mi ein ganske bra diskusjon, særlig sidan vi tillet kvarandre å snakke på morsmålet, som for alle i denne gruppa var norsk eller dansk. Spesielt fikk vi ein fin diskusjon på tiltak for å finne alternativ bruk av overskotsmasse. Eit forslag var å opprette ein database over masse som er lagra i tilgjengelige deponi og som vil bli tilgjengelig framover, slik at dei som kan ha nytte av slik masse veit kva som finst kor. Dirmin har som mandat å forvalte mineralressursar til samfunnets beste, og burde derfor kunne opprette ein database og pålegge bedrifter å rapportere dit. Det blei diskutert om det er mogleg å ta opp igjen gamal avgangsmasse og reinske og separere denne og fortalt at dette har vore idear om både ved Joma gruver og på Røros, men utan at noko har kome igang så langt. NTNU har eit forskingsprosjekt på mekanisk aktivering, som forarbeid for leaching for å skilje ut forskjellige metall og mineral.

Sidan eg dessverre måtte dra for å rekke toget, fikk eg ikkje med meg oppsummeringa av desse diskusjonane. Men fram til da var det i alle fall ei ganske einsidig forestilling, som fortel at nytenkinga blant dei drivande kreftene i mineralforvaltninga og organisasjonane i mineralnæringa ikkje er mye å bli imponert over. Det verkar heller ikkje som arrangørane og dei dominerande kreftene i norsk mineralnæring er vidare interessert i å få høre andre tankar enn sine eigne.

Svein Lund



Denne nettstaden er redigert og for ein stor del skrive av Svein Lund, men andre må gjerne bidra.

Kontakt redaksjonen